Viser innlegg med etiketten Via Podiensis 2009. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Via Podiensis 2009. Vis alle innlegg

onsdag 30. desember 2009

Tankane flyg

Det har kome snø.
På lokalradioen snakkar dei om snøkaos i ytre strok.
Her har det kome opp mot 15 cm. Det er til å leve med.
Men nok til at eg på morgonen hadde meg ei ykt med snøfresaren. For første gong denne vinteren for meg.


No sit eg i godstolen ved verandadøra, med pc'en på fanget, og med den uunverlige kaffikoppen innan rekkevidde.

Ute står trea snøtunge, men snøkaven har drege seg litt undan, og i sør er det tendensar til ein lysare himmmel.
På fuglebrettet, som har vore med på mange bilete på bloggen, har småfuglane det travelt. Meiser av mange slag, eit par raudstrupar blandar seg inn i gildet av og til, men er meir varsame av seg. Også ein svarttrast med gult nebb, sit på rekkverket og ser på aktiviteten.

Katten sat utanfor døra på morgonen. No ligg han godt samankrulla på golvet og nyt innevarmen.
Og mine tankar flyg mot sør. Mot eit varmare land og ei varmare årstid. Det var iallefall det då vi vandrarane var der, men dei fekk visst smake vinteren og kulden der og, tidlegare denne månaden.

Det er varm kveld der vi sit med kvar vår kaffikopp ved eit bord på fortauskanten i Aire-sur-l'Adour ( Aire ved elva Adour) Tyske Ude hadde også ein stol ved bordet, men forlet bordet og isen sin, då han fekk ein telefon heimanfrå. Han ville vel vere i privatromet då, men han hadde så kraftig stemme at han høyrdest godt likevel.


På vegen, siste timen, hadde vi hatt eit kraftigt regnvær, men det drog vidare før vi kom inn i byen.
Rett overfor låg den store kyrkja, der kyrkjeromet var under restaurering. Vi hadde vore inne og beundra det flotte resultatet. Kontrasten mellom oppussa og ikkje oppussa hadde vore stor.

Eg er ei uroleg fotosjel. Klarer ikkje å sitje i ro så lenge, før eg er på leit etter fotomotiv. Så eg forlet bordfellesskapet for å sjå litt på omgjevnaden ved elva. Kyrkja fanga mi interesse for tårnet var noko spesielt. Det var ikkje rettvinkla, men kyrkja var så innebygd av andre hus, at eg fekk ikkje det motivet eg ynskte. Så eg hamna ved bordet igjen.


Då vi seinare tok farvel med Ude for å gå opp bakkane til hospitset,(Han stengde døra kl 21.00, var verten sin klare beskjed) gjorde vi ein sving inn ein gatestubb bak kyrkja. Eg hadde framleis ei von å få kyrkjetårnet i søkjaren. Gata enda på ein parkeingsplass. Eg fekk mitt bilete av kyrkjetårnet, men der dukka også eit nytt fotomotiv opp. Ikkje av kyrkjetårnet, men ein liten vaktpost ( eller to) midt i eit blomsterbed.


To litt uvanlege vaktpostar.


Ute strevar ein svarttrast, med flaksane vingar, å halde balansen på ein svingande meisebolle. På matbrettet er det spettmeisa som rår grunnen, og spreier solsikkefrø rundt seg, medan raudstrupen sit i snøen på rekkverket og ser på dei flygande frøa. Snart vil han vere nede på snøen og forsyne seg av det spettmeisa slo vrak på.
Og inn i mellom, som på biletet over, får kjøtmeisene rå grunnen åleine.
I vest tetnar det til. Ei ny snøkave er på veg.

søndag 19. juli 2009

Ultreia

Under vandringa i år, møtte vi fleire stadar under vandringa, nokre oppklistra kvite lappar med påskrifta " Ultreia. Immer weiter."
Eit par dagar mangla desse kvite merka. Vi fleipa litt med at dei som hadde sett dei opp, hadde gått tome. Og ny forsyning frå Tyskland hadde ikkje nådd dei.



