Eg vaks opp i ei tid då vekkingstradisjonen stod sterkt i dei lågkyrkjelege miljøa. Det var frelsa frå eit syndig liv og kome til himmelen med Jesus som var målet for det meste av den forkynning ein fekk høyre. Men i min barneheim høyrde eg ikkje mykje om det, men eg visste kvar mine foreldre høyrde heime. Kva som var grunnfjellet i deira tru.
Med det utgangspunktet byrja eg mi livsvandring. Og når eg i dag ser meg attende på vegen eg har vandra, ser eg at trua mi har endra fokus. Det Jesus gjorde gjennom si liding, død og oppstode er framleis mi tru sin faste grunn, men himmelmålet har vorte fjernare.
I staden har det vakse fram noko anna og meir jordnært i meg. Guds rike her og no, ikkje i eit framtidig himmelriket langt bort om tidsens rand. Sjølv om det målet har byrja å kome meg svært nært etter kvart.
Ei tru på at vårt viktigaste oppgåve i livet som kristne, ikkje nødvendigvis er å kome til himmelen, men å virkeleggjere Guds rike sine mål her og no. Og at det også er Anden si oppgåve.
Tom Wright skriv i ei bok.
"Anden vart gitt for å starte arbeidet med å gjere Guds framtid verkeleg i notida. Det er det første, og kanskje det viktigaste punktet å gripe fatt i når det gjeld arbeidet til denne underlege krafta i guddomen, som det er brukt så mange uttrykk på. Akkurat som Jesus si oppstode opna ei uventa - Guds - nyskapt verd, er og Anden komen til oss frå denne nye verda. Ei verd som ventar på å verte verkeleggjord mellom oss. Ei verd der det ifylgje dei gamle profetane skal fløyme over av fred og rettferd, og ulv og lam skal ligge side ved side. Eit nøkkelelement i det å leve som ein kristen, er å leve som borgarar i Guds framtidige rike, sjølv om vi framleis lever her i notida. Den som Jesus kallar både vond og syndfull."
Frelste for å bygge Guds rike her - og no. Himmelen kan vente til den tida er der.
Viser innlegg med etiketten Ord om å gå. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ord om å gå. Vis alle innlegg
fredag 15. mars 2013
torsdag 29. juli 2010
Ei pilegrimsbøn

Det er torsdag morgon og Olsokdag.
I dag skal minnedagen for kongen Olav Haraldson som vart til Heilag Olav feirast i Nidarosdomen, også av dei pilegrimane som har vandra over Dovrefjell for vere tilstades der.
Mi kjære og eg, skal feira Olsok på Brudevolltunet. Ho med rjomegraut og gudsteneste, Eg står over grauten, og er nøgd med gudstenesta.
Dagen er grå med skodde i toppane. Vonar regnet held seg borte frå bygda.
Sidan Olsok er, og i gamal tid var, også ein pilegrimsdag, så skriv eg i dag ned ei gamal pilegrimsbøn. Den får gjelde også for vandringa til Heilag Olav si grav, sjølv om den opphaveleg er for vandringa mot ei anna grav, Heilag Jakob si.
Eg høyrde den beden første gong ved pilegrimsmessa i Le Puy en Valey, seinare i Conques, Cahor og Lectour.
Den er ein fast lekk i pilegrimsmessene langs vegen mot Jakob si grav, så sjølv om eg ikkje har skjøna dei franske orda, så har den vore der også for meg.
Her ein dag fann eg den på verdsveven i engelsk språkdrakt, og her kjem bøna med mi omsetting.

