Viser innlegg med etiketten Vandrartankar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vandrartankar. Vis alle innlegg

tirsdag 20. november 2018

Morgonen gryr


For meg har morgonane hatt ein eigen plass i livet mitt. Eg har alltid sett med forventing fram til at natta går mot sine ende og lyset svakt byrjar å farge austhimmelen.
I den stunda stig vona opp i meg;
Kjem han denne morgonen? 
Er dette morgonen då Lyset frå Guds verd skal bryte inn som lynet over den mørke nattehimmelen og fortelje at no, no er ventetida over. No kjem han igjen slik han lova at han ein dag skulle gjere då han drog.
Men enno har det berre vore  sola som har runne over fjella der aust. Han har eg måtta vente på  i tallause dagar og netter.

Eg hugsar første gongen eg møtte han.  Då han såg meg i flokken rundt seg og sa. Tomas, kom og fylg meg.
Kvar kjende han meg ifrå? 
Men det var ei slik kraft og varme i orda hans at eg ikkje hadde noko val. Eg måtte berre gi meg i lag med dei andre som gjekk saman med han.

Det var mest i Gallilea at han heldt seg, men tre gonger feira vi påskefesten i Jerusalem, 
Eg skulle vel heller sagt; skulle vi ha feira, for den tredje gongen vart det ingen fest, heller det motsette. For då dagen for det usyrde brødet rann var han alt død. Fanga, hudfletta  og dømd til døden på ein kross.
Og medan han hang der, naken og spikra til krossen,  gøymde eg meg i redsle for sjølv å verte teken og dømd. Berre mor hans, Maria og Johannes stod der ved krossen då han anda ut og døydde. Kanskje var det og nokre andre av kvinnene der, av dei som hadde vore i fylgjet hans. Men vi mennene  sveik og rømde unna.

Sidan han døydde før sabbaten var inne, gjekk ein av dei som høyrde tempeleliten til, Josef som var frå Arimatea,  til landshøvdingen Pilatus og spurde om lov til å ta han ned frå krossen, Og det fekk han løyve til. 
Nokre av oss var der då vi løyste han frå krossen og la han ned på berget.
Kvinnene hadde teke med seg salve som dei  smurde han med før vi la han i gravkledet, og knytte duken om hovudet hans.
Josef hadde ei tom grav i hagen like ved. Der la vi han og rulla steinen for opninga.
Men prestane i tempelet var ikkje trygge for at han ikkje vart fjerna i mørkret, så dei fekk grava forsegla, og sett vaktmenn til å vakte den.

Det var ei tung påskehelg i Jerusalem for oss som hadde vore saman med han. Eg søkte meg husrom borte frå dei andre i påskehelga,for å vere åleine med mi sorg. Seinare fekk eg høyre frå dei andre at  då sabbaten var over  og kveldsmørkret kom gjekk nokre av kvinnene avstad og kjøpte salvar for å kunne gjere ei grundigare salving av lekamen hans.  Og når morgonen kom var dei alt på veg til grava, men kom oppøste attende for steinen var velta frå og grava var tom. 
Peter og Johannes hadde då sprunge til grava og funne den slik kvinnene hadde fortalt. Berre likkleda låg der, og dei hadde dei samla med seg då dei forlet den tome grava.
Då eg noke dagar seinare møtte dei, kunne dei  fortelje om at dei hadde møtt han. Levande hadde han brått stått midt i mellom dei.
Det trur eg  ikkje noko på, hadde eg svara, og sagt at eg trong handfaste bevis på at det verkeleg var han. Han, levande att? Eg hadde då sjølv vore med og teke han død ned frå krossen og lagt han i grava.

 Åtte dagar  etter var eg i lag med dei, bak stengde dører. Brått stod der ein mann mellom oss i kvite klede.  Vi stokk forstøkte attende for det uventa.
 ”Ver ikkje redde, eg kjem med fred”, sa han før han vende seg til meg, rette fram hendene sine og sa: ”Kom med fingeren din og legg den i såra etter naglane, Og sjå her er såret i sida mi etter spydet dei stakk inn”.
Nær i sjokk fall eg på kne framfor han, med panna mi på steingolvet.  Kva eg sa hugsar eg ikkje, men med eit kjende eg handa hans på meg og høyrde at han be meg reise meg.
 ”Tomas,” sa han, ”ver ikkje vantru men truande”. Igjen fall eg på kne framfor han og sa; ”Min Herre og min Gud”.  Kvar eg fekk orda frå veit eg ikkje, men frå då av låg vegen min vidare  i hans hand.

Vi  var saman med han den siste dagen. Oppe på fjellet.
”Gå” , sa han, ”gå og fortel om meg og orda mine. Gå”.  Så lyfte han hendene velsignande over oss og  ei sky  tok han bort frå augene våre. Sidan har eg gått og fortalt om han. Heile tida mot aust, stadig lenger mot aust.
Inn i Syria, vidare gjennom Persia, og hit eg no  er,  langt syd i India. Og heile tida har eg forkynt Ordet om han som synte meg sine sårmerka hender, den dagen i Jerusalem, og menneske har kome til tru på den oppstadne.

Men no er min dag komen, no kjem eg  ikkje lenger.
Han kom ikkje denne morgonen heller, men denne morgonen er det eg som skal gå til møtes med han i den evige heimen, der bak skyene ein stad.  Snart kjem dei og hentar meg ut av fangehola, Ut på den opne plassen. Der skal eg bindast fast til pålen dei har reist for meg. 
Og så, i det sola renn,  vil bogeskytarane rette sine spente bogar mot meg.

Skyene opnar seg


I går lova YR oss sol og klårver, men heile dagen låg skodda over bygda. Men no, i dag, når det leid til middagstid opna skyene seg over fjella i aust, og skyene byrja dra seg bort, og skodda svann bort for solvarmen.

