Viser innlegg med etiketten Sogn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sogn. Vis alle innlegg
lørdag 30. september 2023
Solvorn
I Luster kommune er der 11 kyrkjer og 1 kapell. Eg har berre vore inne i 4 av dei, men eg vore ved 2 av dei andre. I dag var eg ved den tredje. Det var kyrkja i Solvorn. Årsaka til at eg berre har vore ved dei utvendig, er at dei diverre berre er opne ved gudstenester og gravferder, og då høver det skjeldan for meg. Så eg har framleis nokre att. Men i dag fekk eg høve til vitje Solvorn kyrkje, om berre utvendig.
fredag 28. juli 2023
Urnes stavkyrkje
Det er 20 år sidag vi tok ferga over frå Solvorn og til Ornes på andre sida av Lustrafjorden. Det var stavkyrkja som lokka då og, men då var den stengd så eg måtte vere nøgd med å gå rundt den.
Men i dag streva eg meg ikkje opp bakkane til fånyttes, med kjøpt bilett var det berre å vente på at omvisinga skulle byrje.
Og ventetida nytta eg til ein tur rundt kyrkja.
På nordsida finn ein dei utskorne veggstolpane, mellom dei og dei to som omkransar ei gamal dør. Dei er kjende som Urnesportalen. No er nokre treskjærar i gang med å skjære ein kopi av den og dei skal bruke same slag verktøy som vart nytta då stolpane vart skorne for 1200 år sidan.
Kyrkja er datert til 1100-talet men der har vore kyrkjer tidlegare, og dei meiner portstolpane har vore i ei tidlegare kyrkje.
For meg er det alltid spanande å stige over
dørstokken i ei kyrkje eg aldri har vore i før, og det gjeld i høg grad slike gamle kyrkjer.
Det er alltid mykje å sjå, men her får eg avgrense meg og overlate til seinare vitjarar å få lov å sjå når dei eingong trer over den nedslitne dørstokken og inn i kyrkja.
Der er mykje, mykje meir for nyfikne auge.
Lat meg legge til kyrkja er ikkje berre eit museum, ho er soknekyrkje for Ornes sokn i Luster kommune.
søndag 18. juni 2023
Kaupanger
Søndag er gudstenestedag sjølv om eg ikkje vitja heimekyrkja. I dag vart det friluftsgudsteneste på Sogn folkemuseum, ved den gamle prestegardsbygninga der.
Heldigvis var det delvis skya, elles hadde det nok vorte i varmaste laget for dei bunadskledde i dåpsfylgja til dei 3 born som vart døypte i gudstenesta.
Sogndalspresten var liturg og diakonen heldt preika.
lørdag 17. juni 2023
På kongeveg
Så er eg indre Sogn igjen, denne gongen i strålande og varmt sommarvær. Nær 30 grader i sola, ikkje rart at Tor med hammaren er ute og fær når det lid mot kvelden.
I går måtte brannvesenet rykke ut til Amlaholten etter lynnedslag der.
Eg er alltid nyfiken på nye stadar å gå, og å sjå. Godt at der var mykje skog som skugga for varmaste sola.
I dag vart det vandring på ein gamal veg, men ny for meg. Det var på kongevegen frå 1700talet som går frå inst i Barsnesfjorden og opp til Hafslo.
Vi byrja på Hafslo for då fekk eg mesteparten av vegen som nedoverbakke. Og det kunne eg vere glad for med min skrale pust., for vegen opp frå fjorden var bratt med mange svingar gjennom den storsteinete urda på eine sida, og elva buldrande under floget på andre sida. Ein dansk fut ein gong, som var ille likt, såg seg inga anna råd enn å hoppe utfor og ned i fossen då bøndene ville ta han. Det gjekk ikkje bra for han, og fossen fekk namnet Helvetesfossen etter det.
Me hadde ein Hafslobygdar som vegvisar og han tok oss med til mange ulike stader langs vegen, som ei gamal bygdeborg frå dei første århundra i vår tidsrekning,og den store fantesteinen. Namnet på grunn av at dei reisande kunne søkje ly under den.
Men ein stad eg hatt som mål å vitje var ei Olavskjelde oppe i vegen ein stad. Ho skulle kome fram i den storsteineste ura.
