Viser innlegg med etiketten Eg undrast. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Eg undrast. Vis alle innlegg

onsdag 17. november 2021

Når vart Jesus fødd?

 Me nærmar oss jul att, og då dukkar nok den det store spørsmålet opp. Kvifor feirar vi jul? Svar: det er fordi Jesus etter ein tradsjon frå 600-talet at Jesus vart fødd den 25.desember. Nei, vert det svarar: Det er fordi kyrkja overtok, kristna, ein heidensk romersk nyårsfest.  Eller ordet jul/jol, ei kristning av det norrøne midtvintersblotet. Vel, vel, lenger kjem ein vel ikkje, det vert vel ein årleg repetisjon på temaet igjen. Men når vart Jesu fødsel fastsett til 25. desember. Det var munken Dionysis Exiguus som gjorde det i Roma i det 6.århundret. Og det er ikkje reint få år etter at hendinga hende i Betlehem.

Finst det i Bibelen nokre hint om når det hende? Ikkje klart datert, men nokre hint er der. Men då må ein først inn om Johannes døyparen sin far, Sakarja. I Joh. 1.5 står det at Sakarja høyrde til i prestelaget som hadde namn etter Abia  Kva tyder det?  Prestane i tempelet var delt opp i lag, og kvart lag hadde teneste ei veke i halvåret, unnateke i påska, pinsa og lauvhyttefesten. i dei tre festvekene hadde alle prestane teneste i templet. Og kvart tenestehalvår byrja i fyrste tenestehalvår ved påske og og det neste ved lauvhyttefesten. I 1.Krønikebok 24.10 ser vi at presteskiftet som hadde namn etter Abia var det åttande skiftet. Med andre ord hadde Sakarja teneste i veke åtte etter påske og veke åtte etter Lauvhyttefesten.. Men i det første halvåret dukka pinsehøgtida opp den sjuande veka då alle tenestegjorde, så i det halvåret tenestegjorde han i den niande veka.  Når er det so at Sakarja tenestegjer og får vitjing inne i tempelet?  Dersom vi tek utgangspunkt i år (2021) så feira jødane påska frå 28/3 til 3/4, og då tenestegjorde Sakarja den 9.veka etterpå, altså frå 5/6 til 11/6, men og frå 22/01 til 29/01 (2022). Etter endt teneste drog Sakarja heim og dersom vi trur at to dei då låg i lag når han kom heim så byrja  Elisabeth på svangerskapet då. Om det var i første halvår eller andre vert det ikkje fortalt, men seks månadar etter får Maria vitjing. (Luk. 1.26.) Nokre dagar seinare dreg Maria på vitjing til Elisabeth og Sakarja. Då er det anten i desember eller juli månad etter vår kalender. Tre månader seinare vert Johannes døyparen fødd, og ni månader seinare vert Jesus fødd i Betlehem.  Er det i desember  Maria kjem til Elisabeth så vil Jesus sin fødselen hende i september/oktober, i lauvhyttetider, men er det i juli så vil Jesus verte fødd i mars, i påsketider.


Har Bibelen meir å fortelje om tidspunktet? Kanskje eit lite hint i Johannesprologen, (Joh. 1.14) " Og ordet vart menneske og tok bustad mellom oss" er det verset omsett til, men på gresk står det litt annleis, der står det at han slo opp sitt telt i mellom oss. I jødisk tradisjon er teltet det som gir opphav til lauvhyttefesten, telta dei budde i etter utferda frå Egypt, men og tabernakelet, møteteltet der Gud i ei sky møtte Moses under vandringa. I 3.Mosebok ser vi at Gud skipar dei tre festdagane, to, påske og pinse,  om våren og den tredje, Lauvhyttefesten, om hausten.

