Her ein dag sat eg og såg ut på fjella i sør, og skyene over dei. Det gjekk mot kveld, men sola skein enno opp langt i vest og kasta sin strålar opp på den kveldshimmelen eg såg framfor meg. Då fekk eg sjå kvar uttrykket kjem i frå, for der i sørvest bles den sterke vinden på toppane. Snøroket stod langt ut frå fjellet, farga av den dalande sola sine strålar.
Viser innlegg med etiketten Eg såg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Eg såg. Vis alle innlegg
mandag 23. januar 2023
Snørok
Det hender at offentlige personar, gjerne nokon av dei som er høgt på strå i samfunnet kjem ut i ein liten storm i det offentlige sitt søkelys, og der media ikkje tek noko dempande standpunkt i saka, heller ei drivande rolle. Då vert det gjerne sagt at det bles på toppane.
torsdag 7. juli 2022
Obs
Det er mange slags vegar i landet vårt. Ikkje alle er av motorvegstandard. Ein vegstubb i indre Nordfjord hadde i lengre tid eit skilt som fortalde at her byrja landet sin verste veg. Om det var rett kan nok diskuterast, men skiltet er borte no etter at det kom ny og breiare veg der, med to tunnelar. Men i dag kom eg over eit varselskilt på ein bygdaveg lenger sør i Vestland fylke. Vegen var smal og svingete med mange bakketoppar innover langs fjorden. Men i dag var det ein sommardag. Kor han var å køyre i teleløysinga for dei mange som skulle køyre han dagleg til å frå arbeid ville nok situasjonen kjennast noko annleis, noko kanskje skiltet bar bod om.
tirsdag 4. desember 2018
Billedbibel
Det var ei tid då ikkje kvar og ein kunne lese sjølv, difor var den vanlege mann og kvinne avhengig av prestane si utlegging av Bibelen sine fortellingar. At det ofte vart gjort på latin, gjorde det ikkje enklare for kyrkjelyden å få med seg kva Ordet sa.
Men så kom det noko i kyrkjene som eg kallar folket sin billedbibel. Noko som gjorde at dei også gjennom augene fekk lære kva Ordet fortalde.
På dei store kyrkjene lenger sør har eg sett den billedbibelen både ute og inne i kyrkjene, både som billedhoggararbeid og som måleri.
Her heime var dei gamle kyrkjene og meir dekorerte med billete enn våre kyrkjer er i dag.
I den gamle stavkyrkje i mi bygd var veggborda måla med bibelske skikkelsar, Det kom fram i lyset då Velle gamle skule brann, for der hadde dei nytta gamal kyrkjemateriale då dei bygde den.
Men enno er her kyrkjer her heime der den gamle kyrkjekunsten framleis er tilstades.
Denne billedfrisa frå kortaket i Ål kyrkje, opphaveleg frå gamle Ål kyrkje, fortel Maria si soge. Frå Engelen Gabriel som vitjar henne, Maria si vitjing hjå Elisabet, Jesus sin fødsel i Betlehem og vismennene som kjem med sine gåver.
Kanskje det snart er på tida i vi i kyrkjene tek fram at denne tradisjonen, no når kunnskapen om Bibelen sine fortellingar minkar ute i folket?
søndag 2. desember 2018
Og eg såg..
Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa; Sjå Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei.
Då Jesus stod opp og braut dødens lekkjer, byrjas ei ny tid, den åttande dagen.
Denne dagen, ein gong i framtida, høyrer og med til adventstida. Den dagen då Gud gjenskaper alt med orda "Sjå eg gjer alle ting nye."
Alterpartiet i Spjelkavik kyrkje.
lørdag 1. desember 2018
Maria Gratia Plena.
Maria, full av nåde.
Slik opnar Bibelen sine ord med at i opphavet skapte Gud.
I morgon er det starten på adventsdagane dette året, og starten på eit nytt kyrkjeår.
Ein ny start.
For Maria var det starten på ei reise i hennar liv då ho fekk vitjing av ein utsending frå Israel Gud.