Diverre hadde turketida gjort at det var heller lite vatn i kjelda, så eg fekk ikkje drikke av det vatnet.
Men vegen var flott, med murar som synte fram eit imponerande steinarbeid. Det minte meg om vegen Vindhella oppe i Lærdal.
Men vegen var flott, med murar som synte fram eit imponerande steinarbeid. Det minte meg om vegen Vindhella oppe i Lærdal.
søndag 17. april 2022
Stedje kyrkje
Det var i Stedje kyrkje eg feira påskedagsgudstenesta dette året. Ho er raudmåla og er den største kyrkja i Sogn og ligg vakkert til oppe på ei flate vest om Sognddalselva. Alltid spanande å feire gudsteneste i andre kyrkjer enn mi heimekyrkje. Etter gudstenesta gjekk vi den fine fjordstien som går mellom fjorden og husa i Sogndalsfjøra, frå Stedje gard i vest og til brua over Barsnesfjorden i aust.
Påskemorgon
Det er tidleg påskemorgon i Kaupanger. Sol frå klår himmel. Her eg sit ser eg eit glimt av Kaupangerbukti, og her på Kaupangersida er gardane og byggefeltet bada i morgonsola, medan Amlasida endå ligg i skuggelandet. Og utanfor bukta ser eg den lange Sognefjorden, med høge fjella over, der toppane enno er kvite av snø. Desse fjella ligg på vestsida av fjellvegen mellom Aurland og Lærdal. Vestover bøyer fjorden av inn mot Aurland og Gudvangen. Men austover deler han seg i ei arm mot Lærdal og ei arm som går innover mot Luster og Skjolden inne i fjordbotnen. Her har eg vore denne påska hjå mi yngste dotter, med kyrkjevitjingar og gåturar i omegna., og i vakkert vårver.
torsdag 15. november 2018
Soria Moria slott
Langt oppi fjellet på nordsida av Lustrafjorden ligg der eit stort, kvitt, Soria Moria slott. 500 meter over fjorden.
Det går ein veg dit opp, 7 km lang, smal, bratt og med 13 hårnålssvingar.
Det var nok ikkje enkelt å kome dit opp før bilen kom i ålmen bruk, sjølv om det nokre år på slutten var elektrisk heis dit opp. Den er borte no.
Det er Harastølen, og det er ikkje noko Soria Moria slott i dag, sterkt prega av tida si tann og manglande vedlikehald.
Bygget vart innvigd i 1902 og hadde då kosta 777000 kr, noko som kan synest lite etter våre dagars kostnadar for eit vanleg lite hus, men kva kosta det ikkje å bygge eit hus med 5000 kvadratmeter golvflate i år 1900.
Det var styret i St. Jørgens Hospital i Bergen som vedtok å reise eit sanatorium for tæringssjuke oppe i fjellet i Luster, då dei hadde tru på at den friske lufta der inne i fjorden ville gjer dei godt.
Ved opninga var det plass til knapt hundre pasientar, men vart gradvis utvida til 150 i 1950, men så kom det medisin for sjukdomen, og få år etter var der tomt der oppe.
Så kom det ei periode då huset vart nytta til psykiatrisk sjukehus, før den drifta og vart flytta til Gaupne, lenger vest i fjorden. Ein vart vel ikkje mindre sjuk av å bu så avsondra frå livet.
Så kjem flyktningestraum frå Balkankrigen til landet på 1990-talet, og Harastølen vert asylmottak eit par år. Kor måtte det kjennast for krigsprega flyktningar å verte plassert høgt oppe i ei fjell side i Sogn, langt frå det pulserande livet nede ved fjorden. Det gjorde vel ikkje krigstraumane enklare å leve med, sjølv om dei hadde både frisk luft og godt utsyn til livet 500 meter lenger nede.
Kvar går Harastølen vidare tru, der huset står godt inngjerda med åtvaringar om å ikkje nærme deg bygninga.
Vert det vidare forfall, eller vert planane om hotelldrift der oppe i fjellet ein realitet?
Det ligg ikkje akkurat rett i turiststraum inn langs fjorden, så dei må nok finne eit anna segment av hotellgjestar for at den drifta skal løna seg.
