Viser innlegg med etiketten Seinsommarferie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Seinsommarferie. Vis alle innlegg

lørdag 10. november 2018

Ål kyrkje

På seinsommartreffet på Rødungstøl i august fekk vi høve til i å vitje eit par kyrkjer som vi ikkje har vore inne i før.
I Ål kyrkje i øvre Hallingdal deltok vi på søndagen si gudsteneste, ei folkemusikkgudsteneste. Vi har tidlegare og vore med i ei slik gudsteneste, i Leveld kyrkje, og dei liturgiske melodiane i den gudstenesta grip meg då dei er så levande og glade.

Men no nokre bilete frå Ål kykje.
Kyrkje er frå 1880 då den gamle stavkyrkja vart reven. Og derfor ikkje så ulik mange av dei andre kyrkjene som vart bygde på slutten av 1800-talet.



Og kyrkjeromet skil seg heller ikkje så mykje frå andre kyrkjer når ein stig inn døra, og vi ser fram mot koret og alteret.

Det er når ein kjem fram i koret og lyfter augene opp over altertavla at ein ser det unike i Ål kyrkje.


Heile takbogen er full av fargerike bilete.
Det er takmåleri frå Ål stavkyrkje . Rett nok kopiar då originalane er på Historisk museum i Oslo, 
men likevel flott å sjå.
Takmålingane viser skapinga, og scener frå Jesus sitt liv.




I kontrast til dei gamle og fargerike skildringane i kortaket , heng denne moderne skildringa av den oppstadne Kristus på veggen over inngangen til koret.


tirsdag 13. august 2013

Høgfjellsdagar

Seinsommarferie på høgfjellet. Det har vi to hatt denne siste veka. 1000 m over havet. På hotellet  ved Rødungen i Hallingdal. I vakker natur er det råd å få å flytte føtene på gode stiar utan å verte heilt utsliten, og det nytta vi oss av. Her ser vi hotellet og fjellkyrkja på Rødungsstølen, med Hallingsskarvet i sør. Hadde eg vendt meg mot nord så hadde eg sett fjellrekka Reineskarvet reise sin bratte vegg, og hadde eg vendt meg mot vest så var det fjella i Skarveheimen, vel to mil borte, eg ville ha sett. Vi køyrde inn til dei ein dag regnet truga. Inn til stølen Djup, og endå litt leger. Heilt til vegen enda under fjella. Ein annan dag var vi på rundtur med buss på smale og svingete vegar. Vitja ei seter i Fagerdalen. Med servering av setermat, rjomegrat og kviukakor, og der budeia underheldt med soger og toraderspel. Og med høve til å kjøpe lokal setermat etterpå.
Men det var og ei veke med gode og tankevekkande bibeltimar, triveleg programkveldar, og med og næringsrik og god mat i alle måltid. Og ikkje minst med godt lag. Men alt har ein ende. Ei veke går fort, og mandag var det tid for å takke for laget, og å setje kursen attende til fjorden mellom fjella, og regnet, og plenen som venta med alt for langt gras.


onsdag 22. august 2012

Alt har ein ende

Ei veke går fort i godt lag. Seinsommarferien på Rødungstøl var over.  Mandag morgon etter frukost kom tida til å takke for laget denne veka.
Men avreisa vår vart noko utsett. Vi måtte ha hjelp med eit flatt hjul.  Så vart det tur med Viking redningsbil og nye dekk på Gol, før vi kunne  byrje på heimvegen. Heim til markering av bryllupsdag og årmålsdagar for mi kjære, ei svigerdotter og eldste barnebarnet. Heime venta og muren min på si fullending, men på det hadde ikkje ferien vore heilt god. Det tok nokre dagar å få att initiativet til å gripe spada fatt.


tirsdag 21. august 2012

Torpo stavkyrkje (2)



Om kyrkja ikkje har noko særs ved seg, sett utanfrå, så er det annleis når ein stig over dørstokken og inn. Her openberrar det seg eit ope og høglofta reisverk. For den som har interessa i det byggtekniske, er har mangt å feste augene på. Byggteknikken som vart nytta av den ( dei ) som reiste kyrkja på 1100-talet er interessant sjølv for ein amatør på området.
Fram mot veggen der koret ein gong var, lyfter det seg ein fargerik kvelv. Under den låg ein gong lektoriet som var eit lite galleri. Frå det vart  tekstene under messa lesne. Og kanskje stod og koret som song dei latinske salmane der.
Denne fargerike og billedrike kvelven er eineståande i norsk mellomalder kyrkjekunst.
Ein liknande var i Ål stavkyrkje. Den kvelven er hamna på museum i Oslo, medan denne framleis er på sin gamle plass i stavkyrkja.
Og kva bilete er det som stig fram, der oppe?
På den halvsirkelforma veggen under bogen står Maria og Johannes syrgjande. Truleg har der vore eit krusifiks festa på veggen mellom dei.
Midt oppe på bogen tronar Kristus på dommarsetet med Livsens bok (?) i eine handa. Rundt han er dei fire livsvesena frå Johannes Openberring.

