Ein arbeidskamerat gjennom mange år vart førd til sin siste kvilestad i dag. 77 år sidan han drog sitt første andedrag her i livet, anda han ut, og livet var over. I dag vart kroppen hans gøymt i jorda på kyrkjegarden. Og kanskje speglar kveldshimmelen sine kontrastrike fargar av liva våre. Det inneheld ikkje berre lyse og gode dagar, der er og mørke og tunge dagar inn i mellom dei fargesterke og glade dagane.
Viser innlegg med etiketten Kveldshimmel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kveldshimmel. Vis alle innlegg
fredag 25. november 2022
Det kveldar
Det har vore så mange fagre kveldshimlar no i november. Slik og i dag. Den grå overskya himmelen frå morgon av vart bytt ut med opningar der sola fekk lov å skine igjennom ut på dagen. Og når sola dala ned i vest fekk ho sende sine strålar inn over skyene sør for meg, og fargane opna opp med sitt fargespel. Lys kveldshimmel, raudoransje og svarte skyer i kontast mot det bleikblå
torsdag 17. november 2022
Fager himmel.
Han gyller himlens tak i gullsinober.
Han heiser sola varsamt opp og ned.
Han helsar oss med sommar i oktober.
Han skifter fargar på kvart ospetre.
Rett nok er ospetrea tome for gullfarga lauv, og rett nok er vi ikkje lenger i oktober men i november. Ein november som sålangt har vore oktobermild, og som denne dagen gav oss ein kveldshimmel som ei stund var vakkert farga i gullsinober.
Abonner på:
Innlegg (Atom)