Viser innlegg med etiketten Fuglar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fuglar. Vis alle innlegg

onsdag 10. september 2025

Stell godt med småfuglane

Mi kjære var glad i blomster og fuglar. Diverre har eg ikkje same grøne fingrane som ho, så der er ikkje mykje att av den blomeprakta som ho stelte med, korkje ute eller inne. Men kontakta med dei små med venger har eg prøvt å halde vedlike. Også i den varme årstida prøver eg å ha litt mat å finne for dei.
Og då helst slik mat som det ikkje vert for mykje søl av. Så eg har eit terassebord under tak utanfor verandadøra mi. På det har eg eit fat med avskala solsikkekjerner. Og eg har mykje glede av alle dei fjørkledde som kjem på vitjing der. Nokre er raske inn og ut att med eit frø i nebbet, medan andre tek seg god tid i matfatet.
Eg var uheldig og trakka av eit terassebord ein dag. For å ungå at nokon sette ein fot ned i holet, og fekk ei alvorleg skade, fann eg eit plastfat til å legge over. Dette sidan det er planar om å legge nytt dekke på terassen med tida.
Men no var naturen meir fornuftig enn eg. Den fann at dette plastfatet kunne få ei betre nytte enn å berre dekke eit hol i terassen.
Så då det kom ein hauststorm alt i august, så snudde vinden fatet opp ned, og let regnet fylle det til randa med vatten.
Og kva vart det då ?  Det fann dei fjørkledde ut. Det tok ikkje lang tid før den første heldt undervisning for dei andre om korleis dei skulle nytte det vassfyllte fatet til å ta seg eit bad. Det var ei flaksing med vengene så vatnet dreiv rundt han. Og dei har lært, no er det ofte fullt både i fatet og på kanten av det.
Det er mest gråspurv som nyttar seg av badekaret, tykkjer eg, andre artar nyttar det helst til å sløkkje tørsten. Eg må berre passe på å etterfylle med vatten når regnet let vente på seg.


mandag 1. september 2025

Ei and, fleire ender

Vi har fått nokre nye fuglar på besøk, av og til. Dei kjem snatrande og ruslande på inspeksjon av plenen. Det er nok noko etande dei er ute etter å finne for dei er ofte ned i marka med nebbet. 
Men undringa mi var kva slags fuglar dette var. Og nettet gav svar.  Det er indiske løparender. Opphaveleg frå dei indonesiske øyane. Løparender fordi dei heller spring enn flyg. 
Og som mat er dei glade i insekter og sniglar, og det er kanskje derfor grannen vår har skaffa seg desse tre, for brunsniglar det har vi rikeleg av.  I tilegg skal dei vere flinke eggleggarar, men ikkje i reir, dei berre slepper dei frå seg der dei går. Så det kan verte eit arbeid å sanke, leit opp egga deira.

torsdag 23. februar 2017

Munk?

Den skulle vel ikkje ver her i vinter, men denne har valgt å prøve å overleve  i kulde og snø.
No har den nok vore heldig med forsøket. Det har ikkje vore så mykje av kulde og snø, og han har hatt tilgong til matfat ilag med sporv, meiser og raudstrupe. Men i dag sat han ute og såg noko frosen ut. Men er han heldig så overlever han resten av vinteren og, og kan lokke på ein make når det grønkast ute. Kva slags fugl det er? Eg trur det er ein munk, og enkelte av dei kan prøve seg på overvintring.