På veg opp over fjella i skodda, i lia mellom Honto og Auberge Orrison, gjekk Bodil og eg åleine. Leif og Torbjørg hadde teke ein liten rast i Honto.
Lia var tunge å gå, så det gjekk ikkje så fort oppover.
Eit stykke oppe høyrde vi det kom nokon lenger nede, men skodda hindra oss i sjå.
Vi undrast på om det var Torbjørg og Leif som var i ferd med å nå oss att.
Dersom so var, så gjekk dei raskare enn vi, for lyden kom raskt nærare.
Pilegrimsvegen kom opp på ein bilveg litt lenger framme.
I ei sving på stien litt før bilvegen, stogga vi, kvilte oss på stavane og pusta ut. Til høgre for oss, bak nokre gyvelbuskar i full blomst, stod ein bonde og passa sauene sine.



Så dukka ein mann ut av skodda.
På pilegrimsvegen høyrer det med å helse på kvarandre, og spørsmåla kjem frå begge sider; Kven er vi, kvar land kjem vi frå, kvar starta vi, kor langt skal vi og så vidare.
Han snakka godt engelsk, så vi hadde ikkje problem med kommunikasajonen.
Han skulle heilt fram til Santiago, sa han. Men no var vandringa hans snart over.
Snart ferdig, måpte vi. Det tek då ein månad til dit!
Det er ikkje mykje, sa han, han hadde alt gått i 2,5 månad, så ein månad til var ikkje for noko å regne.
Han var flamlender. Hadde gått ut døra heime i Belgia og byrja gå mot Santiago.
Han hadde gått Vezlay-ruta, og der hadde han vore mykje åleine desse månadane.
Men no var han ikkje åleine på vegen lenger. Her var det mange som gjekk same vegen, så resten skulle gå som smurt.
Vi hadde fylgje med han eit stykke, men så vart stega hans for lange for oss, og han vart borte i skodda igjen.



Vi har møtt ein song under vandringane desse åra. Vi har møtt han i kyrkjer og på hospits. Ja ein gong møtte vi han jamvel med notar og tekst på ei stor oppslagstavle ved pilegrimsvegen.
"Ultreia" heiter han.
Ultreia eller Ultrya har rot i eit ord frå det gamle Galisiske språket, og endå lenger attende frå det latinske "Ultra"
Ordet er vanskeleg å oversette, men det tyder noko slik som ; gå vidare, haldt fram - gå på. Eller; "immer weiter" som det stod på dei kvite lappane.
Ultra tyder; vidare, ekstrem eller over det normale.

Enden på Caminoen er Kapp Finisterre, eller Finis Terra ( Enden på verda)
Det er det vestlegaste punktet i fastlands-Europa. Det ekstreme ytterpunkt.

Dette er tankar som kjem fram i songen Ultreia.
Pilegrimssongen frå vegen til Santiago de Compostella.
Den er opphaveleg skriven av J. Claude Bénazet til katedralen i Conques

Kvifor tek menneske ut på vandringar som varer i månadsvis. Ein kunne då hatt det mykje enkelare ved å nytte andre transportmiddel enn føtene.
Årsakene er nok veldig samansette, men eg trur noko av svaret ligg i denne songen.

Eg legg inn den franske teksta med notar.
Vidare har eg gjort eit forsøk på å gi den ei norsk tekst, så vi som ikkje les fransk / spansk skal få ei forståing av kva versa seier.



Tous les matins nous prenons le chemin,
tous les matins nous allons plus loin,
jour après jour la route nous appelle,
c'est la voix de Compostelle!
Ultreia! Ultreia! Et Sus eia!
Deus, adjuva nos!

Chemin de terre et chemin de foi,
voie millénaire de l'Europe,
la voi lactée de Charlemagne,
c'est le chemin de tous les jacquets.
Ultreia! Ultreia! Et Sus eia!
Deus, adjuva nos!

Et tout là-bas au bout du continent,
Messire Jacques nous attend,
depuis toujours son sourire fixe,
le soleil qui meurt au Finistère.
Ultreia! Ultreia! Et Sus eia!
Deus, adjuva nos!



Kvar morgon ropar vegen til oss
Kvar morgon ropar den: vidare!
Dag for dag kallar vegen
det er stemma frå Compostella.
Framover, framover
må Guds Ande hjelpe oss!

Jorda sin veg og trua sin veg.
Gjennom Europa i tusen år
går Karlamagnus sin stjerneveg.
Det er også vår veg, bror.
Framover, framover
må Guds Ande hjelpe oss!