Han som var Gud slo opp sitt telt i mellom oss.  Utfrå Bibelen sine hint, slik eg les og trur dei, så vart Jesus fødd i lauvhyttetider i Betlehem. Slik Gud kom og var tilstades ved både tabernakel og seinare tempelvigslinga, då i form av ei sky som fyllte teltet og tempelet. Så slo Gud også opp sitt telt i mellom oss då Jesus vart fødd, men eit telt er berre festa med teltpluggar. Det er ikkje ein permanent bustad. Vel tretti år seinare drog Jesus sine teltpluggar opp, Men Bibelen fortel at han skal koma att, og då er det ikkje for å ha sin bustad i eit telt. Då vil bustaden vere permanent.

Gjer dette noko forskjel for vår feiring av hans kome? Nei ikkje i det heile, Det er ikkje ein dato vi feirar, det viktigaste er at han kom same kva dato det enn var. Så la oss feire jul i takksemd for det, og med glede sjå fram til at han ein gong vil kome att for å gjere alle ting nye.


mandag 1. november 2021

Ein dag i Kapernaum (4)

Men stemninga mellom Jesus og dei rundt han skal endre seg med Jesus sine neste ord; -  - Eg er livsens brød. Den som kjem til meg skal ikkje svelta, og den som trur på meg skal aldri tyrste. For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reise han opp på den siste dagen!

No byrjar det å murre mellom dei. -- Høyr , kva er det han seier? Kven trur han att han er? Sa han at han er komen ned frå himmelen og at han er Guds son? Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far og mor hans. Korleis kan han sei at han er komen ned frå himmelen? Og at han er Guds son? Dette er då å spotte Gud!

Men Jesus høyrer dei; - Hald opp med denne murringa! Ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg dreg han - og eg skal reise han opp på den siste dagen! Eg seier ikkje at nokon her har sett Far, berre han som er frå Gud har sett Far. Sanneleg det seier eg dykk: Den som trur på meg har evig liv! Eg er livsens brød! Eg er den sanne himmelske mannaen, det levannde brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid: Og det brødet eg vil gi, er kroppen min som eg gir til liv for verda!

Uroa mellom tilhøyrane aukar i styrke ved desse orda hans, og spørsmålet høyrest: Korleis kan han sei at han vil gi oss kroppen sin å ete? Men Jesus har meir å sei, noko som ikkje minkar uro i flokken rundt han, ord som bryt totalt med alt dei har lært at lova seier. - - Sanneleg, det seier eg dykk; dersom de ikkje et kroppen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje liv i dykk! Den som et min kropp og drikk mitt blod har evig liv og eg skal reise han opp på den siste dagen. For kroppen min er sann mat og blodet mitt sann drykk. Den som et mitt mitt kjøt og drikk mitt blod vert verande i meg, og eg i han. Liksom Far, den levande,  har sendt meg , og eg har liv ved han, så skal den som et meg, ha liv ved meg! Dette er brødet som har kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrene åt, dei som døydde. Den som et dette brødet skal leve i all æve!


Dette var opprørande og harde ord for mange av dei som var til stades i synagoga i Kapernaum. Så totalt braut orda hans med lova sitt forbod mot å drikke blod. Skepsisen mot orda hans lyste nok ut av andleta deira. Dette er harde ord, sa dei, kven kan høyre på slikt!  Men  Jesus er ikkje heilt ferdig, han har litt meir å sei når han merkar reaksjonen på orda sine: Støyter de dykk på orda mine? Kva så når de får sjå Menneskesonen stige opp dit han var før? Det er Anden som gjer levande, her kan mennesket ingenting gjere. Dei orda eg har tala til dykk er ånd og liv.

Dette vart dei utløysande orda som gjorde at mange av dei som var i synagoga den dagen gjekk ut dørene og forlet han. Jesus ser dei går og at det tynnest rundt han. Til slutt vender han seg til sine næraste vener og spør, truleg med sorg i røysta:  Vil de og gå bort?  Det er Simon Peter som tek mot til seg og svarar: Kven skulle vi gå til Herre? Du har det evige livs ord, og vi trur, og vi veit at du er Den Heilage frå Gud!

