Viser innlegg med etiketten Tankar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tankar. Vis alle innlegg

torsdag 3. juli 2025

Sommarnatt

Det mørkner over heien og natten stunder til.
Slik byrjar eit dikt av Arnulf Øverland.
Eg vart sitjande oppe lenger enn eg brukar denne julikvelden, og no sig natta på. På andre sida fjorden ser eg at gatelysa i heimane der vert tende. Og oppe på sørhimmelen lyser ein halv måne sterkare no enn då eg sette meg framfor vindauget for eit par timar sidan. Då kasta framleis sola sine strålar over åsen og fjellet sør om fjorden.

Du skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for god til det ... syng Aslaug Låstad Lygre. Eg trur ikkje eg kjem til å fylgje hennar oppmoding, det er nok snart tid for å krype under dyna for meg i denne sommarnatta.
Men i denne fine kvelden tok tankane sine eigne vegar, heilt til klokka no fortel meg at eg har passert midnatt, og har byrja på eit nytt døgn. Døgnet då min eldste bror skulle fyllt 89 år. Diverre så gjekk han bort for 3 år sidan.


fredag 27. juni 2025

Dagane går

Tida går. Om nokre dagar rundar eg igjen ein åremålsdag, og byrjar nedteljinga av eit nytt år.  Kor mange år eg har att framfor meg er det ikkje meg gitt å vite, men dette siste halvåret har på mange måtar vore ei læringstid  for meg. 
Eg har, sidan eg ved nyttår fekk beskjed om å la bilen stå eit halvår, vorten avhengig av at andre er villige, og har tid, til å køyre meg. Ellers så vert det å nytte apostlane sine hestar på dei lengdene eg orkar gå. 
Det har nok krevt ein del av mi stoltheit og sjølvkjensle det å verte så avhengig av andre.
Og no held eg på å førebu meg på at mi bilførartid nærmar seg sin ende. Noko eg ikkje vonar,  men fryktar.

I desse dagane dukka nokre linjer av Rolf Jacobsen opp for meg . Nokre ord om at bekymringane ikkje må vekse meg over hovudet. Ikkje mismot, men glede . 
Kjenne sevjens vilje under barken, som han skriv i diktet ; Morgonbøn ( Matutin )
La meg eie bare et lite hjerte
som hos er barn, 
og øyne og hender som et barn.
Bekymringer alle dager
og jevnt savn
kan du la meg bære,
men ikke mismot, Gud.

Så gi meg bare et stille , ungt hjerte
så jeg kan kjenne sevjens vilje under barken
og høre vårens skritt bak fjellene, 
men ikke avmakt, Gud,
Om jeg har noen å være hos
som ikke vender seg bort,
for jeg har så langsomme ord
og ingen glans i mine hender.

Et stille, nakent hjerte
som hos en ung mor,
og lydig,
undrende meg over hver dag.






torsdag 5. juni 2025

Kveldstankar

Det kveldar ute. Skumringstimen vart det gjerne kalla i tidlegare tider før elektrisiteten tok kveldsskumringa bort frå stovene våre. 
Etter at eg vart åleine sløkkjer eg ofte mine lampar når kvelden stig på. 
I skumringstimen let eg det ofte verte stilt i stova, radio og fjernsyn lyt teie då. Og medan lyset sakte svinn ute, og inne, får tankane vandre sine eigne vegar. 
I kveld dukka det ein svensk salme opp hjå meg. Ein salme som Lage Wedin ofte song i Ønskekonserten.
Slik lyder første strofa av den  på nynorsk.
I tru under himmelens skyer har fedrane  hausta og sådd. Og fram gjennom bygder og byar har kallet og vekkinga nådd.
Kanskje var det skyene over Snøhornet som lokka minnet om songen fram i meg denne kveldsstunda.