Heilt til enden av verda
fører Jakob oss
Og gir oss sin evig smil
når sola dalar ved Finisterre
Framover, framover
må Guds Ande hjelpe oss!


(Eg må gjere merksam på at eg kan ikkje fransk og spansk, så de som kan desse språka, må orsake eventuelle feil i mi omsetting.
Eg skuldar og å gjere merksam på at biletet under her, ikkje er frå Kapp Finisterre. Så langt er eg ikkje komen enno. Men frå meir heimlege strender, frå Refviksanden i Nordfjord)

fredag 17. juli 2009

Vegen; av Antonio Machado

Under føtene ligg vegen.
Han er ikkje lik frå dag til dag.



Landskapet skifter heile tida.
Skogkledde åsar, vide utsyn over opne bygder, trange bygater mellom gamle og skeive hus.



Vegen skifter.
Grasgrodd sti i ein grøn katedral, grusdekt bygdeveg, asfaltert landeveg, steinet sti i bratte bakkar.

Føtene flyttar seg, steg for steg.
Time for time.
Dag etter dag gjennom dette landskapet vi vandrar i.

Og tanken dukkar opp:
Denne vegen skal vi aldri gå meir.
Dette er den eine gongen vi er her.

No.
I dag.
Og så aldri meir.


Då vi forlet hospitset "L'Esprit du Chemin" om morgonen i Saint-Jean-Pied-de-Port, fekk vi eit lita helsing med på vegen vidare. Eit lite vers.

Al andar se hace camino

Vandrer, det er dine spor
som er veien, og intet annet;
Vandrer, der finnes ingen vei,
veien formes mens du går.

Mens du går formes veien,
og, når man skuer tilbake,
ser man stien som man aldri
igjen skal trå på.

Vandrer, der finnes ingen vei,
bare kjølvannet på sjøen.


Antonio Machado (1913)

Ferdinand Finne omsette orda slik:

Vandrer, dine fotspor er veien.
Intet mer.
Vandrer, det finnes ingen vei.
Veien blir til mens du går.
Mens du går blir veien til,
og ser du deg tilbake,
ser du stien du aldri mer skal følge.
Vandrer det finnes ingen vei,
bare runer i havet.


tirsdag 23. juni 2009

Bilbao 22.juni 2009

Vi har vore på eit tyskdrive hospits, med to tyske damer som vertinner. Den eine blid og smilande, den andre meir lukka og mutt.
Det var den siste som serverte oss frukost. Tre skiver rista loff er ikkje den store starten på dagen.
Vi måtte vere ute av hospitset til kl.8.00. Men før eg gjekk, nytta eg høver til å vege sekken eg har gått med. 12 kilo var han, i tillegg kjem vatn og mat.


Buss-stasjon her?
Dette er då eit gamalt festningsområde med grøne vollar og djupe vollgraver.
Men buss-stasjon er her. Under jorda, djupt nede ligg han.
Det vart ei tid å vente på busstasjonen, først kl.10.00 gjekk bussen mot Bilbao. I strålande klårt solskin
Etter knapt 2 timar var vi framme.

Resultatet av den lette frukosten byrja melde seg. Magen forlangte mat.
Og som punkt to, skuldrane var lei av å bere ein tung ryggsekk.
Vi måtte finne oss rom for natta.
Når det gjaldt mat, så fekk vi same problemet som i Pamplona. Alt var stengt på mandag.


Frankrike og Spania er underlege land. Nokre butikkar har ope deler av søndag, men er til gjengjeld stengde på mandag. Andre er stengde på mandag om dei også hadde stengt på søndag.

Det lukkast til slutt å få seg litt mat på ein open bar.
Men så var det turistinformasjonen. Ved Guggenheim-museet må der då vere turistinformasjon. Og det var der, men den var tydeleg stengd.
Men vi fekk då sjå nokre av museet sine fantastiske eksteriør.





Men hotell? På Infokiosken stod det opprekna nokre hotel med adresser, og på eit kart over Bilbao var det avmerka kvar dei var.
Vi valde ut to, og byrja gå på leiting.

Men så er det det at vi var baskarland. På kartet på infokiosken var det nytta spanske namn, men gateskilta hadde baskiske namn.
Vi gjekk i surr.