Nede på kvar side av kvelven er der to par friser som skildrar Den Heilage Margaretha sin martyrdom.
Margaretha var ei ung kristen kvinne i Syria. Den heidne fyrsten Olybrius villa ha henne som  kone, men ho sa nei til frieriet hans. Det førde henne til martyriet. Bileta endar med å vise at Olybrius sin vondskap endar med at han sjølv kjem i Djevelen vald.

Kva meir?
På golvet under kvelven er det skore ut omrisset av ei kiste. Under golvet vart denne kista funnen, og den synte at ein mann av høg rang hadde vorte sett ned der. Men kven?
Hallingdal og Valdres låg i mellomalderen under Stavanger bispedøme, og ein trur at det er ein Stavangerbiskop som kviler der. Oppteikningane syner at det var ein biskop på visitasreise som ikkje kom attende til bispestolen i Stavanger. Kanskjer der han som kviler under kyrkjegolvet i Torpo stavkyrkje.

mandag 20. august 2012

Torpo stavkyrkje (1)

Kastar ein eit blikk til sides når ein køyrer gjennom Torpobygda, så vil ein sjå den vesle og brune stavkyrkja stå på kyrkjebakken, ikkje langt frå RV 7.
Men det er berre kyrkjeskipet og tårnet som står der idag.  Bygdefolket vedtok å bygge ei ny og større kyrkje, og då byrja dei og å ta ned den gamle kyrkja frå slutten av 1100-talet. Då var svalgangane rundt kyrkja tekne bort tidlegare. Rivinga tok til i 1880. Då stod og nyekyrkja ferdig tett ved den gamle. Men før alt var borte, kom andre på bana og kjøpte det som endå ikkje var borte.  Det vi kan sjå idag.
Kyrkja var nok for lita i høve til folketalet i bygda på 1800-talet. Ho var nok og merka av alderen, men slik såg ho ut før rivinga tok til, og før svalgangane var borte.
I dag vil vi vel sei at ho var eit fagert smykke i bygda. På 1800-talet såg dei litt annleis på det. Svært mange gamle kyrkjer vart borte i det hundreåret. Eit stort tap tykkjer eg. 16 år tidlegare forsvann stavkyrkja i mi bygd. Av same grunnar som i Torpo. Elde og for lita.
 Over dei to dørene inn til skipet er det bygt eit par små tak. Det er for å verne to vakre utskorne portalar.
 Og dørbladet i hoveddøra har desse  smijarnsbeslaga, som nok har hatt ein funksjon utanom dekor og låsinnraming. Kanskje har der vore eit mål for rette lengda av til dømes ei aln? Slik ein finn det på døra til Slidredomen i Valdres.
Koret var borte, og der det skulle vere, var der berre eit stort hol. For å dekke det vart det bygt ei stor kasse utanpå korveggen. Slik vart kyrkja tetta igjen.

Og slik står ho idag, Torpo stavkyrkje. Enkel og lita. Reinska for all utvendig prakt.

søndag 19. august 2012

Torpo kyrkje





 Køyrer ein RV 7 mellom Gol og Ål, så vil ein på Torpo sjå to kyrkjer ved vegen. Ei nyare kvitmåla, og ei eldre, lita og tjøremørk.
 Hit kom vi til gudsteneste på søndagen.
Den nyare er ikkje så ny lenger. Bygd i 1880, samstundes som bygda var i ferd med å ta ned den gamle stavkyrkja.
Det var i nykyrkja vi skulle delta i gudstenesta. Gamlekyrkja skulle vi få vitje etterpå.

Torpo nye kyrkje er ei enkel og lys kyrkje, lik mange av dei andre kyrkjene som vart reiste på slutten av 1800-talet. Alterbiletet er det kjende motivet av Kristi oppstode, som ein og finn i mange andre kyrkjer. Midt i skipet heng der ei stor utskora lysekrone. Den var dei særs stolta av, fortalde kyrkjetenaren.