søndag 1. juni 2025

Slik går no dagane

Jon Fosse fortel i Septologien om Asle, at han ofte sat i stolen sin framfor vindauget og såg utover fjorden mot medet sitt der ute, og då  kjente han ofte på seg at Ales, kona hans som døydde frå han så alt for tidleg, sat der i stolen sin ved sida hans. Og då var ho nær han, og i tankane samtalte han med henne.
Kanskje  er det mange som har det slik som Asle, som har vortne åleine, og som har eit med der ute å feste augene på, og så, ei lita stund, la tankane og saknet føre den kjære nær igjen.
Det er nok ikkje berre Asle, og eg, som er der. Men mitt med er ikkje ute i ein fjord ein stad. Mitt med er eit fjell ute i synsranda. Eit fjell som endrar seg etter årstidene sine skiftingar, og døgna sine værendringar. Stundom gøymt i skodde og regn, andre dagar i bjart solskin.

Så sit eg i min stol og ser mitt med langt borte, kanskje med litt roleg musikk i bakgrunnen. Då sviv tankane lett avgarde. Mange ulike tankar kan då dukke opp. Også tankar frå mitt lange samliv med mi kjære.
Eit samlivet som eg no sit åleine att etter. Det var nok ikkje alle dagar som var like, men gleda over å vere to batt oss saman, trass i at vi hadde mykje å lære då vi som pur unge byrja på vårt samliv. Så vaks fellesskapet for kvar dag og vi kom  stadig nærare kvarandre for kvart år vi fekk saman.
Og eg trur at ho er her med meg. Om eg ikkje ser henne så er ho nær meg her eg sit i stolen min og ser bort på medet mitt, langt der borte i det fjerne.

lørdag 31. mai 2025

Mitt liv

Av natur er eg nok av ei litt følsom natur. Eg kan verte litt tjukk i halsen og få vassflogne auge når tonar, song, og ord rører meg. Noko som ofte hende meg den tida eg var tenor i kyrkjekoret. Då var det berre å mime litt til eg fekk kontroll over kjenslene som tok overhand. Verre var det i den tida eg var lek gudsteneleiar, og kjenslene braut fram av mine eigne ord i preika, med det resultatet at orda vart borte i ei grøtet røyst.  Eg har ofte misunt dei som ikkje har ei slik plage, men som tilsynelatande har alt under kontroll.
Men kanskje er plaga med på å gi meg opplevingar eg ikkje hadde fått om eg alltid hadde full kontroll over dei kjenslene på djupet i meg som eg ikkje har full kontroll over. Kjensler som uventa kan bryte ut i tjukk hals og tårevåte auge.

To gonger i Israel vart eg overmanna av slike uventa kjensleutbrot. Kanskje var det den aktuelle staden og bakgrunnen som utløyste det uventa. Eller var det noko som ofte vert kalla paranormalt ? Det var i alle fall ingenting i meg som skulle tilsei kjensleutbrotet.
I Jerusalem nede i Kedrondalen ligg der ei kyrkje som er kalla Alle Nasjonars Kyrkje, ved sida ligg Getsemanehagen med sine gamle oliventre. Vi hadde vandre vegen ned frå Oljeberget og var komne inn i kyrka. Der var det lyst som ei fullmånenatt. Eg nytte høvet til å ta nokre bilete før vi skulle ut i dagen att. 
Den store alterringen var kledd med tornar, og på andre sida av den var ein prest igang med ei messe for ei anna turistgruppe. 
Eg får vel knele ned å be ei stille bøn før eg går ut i dagen att, tenkte eg. Men eg hadde ikkje før knelt ned før eg var borte. Ei djup sorg overmanna meg og tårene berre rann. Kor lenge eg låg der veit eg ikkje, eg kom ikkje til meg sjølv før mi kjære tok meg på skuldra og sa eg måtte kome, dei andre venta på meg. Dei ville vidare opp mot Løveporten og inn i Jerusalem. Då eg reiste meg opp forsvann sorgkjensla like brått som ho kom. Eg har vore inn i kyrkja sidan og, men den opplevinga har eg aldri fått igjen.