Eit eldre ektepar kom over gata, og vi huka han og spurde om han visste kvar den eine gata var. Og han var hjelpsamheita sjølv, og han hadde kart. Det var berre det at vi vart ikkje så mykje klokare.
Vi fekk til slutt takka oss ut av hjelpa hans, men han gav oss kartet sitt.

Vi tok ei runde med kartlesing i ein liten park.
På kartet såg vi avmerka ein større info og i ein anna farge enn dei andre.
Kan det vere hovedkontoret? Vi får gå å sjå.


Jau, det er ei større bygning, men kontoret er stengt.
Heldigvis kjem der ut ein som fortel oss at det opnar igjen om 3 kvarter.
Og då er vi plass, og får hjelp. Ei liste med hotell og eit kart der hotella er avmerka.

Torbjørg får napp på første oppringing.
Og nede ved elva finn vi hotellet, og får oss to fine rom.


Bilbao er ein spennande by.


Vakre omgjevnader og mange spennande bygningsfasader, både av eldre og nyare dato.


Guggenheimmuseet er nok Bilbao si største attraksjon, men byen har mykje anna å by på.


Ein open by langs elva, med mange grøne lunger, og mykje blomster.


Og i morgon tidleg, kl.05.00, kjem drosjen for å køyre oss til flyplassen, og så vert det Brussel, Gardemoen og Ørsta.

Bilbao






Bilbao ligg i den sjølvstyrte baskiske provinsen Euskadi

Pamplona 21.juni 2009

Vi sette oss til eit enkelt frukostbord. Ett kjeks og ein madelain-bolle, + ett glas nypressa appelsinjuice på kvar.
Det var overraskaskande enkelt, sjølv for Spania.
Men så kom overraskinga.
Nytrekt kaffi, og 1 nysteikt pannekake på kvar og med sylte (blåbær og aprikos) og sjokade til å ha på, og det smakte godt.
Vel fortert kom 4 nye pannekakar. Og når dei også var oppetne, kom kokken for tredje gong med ei ny til kvar av oss.
Det vart ein herleg frukost.


Og etterpå køyrde sjefen Juan oss dei 13 km attende til Zubiri, og vi var klar for siste etappe til Pamplona.


Zubiri er ein by bygd opp rundt eit gruvekonsern.
Dei bryt malm i området der vi overnatta, og rensar malmen ved Zubiri.
Og den første kilometeren gjekk vi langs fabrikken og slamdepoet.


Det var gult av blømande gyvel langs vegen dei første kilometerane.


Været var fint. Litt kjølig, 11 gr om morgonen, Sol innimellom, men kald vind frå nord.


I Larrasoaña vart vi lokka inn i landsbyen av feiande musikk. Det viste seg at der var det marknad. Så vart det ein rast på torget, med søte kaker til.


Vi gjekk over fleire gamle bruer vestover mot Pamplona.


Og vakre landsbyar, som denne.


Nokre km frå Pamplona hadde vi ein ny rast på ein grillplass.
Der skildest våre vegar, for pilegrimsvegen bar opp i ei ås, medan det var råd å gå ein variant nede i dalen. Bodil og Torbjørg valde det siste, medan Leif og eg tok opp i høgda.


Vegane skulle møtast ved ei bru etter åsen, trudde vi. Men når karane fekk melding om at damene stod ved brua i ein ny bydel Huarte, stod vi på ein ås ved motorvegen mot Pamplona.


Vi gjekk vidare begge partar, Dei på ein vandrarveg der det på lange strekningar, sikkert i god meining, var lagt støypt vegdekke.


Men eg trur mange vandrar heller ville hatt ein god sti med naturleg grus. Det hadde vår, karane, sin veg.





Men så kom vi til til brua der stiane skulle møtast.
Ved ei gamal steinbru i landsbyen Villava.
Vi sende melding til dei to andre, og fekk svar attende om at vi skulle gå til Pamplona og finne hus for natta.


Det vart ei vandring gjennom vakre gater.
Det var tydeleg lagt ned mange Euro i å pusse opp både hus og gater i begge bydelane.


Det vart fleire km gjennon gatene i Villava, og Burlada før vi kom til elva og Madeleine-brua.


