Etter ein vinter som vi førebels har sett lite til, forlet vi heimegrenda og sette kursen mot sydlegare egne for ei veke. Og medan dei her heime fekk ei veke med klårvær og litt lavare temperaturar, fekk vi syndenfararane både sol og regn, men med lite høve til bading av bleike kroppar i varme solstrålar og vatn. Temperaturen låg der den er på lavgir i vår heimlege summar. 13-18 grader +
Men hyggeleg var det å vere gjestar i Calahonda, Nokre toppturar, byvandring, kafeliv, strandvandring, kyrkjebesøk og litt øving i det spanske målet.
Dei første dagane då det var klårvær og sol såg vi både Gibraltar og fjella i Marokko stige opp overfjorden i det fjerne. ( Det er vel Middelhavet det heiter, men hjå meg vart det omtala som fjorden) Det var litt moro å sjå det for denne karen.
I slutten av veka var det heller gråvær og regn, og då vart ikkje sikta den same, men slik ser det ut i ein turistmagnet på Solkysten. Store busetnadaer heilt til topps på åsane bak kyststripa,
Men hyggelege dagar går fort, og no er vi attende i vår milde og snølause vinter.
Viser innlegg med etiketten Spania. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Spania. Vis alle innlegg
onsdag 15. februar 2017
tirsdag 6. mars 2012
Mot sør
I morgon går ferda mot sør att.
For å møte våren der, men det er ikkje viktigaste grunnen.
Det er Andalusia som lokkar og dreg, og når høvet baud seg, så må ein berre gripe sjangsen.
Som kartet syner er Andalusia sydlegaste landsdelen av Spania.
Namnet vart sett av maurarane som kalla det Al-Andalus, som igjen tyder vandalane sitt land.
Vandalane var ei germansk folkestamme som erobra Spania då romarriket fall saman på 500-talet. Maurarane kom over frå Afrika i 711 og la Spania under muslimsk herredøme. Berre nokre små kongedøme heilt nord i Spania greidde å halde seg undan. Og der, i Castilla og Leon, byrja kampen mot det muslimske herredømet på 1000-talet.
Det var emiratet i Granada som varde lengst, men i 1492 fall også det, og muslimane vart drevne ut, over til Afrika igjen. Men dei hadde herredømet i Andalusia i nær på 800 år, før spaniarane igjen hadde kontroll over heile landet. Derfor er det i Andalusia framleis mykje att av den rike mauriske kulturen. Særleg i byane.
Det skal verte spanande å sjå og oppleve denne spanske landsdelen. Om det berre er for sju korte dagar.

søndag 18. september 2011
Capilla de San Olav
Nokre mil nord for Madrid, inne mellom Oca-fjella, ligg den vesle byen Covarrubias.
Ein vakker by der sentrum er prega av gamle bygningar, og ei stor klosterkyrkje.

For eit år sidan kom vi frå Burgos i nord, for å vitje staden der kong Håkon Håkonson si dotter Kristina ligg gravlagd.
Sarkofaget hennar står inne i klosterhagen,
Ho vart gift med den spanske prins Don Felipe i 1258 i kongebyen Valladolid, og dei busette seg i Sevilla.
Men Kristina fekk ikkje så mange år. Ho døydde barnlaus alt i 1262, berre 28 år gamal.
Don Felipe let henne frakte nordover til Covarrubias der han la henne til kvile i klosteret som han hadde ei sterk tilknyting til.
Han hadde vore utpeika til å verte biskop og prior der.
Kristina hadde eit ynskje om at det skulle reisast eit kapell til Heilag Olav si ære i Spania.
I dag, 749 år etter at ho døydde, vert kapellet vigsla der det er reist inne mellom åsane ved byen Covarrubias.
Der skulle eg gjerne vore tilstades, men eg får greie meg med å vere der i tankane.
Ein vakker by der sentrum er prega av gamle bygningar, og ei stor klosterkyrkje.