 

Rett ved sida av nyekyrkja ligg den gamle stavkyrkja frå siste halvdel av 1100-talet. Eller rettare sagt, restane av den, for det er berre skipet og tårnet som står att. Resten vart teke ned då den nye kyrkja vart reist.

lørdag 18. august 2012

Vats fjellkyrkje


Tett ved hotellet var det laga ein stor dam. Ved den var det fint å sitje og nyte kveldssola, etter vandringa i fjellet ovanfor. Det skulle vere sett ut stor fisk i Oladammen, som den heitte, men eg såg ikkje anna en småfisk vake, så den store var nok oppfiska. På andre sida av dammen låg Vats fjellkyrkje. Ei enkel og vakker lita kyrkje. Der heldt Asbjørn Gjengedal kvar dag bibeltimar over Paulus sine reiser, og  torsdag kveld samla vi oss til nattverdsgudsteneste der, leia av Rolf Dyrhol.

torsdag 16. august 2012

Ulsåkerstølen

Ein stølstur med rjomegraut stod på programmet.
Ikkje akkurat i nabolaget, men over fjellet til nordsida av Hemsedal.  Det vart ei kolonne på 7 bilar som tok avgarde. Først ned i bygda til Vats, og så opp i fjellet att. 33 km over fjellet på Fanitullvegen, før vi bikka ned bakkane , forbi skiheiser og store skituristanlegg, til Hemsedal.
Ved Ulsåk barst det opp bakkane igjen, inn til Ulsåkstølen under det stupbratte floget på Skogshorn.
Det var her rjomegrauten venta på fylgjet.
Men om det måltidet er det lite å sei sidan denne karen knapt har nytt mjølkemat sidan han vart avvend i sin tidlege barndom.
Men dei andre i fylgjet let vel over den.



Litt lenger over mot Valdres ligg ei lita grend i skogen mellom stølane. Nede i dalbotnen speglar eit vatn himmelen, og oppe i bakken ligg der ei lita mørkbrun kyrkje Det er Lykkja kapell. Diverre var ikkje døra open, så inn kom vi ikkje, men ein tur rundt kyrkja fekk vi.
På kvar av sideveggane var der to utskorne søyler. Eg trudde med det same at det var av same type som vi ser i dei gamle stavkyrkjene, med eit grimt utskore hovud på søylekapittela, men nei.
Her var ingen skjegget viking, men det var dei fire evangelistane som fekk pryde kapellveggane.
Over hovudet hadde kvar eit lite tak for å verne dei mot nedbør, og på sokkelen var namnet og kvar deira symbol skore inn.
Eg tok ein liten prat med Johannes, som ofte talar sterkt til meg, men denne dagen var han heller fåmælt.


onsdag 15. august 2012

Vide vidder




 Etter mange skal - skal ikkje gjennom åra, melde mi kjære og eg oss i år på noko som heiter seinsommarferie, og som KFUK-KFUM står for. Det er ei veke høgfjellsferie for dei over 60, og den er lagt til Rødungstøl høgfjellshotell i Vats i øvre Hallingdal. Vi har køyrt gjennom dalen, men aldri vore oppe i fjellet der. Og aldri prøvt vandring i eit fjellterreng som er så ulikt våre eigne fjell.  Her var det vide vidder med gode stiar, og ikkje bratte og høge fjell.
Hotellet låg fint til ved vatnet Rødungen, og på andre sida av Oladammen låg Vats fjellkyrkje der vi hadde bibeltimar over Paulus sine reiser.
I sør såg vi fjellrekkja sør om Hallingdal, den som bær namnet Hallingskarvet , og vestanfor vatnet, langt i vest fjella over mot Aurlandsdalen.
Kom vi litt opp i fjellet, var der kolle på kolle, og vatn på vatn, langt bortover. Og såg vi mot aust var der ikkje eit fjell å sjå, ruvande i synsranda.
Litt lenger oppe i lia låg der eit anna større vatn. Det var Bergsjøen. Fjella i nord er Reinskarvet.
Ved dette vatnet låg der to større overnattingsstadar. Og liene låg det fleire hyttebyar. Mi kjære og eg gjekk turen rundt vatnet. Det vart ein tur på vel ei mil den dagen. Dei andre dagane vart det litt kortare turar.
Men vi hadde godt vær denne veka, og hotellet serverte velsmakande og rikeleg mat, så vi lei inga naud.
Og når vi i tillegg hadde triveleg selskap av omlag 30 andre seniorar, vart det ei hugnadleg veke i fjellet.