Du skal få ein son, sa engelen.
Men, sa Maria, korleis ska det gå til? Eg har då ikkje vore saman med nokon mann.
Samtalen mellom dei to enda med at Maria sa seg villig til å bere fram, og føde Israel frelse, vår frelse.
Og Maria sa; "Eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt."
For oss byrjar det også ei reise i ettertanke desse adventsdagane, saman med Maria, og Josef, mot fødselen i Betlehem.
Biletet er frå meditasjonsvegen i fjellveggen ved klosteret i Montserrat.
torsdag 29. november 2018
Forbanna er den....
I Galatarbrevet 3,13 skriv Paulus, " Forbanna er den som heng på eit tre" og då har han orda frå 5.Mos 21.23 i tankane.
I eit kyrkjemuseum i Carrion de los Condes, ein by vest på mesetaen, den vide høgsletta i Spania, såg eg denne utforminga av Jesu kross der kunstnaren hadde teke Paulus sine ord svært bokstaveleg.
I eit kyrkjemuseum i Carrion de los Condes, ein by vest på mesetaen, den vide høgsletta i Spania, såg eg denne utforminga av Jesu kross der kunstnaren hadde teke Paulus sine ord svært bokstaveleg.
For den krossen vi brukar å sjå Jesus henga på var bytt ut med ei knudrete trestamme.
Det er vel heller tvilsamt om dette er historisk rett, kva ein så tenkjer at Jesus sin kross såg ut. Og det er vel og heller tvilsamt at Simon frå Kyrene var sterk nok til å bere denne krossen fram til Golgata for den utslitne Jesus då dei romerske soldatane tvinga han til det.
Men Paulus sine ord kjem fullt ut til sin rett her.
Også orda frå 5.Mosebok får si fullending i det som hender med Jesus krossfestingsdagen.
For når den som vert hengd opp i eit tre og døyr der, så skal ikkje den døde kroppen hanga i treet natta over, men gravleggast same dagen.
mandag 26. november 2018
Ei tom grav med meir
Framhaldet etter krossfesting, død og grav kjem nok inn under det Ivar Aasen eingong sa; " Vesle vetet det strekk ikkje til, ei tru må stydja opp under."
Og sidan dette kryssar grensene for det som vetet kan fatte, let eg to bilete frå meditasjonsvegen i bratte fjellet på klosteret Montserrat fylgje orda under.
For alle fire evangelia fortel, om enn noko ulikt, at då påskesabbaten var over og det lysna mot dag, så gjekk nokre kvinner - tre står det i to av evangelia - avstad til grava. Men då dei kom fram vart dei møtt av ei tom grav. eller ikkje heilt tom for det vert fortalt at der møtte dei ein - eller to - menn i skinande kvite klede, og at dei fortalde kvinnene at den døde hadde forlete grava. Han hadde brote dødens makt og var stått opp att.
Det vert og fortalt at Maria Magdalena møtte den oppstadne der ved grava, og fekk gleda av å fortelje den utrulege men glade bodskapen til læresveinane.
Vidare fortel evangelia at dei som hadde vore saman med Jesus før død og grav, fekk møte den oppstadne fleire gonger i dagane som kom, men at han var annleis enn tidlegare. Han kunne forflytte seg gjennom tid og rom, og han kom inn gjennom stengde dører.
Så førti dagar seinare har han kalla dei til å møte han på eit fjell. Og der tek han farvel med dei, han vert lyft opp frå bakken og vert borte i ei sky.
Men før han vart borte hadde han gitt dei eit løfte om at ein dag ville han kome att. Og hadde han sagt til dei at før han kom att skulle dei forlate Jerusalem for å gå ut til byar og landsbyar og fortelje om han og om orda han hadde lært dei den tida dei gjekk saman med han.