Ei pilegrimsbøn frå det 12.århundre (Codex Calixtinus)
Herre. Du kalla din tenar Abraham ut frå Ur i Kaldea, og var hans vern under alle hans vandringar.
Du leidde ditt folk hebrarane, då dei kryssa øydemarka.
Vern desse dine born, som av kjærleik til ditt Namn, vandrar som pilegrimar til Compostela.
Ver deira fylgje på vegen, lei dei på rett veg når vegar kryssar kvarandre.
Ver deira styrke når kreftene minkar, deira forsvar i farer, deira vern på vegen og deira skugge på varme dagar.
Ver deira lys i mørket og deira trøyst i motløyse.
Hjelp dei å vere uthaldande på deira veg mot målet dei har sett seg, så dei gjennom di rettleiing kan kome trygt fram.
Og at dei då, rikare på nåde og styrke frå deg, kan vende attende til sine heimar, fylte av sann og varig glede.
Etiketter:
Camino Frances 2010,
Ord om å gå,
Vegen
fredag 22. januar 2010
Gamal veg
I gamle dagar, før kvar krok i alle heimar vart avdekt av det elektriske flaumlyset, var det ei tid som vart kalla skumringstimen.
Eg er glad i den stunda mellom dagen og natta, stunda då det skymest i stova. Men desverre har eg lett for å la TV'en erobre den.
Derfor tek eg mi skumringsstund oftast om morgonen, når mørkret må vike for dagen som kjem.
Sidan mi kjære, i motsetning til meg, har si beste stund om kvelden, får eg ofte morgonstunda for meg sjølv.
Kva er det som fasinerar med denne stunda då dagen vaknar?
Når eg sit i mi mørke stove og ser kor morgonen gryr over bygda?
Eg trur det har med freden å gjer.
Med at tankane får reise fritt utan dagen sine krav.
Det er ei stund for refleksjon, men og ei stund då minna får rom.
Og i dag dukka minnet om ein veg opp.
Vindhellavegen i Lærdal.
Vi gjekk der ein haustdag, eldste bror min og eg.
På veg frå fjellet, nedover dalen mot fjorden.
Bratte lier over elva i dalbotnen, og for å kome fram med hest og kjerre, vart det i si tid bygd ein veg over ein ås i dalsida.
På vestsida av åsen opna det seg eit dalsøkk ned mot elva igjen, og her låg den, meisterstykket av ein veg.
Bygd i 1793 med 1:4-25%-stigning, men ombygd i 1843, no med 1:5-20%-stigning, og med heilt opp til 12m høge murar.
Og dette bratte vegstykket var ferdavegen heilt til det vart sprengt ny veg langs elva i 1872.
Eg minnest undringa og tankane som fann meg, medan vi vandra nedover den no grasgrodde, gamle, vegen.
Innanfor stabbesteinane som skulle verne oss mot stupet.

Slitte hjulspor.
Grønn midtrabatt
Stabbesteiner
mot bratte lia.
Historiefortelling.
Jeg vandrer
og tenker mitt.
E.A.

mandag 7. september 2009
Gå; sa Søren.
Søren sa:
"Tap for all del ikke lysten til å gå.
Jeg går meg til det daglige velbefinnende
hver dag, og jeg går meg fra hver sykdom.
Jeg går meg til mine beste tanker,
og jeg kjenner ikke en tanke så tung at
man ikke kan gå fra den.
Når man slik fortsetter å gå, så går det nok."
Denne Søren som sa dette var den danske filosofen Søren Kirkegaard.
I dei velmeinte, og sikkert gode råda eg fekk etter operasjonen, hadde det å gå. første plass.
Gå!
Eg må desverre sei at motivasjonen er ikkje alltid like høg når pusten går som ein blåsebelg, og føttene subbar etter vegen.
Det kjem for meg dagen etter stormregnet i Le Romieu i sommar.
Då vi gjekk gjennom den finsila leirjorda som endå var våt av regnet, og føtene var tunge å flytte grunna all jorda som hekk fast på dei.

Men så får eg vel tru at sjølv om nokre dagar kjennest slitsomme, så går det likevel framover. Og ein dag er forma der, betre enn ho nokon gong var.
Det gled eg meg til.

søndag 19. juli 2009
Ultreia
Under vandringa i år, møtte vi fleire stadar under vandringa, nokre oppklistra kvite lappar med påskrifta " Ultreia. Immer weiter."
Eit par dagar mangla desse kvite merka. Vi fleipa litt med at dei som hadde sett dei opp, hadde gått tome. Og ny forsyning frå Tyskland hadde ikkje nådd dei.