Ein morgon. Ein underleg morgon skal skyene som skil oss frå Guds verd opne seg, og skodda svinne bort for lyset og varmen der i frå.
Det vert ein underleg morgon, den åttande skapingsdagen då Gud stig inn i vår verd og nyskaper vår jord.
Johannes fortel om den morgonen:
Då, når, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vere hans folk, og Gud sjølv skal vere  hjå dei.
Han skal turke kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vere meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var er borte.
Då seier han som sit på kongsstolen; "Sjå eg gjer alle ting nye!"

mandag 19. november 2018

Her er ikkje mann eller kvinne

P.Hansen ; Høstfolk

Paulus er litt dubbel i synet på mann og kvinne, tykkjer eg.
Ein stad seier han at kvinnene skal underordne seg mannen, og teie i forsamlinga, for så å sei at her er ikkje lenger mann eller kvinne, dei er eit og likeverdige kvarandre. Alle er eit i Kristus.

Går vi til Jesus så hadde han ikkje noko gradering av mann og kvinne, hjå han var dei jambyrdingar.
Det var ikkje berre menn i hans fylgje, kvinnene var og sterkt representert, og den første han synte seg for etter oppstoda var ei kvinne.
Og då undrar eg meg på kvifor så mange kristne samfunn så sterkt vektlegg at kvinnene skal underordne seg mannen.
Kvifor må det vere feministar som kjempar for retten til likeverd?

Den første tida sine teologar gjekk bort frå det patriarkalske synet som rådde på den tida, og hevda likeverdet mellom mann og kvinne.

" Kvinna har same andelege verdet som mannen. Begge har same Gud, same lærar, same Kyrkje. Dei pustar, ser, høyrer, veit, vonar og elskar på same vis. Dei har det same livet, nåden og frelsa, og er kalla til å leve på same vis." skriv Klemens av Aleksandria.

"Den Heilage Skrifta set ikkje mannen opp mot kvinna etter deira kjønn. Framfor Gud er kjønnsskilnaden ingenting." skriv Origenes.

" Kvinnene er Guds avbilde på same måten som mannen. Begge kjønna er like verdfulle. Dei er like i dygd , og like i strev. Skulle ein mann kunne tevle med ei kvinne som lever sitt liv med kraft og overtyding?" spør Gregorius av Nyssa.

Og ein annan kallar kvinnene som kom til grava for Apostlane sine apostlar.

Kva tid var det at dette spora av og kyrkja igjen enda opp i det patriarkalske?
Når Gud ikkje skil mellom mann og kvinne,er det då ikkje på tide at vi igjen set likeverdet i høgsetet i kyrkja / kyrkjene?

torsdag 26. april 2018

Ut å gå igjen?

Det er noko med å vere vandrar som er vanskelg å få ut av blodet når ein først har prøvd det.
Og vi har prøvt det nokre gongar.
Første forsøk var i Valdres, men så flytta vi oss sørover, til Frankrike der vi byrja å gå frå Le Puy en  Velay. Sørvestover til Pyreneane og over grensa til Spania. Og så vidare vestover til Santiago de Compostela. 6 år brukte vi på den vandringa. Seinare har vi vandra den spanske St.Olavsvegen sørover frå Burgos til Covarrubias, og to gonger Camino Ingles sørover frå Ferrol til Santiago. Siste gongen hadde eg før vandringa drege på meg ei ryggskade som som sette meg noko attende fysisk. Då trudde eg at dette var nok siste gongen.
Men ein gong vandrar, alltid vandrar?
I alle fall har vi smått byrja tenke på ei ny vandring i nord-Spania. No er det Camino Primitivo vi har i tankane., og det er inga flat vandring. På den vegen er det mange bakkar å kome opp, for ikkje å snakke om ned. Det fekk eg erfare siste året på Camino Frances, då eg gjekk overende på stien og kom haltande fram til Santiago.


Kvifor den caminoen?
Det er Oviedo som er startbyen, og i ei kyrkje der har dei oppbevart ein gamal ansiktsklut, eit sudarium, so seiest å vere den ansiktskluten som dei la over ansiktet til den døde Jesus for å samle opp blodet som rann der. Den som låg låg samanrulla for seg sjølv på gravbenken då Peter og Johannes kom inn i grava påskemorgonen.Den vert synt fram i kyrkja ein av dagane i september, og den har vi lyst å sjå. Derfor vert starten på vandringa i Oviedo, så får vi sjå etter kvart kor lang vi kjem. Om vi kjem heilt til Lugo som tanken er.
No er det berre å gå igang med intensiv trening for føter og rygg!
Så får vi sjå når september er her.

lørdag 19. mars 2016

Snart over sletta (7)

Det er dagar seinare. Bak han ligg den store byen på sletta, med sine travle gater, sin store katedral, torg og barar. No er han ute på gulbrune, støvete vegar att. Ut på ettermiddagen ser han det. Der langt i vest dukkar det opp ei ujamn blågrå stripe over den grøne horisonten. Det er ei rad med fjell der vest under den høge blå himmelen.


Så går den store sletta mot sin ende, men alt no har den vorte meir ujamn. Ikkje så flat lenger. I neste by er det over. Frå då ventar bakkane opp mot det første fjellet, og på vestsida er landskapet annleis. Der er det skogkledde lier og dalar som vil  møte han. Der slår havet sin verknad inn med kjølegare luft og meir nedbør.  Og når fjella ligg bak han, og landskapet har lagt dalar og åsar bak seg, og søkk i høgde ned mot havet, då ventar byen med den store kyrkja over apostelen Jakob si grav.

Kva ventar han seg der når hans vandring er over? Han veit ikkje. Lenge har har han vore undervegs, og enno er der tusenvis av steg att før han er framme. Alle dagane etter vegen har merka han. Ikkje så mykje på kroppen,  sjølv om han har vorte sterkare av børa på ryggen og alle dei tusenvis av steg. Men alt han har opplevd under vandringa har merka han meir. Alle dei vakre kyrkjene, landskapet han har vandra gjennom, menneska han møtte, alle timane åleine med sine eigne tankar, prestar sine velsignande hender på hovudet til ein einsam vandrar. Alt har sett sitt merke i han, merke som han vil bære med seg lenge etter at vandringa er over.