Det er dramatikk i Johannes si fortelling om denne dagen i Kapernaum si synagoge. Han har ikkje fortalt om nattverdsmåltidet i Jerusalem, men Johannes si fortelling knyter for meg mange band til påskemåltidet som dei andre fortel om. Men samstundes gir det meg andre og djupare innfallsvinklar til Jesus sitt oppdrag, og kvifor han kom. Og eg synest Salvador Dali sitt måleri over her, på ein fin måte skildrar brødet som kom for å gi oss sin kropp og sitt blod. Som kom for å oppfylle oppdraget han hadde frå Gud sin Far. Det som enda med dei siste orda hans på krossen. - Det er fullført!  Kom Guds  godkjenninga påskemorgonen i gravhagen då sola rann? 

Eg trur, hjelp meg i mi vantru, var det ein som svara Jesus ein gong. Ja, eg trur, - men skjønar eg det? Der må eg nok tilstå at eg kjem til kort. Kvifor måtte Jesus gå igjenom dette? Kristne tenkjarar frå Paulus av og til idag har meisla ut forklaringar på spørsmålet mitt, men er deira forklaringar heile svaret? Eg trur ikkje det fordi deira og mine tankar vert berre mennesketankar, om vi aldri så mykje trur vi har den heile og fulle sanninga. Men over våre tankar ligg Guds tankar, og Guds råd og vilje som er mykje meir enn vi kan fatte og forstå.. Men treng eg å vite alt og forstå alt?  Jesus snakkar om å tru, ikkje å vite. Då får det vere nok, også for meg. Så får eg vere nøgd med å tru og vente på at det heile og fulle svaret på kvifor det hende er gøymt til vi får sjå og høyre det eingong der framme, i Guds time, i Guds rike.




søndag 31. oktober 2021

Ein dag i Kapernaum (3)

Det er dei rundt han som dreg fram brødet frå himmelen, mannaen.  Denne underlege maten som fedrene fekk å ete i øydemarka etter utferda frå Egypt. Då dei klaga over lite mat og ville attende til kjøtgrytene der.  Kva er dette, spurde dei den første morgonen då dei kom ut av telta og såg det som låg på marka framfor dei. Manna tyder - kva er dette. Ja kva var det, dette brødet frå himmelen som dei fekk å ete kvar dag under heile ørkenvandringa i førti år. Men den dagen dei slo leir på andre sida av Jordanelva var det slutt.

Mange er teoriane om kva det var. Noko frå tamariskbusken? Eller noko frå andre ørkenplanter? Øydemarka er vel ikkje so overfløymd av ulike planter at den store folkeflokken som fylgde Moses kunne hauste mat av trea og buskane sine frukter kvar dag i so mange år? Eller?  Og korleis smaka denne mannaen? Som honning står det, men og med ein smak som tilpassa seg kvar enkelt sin smak. Og den varde berre ein dag. Kvar morgon måtte dei ut og sanke på ny.  Korleis såg den ut? Den likna på korianderfrø er det fortalt.

Men veks der så mange korianderplanter i Sinaiøydemarka då? Lite truleg,. Koriander er ikkje ei øydemarksplante, men ei grøn og frodig krydderplante som denne her.


Men kva var det då? Brød frå himmelen, seier dei som stod omkring Jesus i Kapernaum. Englemat gav han dei å ete står det i seinare jødiske skrifter. Skal vi bruke eit ord frå vår tid må det vel verte ein overnaturleg mat. Ein mat som er over, utanfor naturen. Ein mat som ikkje er frå denne jorda. Ein mat gitt av Gud. Englemat.