Og det har hans læresveinar, dei som trur på han, gjort i snart totusen år. Medan dei har venta på at han ein dag vil kome att på same måten han drog, med velsignande hender over sine vener.
søndag 25. november 2018
Pietá
I 2006 vitja mi kjære og eg Roma, og då høyrde den store Peterskyrkja med.
Der inne fekk vi sjå Michelangelo sin vakre skulptur, Pieta. Godt sikra bak uknuseleg glas, etter at ein forvirra mann gjekk laus på den med hammar i 1972. Det tok 10 månader og setje den attende til sin noverande utsjånad.

Maria, Jesu mor som held sin avlidne son på fanget var eit ynda motiv i mellomalderen, både i måleri og som skulptur, og Michelangelo sin pieta er vel av dei fremste som er skapt av dette motivet.
Eg veit ikkje om eit einaste av dette motivet her heime, men etter vandringsvegane har eg møtt fleire pieta'er, om ikkje utførde på same "vakre" måten som av Michelangelo.
Der hans Pieta er utruleg vakker med ei ung Maria, har dei eg har sett i kyrkjer og på kyrkjemuseum, ei "røffare" utforming med ei Maria som er ei eldre og sliten kvinne.
Ho var i slutten av førtiåra då Jesus, son hennar vart krossfest. Og der Jesus og er merkt av tortur og krossfesting.
Men av alle dei pieta eg har sett er det nok dette måleriet frå den store klosterkyrkja i Montserrat som sit sterkast i minnet.
Eg sat i kyrkja under gudstenesta der då eg vart var det i eit sidekapell rett ved sida mi.
Det greip meg djupt å sitje der og sjå på det.
Det er ikkje så mykje det vakre pieta her , meir det hjarteskjerande hjå mater dolorosa, smertens mor.
lørdag 24. november 2018
Maria, Himmeldronninga
Der er ei side av Maria sitt liv som lutheranaren i meger heilt framand for. Det var nok tilstades også her i landet i dei fem første hundreåra av kyrkja sitt liv hos oss, men som vart borte etter reformasjonen. Sjølv om det nok levde i vidare lenge i folketrua.
Det er den opphøgde plassen som Maria har i dei katolske landa.
I kyrkjene, men og utanfor kyrkjene har eg funne Maria, ei ung og vakker Maria i vakre klede, sentralt plassert. Gjerne med krune på hovudet.
Denne katolske vørdnaden for Maria er heilt framand for meg med min bakgrunn i luthersk piestisme.

Kanskje kan desse bileta frå det store klosteret Montserrat, i fjella utanfor Barcelona syne den plassen Maria har i katolsk liv.
Maria, som når ho døyr, vert teken opp til himmelen der Jesus ventar på henne.
Og der ho så vert krona som Guds mor, himmeldronning.
Desse to siste bileta er frå ein pilegrimsveg, ein meditasjonsveg med fleire stasjonar med bilete frå Jesus og Maria sine liv, uthoggen i bratte fjellveggen frå det store klosteret og til ei mindre kyrkje lenger borte i fjellveggen.
Men motiva fann eg ofte att i dei store kyrkjene langs vandringsvegen, både inne i kyrkjene og som billedfriser, tympanum, over portane inn til kyrkjene.
Denne katolske vørdnaden for Maria er heilt framand for meg med min bakgrunn i luthersk piestisme.
fredag 23. november 2018
Mater dolorosa
På Filefjell var det opphaveleg ei lita stavkyrkje, bygd på 1160-talet og vigd til den engelske erkebiskopen Thomas Becket av Canterbury som vart myrda framfor alteret i kyrkja si.
St Thomaskyrkja på Filefjell var ein samlingsstad for bygdene i Valdres, Lærdal og Årdal i Sogn, men grunna mykje festing i samkomene, fekk presten i Vang kyrkja reven i 1808.
Men i 1997 vart det reist ei ny kyrkje på Kyrkjestølen på Filefjell.
På alteret i den nye St Thomaskyrkja finn ein i dag alterbiletet frå den gamle stavkyrkja.