Jakob si grav i den store kyrkje der framme ved enden av vandringa?
Han er ikkje særleg oppteken av den. Det vil nok verte interessant å oppleve den og folkelivet der, men han har ikkje den religiøse fascinasjonen for legenda som gav opphavet til vandringane. Den som han er ein del av med si eiga vandring. Men, det får vente. Først må han gå ferdig den lange og vide sletta, og så kome seg over dei to fjella som ventar der framme.


Eg har skrive, men kva har eg skriv om, og kvifor? 
Om ein vandrar på veg mot Jakob si grav vest i Spania, og slik han opplevde denne eine dagen på mesetaen, den vide spanske høgsletta. Med dei tankane og refleksjonane som dukkar opp der han går i eit landskap med ei gamal og mangfaldig soge. Vandraren er ikkje eg, men det er vel ikkje til kome forbi at mi eiga vandring på vegen, saman med mine medvandrarar, har sett sine  merke i meg, Og desse mine eigne minne frå mi vandring er nok med i bakgrunnen for denne einsame vandrararen sine opplevingar og tankar denne dagen, desse par mil etter vegen mellom morgon og kveld..
Kanskje har og ei dragning hjå meg attende til vegen ein gong, vore med på å forma orda mine om denne vandraren sin dag under den vide himmelen på mesetaen.
Kvifor eg valde høgsletta for denne vandraren sin dag?
Kanskje fordi mange opplever den som lang og slitsom med si endelause flate. Som ein frå andre sida av havet nok kjente på det då han kom og gratulerte oss med å ha overlevd. Sjølv opplevde eg vandringa over sletta som gode dagar med tid til ro og tankeflukt, sjølv om der var lite skugge å finne for den varme sola.
Og då let eg vandraren halde fram mot Santiago i fred for meg.

torsdag 17. mars 2016

Dagen hallar (6)

Hans mørke vandringsven er komen bak han no der han står oppe på ein bakkeskrent, over den flate vidda framfor han. Sola har vandra rundt han gjennom dagen, frå då ho om morgonen var bak han, til ho i middagstida stod rett i sør, og no når dagen halla mot kveld hadde han sola rett i mot. Og skuggen, hans mørke medvandrar, hadde vandra saman med sola, lang og tynn framfor han om morgonen, kort og tjukk  ved middagsleite, for så strekke seg i lengde og verte tynn att att etter kvart som den glei bak han på vegen. Vandringsdagen er snart over om det enno er timar att før sola glader ned over vidda langt ute i vest.

Der han står oppe på skrenten ser han at store maskiner har skore seg ned i den sandfulle skrenten for å gjere bilvegen mindre bratt ned mot sletta. Dit ned skal han og, for der nede, noko lenger, framme ligg der ein liten landsby med hus av stampa og soltørka jord. Der skal det vere husvære for vandrarar som han, og der vonar han å få seg nattely.
Han står enno ei stund oppe på skrenten og tek inn synet av den vide og flate vidda vestover. Den er delt opp i mangfarga flater alt etter kva som vert dyrka på flatene, og han ser små landsbyar ligge spreidt utover den store vidda. Der ein stad går vegen hans i morgon, men no er det husvære , mat og seng det står om. Han kryssar ned gjennom sandbakken, ned til vegen. Og om litt dukkar landsbyen opp, noko lenger framme og litt til sides for bilvegen. Ei lita klynge med hus ved ein eldre bygdeveg, og ei brungrå kyrkje bak husa.

Skiltet utanfor husveggen fortel at her er det husly å få. Han trekkjer forhenget til sides og stig inn, helsar og spør om dei har ei ledig seng for han. Jau, det let seg ordne, og han leitar fram vandringspasset. Verten bak disken fører han inn i prokollen og stemplar passet. Han tingar varm mat til seinare på kvelden, og frukost neste morgon, leiter opp ein seddel og betalar. Så vert han beden om å fylgje vidare inn i huset. Han vert synt kvar han finn bad, toalett og vaskerom, før han vert førd til sovesalen. Der finn han seg ei ledig underkøye, takkar for hjelpa, dreg fram soveposen og strekker den ut på senga og legg hatten opp på. Set sekk og stav ved fotenden. Så snur han seg og ser seg rundt. Han er åleine her inne, men dei fleste sengene er alt opptekne ser han, men enno er der plas for nokre vandrar til. Han dukkar ned i sekken og finn fram såpe og tørkeklut, og kle til å skifte ut vandringskleda med noko anna no når han skal roe ned i samvær med andre vandrarar. Leiter opp badromet, ventar til ein dusj er ledig og går inn, og snart strøymer det varmt vatten ned over han.

Han ruslar ein tur gjennom landsbyen i ettermiddagssola. Det er ikkje så mykje å sjå. I utkanten ved bilvegen ligg der nokre meir moderne hus med ein liten park attmed, men elles er landsbyen prega av dei eldre, lave, brungrå husa. Kyrkja prøver han seg ikkje på, går istaden inn att. Kjøper seg ei boks med mineralvatn og ruslar ut i bakhagen. Finn seg ein stol, set seg, strekker ut føtene og let kveldssola varme sjel og kropp..

Sola har sige under horisonten og lete etter seg ei gyllent lys på kveldshimmelen i vest  då han høyrer ei klokke ringe inne i huset. Og dei som sit i bakhagen reiser seg og går for å finne seg plass ved borda i matsalen. Det er tid for dagen sitt varme måltid. Ein bolle med salat først, så ein varmrett og til slutt ei skål karamellpudding. Han kjennner rutina frå alle tidlegare kveldar etter vegen. Variasjonane er ikkje så store, men det er rikelege porsjonar for vandrarar som har gått langt gjennom dagen.
Då måltidet er ferdig har det vorte mørkt ute, berre nokre få gatelys kastar ein liten lyskrets i sin nærleik i gata, så han går til romet og legg seg på senga og strekkjer seg ut ei stund før det er tid for kveldsstellet på badromet.
Der er det fleire no, så han må vente ei stund før toalett og vask vert ledige, men det er ingen ting som hastar. Det er berre å kome seg i soveposen som står att av dagen.