Det er år sidan no, men vi såg hendinga på fjernsynet då Rabin og Arrafat tok kvarandre i handene framfor Det Kvite Huset i Washinton med Clinton som tilskodar. 
Kanskje kunne det ha vorte spiren til ei fredelegare framtid for Israel og Palestina. Men slik vart det ikkje. Vel heime igjen vart fredshåpet knust då  Rabin vart skoten av ein ung israelar. 
Eg var saman med ei gruppe seinare same året og vi vitja Yad Vashem, minnehalla for dei millionar som miste livet i Hollokost. Den store halla der bålet som aldri sloknar, brenn midt på golvet, taket med tusen stjernene, og høyrde røysta som las namn etter namn på dei som gjekk døden i møte i dei fem åra.
Namnet Yad Vashem er henta Jes.56.5. - dei gir eg "eit minnesmerke og eit namn " i mitt hus og på mine murar.
Etterpå vitja vi gravstaden der Rabin var gravlagd. På steinen var der etter jødisk skikk lagt nokre, ikkje blomar men små steinar. Blomar visnar men steinane er evige,  er tanken bak steinane. 
Med attentatet i friskt minne kom eg på at også eg skulle legge ein liten stein på gravstøtta.  Og også denne gongen vart eg råka av ei sorg eg ikkje skjøna kvifor. Eg hadde då ingen grunn til å kjenne på ei sorg der. Ein jøde kanskje, men ikkje eg, ein kristen nordmann.
Var det ei ubevist kjensle av eit øydelagt fredshåp som låg i grava, At vegen framover bar med seg meir fienskap og meir vold?
Eg kunne i alle fall ikkje sjå føre meg det vi har sett sidan 7.oktober, og den israelske hemnkrigen i Gaza. 
Og i dag les eg at den israelske regjeringa skal opprette 22 nye busetnader på Vestbredden. Målet ser ut til å vere bort med palestinarane. Sanneleg, det var grunn til tårer ved Rabin si grav.

Mange legg skulda på Israel for den ulukkelege situasjonen som denne vesle landstripa innst i Middelhavet er hamna i. Men då ser ein bort frå PLO og seinare Hamas si rolle. Hadde dei valgt samarbeid istaden for terror og vold, kunne det idag vore eit heilt anna og betre liv for både palestinarar og israelarar enn den ulukkelge situasjonen vi har no. Leiarar på begge sider må nok ta eit stort ansvar for at utviklinga ikkje gjekk til samabeid, men til konflikt.

fredag 25. april 2025

Nytt liv

Løvetann heiter dei i dag,  kappilaup sa me i min barndom, kappekille sa mi kjære, .Det  er vel framande ord no i min alderdom,  desse vakre, solgule, men i dag sterkt mislikte blomane. Det er vel for mange av dei i våre plenar.
Ein dag, sist sommar, ein dag utrøna bles, kom det flygande ein liten kvit fallskjerm med eit lite frø hengande under. Vinden styrde fallskjermen inn over terassen min og den landa i ei sprekk mellom to terassebord, som igjen støytte mot ein bordkledd  beton9æææægstolpe. Og under terasseborda var det og rein betong. Ikkje mykje grobotn å finne der for frøet.
Det går ein haust og ein vinter, men når vårvarmen kjem denne aprilmånaden syner det vesle løvetannfrøet fram si livskraft, sjølv om tilhøva for liv og vokster var aldri så små.
Grøne blad veks opp mellom plankane, og ein dag lyser ein liten solgul blomst opp ved foten av ein bordkledd betongstolpe.

Det er vår og då vert ulike slags korn og frø sådd i varm  jord, og gamle, settepoteter møter si mørke åkerjord. Og somæææå løvetannfrøet går dei til grunne der i molda, men utav deira død gror det fram  nytt liv, nye blomar, nytt korn, nye poteter.

Jesus var inne på dette då han eingong sa at fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr så er og vert det berre eit korn, men døyr det så gir det stor grøde. Det var vel sin eigen død og oppstode han var innepå då, men også eg skal eingong døy og leggast i jorda - -eller som ein sa, - flytte til ein hybel med torvtak -- men ikkje for all tid. Som Elias Blix syng i sin vårsalme at- nytt liv av daude gror.  Der kjem ein ny fødsel ein dag der framme då liv av daude gror, ein oppstodedag til eit nytt og annleis liv enn det eg no har.