Viser innlegg med etiketten Familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Familie. Vis alle innlegg
torsdag 14. august 2014
49 år
mandag 24. juni 2013
Heite dagar
Det må erkjennast. Endå eit av mine sterke prinsipp har falle. Denne gongen gjaldt det kva eg skal gjer under ein tur til varmare egne enn våre våte kystar. Å ligge på ei solseng ved eit basseng og berre drage meg meinte eg var heilt usannsynleg kom til å hende. Men no har det hendt. I ei veke har mi kjære og eg vore saman med son, svigerdotter og tre små på bade og solingstur i Tyrkia. Og det vart heite dagar, og varme (og klamme) netter. Når eg vakna om morgonen viste temperaturen 28 grader+, som så steig til 38+ ut på ettermiddagen. Og når det var sol frå klår himmel, og knapt nok eit vinddrag i lufta, då vart min aktivitet avgrensa til å finne skugge, og avkjølingsturar i bassenget med jamne mellomrom. Der var temperaturen trass alt berre 29-30gr+. Jau, eg prøvde stranda og bylgjene i Middelhavet sitt vatn, men det vart mest på solsenga ved "poolen" eg heldt meg. Helst utan å måtte sole meg, om det var råd.
Og det må også erkjennast. Eg naut desse late dagane i fulle drag. I stille ro og fred? Tja, det kan nok diskuterast. Med mengder av barn, og vaksne, i aktiv badeleik i bassenget, var det nok alt anna enn stilt. Lydnivået var så høgt at varsel om innkomande mobilsamtaler nådde ikkje fram til gode øyrer. Og våre tre små gjorde store framsteg i sin omgang med det våte elementet. Dei byrja litt prøvande i det minste bassenget, avanserte oppover til bassenget med vassklia, til dei var klar for det store med sitt yrande liv.
Og når kvelden kom, og vi drog oss attende til husværet, så sat vi i dei varme kveldane på den vesle verandaen, høyrde på sirissane sin musikk frå palmekronene, og såg utover restaurantdelen av hotellet, og det blå bassenget., høyrde på susen av bylgjene mot stranda lenger nede, medan den veksande månen hekk over havet i sør.
Kva har eg så sett av Tyrkia. Ingen ting. Mørkt var det når vi kom, og mørkt var det når vi drog. Berre denne vesle bukta Pascha Bay, omkransa av sine badehotell har eg sett, men her hadde vi gode, om enn heite dagar.
Mi kjære og eg skulle igrunnen gått pilegrim frå Kinn til Selja, men vi måtte avlyse den. I staden vart det varmen i Tyrkia for å sjå om eg klarte å betre helsa mi, og verte kvitt ein trasig hoste.
Varmen gjorde godt, men hosten dukka opp att når eg var attende i vårt kjølegare og våtare klima.
Men endå eit av mine bastante prinsipp har ramla saman. Akk ja, det må vere alderen.
søndag 22. januar 2012
Endeleg snø
Det er laurdag og pappa er fri. Og ute er det endeleg kome snø.
Og då må storebror Isak ut, og pappa vert med.
Pappa rullar store snøballar. Isak prøver kreftene han og, men vert for veik, endå. Men berre vent.
Pappa legg snøball til snøball, og så står snøhesten der. Og ein stolt og glad liten ryttar rid avgarde.
Men veslebror Aron ville ikkje ut i den kalde snøen. Han ville heller sitje ved kjøkenglaset og sjå på.
søndag 27. november 2011
Beste fikse
![]() |
| Kråkenes fyr under uværet "Berit" Biletet henta frå smp.no |
Det var laurdag. Ei vindfull natt hadde gått over i grålys morgon.
Eg sat i godstolen ved døra ut til terassen. Avisa var lagt bort. Der skulle vere ei til denne morgonen, men den hadde nok ekstremværet "Berit" hindra i nå fram til mi postkasse. Nok vind til å vekkje meg av søvnen eit par gonger hadde det vore, men det vert skjeldan det heilt store her inne i fjorden. Då rasa det nok mykje meir ute på kysten, som biletet frå Kråkenes fyr viser.
Eg sit med kaffikoppen min og ser restane av været kvittoppe bylgjene på fjorden, men inne har eg det lunt og godt.
Då høyrer eg døra ute på gangen opnar seg og smell i att.
Eg snur meg for å sjå om kjøkendøra og vil opne seg, men nei det er stillt ute på gangen.
Ombestemte han seg og gjekk opp att til far og bror, guten?
Eg vender meg mot den grålyse morgonen ute igjen, medan eg nyt den varme drikken.
Då går kjøkendøra opp, og inn kjem mi kjære, heller lett nattkledd.
"Er du oppe alt? Så tidleg på morgonen likar ho å nyte sengevarmen enno ei stund.
Ho smiler og viser meg at ho har eit stykke stoff mellom hendene. Kva det er oppfattar eg ikkje i farta, for rett etter henne kjem vesleguten, og han forklarar; "Beste fikse", og så forsvinn dei inn på bakromet, og det vert stillt der inne.
Etter ei stund får nyfikna overhand og eg ruslar etter.
Der ser eg mi kjære ved symaskina, og guten ved sida hennar. Han strekkjer seg opp på tå for å få med seg alt ho gjer.
Over symaskinarma er det komen ein sokk, og no driv ho og let nåla fara att og fram over sokken.
"Beste fikse" forklarar guten, då eg nyfiken spør kva dei driv med, men det er knapt han har tid å snu seg mot meg når han forklarar.
Etter ei stund kjem dei to ut att, og no er det han som stolt ber sokken i hendene, og dei forsvinn ut kjøkendøra att. Han opp trappa til far og bror, og ho attende til senga enno ei lita stund.
Når ho seinare kjem påkledd attende forklarar ho at det var faren, vår son sin sokk som hadde eit hol.
"Å var det han som sende sonen ned," tenkjer eg. Men seint på kveld får eg høyre sanninga. Det var vesleguten som hadde sett holet i faren sin sokk og teke tak i den for å dra den av. Og så skunda seg mot kjellardøra med orda; "Beste fikse".
fredag 30. september 2011
Haustgule blad
Mi kjære og eg er så heldige at no når vi er komne inn i det haustgule blad sin alder, så har vi, etter som åra har gått, fått har ei stor familie. Noko som gjer at det vert nokre årmålsdagar å kome i hug.
Og sjølv om eg ikkje alltid er heilt oppdatert på når desse viktige datoane er der, så har eg ei ved sida mi som hjelper meg å hugse.
I dette månadskifte har vi heile fire årmålsdagar i løpet av ei veke.
Sist mandag vart Einar 10 år. I dag er Isak 3 år, og i morgon er det Helga sin tur med sin 5 årsdag. Og dagen etter er det vår eldste dotter, Einar og Helga si mor, som fyller år.
Og på toppen av det heile fekk vi igår vite at vårt tolvte barnebarn som kjem til jul, vert ei lita jente.
Vi gled oss, og vonar at med Guds velsigning over den vesle, så kjem ho til verda både velskapt og frisk.. Til glede for foreldre, syskjen og oss besteforeldre.
Det er ikkje så verst å vere inne i dei haustgule blad si tid.
onsdag 4. august 2010
Til Leitet, og litt til.
Trass i at både Storm og Yr hadde lova gråvær, så kika sola fram i dag.
Og då lokka vår Sogne-familie meg med på ein tur til Leitet.
Mor i familien ville gjerne vise sine to born, også den delen av sitt barndoms rike.
Og for dei to minste var det både ein spennande og uvant tur opp stien mellom all storsteinen.
I deira heimetrakter er det andre stiar i furuskogslende.
Men om det var uvande stiar for dei, var det nok likevel gamlefar som sleit mest opp Leitebakken. Men også han kom vel opp på Leitet.
Det vart ei lita utviding av turoppsettet. Fram dalen til vi kom ned til elva.
Der freista det med å prøve elva. Først vassing over den. Men det er ikkje alltid like enkelt å gå på runde og glatte steinar, så under returen vart vassinga utvida til bading.
Men det var visst inga varm glede.
Det er alltid lettare å gå ned enn opp. Men i dag måtte ein syne varsemd med kvar føtene vart sett ned. Stien og steinane var fuktige og sleipe etter regnet tidlegare, så det var fort gjort å gå overende. Noko den eldste fekk erfare eit par gongar.
Men med tolmod, og rikelege stogg for lokkande blåbær ved stien, kom vi godt ned att.
lørdag 24. juli 2010
Lurivar
Etter dagar med regn, vakna vi til sommarblå himmel. Og sjølv om natta hadde vore kjøleg, kom sommarvarmen utover formiddagen.
Vi har Romsdalsbesøk i huset, og for å aktivisere dei minste, vart det eit tur til Ivar Åsen tunet.
Her var det Lurivar, tunkatten som drog.
Etter at han med eit var borte, vart det ein liten rundtur på tunet, før vi sette kursen opp gjennom skogen. Opp til toppen av åsen og utsynet frå Høgetua.
Stien var litt våt etter regnet, men vi kom nokolunde tørrskodde både opp og ned. Litt blåbærplukking vart det og høve til langs stien.
Og attende på tunet vart det is til heile flokken.
lørdag 9. januar 2010
Eg skal hjelpe, eg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