Han vert liggande å høyre på dei ulike måla rundt seg, nokre skjønar han litt av , hjå andre er orda framande, men han greier å plassere dei fleste ut frå tonefall og nokre få ord. Spansk, fransk, tysk og engelsk er i fleirtal, Og så er det dei tre der borte ved vindauget som ser asiatiske ut, det er vel kanskje koreanarar? Og ved sida hans fører to finske kvinner ei lavmelt samtale. Sjølv vert han ofte teken for vere nederlender på grunn av sitt eige målføre. Kanskje ikkje så rart, undrast han, dei to måla har kanskje noko av same lydane?
Så høyrer han igjen ei klokke ringe. Ein av dei som er nærast lysbrytaren strekkjer seg og sløkkjer lyset- No skal det vere ro på sovesalane.  Han ligg enno ei stund, høyrer varsam kviskring frå ein stad i romet. Sjølv let han tankane vandra gjennom dagen som ligg bak, før dei flyttar seg til hans eigen heim og dei som er der. Men så svinn alt bort, svevnen tek han.

tirsdag 15. mars 2016

Blomar i vegkanten (5)

Det er vår langs vegen der vandrararen går på veg opp frå landsbyen. Han har vore på vandring seinare på året og, om hausten. Då har det vore lite grønt å sjå, berre gulbrune marker etter at viddene med korn har vorte hausta. Då hadde han hatt høve til å ta ei kvil i skuggen av dei meterhøge murane med halm som stundom låg der ved vegen.
Men no  er det vår og kornåkrane står der grøne så langt auge kan sjå.  Og i vegkanten blømer det i gult, blått, kvitt og raudt. Det er dei raude små valmuene som gjer mest av seg. Somme stader dekkjer dei store flater. Men opp bakken frå landsbyen veks det ein vegg av busker på begge sider av vegen, og dei er dekte av gule blomar. Han kjenner ikkje blomane her sør, men tykkjer dei liknar på gyvel. Sikker er han ikkje, men vakkert er det med alle blomane i vegkanten.

Mange slags blomar. Ein underleg tanke dukkar opp hjå han om desse blomane, at like ulike var dei som alle dei folka som har hatt makta her i landet gjennom århundra. Folk som har vandra inn, teke herreveldet over landet, for å ha si tid og så verte borte att då nye folk dukka opp. Dei raude teppa av valmuer minte han om alt blodet som hadde runne på den store sletta i kampen om herredømet.
Han kjem i hug ei tavle han såg i ein by langt lenger sør. Der stod dei oppskrivne alle folkeslaga som hadde teke herredømet der for ei tid. alt frå den første tida langt attende i soga, til dagen sine turiststraumar. Og det var mange  som var opprita.

Det budde eingong eit folk her som vel ingen idag veit kven var, men dei sette sine merke på landet. Men ein dag dukka romarhæren opp og gjorde landet til ein romersk provins i mange hundre år. I deira tid kom kristendomen til landet. Men alle imperie har si tid, og då romarveldet si sol sokk i hav dukka ei germansk folkestamme opp, vendarane eller vandalane som dei kom til å verte kalla. Hundre år fekk dei før ein ny germansk folkestamme dukka opp. Det var visigoterane, eller vestgoterane. Begge folka var kristne, men av arisk trusretning. Som vil sei at for dei var ikkje Kristus Guds son, fødd av Gud, men den første av alle Guds skapningar. Dei skapte eit riket som nådde midt opp i våre dagars Frankrike, medan vandalane sette over havet til Afrika og skapte seg eit rike i Nord-Afrika og på øyane i det vestlege Middelhavet.
På ei samling i Toledo på 600-talet gjekk visigoterane bort frå arianismen til den romersk katolske trua, men ikkje mange år seinare var også deira tid over då maurane kom over stredet som hans landsmenn i gamal tid kalla Nørvasund, og erobra heile riket frå visigoterane. Det var frankerane som til slutt stansa maurane sin framgong sørvest for Paris og byrja å presse dei attende. Men det tok sju hundre år før den siste maurar måtte forlate landet og sigle over til Afrika att. Men etter den katolske sigeren var det ikkje lenger rom i landet for jødisk eller islamsk tru.
Sidan rulla århundra fram med sporadiske angrep frå portugisarar, engelskmenn  og franskmenn,  før folket sjølv braka saman i ein blodig borgarkrig mellom venstre og høgre orienterte krefter i det forrige århundret.

Vakre raude valmuer utover sletta. Fortel dei om alt blodet, alle tårene som har runne her gjennom århundra? Eg burde vel takke for at eg har vakse opp i eit karrigt, steinrikt fjelland langt der opp i nord. Eit land som få har funne verdi i - tenkjer han- og ikkje i eit fruktbart solrikt land langt her sør som det er så mange som har ynskt å ha herredøme over. Men hans forfedre var og her ved desse kystane på røvarferd med sine båtar og sverd, desverre. Det kjenner han inga ære ved.

søndag 13. mars 2016

Rast (4)

Vandraren går ned bakken mot husa der nede. Hans mørke medvandrar er komen opp på sida hans, og har vorte noko kortvoksen sidan morgonen, men så har også sola nådd si middagshøgd. Om litt er han inne  mellom husa, og han ser at ved eit av dei er det sett ut eit par bord og nokre stolar. Der det er ein bar er det råd å få seg noko å drikke, tenkjer han og stig til sides frå vegen og inn i skuggen av huset.
Lyfter av seg sekken og set den ved eit av borda, og set staven ved sida. Den sveitte hatten legg han på bordet. Så lyfter han tilsides forhenget i døra og går inn. Der inne er det kjøleg, Det kjennest nesten kaldt ut for han som kjem inn frå solvarmen ute.  Han ser seg rundt, der sit nokre andre vandrarar ved borda inne. Han helsar og går fram til disken. Smiler til henne bak disken og spør om ein stor kopp med kaffi og ei flaske vatn. Om litt står koppen og flaska framfor han på disken og han grev i lomma etter mynt, betalar, takkar  med eit nytt smil og går ut til bordet i skuggen utanfor.
Han strekkjer ut føtene der han sit. Kjenner at det var godt å setje seg på ein stol og kvile ut etter timar på vegen. Let augene gli over husa langs landsbygata.  På mange av dei er vidaugene dekte av lemmer  for å stenge den varme sola ute. Ved andre sit det eldre kvinner og menn  på stolar utanfor døra, småpratar og nyt varmen.