Når vi kom over brua og inn i Pamplona, skulle hospitset vere like rundt hjørnet.
Var der plass?
Jau der var plass, men dei kunne ikkje skrive oss inn før vi la våre pilegrims pass på bordet, og dei hadde damene som var 2 km bak oss.

Der kom mange vandrarar medan vi venta på dei to.
Denne vandraren frykta att der var fullt då dei kom, men heldigvis.
Der var enno plass.
Men vi vart skilde, mennene på eit rom og kvinnene på eit anna, takk.

Vi mennene fekk ei natt med tung og klam luft. Leif sette vindauget på ei lita opning då vi gjekk til sengs.
Men så kom ein koreanar og slo igjen vindauget med ein smell, og kraup i soveposen med kleda på.
Dersom han var så frostig, var det ikkje verdt å gjere forsøk på å opne det att.
Men kl 5.30 orka ikkje denne vandraren meir, han måtte opp og ut i frisk luft.

Men før sengetid gjorde vi Pamplona i sol og kald vind frå nord.


Og Pamplona. Kva er den byen kjend for?
Okseløpet.
Men det var ikkje rette tidspunktet for oss. Vi måtte greie oss med den store avbildinga i bronse.


Vi måtte også finne busstasjonen, og få kjøpt oss bilettar for turen til Bilbao neste dag.
Men der han var sist, var alt lukka og låst.
Det vart ein del traving i området, men ingen busstasjon.

Til slutt heiv eg meg frampå og spurde den kvinnelege sjåføren i ein flybuss som stod ved fortauet. Om ho kunne fortelje oss kvar den var.
Heldigvis kunne ho litt engelsk, så ho fekk forklart oss kvar den var.
I det vesle krystall huset, sa ho og peika.

Ved ei grasslette låg der eit avlangt glashus, ikkje stort men, der var busstasjonen. 2 etasjer under bakken.

Så var det mat til hungrige pilegrimar.
Kvar finn ein det når alle matstadar, utan pubar, er stengde fram til kl. 21.00.
Dei er seine med å gå ut og ete spanjolane, men vi vart svoltnare og svoltnare. Redninga vart ein pub som reklamerte med litt meir enn berre smågodt til alkoholen.

Kva skulle vi ha?
Eg kunne tenkje meg ein omelett. Og Torbjørg bestillte. Tortillas.
Kvinna bak disken kom med ein på storleik med ein grandiosa.
Vi vart samde om at vi måtte ha ein til kvart par.
To, deux, sa vi. Ho tok kniven å ville dele den i to.
No. no, Deux.
Ho vart litt forvirra. To tortillas.
Ho stirra på oss, og gapte; To tortilla?
Oui. Oui.
Noko slikt hadde visst aldri hendt henne. Ho lurte sikkert på om vi var smårare, som forlagte to.
Men vi fekk dei, og dei smakte utruleg godt. Og kaffi fekk vi att på.
Mette og gode var det tid for å finne att hospitset..

Vandringa er over for i år.
43 mil på 21 dagar. Kanskje i meste laget for oss. men vi kom fram.
Og neste år?
Skal vandringa gå vidare på franskeruta gjennom nord-Spania?
Vi får sjå når vinteren er over, og det går mot vår og sommar igjen.


Huarte

Villava

Burlada

Pamplona


Dette var stekninga vi gjekk dette året.
Frå Moissac ved det grøne merket, via St.Jean-Pied-de-Port ( med gul vimpel) til Pamplona med raudt merke.

Zubiri 20.juni 2009

Det regna og bles då vi vakna i Roncesvalles, så vi kledde oss varmt og godt og i regnkle, då vi byrja å gå første etappa i Spania. 1o,5 km til Zubiri. Roncevalles ligg på 955 m, og løpet av dagen skal vi ned i 650 m.
No er vi ferdige med Via Podiensis i Frankrike, og startar på Camino Frances i Spania.


Ikkje langt frå Roncesvalles ligg Rolandskorset, til minne om Roland fall her i bakhaldet til baskerane.


Til lenger vest vi kom, bort frå Roncesvalles, til betre vart været.
Alt i Burguete var det mykje betre enn då vi starta.


Her nær fjella, var det eit kupert landskap rundt oss.


Nokre staute motbakkar møtte vi, sjølv om det gjekk nedover frå Roncesvalles til Zubiri.