Og som det einaste alterbilet eg veit om, er alle læresveinane med på det. I ein krans rundt det sentrale biletet av Jesus på krossen, kan ein sjå kva avferd den enkelte av dei fekk.
Den blømande krossen har eg sett berre i ei anna kyrkje, i Hornindal kyrkje. Men i armenske kyrkjer finn ein den ofte. Truleg er bakgrunnen Jesus sine ord om at fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eit korn, Men døyr det, gir det stor grøde.
Kanskje handlar den armenske kyrkja sine blomekrossar om dei armenske martyrane sitt blod?
Men i biletkransen over det sentrale biletet finn vi og Maria, men då som Mater Dolorosa.
Her er Maria teikna med fleire sverd inn i kroppen. Bakgrunnen til det finn vi i Lukasevangeliet.
Der seier Simeon til Maria, den dagen Maria og Josef kjem til tempelet med Jesusbarnet, at gjennom henne skal det og gå eit sverd.
Mater Dolorosa kjem frå ei gamal latinsk hymne frå 1200-talet, som byrjar slik; Stabat Mater Dolorosa. som omsett til mitt mål tyder; Stod der moren, fyllt av smerte.
torsdag 22. november 2018
Maria, Jesu mor
I våre lutherske kyrkjer, i motsetnad til dei romersk katolske eg har vitja, er Maria nesten fråverande i det eg vil kalle kyrkjene sin billedbibel. Med andre ord utsmykking i form av billete, altertavlar og anna kunst. I dei katolske er ho mykje meir tilstades både over alter og i sidealter.
Kanskje hadde ho ein større plass her i landet og før reformasjonen vart innførd ved kongeleg vedtak. No er det mest berre på noke altertavler vi finn henne, og då er det når ho får vitjing av engelen som fortel at ho skal verte mor.
Og ståande ved krossen på Golgata.
Slik finn vi henne og i mi heimekyrkje.
På bodskapsdagen i Nasaret, ved krossen på Golgata, på det førreformatorisk alterskåpet.
Og i julekrubba som er av ein nyare tradisjon.
I Betlehem med barnet på fang etter fødselen, og med vitjing av hyrdingar og vismenn frå aust.
Og det er gjerne i form av ei julekrubbe.
Slik finn vi henne og i mi heimekyrkje.
På bodskapsdagen i Nasaret, ved krossen på Golgata, på det førreformatorisk alterskåpet.
Og i julekrubba som er av ein nyare tradisjon.
Etiketter:
Eg såg,
Jesu mor,
Kyrkjekunst,
Maria,
Mi heimekyrkje
torsdag 8. november 2018
Den krossfeste
Framstillinga av krossfestinga på Golgata er ofte laga vakre, trass i den brutale røyndomen dei skal skildre.
Men det er kanskje ikkje så enkelt å vise røyndomen. Den som ser kan verte støytt over det han ser. Eg hugsar at filmen "The passion of Christ" fekk kritikk av di han var for realistisk, for vond.
Men så kjem ein av og til over ei avbildning som skil seg ut frå normen. Som denne i ei vindusopning i den store fransiskanarkyrkja i Santiago de Compostela.

Camino Primitivo 2018,
Eg såg,
Kyrkjekunst,
På krossen
søndag 4. november 2018
Den skarlagskledde krossfeste
Eg hadde ei undring på kvar romakyrkja hadde henta inspirasjonen til denne skarlakskledde Jesus på krossen frå. Eg kunne ikkje finne noka skriftkjelde i Bibelen, korkje i det gamle eller nye testamentet som forklara det.
Men så, i eit søk etter på kva tid dei kristne tok til å bruke krossen som eit symbol på si tru, fann eg ei tekst i Barnabas sitt brev frå omlag 130 e Kr. Eit læreskriv, som er lagt til Barnabas som ei tid var i Paulus sitt fylgje, men som nok ikkje har skrive brevet.
I det 8.kap. som handlar om den store forsoningsdagen i jødedomen, finn eg dette i Oskar Skarsaune si omsetting.