På veg opp over fjella i skodda, i lia mellom Honto og Auberge Orrison, gjekk Bodil og eg åleine. Leif og Torbjørg hadde teke ein liten rast i Honto.
Lia var tunge å gå, så det gjekk ikkje så fort oppover.
Eit stykke oppe høyrde vi det kom nokon lenger nede, men skodda hindra oss i sjå.
Vi undrast på om det var Torbjørg og Leif som var i ferd med å nå oss att.
Dersom so var, så gjekk dei raskare enn vi, for lyden kom raskt nærare.
Pilegrimsvegen kom opp på ein bilveg litt lenger framme.
I ei sving på stien litt før bilvegen, stogga vi, kvilte oss på stavane og pusta ut. Til høgre for oss, bak nokre gyvelbuskar i full blomst, stod ein bonde og passa sauene sine.

Så dukka ein mann ut av skodda.
På pilegrimsvegen høyrer det med å helse på kvarandre, og spørsmåla kjem frå begge sider; Kven er vi, kvar land kjem vi frå, kvar starta vi, kor langt skal vi og så vidare.
Han snakka godt engelsk, så vi hadde ikkje problem med kommunikasajonen.
Han skulle heilt fram til Santiago, sa han. Men no var vandringa hans snart over.
Snart ferdig, måpte vi. Det tek då ein månad til dit!
Det er ikkje mykje, sa han, han hadde alt gått i 2,5 månad, så ein månad til var ikkje for noko å regne.
Han var flamlender. Hadde gått ut døra heime i Belgia og byrja gå mot Santiago.
Han hadde gått Vezlay-ruta, og der hadde han vore mykje åleine desse månadane.
Men no var han ikkje åleine på vegen lenger. Her var det mange som gjekk same vegen, så resten skulle gå som smurt.
Vi hadde fylgje med han eit stykke, men så vart stega hans for lange for oss, og han vart borte i skodda igjen.

Vi har møtt ein song under vandringane desse åra. Vi har møtt han i kyrkjer og på hospits. Ja ein gong møtte vi han jamvel med notar og tekst på ei stor oppslagstavle ved pilegrimsvegen.
"Ultreia" heiter han.
Ultreia eller Ultrya har rot i eit ord frå det gamle Galisiske språket, og endå lenger attende frå det latinske "Ultra"
Ordet er vanskeleg å oversette, men det tyder noko slik som ; gå vidare, haldt fram - gå på. Eller; "immer weiter" som det stod på dei kvite lappane.
Ultra tyder; vidare, ekstrem eller over det normale.
Enden på Caminoen er Kapp Finisterre, eller Finis Terra ( Enden på verda)
Det er det vestlegaste punktet i fastlands-Europa. Det ekstreme ytterpunkt.
Dette er tankar som kjem fram i songen Ultreia.
Pilegrimssongen frå vegen til Santiago de Compostella.
Den er opphaveleg skriven av J. Claude Bénazet til katedralen i Conques
Kvifor tek menneske ut på vandringar som varer i månadsvis. Ein kunne då hatt det mykje enkelare ved å nytte andre transportmiddel enn føtene.
Årsakene er nok veldig samansette, men eg trur noko av svaret ligg i denne songen.
Eg legg inn den franske teksta med notar.
Vidare har eg gjort eit forsøk på å gi den ei norsk tekst, så vi som ikkje les fransk / spansk skal få ei forståing av kva versa seier.