Og seier Jesus; Sanneleg, det seier eg dykk. Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. Guds brød er brødet som kjem ned frå himmelen og gir verda liv.  Fedrene dykkar åt av mannaen i øydemarka men dei døydde. Men det brødet som kjem ned frå himmelen er slik at den som et av det ikkje døyr.  - Høyr, høyr kva han seier. Eit brød som gjer at vi aldri vil svelte meir. Fantastisk! --   Herre,  så gje oss alltid dette brødet!

lørdag 30. oktober 2021

Ein dag i Kapernaum (2)

Kva er bakgrunnen for den intense samtalen som finn stad i Kapernaum denne dagen, og som fører til at mange forlet Jesus etterpå?  Bakgrunnen finn vi byrjinga av det 6.kapittelet av Johannes sitt evangelium. Då er Jesus og fylgjet hans på den aude stranda på andre sida av Genesaretsjøn. Dit hadde dei rodd over for å få vere åleine, men sidan Jesus hadde vorte ein kjendis gjennom sine mange teikn og under, kom mykje folk etter dei. Så, etter ei tid kjem det som vert kalla brødunderet, der 5000 menn, kvinner og born ikkje medrekna, vert metta av fem byggbrød og to fiskar. Etter at Jesus først, før utdelinga, hadde bedt takkebøna over maten. Det er ikkje få som har reist sine spørsmål om truverdet i denne fortellinga. Er det noko her som ikkje vert fortalt? Hadde folk med seg mat som dei delte mellom seg? Og kvar kom dei tolv korgene frå, dei som etter måltidet vart fyllt av restane ?   Ikkje rart at når det vert fortalt at fem byggbrød og to fiskar er nok til å mette ei så stor folkemengde, så  reiser tvilen seg hjå mange. Men ligg det noko anna i fortellinga, med ei rot attende til ei anna fortelling mange hundre år tidlegare?  

Om morgonen er framleis mange av dei som deltok i måltidet dagen før, samla på austsida av sjøen. Dei er der fordi dei såg at Jesus ikkje var med i båten som læresveinane drog med kvelden før.  Det kjem fleire båtar frå Tiberias, men Jesus er ikkje å sjå. Kvar er han?  Då set dei kursen over sjøen igjen og finn han i Kapernaum. Og spørsmålet deira  då er ; Når kom du hit?  Det svaret får dei ikkje, i staden peikar Jesus på årsaka til at dei har leita etter han. når han seier at det er ikkje fordi de såg teikn at de har leita etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. Men så vender Jesus samtalen inn på seg sjølv og oppdraget han har fått med orda; -  Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gir evig liv. -  den mat som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen sett sitt segl.

Johannes gir samtalen vidare eit stort rom. Han har ikkje attfortalt påskemåltidet i Jerusalem den siste kvelden  der Jesus tok først eit brød, og så vinstaupet, og sa; Dette er min kropp, dette er mitt blod. Men Johannes let Jesus føre vidare fortellinga frå dagen før med brødunderet, sjølv om det er det tilhøyrarane er opptekne av.  Men hjå Jesus er det ikkje byggbrøda og fiskane frå gårdagen som er sentrum, men han sjølv og oppgåva han fekk av Gud.            


 Johannes er teologen mellom evangelieskrivarane, og når Jesus seier at den gjerning Gud vil dei skal gjera er å tru på han Gud har sendt, så svarar tilhøyrarane at fedrene deira fekk manna å ete av Gud. Kva kan du Jesus gjere?

onsdag 27. oktober 2021

Ein dag i Kapernaum

Eg har vore der nokre gonger i den byen som vart Jesus sin heimby etter at han drog frå Nasaret,  - Kapernaum. Fiskeribyen, grensebyen med tollstasjon og romersk garnisjonby ved nordbredden av Genesaretsjøn. Då, på Jesu tid ein livleg by med ei stor synagoge. I dag ein ruinby, det var  fransiskanarane som byrja å grave ut ruinane. I dag er der og ei moderne kyrkje der, den ser ut som ein UFO, og er bygd over restane av svigermor til Peter sitt hus, og som i tidleg kristen tid var ei huskyrkje. Og med restane av ei synagoge frå bysantisk tid.   Synagoga frå Jesu tid er gøymd under murane på denne. Ein kan sjå grunnmuren av ho under denne.

                                                  

Korleis såg Jesus sitt Kapenaum ut? Utgravingane har gjort at det er råd å skape seg eit bilete av den, med fiskerihamna sine kaier og moloar ut i Genesaretsjøen.