Men utsynet er det ingen ting å sei på, og der er stiar opp i fjellet på mange kantar av bygninga, og nok rikeleg med snø om vinteren. Så kanskje er det liv laga nokre år vidare?
Time vil show, som det heiter på det målet som vert meir og meir vanleg her til lands.

tirsdag 13. november 2018
Dale kyrkje
Eit stykke vestover frå Skjolden langs Lustrafjorden ligg Dale, og der finn vi tett ved vegen ei steinkyrkje frå 1200-talet.
Truleg bygd av steinhoggarar frå Orknøyane eller Skottland då der er fleire likskapar med Magnuskatedralen og andre kyrkjer der borte.
Gamle kyrkjer har noko med seg som eg ikkje kan forklare. Kanskje har det med alle dei som i glede og sorg gjennom århundra har samlast i kyrkjeromet.
Så då vart det stogg ved kyrkja. Den ville eg vitje når no høvet baud seg.
I vestenden av kyrkja er det påbygd eit våpenhus i tre, og tårnet er nok og av nyare dato, men når eg går inn døra til våpenhuset møter eg ein stor klebersteinsportal.
Ved den er det rita inn med runer "St Nicolaus kirke", som viser til at kyrkja var vigd til St Nikolaus av Myra.
Ut mot vestportalen ligg galleriet, og taket under den er og rikt dekorert, og på bjelkane som held oppe galleriet er der måla skriftstader.
Framme over korbogen heng eit stort krusifiks som er datert til første halvdel av 1200-talet. Måten det er forma på, kan tolkast inn i ein overgong frå triumfkors til meir vektlegging på den lidande Kristus som seinare vart den vanlege krusifksforma fram mot våre dagar.
På veg ut att ser vi at våpehuset er ikkje mindre dekorert enn koret, med ein stjernehimmel over, og bibelske fortellingar på veggane.
Tett ved kyrkja ligg prestegarden, og det går ein gang under jorda frå kyrkja til den. Sidan kyrkja vart reist rett etter borgarkrigsåra på 1100-talet, er vel gangen å rekne som ei sikring for prest og øvrigheit i tilfelle nye ufredsår.
Dale kyrkje var verdt vitjinga, og så rulla vi vidare vestover på smale vegar langs fjorden.
Truleg bygd av steinhoggarar frå Orknøyane eller Skottland då der er fleire likskapar med Magnuskatedralen og andre kyrkjer der borte.
Gamle kyrkjer har noko med seg som eg ikkje kan forklare. Kanskje har det med alle dei som i glede og sorg gjennom århundra har samlast i kyrkjeromet.
Så då vart det stogg ved kyrkja. Den ville eg vitje når no høvet baud seg.
Ved den er det rita inn med runer "St Nicolaus kirke", som viser til at kyrkja var vigd til St Nikolaus av Myra.
Og når ein kjem inn i skipet ser ein at også ved koret er der ein portal, men enklare utforma,
Der er og ein mindre portal utvendig ved sørveggen.
Framme i koret finn vi alteret med altertavla , og i koret er veggane dekt med kalkmåleri frå 1600-talet med bibelske motiv, og under dei att måleri frå 1200-talet. Dei var overmåla med kvit kalk og er berre delvis avdekka. Måleria var nok i si tid, då lesekunsten ikkje var ålmenn, folket sin bibel.
Kanskje hadde vi trengt litt folket sin bibel i våre kyrkjer og, no når dei bibelske fortellingane byrjar å verte framande mellom folk.
Altertavla er frå slutten av 1600-talet og på sidene står Moses og Johannes. Ved korset ser vi to kvinner, Er det Maria Magdalena og Jesu mor, Maria?
På toppen ser vi den oppstadne Kristus mellom to liggande romerske soldatar.
Ut mot vestportalen ligg galleriet, og taket under den er og rikt dekorert, og på bjelkane som held oppe galleriet er der måla skriftstader.
På veg ut att ser vi at våpehuset er ikkje mindre dekorert enn koret, med ein stjernehimmel over, og bibelske fortellingar på veggane.
