Viser innlegg med etiketten Slik går no dagane. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Slik går no dagane. Vis alle innlegg

fredag 12. september 2025

Von i hangande snøre

Det er von i hangande snøre  -  høyrde eg ofte min far sa når han var ute med færingen for å prøve fiskelukka med pilken  eller munnvadet langs strendene.
I jula gjekk eg overende på veg ned ei trapp. Eg kom raskt til meg sjølv att, liggande på golvet. Men fylgjene av fallet tok si tid. Det vart doktorbesøk og sjukehusopphald der det vart leita etter årsaka til fallet. Det enda med at eg fekk operert inn ei lita brikke i bringa som skulle overvåke hjarterytma mi i eit halvår framover. Og i det halvåret fekk eg påbod om å nytte apostelane sine hester, og la bilen stå. Halvåret gjekk utan at noko hjarteproblem vart registrert, og då ville eg gjerne byrje å nytte bilen min igjen. Men nei, så enkelt var det ikkje, for førarkortet mitt var gått ut og eg måtte fornye det, og til det trong eg, gamal som eg er, ein helseattest. Og det ville ikkje legen min skrive ut før legane på dei to sjukehusa eg hadde vore innom hadde klarert at det kunne gjerast. Og det er ikkje gjort i ei handvending. 
Men no er det von i hangande snøre. Eller som eg brukar å sei, no lysnar det for Stad. For legane på sjukehus 2 gav si melding for fjorten dagar sidan. Og i dag, åtte og ein halv månad etter fallet, var eg på sjukehus 1 for ultralydundersøking av hjartet mitt.  Legen som stod for undersøkinga sa ikkje som ei på St.Olav fortalde meg, at ho kunne gje attest på at eg ikkje var hjartelaus. Men ho i dag fann ikkje noko gale, litt tjukke årar og litt lavt blodtrykk. Så no er det berre for meg å ta meg ein tur til fastlegen min og få meg den etterlengta helseattesten. 
Så kanskje, kanskje, får eg etter ni månader, endeleg ein dag, lov til å setje meg bak rattet på min eigen bil igjen. Det vert kjekt.
Det lysnar for Stad.
Det vågar eg å tru no.

Årsaka til fallet i jula ? Truleg var det eit blodtrykkfall. Slik vi såg det på fjernsynet at den svenske helseministreren brått fekk det, og gjekk ned for telling framme på podiet.
.

lørdag 2. august 2025

"Sukk"

I jula hadde eg eit fall under vitjinga hjå mi eldste dotter. Vel heime i romjula vart det vitjing hjå doktor som igjen førde til nokre dagar på nærsjukehuset der hjartet mitt stod i fokuset. Og når nyåret var over fekk eg  på sentralsjukehuset innlagt eit lita databrikke i bringa for å overvåke korleis hjartet mitt fungerte.  - og med seks månaders karantene for bilkøyring.  Har eg merka noke hjarteproblem desse seks månadane  ? Nei, ikkje i det heile, og det er då positivt.  Positivt har det og vore at born og gode frendar har gitt meg skyss når eg har hatt trong for det. Og at eg i desse vekene utan førarkort har fått nytte apostlane sine hestar i større grad enn før, må og kome ut på den positive sida.
Men når no dei seks månadane er over, er eg ikkje like nøgd med situajonen. Eg vil gjerne få løyve til å setje meg bak rattet igjen, men nei. Det er ikkje så enkelt.
To gonger har eg vore med lege for å få helseattest for fornying av førarkortet, som gjekk ut i karenstida. Men nei, det kunne han ikkje gje meg. Han hadde ikkje fått melding frå sjukehuset på at han kunne gje meg det, sjølv om eg, atten dagar over karenstida fekk telefon frå sentralsjukehuset på at alt var i orden og eg kunne byrje å køyre att.
Etter kontakt med sjukehuset fekk eg til svar att det var ferietid, men legane skulle sjå på det når ferien var over, og august hadde byrja. Men mi sak låg nok inkje øverst i bunken. Og når dei hadde gjort sitt, så var det  legane på lokalsjukehuset som så ville ta kontakt med meg, men heller ikkje der ville mi sak  ligge  først i bunken. Og når dei med tida hadde hatt eit møte med meg og gitt meg resultatet av dei seks månadane, så ville dei sende resultatet til min journal hos fastlegen.. Då først kunne eg kontakte han for å få min helseattest, med vona om å få fornye førarkortet mitt, og kunne setje meg bak rattet i min eigen bil att.
Då hadde det vore fint om eg kunne gått inn på mi side i Helsenorge og få sjå når fastlegen hadde fått meldinga inn på min journal, men nei, det går ikkje,  for HelseMidt gir ikkje tilgong til pasientane sine journalar, slik dei andre helseområda gjer.
Seks månader køyrekarantene fekk eg. No har eg byrja på den åttande månaden og framleis veit eg ikkje kor lenge det skal gå før eg igjen har eit gyldig førarkort. Sukk. Er det dette ein kallar byråkrati ?

.