Mange av fortellingane i dei fire evangelia er plasserte her i denne byen, og her budde brødrepara Peter og Andreas, og Jakob og Johannes, sjølv om dei opphaveleg var frå Betsaida på andre sida av Gallileagrensa. Var det fordi denne fiskeribyen låg betre til,  og med ei god hamn, nærare fiskefelta enn Betsaida som låg lenger nord ved utløpet av Jordanelva. Var det derfor dei busette seg her?

Og her er det at ordskiftet mellom Jesus og dei som hadde opplevd Jesus dagen før og som no var kome over sjøen for å leite etter han hende. Om det var i synagoga fortel ikkje Johannes noko om i det 6. kapittelet i evangeliet sitt. Men ein tenkje seg det for der var det plass til mange.

onsdag 6. oktober 2021

Bokstavtru (2)

 Eg er ein som nyttar kyrkja sin nattverd så ofte eg kan. Det å få dei få dråpane med vin, og den vesle oblaten med brød gjer noko med meg. Eg kjenner på ei djup takksemd over det offeret Jesus gjorde då han frivillig gjekk i døden for oss menneske, og med det opna ei bru over til Gud. eller som det står i Hebrearbrevet: Han gjekk inn i den himmelske heilagdomen ein gong for alle, og med sitt eige blod vann oss ei evig utløysing. Punktom finale. Eg har fleire gonger vore tilstades i katolske gudstenester, men det er berre eit par gonger har eg gått til nattverd i dei.  Grunnen har vore at den katolske kyrkja ikkje ynskjer samkvem med protestantar ved nattverdbordet. Men begge gongane eg har delteke i deira nattvverdsfeiring så har eg fått løyve at presten. Den eine gongen ville presten vite kva syn vi hadde på nattverden, var den røyndom, realpresens som det heiter, eller var den symbolsk. Og for meg er det røyndom, sjølv om eg veit at det er berre brød og vin, så trur eg at Jesus er verksam i dei to elementa når dei er vigsla til det.


Men her ein dag høyrde eg ein som sa noko som skurrar for meg. Vedkomande sa at brødet og vinen berre er verksam dersom brødet er av kveite, og vinen har alkohol i seg. Det han då sa var eit nei til glutenfritt brød og nei til avalkoholisert vin. Det tyder etter mitt syn på at mange då vert utestengde frå nattverdbordet. Det problemet er ikkje der, sa han vidare, då dei som ikkje kan få i seg gluten, får likevel ein fullverdig nattverd ved å få berre vinen. No er ikkje vinen noko problem i den katolske kyrkja, anna kanskje for prestane, for etter det eg har sett under katolske messer så er det berre prestane som får vinen, medan kyrkjelyden må greie seg med brødet. Eg har enno til gode å sjå at nokon i kyrkjelyden får vin i staden for brød, om vedkomande får helseproblem av å få i seg gluten.   For meg vert dette ei litt for stor formalistisk bokstavtru. 
Eg trur ikkje Gud bryr seg så mykje om at vinen og brødet må innhalde alkohol og kveite, det er nok noko anna Gud ser etter. Der er nok Gud romslegare enn formalistiske prestar, same kva kyrkje dei enn høyrer til i.                                                          


tirsdag 5. oktober 2021

Bokstavtru

Det er noko som undrar meg mykje. Dette å ha så sterk tru på bokstaven, det skrivne ordet, at ein ikkje klarer å sjå den djupare meininga i ordet.  Bokstaven slår i hel, men ånda gjer levande; er det ikkje slik det er sagt av einkvan.

Vi fekk sjå resultatet av ei slik overtyding på turen vår i Marokko. Der hadde dei greve fram restane av nokre gamle bygningar i ein by, og omvisaren fortalde oss kva vi såg. Dei eldste bygningsrestane var frå då islam erobra Marokko. Men med tida endra det første styret seg til å verte meir romsleg, men så kom ei ny bylgje med meir bokstatru og fanatiske krefter. Attende til røtene var kampropet, og når dei fekk makta måtte dei gamle bygningane bort og erstattast av nye. Men tida verka også på dei, etter nokre generasjonar kom nye radikale på bana Bort med det gamle og råtne, attende til dei opphaveleg røtene. Fem, seks slike omskifte såg vi framfor augene vår, restar av av stendig nye omveltingar.