Opp ein liten bakke i utkanten av husrekkja ligg det ei lita av kyrkje der endeveggen er bygd så høgt opp over taket at der vert plass til å henge eit par klokker.
-Eg skulle sett inn i den, -tenkjer han, -men eg trur eg let det vere.-
Dei fleste kyrkje langs vegen har han erfart har stengde dører, og dei han har vore inne i er like i si utforming. Eit halvskymt rom med nokre få benkerader fram til koret. Det første han har møtt nede ved døra er fatet med vatten til å teikne krossmerket på seg med, og døypefonten i eit hjørne. Framme i koret står alterbordet, og på veggen bak ein krusifiks eller eit helgenbilete. Ingen alterring slik i hans heimekyrkje, for her står presten bak alteret vendt mot kyrkjelyden, og nattverdsgjestene får berre brødet, ståande fremst i skipet. Dei få dråpane med vin forbeheld presten seg.
Han har vore tilstades ved nokre messer i byane langs vegen og har opplevd dei annleis men gode å vere tilstades i, sjølv om orda på framandt mål har gått han forbi. Berre eit og anna ordet har han fatta tydnaden av.

Han kjenner at her kunne han site lenge. Ute på vegen går andre vandrarar forbi utan å stogge på. Dei som sat inne kjem og ut, heiser på seg sekkane og grip om stavane. Han helsar dei god vandring og får svar attende.
Nei, tenkjer han, det er vel på tide å reise på seg. Kaffikoppen er tom og det siste resten av brødet han hadde med seg er komen ned i magen, men først må han finne toalettet. Kvinne bak disken viser han veg. Då han kjem ut att, takkar han for seg og seier adjø.
Så er det på med sekk og hatt, feste grepet om staven og byrje å gå igjen. Han lyfter eine handa og helsar dei eldre ein god dag der han går bortover gata ut av landsbyen, og får svar attende med ynskje om god vandring.                                                   

mandag 7. mars 2016

Det som var, er ikkje lenger. (3)

Sakte kjem vegen han i møte, og vert borte bak han. Den store sletta synest uendeleg, som om han ikkje kjem av flekken sjølv om føtene flyttar seg framover på veggrusen, steg for steg.
Han ser sin mørke vandringsven minke i lengd og flytte seg frå å vere framfor han tidleg på morgonen, til å kome meir og meir opp på sida hans etter som timane går. Det same gjeld sola. Ho er ikkje lenger bak han, men står høgre oppe i sør, og strålane frå den har vorte varmare. Han merkar at skjorta har byrja verte fuktig under sekken på ryggen.
Eg går mot vest heile tida, tenkjer han, og sola flyttar seg frå aust mot sør, og dalar til slutt ned i vest. Det endar vel med at det av kroppen min som ikkje er dekt av skjorte og skjorts vil ha ei brun side, og ei kvit, smiler han for seg sjølv. Som ein yin yan person, ei mørk brun og ei nesten kvit side.

Det er stilt her han går, ingen bilar, berre ein og annan vandrar som kjem opp på sida han  og går forbi, ein vandrar undervegs mot vest som han. Av og til fører vinden med seg lyden av bilar frå lenger nord på sletta. Han ser dei ikkje, men skjønar er der ein stad ligg der ein brei bilveg. Der dreg dei fram dei som brukar timar på å krysse sletta, ikkje dagar og veker som han.
Alt er i endring, tenkjer han, det som var er borte, bytt ut med noko nytt. Sjølv har han bytt bort det nye for ei tid, flytta seg attende til gamal tid då mest alle brukte føtene til å kome seg fram på.

Der er nokre lave dalar på sletta, mest berre som nokre søkk. han ser dei mest ikkje før han står på bakkekanten over dei. Der nede i ly for vinden veks det tre, og der ligg det og ofte ein lita samling av gråbrune hus langs ei smal gate, og ei lita lav kyrkje i same farge. Hus bygda av stampa og
soltørka jord. Her langs vandringsvegen er dei fleste av husa nokonlunde velhaldne, men han minnast ein kveld lenger aust. Ein kveld han måtte gå seg ein tur bortover ein sideveg til nokre hus litt undan vandringsvegen. Han hadde plagast med magen den dagen, og trong å vere åleine i kveldinga. Men då han kom inn mellom husa fekk han sjå at alt er i endring, også langs vegen. Nokre få av husa budde det folk i såg han. Der stod bilar utanfor, og der var leiker i vegkanten som synte at her var det og born. Men der var mange andre hus som hadde byrja si ferd inn i forfallet. Tak hadde falle ned, veggar luta og golv såg ikkje ut for å vere trygge å gå på. Andre hus var det berre ei røys att av, der bjelkar og anna tremateriale stakk opp som beinsplintar frå eit dyrekadaver. Sjølv kyrkja hadde byrja si ferd mot si endelikt. Vindauge og dører var stengde med lemer og det nedsokne taket mangla mange taksteinar. Det var nok lenge sidan det hadde vore ringt inn til gudsteneste der.