På forsoningsdagen er der to bukkar, men det vidare handlar om den eine, syndebukken som vert dreven ut i øydemarka for å døy, og med det er eit bilete på Jesus som må døy på krossen. Men før han vert dreven ut står det:
"Forbannet er den andre (syndebukken). Legg merke til hvordan Jesus blir åpenbaret. Og dere skal alle spytte på den og stikke den, og skarlagsrød ull skal dere binde om dens hode og driv den så ut i ørkenen. ..... og legg merke til at den forbannede blir kronet.( er det med den skarlaksrude ulla?) For på den dag skal de se ham: Hans legeme skal være iført en fotsid, skarlagensrød kjortel og de skal si: "Er ikke dette han vi engang korsfestet, han som vi foraktet, gjennomboret og spyttet på? Jo sannelig, det var han som dengang sa at han var Guds Sønn."
Skarsaune seier i kommentarane at Barnabas utanom fortellinga om den store forsoningsdagen i 3.Mosebok, og har brukt andre jødiske tekster som bakgrunn for det som står i brevet.
Så kanskje det er her i Barnabasbrevet at eg finn kjelda til den skarlakskledde Jesus på krossen.
Etiketter:
Camino Primitivo 2018,
Eg såg,
Kyrkjekunst
lørdag 3. november 2018
Den krossfeste
Å finne den krossfeste Jesus i protestantiske kyrkjer er ikkje så uvanleg, men kanskje ikkje slik. Ikledd eit fotsidt skjørt.
Første gongen eg såg han slik var i den store Burgoskyrkja. Det var Torbjørg som gjorde meg merksam på han. Sidan har eg møtt han slik fleire gonger etter pilegrimsvegane. I våre kyrkjer er han også påkledd, men berre med eit lendeklede om hoftene.
Og igjen stussar eg. Kvifor kle den krossfeste i eit fotsidt skjørt?
Er det noko kyrkjelyden skal skånast for?
Eller er der andre grunnar?
Ei form for vørdnad?
Eller er det for å ære han som leid døden for vår skuld?

fredag 2. november 2018
Krossberaren
I den store kyrkja innanfor murane i Lugo fann eg og påkledde "skulpturar" av Jesus. Her er han påkledd med ei kongeleg drakt medan han ber krossen, og utan tornekrona på hovudet. Den er bytt ut med ein strålekrans.
Slik også Moses gjerne er avbilda med liknande strålar over hovudet.
Og eg undrar meg. Kvifor framstiller dei han slik?
Det må vere langt unna slik han var kledd då han sleit seg fram i gatene i Jerusalem, berande krossbjelken på ryggen.
Kva er det då dei ynskjer å fortelje sjåaren med denne klednaden?
Eg kan ikkje finne nokon bakgrunn i evangelia for ei slik framstilling, men eit kvart er det kyrkja ynskjer å fortelje.
Er det at her er det ikkje menneske Jesus som ber krossen, men Guds son, guddommen som lyser fram i han?

torsdag 1. november 2018
Ver helsa, jødekonge!
Katolske kyrkjer er ikkje så nakne som våre protestantiske er. I dei finn ein, i alle fall i dei store, mange både måla bilete og tredimensjonale scener frå Jesus sitt liv som fungerar som ein open billedbibel.
Noko eg trur ein ikkje finn i protestantiske kyrkjer er desse påkledde Jesusfigurane.
Denne frå Oviedokyrkja.
Her står Jesus fullt påkledd i ei kongeleg kåpe, og med røystaven i handa. I tillegg har han tornekrona på hovudet.
Slik eg les dette, så er det frå då Jesus vart torturert i Pilatus si borg., slik det er fortalt Markusevangeliet, kap 15. 16-20.
Soldatane førte no Jesus inn i borggarden, i det som vert kalla pretoriet, og samla saman heile vaktstyrken. Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans. Så tok dei til å rope "Ver helsa, du konge over jødane!" Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han. Då dei hadde håna han, tok dei av han purpurkappa og let han få att sine eigne klede.

onsdag 31. oktober 2018
Den krossfeste og den eldre mannen.
Eg har fått augene opp for kyrkjekunst under vandringane etter vegane i nord-Spania. Rett nok kan kyrkjene der og vere svært ulike på kor mykje ein kan finne, men våre kyrkjer ser nakne ut samanlikna med kyrkjene der. I alle fall dei store. I dei små landsbykyrkjene og kapella er det nok litt annleis.
No er det ikkje all utsmykking eg er like oppteken av. Dei sokalla heilage menn og kvinner kjenner eg meg litt framand overfor. Det er vel "den lutherske lære" som stikk djupt i meg på det området. Fortellingane som er bakgrunnen for at dei er der i sidekapell og nisjer langs veggane, er for meg ukjende.
Men når det kjem til det som høyrer Bibelen til, både GT og NT, vaknar mi interesse. Der kjenner eg fortellingane. Og då er det kameraet kjem fram.
Vi var innanfor ringmuren i Lugo, vandra rundt inne i den store kyrkja, og der var det mykje å sjå.
I ei nisje på ein av sideveggane, inne i ein boge fekk eg sjå ei avbilding av Jesus hengande på krossen. Noko eg gjerne tek fram kameraet for, då den framstillinga kan vere nokså ulik utført frå kyrkje til kyrkje.
Men her var det også andre som stansa opp, og eg måtte vente på at det vart folketomt framfor bogen. Eg ville helst ikkje ha nokon andre personar med på biletet.
Men han her kom eg ikkje unna. Lenge stod han der, også etter at eg hadde gitt opp å vente på at han skulle gå.
Stilt stod han og let augene kvile på den krossfeste. Til slutt bøygde han audmjukt hovudet før han teikna seg med krossteiknet. Så såg han opp på den krossfeste endå ein gong før han sakte gjekk vidare.

lørdag 12. juli 2014
Vegkrossar
Eg har sett mange vegkrossar på vandringa frå Le Puy en Velay i Frankrike og til Santiago de Compostela i Spania. Også her på Camino Ingles var dei tilstades. Men eg meinar å ha sett ein ulikskap mellom dei to landa. I Frankrike var det enkle krossar, eller i form av eit krusifiks. Frå små i miniformat til ei to/tre meter høge. Utført i ulikt slags materiale som tre, stein, betong og metall. Nokre av gamal dato, tærde av vær og vind, andre var tydeleg frå nyare dagar. Dette har eg ikkje sett så mykje av i Spania, men i Det kongelege Huelgas-klosteret i Burgos la eg for første gong merke til noko eg sidan har sett ein del av. Eg kallar dei søylekrossar, utan å kjenne til kva det vert kalla på fagspråk. Det er høge , slanke, steinkrossar der søyla kan vere dekorert som her, eller heilt rein, men krossen på toppen er tosidig. Det vil sei at han har utsmykking på begge sider.
Og dei må vere gamle sidan dei ofte er mykje slitne av vær og vind. Særleg den sida som vender mot været, lesida har gjerne stått seg betre.
Dette her er krossen frå klosteret i Burgos, og vi ser det som alltid er der, krusifikset. Jesus krossen. Ofte kan ein sjå at her har ein kunstnar vore ute med si hand. Detaljrikdomen kan enno vere der, medan andre er meir enkle og har ei grovare formspråk på figurane.
På den andre sida av krossen er det Mor Maria som er motivet. Og då helst med Jesusbarnet i fang. Men eg har og sett henne ståande åleine med hendene folda over bringa i tilbeding og bøn, slik eg har sett det på dei mange madonnastauene etter vegane.
Denne søylekrossen møtte eg i Neda. Den eine sida var med den "normale " utsmykkinga. Jesus på krossen.
Men den andre sida si utsmykking var ny for meg. Det var ei pietaskildring. Maria mor som held den avlidne sonen sin i fanget.
Og eg undrast, Kvifor er der ein skildnad mellom desse to landa? Og kvifor har det Spania vorte reist slike søylekrossar? Begge landa har då ein romersk/katolsk kultur?
På vår protestantiske jord er vel slike uttrykk heilt ukjende, eller? Og er der andre slags vegmerke i andre katolske land? Eg meiner at eg i "tyske" nord-Italia, Syd-Tirol, såg vegmerke bygde som små skap med eit krusifiks inn i, og at eg var borti noko som likna det på vandringa andre året i Frankrike.
Og dei må vere gamle sidan dei ofte er mykje slitne av vær og vind. Særleg den sida som vender mot været, lesida har gjerne stått seg betre.
På vår protestantiske jord er vel slike uttrykk heilt ukjende, eller? Og er der andre slags vegmerke i andre katolske land? Eg meiner at eg i "tyske" nord-Italia, Syd-Tirol, såg vegmerke bygde som små skap med eit krusifiks inn i, og at eg var borti noko som likna det på vandringa andre året i Frankrike.
Etiketter:
Camino Frances,
Camino Ingles 2014,
Eg såg,
Pilegrimstankar
torsdag 10. juli 2014
Vegmerke
Alle pilegrimsvegar har sine vegmerke, og dei kan vere ulikt utforma.
Pilegrimsvegen gjennom Valdres har sitt raude keltiske kors som viser til den keltiske arven frå dei keltiske irske områda på andre sida av Nordsjøen.
Olavsvegane, både her heime og i spanske Castilla har pilegrimsmerket frå vegen til Nidaros felles
På pilgrimsvegen gjennom Frankrike frå Le Puy en Velay fylgde med dei raude/kvite merka oss . Og dei hadde litt ulik utforming. Raudt/kvitt strek om vi skulle gå vidare på vegen vi gjekk på. Eller, som her, når ein kom til ein sving / vegkryss, sving i den retning vegmerket viser. Men og med eit raudt/kvitt kryss på vegar som førde i galt avgarde.
Dei fylgjande tre fann eg på under ein time på vegen mellom Neda og Pontedeume.
Pilegrimsvegen gjennom Valdres har sitt raude keltiske kors som viser til den keltiske arven frå dei keltiske irske områda på andre sida av Nordsjøen.
Olavsvegane, både her heime og i spanske Castilla har pilegrimsmerket frå vegen til Nidaros felles
Men Camino Frances og Camino Ingles har kamskjelet og gule piler som sine merke, og dei har eg sett mange utformingar av på camino'en mellom Pyreneane og Santiago de Campostela og her på Camino Ingles. Det normale er at kamskjelet peikar i den retning ein skal gå, slik den gule pila gjer. Men det hende at vi såg kamskjel som ikkje fylgde normalen og då fekk vi ofte ein liten diskusjon i gruppa..Dei fylgjande tre fann eg på under ein time på vegen mellom Neda og Pontedeume.
lørdag 15. juni 2013
Vindruekrossen
Det var tidleg morgon etter Via Podiensis i Frankrike. Vi hadde overnatta oppe på åskanten i Le Pech, og denne dagen skulle vi gå til Cahor. Vi hadde vel gått omlag ein time då det stod eit smijarnkross i vegkanten. Og denne krossen skilde seg ut frå dei mange krossane vi tidlegare hadde sett på vår vandring. Det er i mitt minne så mange fleire av desse krossane langs pilegrimsvegen i Frankrike enn i Spania. Det stod gjerne eit, gamalt eller nytt, i mest kvart vegskilje synest eg å minnast. Men denne krossen, eller krusifikset, skilde seg ut. I det litt flate og kontrastlause morgonlyset frå sola kjem det ikkje så godt fram på biletet. Men krossen er som ein vinstokk der nye skot har slynga seg om han og dekt han, og drueklasane heng frå krossarmane.Symbolikken er klart bibelsk, men den kunne vel berre vore reist i eit vindistrikt. Eller kva?
Abonner på:
Innlegg (Atom)