Det er vel det vi ser utfalde seg framfor augene våre i nokre muslimske land i dag, IS i Syria og Irak hadde ropet, no sist høyrer vi det i Afghanistan. Attende til det opphavelege og reine. Vi må fylgje bokstaven sine ord sjølv om nokre må misse livet for si vantru og uislamske livsførsel. Det er bokstaven som råder.

Men er vi er vel ikkje heilt ukjende med den bokstavelege tolkinga av ordet hjå oss heller? IMF-kyrkja si haldning til at berre menn kan ha læreansvar, eller mannlege prestar som ikkje kan ha gudstenestefelleskap med prestar av det andre kjønnet. Meiner dei at Gud har delt ut vit og forstand  i teologien i høgare grad til dei som av naturen er fødde med ein mannleg kjønnslem?  Eg trur ikkje det, noko Paulus og fortel at han både hadde kvinner til kyrkjelydsleiar og sikkert og til forkynnarar. 







tirsdag 27. november 2018

Tynne stader

Eg var på Iona, ei lita øy utanfor vestkysten av Skotland.
Hit kom Columba eingong på 600-talet, landsforvist frå sit heimland på den irske øya i vest. Og her bygde han eit lite klostersamfunn.
Vi var på veg frå den store kyrkja som idag står der Columda sette seg bu, vestover mot Columba si bukt der det er råd å sjå over mot det som idag er det britiske Nord-Irland.

På vegen ned mot stranda fekk eg høyre om noko keltarane snakka om, noko dei kalla for tynne stader.
Stader der skiljet mellom Guds verd og vår er tynnare enn til andre tider, andre stader.
Vi tenkjer oss gjerne Guds himmel som noko langt der oppe ein stad, om ikkje like dramatisk som Artur Ericson syng om i ein song at den er åttehundre tusen lysår herifrå.

Kelterane tenkte seg Guds verd nær, men usynleg for oss menneske.Eg tenkjer nær men i ein annan dimensjon, som bak ein usynleg vegg. Stengd for oss, men ikkje for Gud. Og av og til kan vi menneske oppleve at denne veggen opnar seg. At den vert tynn.
Eg trur mange kan fortelje om sine møte med Guds verd på deira tynne stader.


Og går vi til Bibelen sine fortellingar så er dei ikkje få fortellingane om dei som fekk oppleve sine tynne stader. Som Moses og Jakob, og mange fleire utover i den hebraiske Bibelen. Alle profetane har fortellingar om sine møte. Og kjem vi til Jesus, så er dei tynne stadane sine møtepunkt fleire, Frå Maria som får vitjing, hyrdingane på Betlehemsmarka, Josef , læresveinane på fjellet, og Jesus i Getsemanehagen, som er motivet her, henta frå meditasjonsvegen i Montserrat.


Sjølv opplevde eg det her, ved alterringen i den halvmørke Alle nasjonars kyrkje i Getsemane.
Eg trur, om menneska ville fortelje, så hadde vi fått mange, mange fortellingar om den enkelte sine møte på deira tynne stader.

mandag 21. desember 2015

Les eg rett?

Eg ser i fleire nettaviser at Normisjon sin bibelskule på Sørlandet driv cateringverksemd ved sida av skulevdrifta, og no har ein av deira kundar meldt frå at dei seier opp si avtale på grunn av skulen sin kristne grunnvoll.
I Johannes openberring les eg om at i dei siste tider må det eit merke til på høgre handa eller panna for å få lov til å kjøpe eller selje. Og det var ikkje Kristus sitt merke.
Og eg undrar meg. Er det det første vesle steget på den vegen eg i dag les om i mange nettaviser?