Tous les matins nous prenons le chemin,
tous les matins nous allons plus loin,
jour après jour la route nous appelle,
c'est la voix de Compostelle!
Ultreia! Ultreia! Et Sus eia!
Deus, adjuva nos!
Chemin de terre et chemin de foi,
voie millénaire de l'Europe,
la voi lactée de Charlemagne,
c'est le chemin de tous les jacquets.
Ultreia! Ultreia! Et Sus eia!
Deus, adjuva nos!
Et tout là-bas au bout du continent,
Messire Jacques nous attend,
depuis toujours son sourire fixe,
le soleil qui meurt au Finistère.
Ultreia! Ultreia! Et Sus eia!
Deus, adjuva nos!
Kvar morgon ropar vegen til oss
Kvar morgon ropar den: vidare!
Dag for dag kallar vegen
det er stemma frå Compostella.
Framover, framover
må Guds Ande hjelpe oss!
Jorda sin veg og trua sin veg.
Gjennom Europa i tusen år
går Karlamagnus sin stjerneveg.
Det er også vår veg, bror.
Framover, framover
må Guds Ande hjelpe oss!
Heilt til enden av verda
fører Jakob oss
Og gir oss sin evig smil
når sola dalar ved Finisterre
Framover, framover
må Guds Ande hjelpe oss!
(Eg må gjere merksam på at eg kan ikkje fransk og spansk, så de som kan desse språka, må orsake eventuelle feil i mi omsetting.
Eg skuldar og å gjere merksam på at biletet under her, ikkje er frå Kapp Finisterre. Så langt er eg ikkje komen enno. Men frå meir heimlege strender, frå Refviksanden i Nordfjord)

lørdag 18. juli 2009
Om å bygge vardar
Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.
Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.

Olav H. Hauge har eit dikt som er inne på same tankane som ein finn i Machado sitt vesle vers. Men hos Hauge synest eg fokuset ligg sterkare på livsvegen vår enn landskapet vi går i.
Kvar av oss har vi vår veg å gå, og langs den vegen må vi gjere våre eigne valg.
Min far gjekk sin veg, eg går min, og min son tek sine eigne vegvalg.
Ingen av oss vel same veg gjennom livet.
Slik sett er det til inga nytte for meg å varde min veg.
Når eg har gått forbi vil vinden stryke ut mine spor.
Eller som Machado sa; sporet etter meg er berre som runer i havet.
Derfor med Piet Hein:
Husk å glemme bagateller
Husk å fatte hva det gjeller
Husk å leve mens du gjør det
Husk å elske mens du tør det ……

fredag 17. juli 2009
Vegen; av Antonio Machado
Under føtene ligg vegen.
Han er ikkje lik frå dag til dag.

Landskapet skifter heile tida.
Skogkledde åsar, vide utsyn over opne bygder, trange bygater mellom gamle og skeive hus.
Vegen skifter.
Grasgrodd sti i ein grøn katedral, grusdekt bygdeveg, asfaltert landeveg, steinet sti i bratte bakkar.
Føtene flyttar seg, steg for steg.
Time for time.
Dag etter dag gjennom dette landskapet vi vandrar i.
Og tanken dukkar opp:
Denne vegen skal vi aldri gå meir.
Dette er den eine gongen vi er her.
No.
I dag.
Og så aldri meir.
Då vi forlet hospitset "L'Esprit du Chemin" om morgonen i Saint-Jean-Pied-de-Port, fekk vi eit lita helsing med på vegen vidare. Eit lite vers.
Al andar se hace camino
Vandrer, det er dine spor
som er veien, og intet annet;
Vandrer, der finnes ingen vei,
veien formes mens du går.
Mens du går formes veien,
og, når man skuer tilbake,
ser man stien som man aldri
igjen skal trå på.
Vandrer, der finnes ingen vei,
bare kjølvannet på sjøen.
Antonio Machado (1913)
Ferdinand Finne omsette orda slik:
Vandrer, dine fotspor er veien.
Intet mer.
Vandrer, det finnes ingen vei.
Veien blir til mens du går.
Mens du går blir veien til,
og ser du deg tilbake,
ser du stien du aldri mer skal følge.
Vandrer det finnes ingen vei,
bare runer i havet.

Abonner på:
Innlegg (Atom)