Viser innlegg med etiketten Eg ser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Eg ser. Vis alle innlegg
torsdag 3. august 2023
Som nypussa sølv
Harald, du må lære deg å sjå dei små, dei nære tinga, sa mi kjære. Ho kunne stanse opp for det eg gjekk forbi sidan mine auge var i det store landskapet. I det fjerne, i fjord og i åsar og dei fjerne fjell. Etter kvart har eg og oppdaga meir av det store i det små, sjølv om eg nok endå har eit stykke å gå før eg vert like flink som mi kjære var til å sjå det som ligg rett framfor føtene.
torsdag 26. januar 2023
Kveld
Det syng så vakre tonar gjennom kvelden
når himlens Herre samlar ljoset inn.
Dei siste ljodar døyr i avdagsskjelven
og skaparhender lange skuggar bind.
I kveldens røyst det ligg ei stille minning
om Herrens fred til alle han har kjær.
Dei milde strålar er ei kjærleg helsing
til vener som han no vil stige nær.
Vær still mi sjel lat songen min få binde
ein gullan tråd av bøn i himlen inn.
Vær audmjuk sjel så du kan vegen finne
og eige arv der æveljosa skin.
Olav Mosdøl.
onsdag 25. januar 2023
Raud himmel
Er det noko eg tykkjer er fasinerande å sjå her eg sit innanfor glaset, så er det himlen der oppe over fjord og fjell. Når eg ser igjennom det eg har teke mest bilete av sidan eg fekk den siste telefonen min så er det dei
jagande skyene sine mange former og fargar, især av dei fargesterke morgonane medan sola enno er under fjella i aust, og dei like fargesterke kveldane etter at ho har dala ned i vest. Stundom kan fargane vere så sterke at det er heilt utrulege å sjå. Hadde eg sett dei på eit skildreri hadde eg nok meint at kunstnaren hadde vore litt for slepphendt med fargane. Men slik var fargen på skyene ei stund denne januarettermiddagen, fortel kameraet meg. Men ikkje så lenge, for ei kort stund etterpå bleikna dei fargesterke skyene av i grå og mørke skyer. Årsaka var nok at sola med sine strålar sank under horisonten vest i havet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)