Det var med nedstemt sinn han vende om attende til hospitset og nattekvila. Det det gjorde ikkje godt å sjå forfallet og landet si krise så nær vegen han gjekk på. Han minntest eit anna utslag av same krise han hadde støytt på lenger aust. Men då med motsett forteikn. Ein høveleg stor by hadde vegen leidt han gjennom. Ei flunkande ny by med kvite hus, barnehage og skule, der han vandra tvers gjennom byen, uforstyrra midt i den breie hovedgata. På sidene stod husa stod med tome vindauge, og i gatene
var det berre vinden som rådde. Og skilta som fortalde at her var det husvære å kjøpe, eller leige. Men med den økonomiske krisa i landet med familier som vart kasta ut av heimane sine, og stigande arbeidsløyse, var det kanskje ikkje så mange som ville våge seg på å setje seg i stor gjeld. Så kanskje ville forfallet også ein dag byrje å synast i denne flunkande nye byen.

Det dukka opp ei vise i sinnet hans frå hans eige heimland, noko om at folk treng hus, og hus treng folk.
Ville det same skje i heimlandet når oljekjeldene ein dag ikkje var lønsame å drive lenger? Kva slags politikk ville styresmakte då drive ? Ville folket i dei grisgrendte bygdene då måtte flytte til byane, og etterlate hus som vart ståande att tome, til forfallet tok dei, og taket til slutt fall saman over murane?
Alt endrar seg, tenkjer han der han går ned bakken mot den vesle landsbyen der nede. Ingenting varer for alltid, men det er vi menneska som skaper endringane med dei vala vi gjer, og som vi kanskje ikke alltid ser dei langsiktige fylgjene av.




lørdag 27. februar 2016

Eg har levd mellom fjell (2)

Slik må det vere på prærien, tenkjer han der han sit i vegkanten og kviler føtene. Her er det ingen ting å feste augene på, berre ein flat horisont heile vegen rundt, med blå himmel over.

- Fjell? Du saknar då vel ikkje fjella? Du har då vel sett nok av dei, du som har levd under bratte fjell heile livet?
Det er vandringsvenen som bryt inn .
- Du toler då nokre dagar utan fjell? Eller? Minnnest du nokre dagar attende då du sist gjekk over fjell. Dei var høgre dei fjella enn dei du har levd under.

Jau, han mintest. Han mintest den vandringa oppover fjellsida i skodda. Det var ikkje mykje han fekk sjå av utsikt den dagen. Berre vegen nokre få meter framover, og så ein grå vegg av skodde. I tillegg var skodda full av små dråpar med væte. Dette er ikkje mykje å bry seg om, hadde han tenkt. Derfor fekk regncapen ligge urørt i sekken. Men mange nok med små dråpar vert i lengda meir enn nok av væte. Vel framme på andre sida av fjellet, nede i dalen ved hospitset, var han både våt og kald. Det var berre å gå inn under ein varm dusj, og så pakke seg inn i turre klede under teppet på senga til han fekk igjen varmen i kroppen. Slik hadde han byrja på denne vandringa si.
Sidan hadde fjella vike undan og gått over i lave åsar i staden. Men han hadde hatt fjella med i dagar framover, rett nok stadig lavare og lenger nord enn der hans vandringsveg gjekk. Han kunne sjå dei ligge der langt i det fjerne, gjerne med toppane gøymde i skyer.
Men så ein dag var dei borte, og det var berre lave bakkar att å feste augene på.


- Minnest du siste bakken av noko høgd? Det var varmt, og du sveitta godt oppover mot bakketoppen.
Såg du fjell då du var oppe og såg utover landet vestover?
Jau, han mintest kva han såg då han stod og stødde seg på staven, ute på vestsida av bakken. Nei, fjell hadde han ikkje sett. Det var ei stor grøn slette som låg framfor han, mest som eit grønt hav. Han såg vegen bukte seg vestover denne sletta. Her og der såg han små husklynger, og langt ute i horisonten glei grønfargen over i blått som tilslutt gjekk i eit med den lyse blå himmelen over. Det hadde sokke i han at no byrjar den store høgsletta, og den skal han bruke mange dagar, tusenvis av steg, på å vandre over. Men der borte i det lyse blå som går over i den like lyse blå himmelen, der, langt der framme ved enden av sletta, der vil han igjen møte fjell som reiser seg opp over slettelandet.

søndag 21. februar 2016

Eg går, ergo er eg. (1)

Lyden av føtene og vandringsstaven som møter grusen på vegen er det einaste han høyrer denne tidlege morgonen. Bak han vert byen, der han fekk seg ei seng sist natt, borte bak ein liten bakketopp. Det siste som vert borte er kyrkjetårnet, men han ser det ikkje, for han vender augene framover, vestover den store og vide sletta.
I sekken på ryggen ligg nista for vandringa denne dagen, ein bocadillo med skinke og ost, innpakka i eit papir. Han kjøpte den med seg i baren der han fekk seg ein kopp med svart kaffi, før han forlet byen. Og utanpå sekken i eit par lommer, ligg og to flasker vatn. Det får halde nokre timar framover.


Han er ikkje åleine på vegen denne morgonen. Lenger framme ser han andre vandrarar som er føre han, og bak seg høyrer han andre føter som krasar mot grusen. Nokre av dei vil snart kome opp på sida hans, helse  bueno camino, og så er det han som er bak dei. Men etter dagar på vegen har han funne si eige rytme, det er ingen ting som hastar.  Føtene lyfter seg og trør på nytt ned i grusen litt lenger framme utan at han treng å gi dei ordre om det. Sakte kjem landskapet han i møte og glir attom og vert borte bak han. Eit steg, to steg, tre steg. Å gå, det er det som er livet her etter vegen. Å gå.
Ein tanke sviv gjennom han; eg går, ergo er eg. Men er der ikkje meir, anna enn å gå? Tanken stoggar opp, hovudet vil ikkje.
Staven vert lyft, flytta fram og sett ned att med eit lite krakk i veggrusen. Han slepp å tenkje etter, automatikken er der etter dagar med vandring, heile tida framover til han ein dag er der, langt der framme ein stad.  Kor mange steg vert det tru? Denne dagen vert det vel rundt tjuetusen steg, og etter det nye dagar, nye steg?  Når han er der, kor mange gonger har føtene då lyfta seg og sett seg ned igjen?
Han orkar ikkje å tenkje etter, merkar at natta var ikkje av dei beste, for mykje uro på salen. Hovudet vil ikkje vere med, han berre går, kviler i si eige vandringsfart saman med sine to stillfarande medvandrarar.

Den eine er hans eigen skugge. No tidleg om morgonen ligg den lang på veggrusen framfor han. Lange føter som flyttar seg, og går lenger framme over i kroppen med sekken, og til slutt eit lite, smalt, hovud med ein hatt på. Skuggen vil vere med han heile denne solrike dagen, men den vil endre skikkelse og flytte seg etter som dagen lid og sola flyttar seg over vegen han går. Han seier ikkje mange orda den vandringsvenen hans. Han er heller av dei stille i landet, men det hender nok at vandrararen vekslar ord med sin mørke og tagale ven, sjølv om svara er heller få.

Den andre er heller ikkje så lett å forhalde seg til, han er ein noko ustadig fylgjesvein. Der er dagar då vandraren  undrast på om venen har sovna av ein stad langs vegen. Andre dager kan medvandraren vere nesten brysom, let han knapt vere i fred, men dukkar stadig opp med noko nytt, og det han kjem med kan vere til både uro, undring og glede. Men mest er han til glede, ein han kan dele dei mange opplevingane sine med under vandringa etter vegen. Denne medvandraren er hans eigne tankar.

tirsdag 9. februar 2016

Ut av byen

Hendene hans grip rundt skåla med den varme morgondrikken han får her i landet, kaffi med mjølk. Han har vendt seg til det no etter dagar med vandring langs pilegrimsvegen. Her får han ikkje kaffien i kopp men i ei skål, og han kjenner varmen frå skåla breie seg frå nevane, gjennom armane og ut i kroppen. Det har vore ei kald natt i senga han fekk leige  her. I eit gamalt og gise hus og med ei kald natt ute var det ikkje mykje varme å finne i den tynne sommarposen han hadde å sove i. Ikkje hadde han ein annan kropp å krype inn til for å finne varme heller. Då hadde kanskje ikkje natta vorte så lang og frostig for han. Men no sat han ved frukostbordet, småprata med verten og varma seg på ei skål varm kaffi. Den kalde og einsame natta var forbi, ein ny vandringsdag ligg føre.

Så har han takka for seg og står ute i gata, og han kjenner kor kald denne morgonen er. Bra at han har kledd seg godt. Lenger framme i den morgonstille gata ser han den grøne lystavla ved apoteket fortelje at no er her eit par grader pluss. Ikkje akkurat det han hadde venta å møte i landet langt her syd.
Nede ved den breie elva ser han ein dis drive over vatnet. Heime ville han ha kalla det frostrøyk, men her er det kanskje morgonskodde?
Han står ei stund der på elvebredden og tek inn synet av elva og den skogkledde åsen på andre sida. Dit opp vil vegen føre han denne morgonen, og så vidare sørvestover åsen til nye landsbyar og byar lenger framme. Men så kjenner han kulden krype inn i kroppen igjen og han byrjar gå at.

Lenger framme ser han ei stor bru strekke seg over elva. Den liknar mest eit gamalt festningsverk med sine murar og tårn. Framme ved brua når dei første varme solstrålane han. Vegmerka syner at han skal over her, men på den andre elvebredden ved enden av brua ser han motorvegen, og bortanfor den reiser bergveggen seg bratt opp. Kvar går pilegrimsvegen vidare tru? Det kan då ikkje vere opp den veggen der? Vel, han får vente til han er over brua så vil han nok finne merka som syner kvar han skal gå.

Han må vente litt til det vert ei opning i bilstraumen, men så er han komen over til bergveggen og finn merket.. Då ser han eit lite trakk med nokre innhogne steg som fører opp i bergveggen. Dette ser bratt ut å klatre opp her med sekk på ryggen, men han får freiste. Sakte, steg for steg, legg han bergveggen bak seg. Nokre stader er det godt å finne greiner og røter å halde seg fast, andre stader er stien breiare og lettare å gå. Så flatar stien seg ut og han kjem inn mellom furutrea oppe på åsen.
Litt lenger framme er der ei lysning på bergkanten. Eit stort jernkors er reist framme på stupet. Der er nokre sitjeplassar ved krossen, og han tek av seg sekken og set seg ned.
Leitar fram vassflaska medan han let augene kvile på elva, brua og byen bakanfor. Sola har byrja varme godt, og han må ta av seg det yste laget med kle. Hadde han ikkje att ein liten ende av brødet han kjøpte i går, tru? Han opnar sekken og leitar litt før han finn brødstykket med ost og skinke. Noko flatklemt, men smaken er god. Han har ikkje vin til akkurat, men halvlunka vatn gjer same nytta.
Etter ei stung reiser han seg, heiser sekken på plass, grip staven, vender ryggen til byen han kom ifrå og går vidare inn på stien mellom furutrea.

søndag 7. februar 2016

Tidleg morgon

Det er mørk morgon enno då han, vandraren, går ut gatedøra og let henne at bak seg. Den kjølege morgonlufta fyller lungene hans og driv siste rest av nattesøvnen ut av lemene. Han ser seg rundt mellom  husa medan han fester grepet om staven, gjer eit lite kast på skuldrane så sekken bak på ryggen finn sin plass. Der nede i gatekrysset ser han vegmerket, dei to kvite og raude streka på husveggen under gatelykta. Så er han klar for den nye vandringsdagen, inn i det ukjende som dagen vil gi han.
Gata stig framfor han oppover mot bakketoppen lenger framme. Husa langs gata står enno med mørke vindauge, nokre av dei har og skoddar for som vernar mot innsyn til roma innanfor.