For kvar motbakke, er det godt å nå toppen og endeleg få puste ut etter strevet.


Desverre hadde nokre kloke og velmeinande hovud funne ut at pilegrimar trong skikkelege vandringsvegar, og lagt betongdekke på vegane. Det vart hardt å gå på i lengda.


Særleg motbakkane med betongdekke tok på føtene.



I Espinal var det ein open butikk, så vi fekk proviantere litt.


I dalbotnen, før Gerendiain, rann det ei elv, og gjennom elva var det støypte byks.
Vi valde å gå over brua.
Men det kom eit par syklistar etter oss.
Dei prøvde å sykle gjennom vatnet. Det gjekk mindre bra.
Hjula glei på den våte betongen i elvebotnen, og overende gjekk dei så vatnet skvatt.



Ikkje alle klarer vandringa. Her døydde ein frå Japan på veg mot vest.


Landskapet endra seg til lenger vest vi kom.
Horisonten vart vidare.


Det var mange spanjolar med lette sekkar på vegen.
Dei kom raskt bak oss, gjekk forbi og vart borte.
Vi forstod etter kvart at det hadde vorte laurdag og fridag, og at det truleg var grunnen til alle som passerte oss i raskt tempo.
Dei nytta helga til ein liten vandringstur.


Det er fleire gamle steinbruer på vandringa. Denne er ved inngangen til Zubiri.


Vel framme i Zubiri, etter nokså hard nedstiging på ein steinete og bratt sti, visste det seg at her var allt fullt.
Var det alle snarføtte spanjolar som hadde fyllt opp hospitsa?

Eg gjekk inn på ein bar og spurde om dei hadde rom. Det hadde dei ikkje, men han bak disken var berre velviljen, og gav teikn til meg om vente.
Så byrja han å ringe. Men alt var complito.
Men han gav ikkje opp.
Samstundes som han betjente kundane ved disken, gjorde han nye forsøk på å skaffe desse fire, eldre norske husrom.
Til slutt lukkast det.
Ikkje i Zubiri, men 13 km ut av byen og opp i fjella, til eit lite hotell der.
Verten ville kome og hente oss, og køyre oss attende i morgon tidleg.


Så vi fann oss ein benk i sola, og sette oss for å vente.
Etter ein halv time var han der, og heldigvis kunne han litt engelsk.


Så gjekk turen på smale og svingete vegar til vårt nattlosji, Arrobia Borda i Eugi i Navarra. 13 km frå franskegrensa.

Vi vart innkvart på kvart vårt dobbelrom, og fekk dusje og ta ein liten kvil på gode senger, får svolten melde at det var tid for mat.

Vi var åleine i matsalen, og verten gjorde sitt beste på spansk og engelsk med å fortelje oss kva han hadde å tilby.
Vi enda opp med ein forrett av spinat, ost og valneter.
Hovedretten fekk vi forklart var ei salatgryte med enten svinekjøt eller tunfisk. Eller så kunne vi få ein omelett.
Valget var vårt, og vi enda opp med omeletten. Og den var verkeleg velsmakande.

Så var det desserten. Han hadde fleire runder på å fortelje oss kva som var våre valg der.
I Spania avsluttar dei alltid måltidet med noko søtt, sa han, og han hadde 4 valg, og kom med nokre spanske namn. Men å forklare kva som var bak namna var ikkje like enkelt.
Då dukkar kokken opp med ein tallerken med 4 dessertar på, og då vart det straks enklare.
Damene valde kastiljansk krem. Leif: Krem limon. Og eg noko så norsk som karamellpudding.
Damene var heldigast med å få største desserten, medan karamellpuddingen hadde minste skåla.
Det vart litt gjensidig utveksling av smaksprøver over bordet.
Alt smakte forteffelig.


Så var det tid å betale herligheita; 172 Euro for 2 dobbeltrom, middag og frukost for 4. Skyss fram og tilbake (13km x2) var gratis.
Etter norsk standard var det ikkje dyrt, sjølv om det låg i overkant av våre forventa døgnkostnadar som pilegrimar.
Men det har det gjort fleire stadar lang pilegrimsvegen.
Vi fekk i alle fall ein triveleg kveld og ei god overnatting

Burguete

Zubiri

Larrasoaña, Esteribardalen