Dale kyrkje var verdt vitjinga, og så rulla vi vidare vestover på smale vegar langs fjorden.
mandag 12. november 2018
Wittgenstein
Under ei vitjing hjå vår yngste dotter i Kaupanger fekk vi ein tur innover Lustrafjorden. Målet var ein nyopna gangveg frå øvre enden av Eidsvatnet og oppover Fortundalen til Fortun.
Men og ei vitjing til den nyrestaurerte hytta til Ludwig Wittgenstein på ein bergknaus ved Eidsvatnet.
Men og ei vitjing til den nyrestaurerte hytta til Ludwig Wittgenstein på ein bergknaus ved Eidsvatnet.
Ludwig Wittgenstein var ein austerisk filosof som budde i fleire perioder frå 1913 til 1950 i Norge, og i 1914 sette han igong arbeidet med å bygge hytta her på berghylla.
Store deler av sitt verk, "Filosofiske undersøkelser " skreiv han her i 1936-37.
Over Fortunelva var det på den tida inga bru, så han måtte nok nytte båt for å kome bort til stranda under hytta.
I dag er det bygt ei hengebru over elva og bort på den store øyra som elva gjennom århundra har lagt opp. Oppe under fjellfoten går stien gjennom storsteina ur vestover mot hytta, men då vi kom dit stien går opp berget til hytta kom vi ikkje lenger. Der hang det skilt som sa at vidae opp vart stien stengd då det framleis var arbeid i gong både på stien og hytta. Så då var det berre ta vegen attende gjennom ura til den store sletta.
Turen opp til hytta får vente til ein annan gong.
Vegen langs elva fram til Fortun var ei fredfull vandring gjennom stor og gamal skog, langs oppdyrka mark og med suset frå elva som bakgrunn, heilt utan bilstøy frå trafikken på andre sida av Fortundalen. Den merka vi godt då vi på vegen attende til Eidsvatnet tok turen over elva til Vassbakken for toalettbesøk, og ein is i sola.
tirsdag 9. september 2014
Kvile på støylen
Det er eit anna landskap her enn i våre heimegrender. Dei alpine toppene er borte, her er fjella meir avrunda i si form. Mange av dei er høgre, med bratte flog ned mot fjorden under. Men her oppe i dalen mellom fjella rundt, er det mjuke furukledde og lauvskogskledde linjer. Med grøne vollar der støylane ligg, og stille vatn som speglar den skykledde himmelen over. Det er lett å drøyme seg bort i dette rolege landskapet. Annleis på andre sida av fjella vi ser i bakgrunnen, der stuper floget seg mest loddret i fjorden.
Det står ei stor kvige bak deg - seier mi kjære. Ja, eg veit det - svarar eg - ho var nettopp bort i nakken min for snuse på meg, Ville vel vite kva kar eg var. Men ho fann meg ikkje verdt nærare kjennskap for ho held fram med roleg beiting inn opninga i steingarden og attende til vollen. Ikkje lenge etter ringlar det i saubjeller når saueflokken kjem på vitjing for å finne ut kven vi er. Bjellesauen tek nærkontakt medan resten held seg på litt meir ærbødig avstand, men etter litt snusing, spring dei også vidare inn på vollen. Dei stansar ved ein bergknatt som stikk opp av graset, og vert opptekne ved den. Kanskje det vert lagt ut salt til dei der?
I fjella syd for fjorden ser vi at det byrjar å tjukne til for regn. Kva veg dreg det? Kjem det hitover tru, eller dreg det vidare vestover fjella? Kanskje det best å byrje på vegen ned til bygda att så vi slepp å bli våte. Tome termosar og matbokser kjem i sekken, og snart forlet vi støylen og byrjar på stien ned mellom tjukke furuleggar og bærlyng.
mandag 8. september 2014
Vassløysa
tirsdag 22. april 2014
Ein ser så mangt
Ein ser så mangt når ein dreg langs vegane. Sjølv om ein må fare forbi mange gonger får ein ser. Kanskje er ein for oppteken av vegen når ein har rattet i hendene, sjølv om mi kjære skuldar meg for å ha augene alle andre stader enn på vegen. Vi køyrer nokre gonger til Sogn gjennom eit år. Som oftast er deg som held i rattet, men denne gongen var det mi kjære som hadde den oppgåva, og då, brått såg eg det store dyret som, vart det fortalt meg, hadde vore der over året alt. Og då måtte eg ta ein sving innom for å sjå litt nærare på dyra. Ja for dei var ikkje berre eit, men heile tre. Mammutane som står utanfor veggen på Bremuseet i Fjærland.
mandag 2. januar 2012
Bikkjekaldt i fjor, i år...