For eit år sidan kom vi frå Burgos i nord, for å vitje staden der kong Håkon Håkonson si dotter Kristina ligg gravlagd.
Sarkofaget hennar står inne i klosterhagen,
Ho vart gift med den spanske prins Don Felipe i 1258 i kongebyen Valladolid, og dei busette seg i Sevilla.
Men Kristina fekk ikkje så mange år. Ho døydde barnlaus alt i 1262, berre 28 år gamal.
Don Felipe let henne frakte nordover til Covarrubias der han la henne til kvile i klosteret som han hadde ei sterk tilknyting til.
Han hadde vore utpeika til å verte biskop og prior der.
I dag, 749 år etter at ho døydde, vert kapellet vigsla der det er reist inne mellom åsane ved byen Covarrubias.
Der skulle eg gjerne vore tilstades, men eg får greie meg med å vere der i tankane.
lørdag 6. november 2010
Costa del Sol (2)
Så har eg prøvt det.
Å dukke min lekam ned i det blå Middelhavet.
Merkeleg.
Det kjendest akkurat ut som fjorden heime.
Berre nokre grader varmare.
Men det var langt å vasse utover før det vart så djupt at eg tykte eg kunne legge meg framover utan at botnen møtte kne og hender.
Men, avslappande var det å vere der på stranda.
Setje seg ned og la augene gøyme seg bak mørke solbriller, medan blikket fekk kvile på havet framfor meg.
Samstundes som andre solbadane menneske, med svært ulike kroppsformer, gjekk forbi i synsfeltet mitt på stranda, innanfor dei svake bårene som braut framover sanden.
Somme sakte ruslande, andre i raskare trav.
Og på sidene mine, det er mest som eg ikkje torer skrive det utan å verte blyg, solbadande, fagre kvinner med minimalt med tekstilar på seg.
Kvar skal ein stakkar vende blikket, tru?
Og langt borte under skyene, nesten heilt gøymt i soldisen, kunne eg skimte ein fjelltopp reise seg. Og endå lenger til venstre, så svakt att det stundom vart heilt borte, reiste endå eit fjell seg i disen.
Det var Europa og Afrika som så svakt synte seg der dei er nærast kvarandre, med vikingane sitt Norvasund i mellom.
Siste kvelden tok våre vertar oss med opp i fjella til ein liten landsby.
Mijas Pueblo heitte den, og likna ein liten, kvit arabarlandsby der han låg i kveldssola.
Vi var ikkje åleine der. Det var nesten uråd å finne parkeringsplass, og dei trange handelsgatene var fulle av folk. Sjølv om det var langt på kveld, og forretningane var i ferd med å avslutte dagen.
Eg fall for denne vesle salgsvogna.
Eg trur eg måtte leita lenge heime for å finne nokon som reklamerte så åpenlyst for si tru som eigaren av denne.
I ein bergknatt hadde ein einebuar hogge ut ein bustad for seg, og eit lite kapell.
Bustaden var omgjord til turistkontor, men kapellet låg der, opplyst og ope for alle.
Sola gjekk ned medan vi var der, og tussmørkret kom sigande over havet, med Torreblanca og Fuengirola nedanfor oss.
Mijas
Mijas sitt flagg
Costa del Sol (1)
Etter bussturen tvers over Spania, frå nord til syd, er vi der - på solkysten.
Vi var invitert av medvandrar Reidun og hennar make Ottar, til å vere nokre dagar hos dei i den norske kolonien Elvira i Marbella på Costa del Sol.
Og det hadde vi takka ja til.
Det var ikkje så langt frå deira husvære til sjømannskyrkja El Campanario i Calahonda, så på søndagen var vi der til gudsteneste. Då deltok og eit kyrkjekor frå Fredrikstad med song. Men først var det grillmat å få kjøpt i kyrkja sitt atrium.
På onsdag kveld var vi attende til ein konsert med "Dei tre pianistane". Den eldste av dei var 87 år gamal.
Dei spela kvar sin musikkstil; klassisk, jazzinspiret og pubmusikk til fullt atrium og stor stemning.
Det kom visst uventa mange på konserten, så damene som skulle steike vafler til alle, hadde eit storarbeid med å greie å steike nok av dei brune vaffelhjerta.
Ein tur innom gamlebyen i Marbello vart det og tid til, og det kan vere litt av kvart å sjå når ein ruslar gatelangs.
Å vitje kyrkja høyrer alltid med for meg. Slik også her i Marbella.
Ikkje det mest prangande byggverket utanfrå, men der var eit lite og koseleg torg framfor den.
Og inne var nokre kvinner i full gang med å pynte alteret. Skikkelsane på alteret var flott kledde i vakre kle. Men ho på golvet framfor, såg ut for å lengt ut til sola og leiken med andre born.
På ei tavle ved kyrkjedøra vart det synt til alle dei i eldre tid som hadde vore her, nokre av dei også som herrar over byen.
Men i dag var det andre folkegrupper som sette sitt preg på byen. Mellom dei fann vi og "noruegas".
Lenger vest i Marbella kommune, nærare Gibraltar, ligg ein liten by som heiter Puerto Banús, og der er det ei stor hamn for småbåtar.
Vel, vel - kor små dei er kjem vel litt an på augene som ser.
Marbella
Marbella sitt flaggfredag 5. november 2010
Almudena Cathedral.
Så har eg reist med buss tvers over Spania, frå nord til sør.
Ei reise eg gjorde på to dagar saman med mi kjære Bodil og Reidun.
Det var ei fasinerande reise å sjå det skiftande landskapet, med sine høge og til tider kvasse fjell, og dei store høgslettene mellom fjellkjedene.
Eit land med store kontrastar. Ikkje venta eg å sjå restar av vintersnø på dei høgste toppane i Sierra Nevada, heilt nede mot Middelhavet sine strender.
Eg har hatt mange bilete frå gamle kyrkjer og katedralar i fortellingane frå pilegrimsvandringa vår.
I Madrid fann og ein stor katedral, men den er nokså ny.
Bygginga starta i 1879 og vart avslutta i 1993.

Det er Santa María la Real de La Almudena Cathedral

Eit vakkert smykke av ei kyrkje.

Rett ved det kongelege slott.
Madrid
Madrid sitt flagg

tirsdag 2. november 2010
Santo Domingo de Silas 23.september (3)
Besøket i Covarrubias er over, men det er enno lenge til munkane syng. Derfor tek ho oss med til ei fjellkløft i eit naturreservat.
Og vi med så mange fjellkløfter heime, let oss imponere.
Trang og djup som Yecla-kløfta er. Det er bygt ein gangveg gjennom kløfta. I botnen renn elva, og høgt over oss, oppe på toppane sit gribbane og speidar etter eit måltid.
Det er ikkje langt frå Yecla til Santo Domingo de Silas og munkane, men så viser det seg at vi har ekstra god tid på oss. Dei syng først vesper kl.19.00.
Men Carmen vil gjerne vise oss meir enn berre kyrkja, så ho tek oss med på ein rundtur i klostermuseet.
Mellom alt ho synte oss, var og det store alkymiromet, der munkane laga medisin av naturen sine produkt.
Så no veit vi ein heil del om korleis munkane her, dei var tidleg ute, dreiv storproduksjon av mange typer medisin.
Men som sagt, vi fekk ein time meir i Santo Domingo de Silas enn forventa, og sidan det er klosteret og kyrkja som er staden, så var det berre å finne seg ein liten bar, kjøpe seg ein kaffi og litt snop, og setje seg for å la tida gå.
Det vart litt kjøleg etter kvart, så vi gjekk inn i kyrkja og fann og plassar i god tid. Vi var nokså åleine i starten, men før munkane kom inn, var kyrkja mest fullsett.
Så byrja vesper. Og det var for det meste gregroiansk song.
Munkane sat og song mot kvarandre i koret, og det var kanskje årsaka til at det vart litt for spinkel lyd for mine øyre. Men kanskje var mine forventingar for høge også. Ein CD og Live framføring er ikkje det same.
Mot slutten viste det seg at på benken bak oss sat Carmen, og ho drog oss med til munkane si avslutting i eit sidekapell, og så ut til bilen etterpå.
Ute var det vorte mørke kvelden medan vi var inne i kyrkja. Så det var ikkje mykje å sjå på vegen attende, men vi skjøna at Carmen tok ein annan veg denne gongen.
Og ho hadde meir ho ville vise oss, for då vi nærma oss motorvegen attende til Burgos, tok ho av inn i ein ny by.
Det var Lerma, og her køyrde ho inn til det store torget midt i byen. Der ville ho syne oss byen sitt Parador-hotell, og fortelje soga om husa ved torget.
Det var kongens nestkomanderande, hertugen som heldt til her. Men kongen var ofte på besøk, og då budde han i ei sidebygning ved torget. Mellom dei to bygningane var det bygd ei bru slik at ingen trong å gå ut for å vitje kvarandre.
Det var berre det at kongen og hertugen si kone fekk eit godt auge til kvarandre, og brua vart mykje nytta.
Dette fann ikkje hertugen seg i. Men diverre var han den svake part i spelet, så han miste hovudet og kongen tok frua, og brua vart reven for å ungå fleire uønska vandringar over den.
Dagen etter, på veg mot Madrid, ser vi Lerma sine tårn teikne seg mot morgonhimmelen.
6 timar etter at vi starta var vi attende ved utgangspunktet i Burgos, og kunne ta eit hjarteleg farvel med, og takke ei smilande Carmen for ein flott tur.
Ho er med dette anbefalt, om nokon skulle kome til Burgos og ynskje seg ei lita utflukt ut om byen sine grenser.
Og med denne uniformerte sitt stoppsignal, set eg punktum for fortellingane frå pilegrimsvandringa langs Camino Frances i 2010, med tillegg av ekskurset sørover i inn i fjella.
Lerma
Abonner på:
Innlegg (Atom)