torsdag 16. mai 2024

Sol og varme

Så kom mai med sol og varme, og takk for det. Torsdag er fast balldag på Rjåneset, og i dag hadde det vore fint og innteke middagen ute på terassen, men i dag trekte eg innandørs, inn i eit kjølegare rom.
Men først var eg ein tur ut på terassen for å nyte utsikta til fjorden, bygda og Nipa som reiste sin store finger over fjord og bygd. 
På berget ned for kafeen var der nokre andre som låg og varma seg i solsteiken. Fire boargjeiter låg der i fred og ro. Dei er innleigde for å drive litt skogrydding  rundt kafeen og utleigehyttene.
Eg derimot vart ropt inn i kafeen. Han på kjøkenet ville ha meg inn for å høyre kva eg ville ha på talerkenen. Han gav meg fleire rettar å velgje nellom, men i dag vart potetball, med ein pølsesnadd, litt kjøt og ei potet attåt. Og ballen var stor, så mett vart eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar