Viser innlegg med etiketten Jon Fosse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jon Fosse. Vis alle innlegg

søndag 5. oktober 2025

Metafysisk ?


Ei av lesetekstene ved gudstenesta i dag var frå Profeten Esekiel kap. 37, der profeten får sjå ein dal full av tørre bein, og han vert beden om å tale profetord  til dei, og då vert  beina atter dekte av av kjøt og hud, og får livsande igjen. Det har gjerne vore tolka som eit teikn på israelsfolket, men kan like gjerne vere eit teikn på alle menneske, av alle folkeslag si framtid.
Sidan mi kjære døydde har eg tumla med døden sitt mysterium. Kva skjer når vi døyr. Ikkje med kroppen, den vert lagt i grav for å gå attende til jord igjen, men kva med anden, - og sjela ?

Forfattaren Jon Fosse,  les eg, var oppteken av ein annan stor forfattar, Tarjei Vesaas. Og eg finn likskapar mellom det dei to skriv, både i poesi og forteljingar. Eg opplever at Vesaas i sine romanar og poesi tendrar inn på det uforklarlige. På metafysiske opplevingar.

I reklamen for Jon Fosse si siste bok - Vaim - stod det at boka innheldt litt mystikk. Eg vil heller sei at den inneheldt litt metafysikk. Eller, opplevingar som er over grensa til det ufattelege, det vi elles oppfattar som det verkelege, reelle livet. 

Som kristne held vi for sant noko som ikkjetruande vil sei er umogeleg. At Jesus  sigra over døden og braut grava sitt mørke, det manglar erfarte bevis , fakta,  sjøl om nokre utvalde fekk erfare den oppstadne. Eg vil ikkje kalle det mystikk, men kanskje var det ei metafysisk oppleving. Ei uforklarlig oppleving av at ein som var død og gravlagd,  likevel, brått,  står der lys levande framfor dei som fekk oppleve det. Og i gudstenesta i dag var det nettopp Jesus si makt til å gjere dette uforklarlige,  å kunne gi livet attende til den døde dottera til synagogeforstandaren som var evangelieteksta.

Eg har ikkje lese alle Jon Fosse sine bøker, men i nokre av dei siste han har skrive, Morgon og kveld, Kvitleik og no i Vaim, skrid Fosse over grensa for det sansbare og verkelege,  og over i det metafysiske landskapet. 

I Vaim er det Elias som opplever at det bankar på døra, uten at der står noko utanfor, før venen Jatgeir står der. Då Elias seinare møter nokre andre menn får han høyre at Jatgeir har drukna lenge før han stod utanfor Elias si dør. 
I Morgon og kveld , og i Kvitleik er det den alt døde si oppleving etter døden Fosse fortel.  
I jødisk tenking forlet ikkje sjela kroppen før etter tre dagar, noko som gjer at Jesus kan vekke døde,  som Lasarus og gjenta i dagens tekst, opp til nytt liv. 

I morgon og kveld opplever den døde Johannes å sjå ned på si eiga gravferd i det den årelause båten fører han bort.
Og eg undrar meg, kva er det for slags opplevingar det er som ligg bak hjå Fosse, sidan desse emna kjem fram i bøkene hans .
Opplevingar der det vonde ikkje er tilstades, berre fred.  Slik mordaren Asle i Trilogien og opplever freden då han vert hengd i Bjørvin for sine tre drap.

Og i teksta frå Esekiel eg las idag, får alle turre bein ein kropp og vert levande igjen. Same kva liv dei eingong levde.
Og spørsmålet som heng att i meg handlar ikkje om orda eg har sagt mange gonger ved ein gravkant, at til jord skal du verta, og av jorda skal du atter stå opp. 
Men kva skjer med oss når vår ande forlet oss og vi døyr , og det som er EG, eller VI, forlet kroppen vår og går attende til Han som eingong gav oss livet.
Er det lov å undrast ?  Svaret får vi vel først når det eingong skjer.

tirsdag 4. februar 2025

Undring

Eg har lest litt av Jon Fosse sine bøker. Og noko av det eg sit att med er ei undring. Og kanskje handlar undringa like mykje om meg sjølv som om den undringa Fosse sine tekster har sett igang i meg.
Det står ikkje å nekte for at eg har endra meg gjennom mine år. Både gjennom dei mange åra eg fekk i samlivet med mi kjære, og gjennom dei impulsane eg har fått frå vandringane mine og dei mange bøkene eg har lest.
Frå å vite svaret på alt, helst med to strekar under, så er nok dei to strekane i dag ofte  bytt ut med eit spørsmålsteikn.  I dag er eg nok meir spørjande, undrande, på kva svaret verkeleg er. Er det slik eg trudde eller kanskje svaret er annleis enn eg meinte før.

Eg fann eit langt dikt av Jon Fosse i eit tidsskrift ved juletider. Eit dikt som tala til meg,  eit spørjande dikt om denne undring.
La meg ta nokre av opningsversa.
Finst det ei meining over desse tinga

Kvar kjem vinden ifrå
som lyfter ned nedtyngde opp
og får han til atter å sjå
at også han har det lys
han treng for å sjå

Kvar kjem det regnet ifrå
som lyfter den tyrste opp
og gjev han å drikke
slik at augo hans vætest
og han ser det glima
frå den mattgråe himmelens
dorske likesæle

Og kvar kjem orda ifrå
som går saman 
og blir til meining
i ope svev
over bakkar og åsar
fjordar og fjell

og vert til ein tanke
ei kjensle
som utvidar seg
og utvidar seg
og når si svimlande  høgd
før ho fell og fell
ned mot sin avgrunn

Og kvar kjem blomane frå
Og hjorten
som står der roleg
og ser på meg

Kvar kjem livet 
i  deg
i meg
i dyr og blomar
og i alle fiskar
kvar kjem det ifrå

Kvar kjem himmelen 
med skyer ifrå
Og sjøen
med alle sine bølgjer
Kvar kjem havet ifrå
Og fjorden med sine vikar

Kvar kjem det ifrå

Og er det ei meining over  desse tinga











fredag 25. oktober 2024

Morgon og kveld

Under Nobelfesten for Jon Fosse vart det lest eit utdrag frå Jon Fosse si bok " Morgon og kveld". Den lesinga har levd i meg så eg fann boka i hyllene på bokhandelen sikra eg meg  den. Det er ikkje noka tjukk bok, men den fasinerte meg. Kva ho handlar om? Den første og siste dagen i guten Johannes sitt liv. Eller rettare sagt; det som hender han den første dagen etter den siste. Høyrest det underleg ut ? Ja, kven kan vite noko om det? Ingen har då kome attende for å fortelje om det som då hender.
(Diverre nektar bloggen meg å få bileta lagt ut på høgkant. Kvifor det plutseleg ikkje er råd har eg ikkje funne ut av )

I mi heimekyrkje er der eit loft over kyrkja sitt kor, og for å kome inn der er der ei lita dør langt oppe på veggen mot det loftet.
Etter den siste oppussinga av kyrkja, då ho fekk sine noverande fargar, vart ikkje den døra stengt godt nok, så når det bles godt nok ute, opna og stengde denne døra seg utan menneskehjelp.
Under ei konfirmantsamling hadde dei merka seg dette, og der kom spørsmål kvifor ho stundom var open eller stengd.
Ein av konfirmantane kom med si forståing av fenomenet.  
Jau ho er open for at sjela til dei det vert helde gravferd for skal ha ein veg ut av kyrkja.
Eg må tilstå at etter det reiste ein stige og klatra opp og stenge døra forsvarleg.
Men, er det noko i konfirmanten sine tankar ?
I jødisk tradisjon forlet ikkje sjela den avdøde sin kropp før etter tre til fire dagar.  Jamfør Jesus si oppvekking av Lasarus.
Er det dette Jon Fosse i sine tankar er inne på når han endar "Morgon og kveld" med det Johannes opplever, medan kroppen hans ligg død og kald i senga heime i kammerset sitt.?