tirsdag 4. juni 2024

Norddal kyrkje

Så er sommaren komen og klubben for " dei vise menn" ( Volda og Ørsta Y's Men's klubb) hadde sin årlege sommartur. Denne gongen var dei ei bygd i indre strok av Sunnmøre som fekk vitjing. Norddal, som og er nemnd som Dalsbygda. Ein flat og fin dal mellom høge og bratte fjell.
Der vart vi vel tekne imot og fekk god omvising av to eldre lokale menn frå bygda. Først i den gamle kyrkja frå 1782. Den første åttekanta på Sunnmøre, og som har eit særprega tårn. Den vart reist der den tidlegare stavkyrkja stod.
Over alteret ruvar alterbiletet, som er eit gamalt alterskap frå byrjinga av 1520-talet, laga i nord-Tyskland, og skapet er omringa av ei utskoren barokk ramme med mange figurar.
Motiva på alterskapet er Jesus på krossen med Maria og Johannes ved sida, og på dei opne sidedørene ser vi Heilag Olav og biskop Maternus. Eg tok meg ein tur bak for å sjå kva som syntest av dørene når skapet var lukka. Men dørene var gøymde bak ei bordkledning, berre halve dørene var synlege, men eg såg  to kvinner som skal vere St. Margareta og St. Maria Magdalena. 
Dei kvinnene og Olav kjenner vi, men kven er Maternus ? Eg måtte inn på ei katolsk side og leite,  for som lutheranar kjenner eg ikkje til så mange helgenar. Og der les eg at Maternus var den første biskopen av Køln, og han døydde rundt 330. Men legendene fortel meir. Han var den guten  til enkja i Nain,  som Jesus vekte opp frå døden. Det høyrest underleg ut . Han vart altså over 300 år ? Vel legendene fortel at han vart vekt opp frå døden heile tre gonger. Det er vel naturleg å vere litt skeptisk her, men han er skytshelgen for smittsome sjukdomar og feber. Så kanskje er det han, for det kunne vel vere greit å ha ein slik hjelpar på alterskapet? Men der er endå ein biskop Maternus, ein biskop av Milano på same tidsromet. og om han er der ei meir truverdig soge. Så får ein vel velje kva for ein Maternus som er til stade på alterskapet i Norddal kyrkje.
Etter kyrkja køyrde vi opp på den gamle prestegarden der vi fekk ei bildeframsyning av bygda og bygdelivet i tidlegare tider, med mange gode soger til.
Den gamle aldersheimen i bygda er no gjort om til gjesteheim.
Og det var siste stoppestaden for oss i Norddal. Der fekk vi ein god middag av kjekjøt. Noko som var ein ny rett for meg. 
Og til underhalding fekk vi felespel, både med hardingfele og flatfele, med tre spelemenn. Rettare sagt, to menn og ei kvinne. To av dei spelte og i kyrkja for oss. 
Og vertane våre hadde meir å fortelje frå bygda, før vi måtte bryte opp for heimreis.
Ein fin og innhaldsrik dag indre fjordstrok, med opphaldsvær, og til dels sol. Men på heimvegen kom regnet, til tider auste det ned,  og neste morgon vakna eg til nysnø i toppane.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar