Viser innlegg med etiketten Dagane går. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dagane går. Vis alle innlegg

onsdag 6. september 2023

Haustsol

Ein skal ikkje klage ein slik dag.. Ein times trim i godt lag på morgonen. Eit godt middagsmåltid  eit par timar seinare i eit anna godt lag. Så kome heim og setje seg i sola for å nyte den solvarme haustdagen. 21 grader pluss seier gradestokken, og fortel at det er rekna  som heitt. Og om nokre timar er korøving saman med eit anna godt lag. Kan ein ha det betre ? På ein onsdag ?
Ved husveggen er humler og bier i travel aktivitet men å sanke nektar frå nokre blå blomsterkuler. Eg veit ikkje kva som driv dei, men kanskje dei og tenkjer; for ein dag, kan vi ha det betre ? 
Å jau, det hadde eg nok den tida vi var to saman. Men den tida er nok over for meg her eg går i mitt 82.år. Då får eg heller prøve å sanke dei gode stundene, dei gode nektarblomane som kan gjer dagane rikare. Sjølv om sola glimrar med sitt fråvær.

søndag 8. januar 2023

Nyår

Dagane går. Kalendaren for 2022 er kasta, eit nytt år har byrja. Kva ventar på meg i dei dagane som kjem.  Eit nake og nett påbyrja år skal kledast på med endå ukjende opplevingar, både sorger og gleder.

Eg sit innanfor glaset og ser ut. Ut i den mørknande kvelden. Oppe over åsen i sør kan eg enno skimte ein lysare himmel mellom dei mørke skyene, og nede ved fjorden tindrar lysflaumen frå heimar eg ikkje lenger kan sjå.
Skymingstimen var det kalla før vi fekk heimar med lys i kvar krå.  
Dette er stunder då tankane fører meg vidt, både til det som var, ..... og mot det som enno er gøymt for meg i dagar som kjem.

I slike stunder har eg glede av det andre har tenkt.... og skive. I poesien. 
Dei fylgjande er ord frå ein nordfjording frå Kjølsdalen som Bodil og eg lærde å kjenne.
Arnfinn Berstad, og han kalla orda sine her for: 
Tankane sviv.

Tankane sviv i halvskume kveld,
på vengjer så lette seg lyfter.
Dei vildrar seg bort mellom høgfjell og juv,
stoggar så fram på det brattaste stup:
Skal tru kor lenge denne skoddeflaumen her vil vare?

Men kjenn! no det kjem eit vindpust så friskt
og klåra opp den skya himmel.
Der oppe eg mitt draumeslott får sjå -
i solgylt fargebragd det mot meg strålar.
Eg sovnar inn med betre tru på dagar.


.

mandag 26. desember 2022

Lysande mørker

Eit minne har stege fram for meg frå den tid eg tenestegjorde i kyrkja julaftan.  Då høyrde det med å ta trappene opp i tårnet til kyrkjeklokka og syrje for å opne gluggane før gudstenestene,  og stenge dei etter at jula var kima inn kl. 18.00. Det var dei åra då det byrja verte fleire og fleire som tende små lys på gravene sine. Og når eg då kom opp i tårnet for å stenge lukene att, så vart eg ståande og sjå ut over lyshavet på kyrkjegarden under meg,  frå alle dei uteljande små lysa på gravene. Det var som ein tindrande stjernehimmel der nede på den ofte snødekte kyrkjegarden.

Denne julekvelden var eg sjølv mellom dei som vassa fram i snø til ei grav for å tenne eit lite lys på ei snødekt grav. Ei funklane lystjerne på ein kveldsmørk snødekt kyrkjegard.
Det rann meg i hugen nokre linjer frå noko Jan-Magnus Bruheim skreiv då Tor Jonsson døydde.

Den fyrste dag - og alle dagar går.
Det snøar ute. Og eg står her inne
og ventar stilt. Men snø fell aldri over
den nakne stjernehimmeldjup av minne.

Det bankar nattetid. Det opnast dører.
Og alt som hende - det er nå det hender.
Det snøar på ei grav. Det er som frosne tåror
or himmelauga over våre grender.




fredag 23. desember 2022

Sakn

Det nærmar seg julehøgtida. Den første utan mi kjære her hjå meg. Det er underlege dagar fylte av sakn og vemod. Kvar er ho mi kjære ?
Hennar lekam kviler i ei grav ved kyrkja, dit den kom etter at ho drog sit siste andedrag og alt stogga for henne, hjarte, lunge, ja alt slokna.
Men ho, det som var henne meir enn lekam og ande, dette som er kalla sjel, kvar vart det av. Kvar er det?  
Lat lekamen kvile med fred i si grav. Mi sjel ho er heime hjå Gud, song vi i kyrkja før ho vart førd til kvile på kyrkjegarden. Ja, eg trur det gjennom all mitt sakn og vemod. Ho er heime hjå Gud.
Eg sit og ser ut vindauge ein sein ettermiddag no i førjulsdagane. Ute, over fjella i sør reiser det seg mørke skyer. Men so, brått opnar det seg ei revne i det tunge og mørke, og gjennom denne revna strålar det fram eit anna lys. Varmt og gyllent, som ei helsing frå ei anna verd.