På denne datoen i fjor var det slik. Fullmånelys kveld. Snø. Og bikkjekaldt.
Då feira mi kjære og eg nyåret i Sogn. I Kaupanger.
Kvelden før hadde eg vore på Sogn folkemuseum for å prøve å få til nokre bilete av dei gamle tuna i lyset frå fullmånen, og med marka dekt av glitrande snø.
Med stivfrosne fingrar og tær måtte eg, før eg var heilt nøgd, søkje inn at i ovnvarmen. Ute var det då nærpå 20 kuldegrader.
Men denne kvelden, for eit år sidan, lokka fullmånen meg ut i kulden endå ein gong.
Denne gongen var det den gamle stavkyrkja som drog meg ut.
Slik var det i fjor. Snøen kom alt i november og vart liggande til våren løyste han av. Og vinteren var så kald at eg ymta frampå om at den varsla klimaendringa var avlyst.
Men det var i fjor.
I år har vi nesten ikkje hatt snø på marka, og knapt nok nokre få kuldegrader.
I dag har gradstokken vist pluss 7,5 på det meste.
I tillegg fekk vi oppleve at juleorkanen for over oss juledagsnatt.
Så på desse to jule og nyårshelgane har vi fått oppleve at det eine året er ikkje det andre likt.
onsdag 5. oktober 2011
Kvite Krist
Den koftekledde stod bøygd over bordet der arbeidet hans desse sommarmånadane låg, saman med arbeidsbeinene hans, kvasse knivar og jarn.
Ute lysna morgonen over dei bratte fjella over dalen og dei lave husa i tuna bortetter vollane ved den strie elva.
Oppe på ei lita flate ikkje langt frå huset han var i, lyfta ei lita nybygd kyrkje spiret sitt opp mot den lyse morgonhimmelen.
Dei fyrste solstrålane lyste opp det lysbrune, nytjøra bygget der borte på haugen.
Når sola var koma litt lenger fram mot skaret i sør, ville folket i dalen samle seg i tunet og så gå syngjande opp til kyrkja. Og fremst av alle ville arbeidet hans verte bore.
Den gråkledde stod lenge og let augen fare granskande over kroppen som låg på bordet. Var der enno noko lite som trong eit siste lite snitt av kniv eller jarn, eller kunne han rekne seg som ferdig?
Til slutt nikka han nøgd og kviskra nokre ord ut i det morgonstille romet.
Så tok han ein liten nagle som låg ferdig på bordet, prøvde den varleg i holet som han hadde laga.
Handa hans leita opp klubba, og med varsame slag festa han kroppen til krossen.
Endå ein gong bøygde han seg over arbeidet, kviskra nokre ord og slo krossen sitt teikn tre gonger over seg.
Så samla han saman knivane og jarna sine, rulla dei inn i eit klede før han la dei i skreppa si.

Fylgjet går syngande tre gonger rundt kyrkja før presten fører mennene som ber Kvite Krist, inn i kyrkja og dei festar han opp på veggen inne i koret.
Åra går over kyrkja på haugen. Årstidene skifter. Snart kvite og snørike vintrar. Snart tørre og varme somrar. Men kyrkja står der urikkande. Lita og mørk mot skogen og fjella bak.
På gardane ved kyrkja fødest born, veks opp, modnast og eldest, for til slutt å verte førde til kvile ved kyrkja.
Gjennom århundra er det stadig nye generasjonar som bøyer seg audmjukt for den kongekrona skikkelsen der framme i det halvmørke kyrkjekoret.
Men eit år endar alt seg. Folket i dalen tek ned den gamle kyrkja og reiser seg eit nytt kvitmåla gudshus.
Den gråkledde sitt arbeid vert seld til ein samlar.
Ein dag står ein vandrar ved ein kvitmåla murvegg på eit museum.
Framfor han heng den gråkledde sin Kvite Krist, Christus Rex. Den kongekrona sigerherren frå Golgata.
Vandraren bøyer audmjukt sitt hovud, og med ei lite bøn på sine lepper teiknar han seg med krossmerket.

mandag 12. september 2011
Job
"I landet Us budde det ein mann som heitte Job. Han var ein ærleg og rettvis mann som hadde age for Gud og heldt seg frå det som vondt var."
Slik byrjar boka om Job.
William Blake: Job si klage.
La meg låne litt av Ingvar Ambjørnsen si omtale:
"Vi vet ikke hvem som har skrevet Jobs bok. De lærde strides om hvor røttene til denne vidunderlige og underfundige teksten er å finne. Og la dem endelig gjøre det. For den vanlige leser kan det være nok å vite at fortellingen om Job har paralleller i en rekke kulturers myter og overleveringer.
Vi finner ham i både persiske og sumeriske oldtidsnedtegnelser – og han har også sin plass i islamsk tradisjon.
Det er ikke særlig underlig. For Jobs bok omhandler det ondes problem, og er således å regne som selve kjernen i all litteratur. Jobs bok står med andre ord ikke i fare for, på noe tidspunkt, å bli uaktuell
Jobs bok er både vakker, grotesk og ikke minst bisarr. Alle tre kvaliteter som kjennetegner den gode fortellingen.
Som i mange av Bibelens beretninger, får leseren en følelse av at teksten ligger svært tett på oss i tid. Det er lett å hente ut essensen av den. Vi kjenner selve kjernen i det som fortelles fra vår egen hverdag
Kapittel 30 kan som resten av teksten, ja, hele Bibelen, leses på ulike måter. En av dem går ut på å betrakte Job som et sonoffer. Den menneskelige gestalten som bærer alles skyld, og utsettes for den kollektive forakt.
Her finnes paralleller til den korsfestede Kristus som roper: ”Min Gud, min Gud, hvorfor har du forlatt meg?”
Kristus pakker hele sin smerte inn i denne ene setningen.
Job trenger mer plass. Han trenger en hel bok.
Han er et menneske som deg og meg. Vi kjenner ham ut og inn, i den grad vi kjenner oss selv."
Kanskje Jobs bok, med si tumling omkring det vonde som hender han, er ei bok for vår tid. Desse åra våre med alle desse meiningslause terrorhendingane som rammar så mange uskuldige.
Med våre himmelropande spørsmål om kvifor, kvifor?
Ein skulle tru at fortellinga med det evige spørsmålet som Job strevar med, ville ein finne uttrykt som bilete i mange av kyrkjene våre. Men han er ikkje tilstades i særleg stor grad.

Biletet over syner at han har ikkje vore heilt fråverande.
Dette gamle biletet i treskurd er ei altertavle frå eit fiskarkapell i Ytre Sogn.
Då kapellet vart teke ned, byrja biletet ei vandring som enda på Sogn Museum på Kaupanger, der det er å sjå idag.
Slik byrjar boka om Job.
William Blake: Job si klage.La meg låne litt av Ingvar Ambjørnsen si omtale:

lørdag 3. september 2011
Vått
Eg les om den heilage byen, Jerusalem, si blodige soge.
Kanskje den til tider var "Byen av gull", men der har vore lite av "Byen av fred" ned gjennom tidene.
Og eg undrar meg over kva det er med den vesle byen som har hatt slik ei underleg dragning på verda sine mektige herrar.
Ikkje berre i tidlegare tider, men og i vår tid.
Og ute driv skoddeflaka mellom fjella i Sogn, og regnet fell som ein tåreflaum mot ei alt godt bløytt jord.
fredag 2. september 2011
Solregn
Inn mellom bratte og høge fjell skjer fjorden seg inn i landet.
Som skaret etter eit mektig øksehogg.
Oppe i lia over fjorden sit eg og seg ut vindauget..
I sør ser eg eit glimt av fjorden der han bryt seg veg innover mot sin ende i Lærdal.
Men den store revna som skapte fjorden, held fram vidare mot aust.
Då er det ikkje fjord lenger, men ein dal mellom flogbratte fjell og med ei brusane elv i botnen.
Det er tidleg morgon, og over det storslegne landskapet skaper lyset solregn over fjell og fjord.
Abonner på:
Innlegg (Atom)