Klikk, klikk, klikk. Lyden frå spissen på staven fyller den morgonstille gata kvar gong han set staven ned på gatasteinane under føtene. Det er langt mellom gatelysa oppover bakken, så det skymt mellom husrekkene. Oppe på bakkekanten er der fleire lys samla, og då han nærmar seg ser han at det er byen si kyrkje som ligg der bak eit lite torg. Omkransa av store, lauvfulle tre. Han stansar ei stund, pustar på og tenkjer at han burde ha prøvt seg på døra, men slår det frå seg. Så tidleg om morgonen er ho nok stengd, så istaden han vender seg mot vegen att der den svingar seg forbi dei siste husa og bortover den vide åsen.

Det har alt lysna så mykje at han ser den utan å bruke hovedlykt. På austhimmelen ser han roden av den stigande sola, og over han, der sola sine strålar alt er, ser han gylne striper av store fly på veg mot sine mål ein eller annan stad, i eit eller anna land. Store fly fulle av menneske. Dei reiser fort dei der oppe, Og dei reiser heilt annleis enn han, sit seg fram i gode stolar. Brukar nokre få timar på strekningar som han her nede på åsen ville bruke månader og år på gå. Men kanskje misser dei noko som han får gratis. Kjensla av vegen under føtene, synet av landskapet der han går, lukta av det som veks langs vegen, og den reine friske lufta.   Dei gylne stripene der oppe fortel at flya ikkje starta på same stad og har ulike stadar som mål, då stripene har så ulike retningar. Ein skullle mest tru der var ein stor edderkopp der oppe, i ferd med å spinne sitt himmelnett.
I aust aukar den gylne randa i styrke, og så bryt dei første solstrålane inn over vegen og landskapet rundt. Gyllent først, men det gylne minkar av etter kvart som sola stig opp på himmelen. Så er morgonen avløyst av den komande dagen for vandraren.

tirsdag 2. februar 2016

Ei sky

Det har vore mykje skyer over oss her i fjordbygda etter nyåret. Når eg på morgonen har sett ei lita von om at i dag vil skyene revne og sola vise sitt lyse åsyn, så varer det ikkje lenge før skyene igjen gøymer all von om eit lite solglimt for den dagen. Men ein får berre la vona leve om at i morgon, eller i overmorgon, eller ein annan dag ut i veka så skjer underet, og skyene opnar seg og openberrar den blå himmelen som er der oppe over dei. Der oppe der sola er med sine lyse og varme strålar.

Sist søndag var det Kristi forklåringsdag til minne om då tre av læresveinane hans fekk sjå Meisteren ikledd sin himmelske herlegdom.  Då Jesus stod framfor med eit andlet det skein av, og iført skinande kvite klede.
 
Men der stod og i teksta noko om ei sky.  Matteus og Markus fortel at skya stansa over dei der oppe på fjellet, medan Lukas fortel at skya omslutta dei, og då vart dei fælande redde.
Det ikkje så mange som dreg fram denne skya når dei har denne teksta om Kristi forklåringsdag. Kvifor veit eg ikkje, men denne skya dukkar opp mange stader gjennom Bibelen sine ord.
Ikkje veit eg korleis ho såg ut. Ho var neppe lik skya på biletet over her, men første gongen eg har funne den omtala, så hadde ho litt likskap med denne. Då var ho forma som ein skystolpe, mørk som natta på ein sida, og lys som dagen på den andre. Det var den gongen israelittane vandra ut av Egypt, og Farao sende si hær etter dei.
Neste gongen finn eg den på Herrens fjell i Sinai, då Moses steig opp på fjellet, opp i skya for å tale med JHVH, Han som heiter EG ER. Den gongen var ho mørk, og det tordna og lynte frå den.
Så går det eit halvår, og israelittane skal vigsle møteteltet, tabernakelet. Då Moses går inn i det, senkar skya seg over teltet og fyller det. Og skya vert med dei under vandringa vidare i øydemarka.
Så ein dag vert møteteltet bytt ut med at kong Salamo reiser eit hus til Gud, eit tempel i Jerusalem, og på vigslingsdagen når Salamo er inne i tempelet, så dukkar skya igjen opp, som den gongen i øydemarka, og fyller tempelet med sitt nærver, og kongen må gå ut.
To gonger til høyrer vi om denne skya, denne Guds sky. Den første av dei byrja eg med, og den siste er då Den oppstadne Kristus tek farvel med sine læresveinar, Då Han vert lyft opp framfor dei, kjem der ei sky og tek Han bort frå augo deira. Kanskje er der enno ein gong, men då er det ikkje sagt i klårtekst, for då Jesus hang på krossen la mørkret seg over Jerusalem. Ei tett sky gøymde sola og dagslyset medan han hekk der.

Eg les ein teolog som alltid søkjer å gi naturlege forklaringar på Bibelen sine ord, forklaringar som er i samsvar med menneska på den tida stt verdsbilete, og deira forståing av dei gamle skriftene sine.
Men eg trur det kan vere vanskeleg å sette desse orda om Guds sky inn i ei slik ramme. Eg trur ein må opne for at ikkje alt kan forklarast, og ikkje alt kan forståst med vårt vet og vår tanke. Der må alltid vere eit rom for  det uforklarlege. For at Gud er utanfor vår fatteevne.  Elles kan han ikkje vere Gud. Og det ser eg når Herrens sky er omtala, då hender det noko viktigt i tilhøvet mellom Gud og oss menneske.

tirsdag 26. januar 2016

Pilegrim, kvifor går du?


Eg har nokre gonger rota med spørsmålet om kva som skil pilegrimen og langvandraren. Og sjølv om eg har vandra nokre mil etter pilegrimsvegar, eller kanskje vandringsvegar så har eg endå ikkje funne eit tilfredstillande svar. Kva slags veg det er, er vel avhengig av kvar den enkelte plasserar seg, om ein er vandrar eller pilegrim?  Kvifor finn menneske i vår moderne tid ut at dei skal svette seg fram mange mil etter ukjende vegar og stiar, i sol, regn og vind, når dei kunne kome lettare fram med motoriserte framkomstmiddel?
Det er fleire enn eg som har bala med det spørsmålet, klokare menneske enn det eg reknar meg for å vere. Men der er nok mange svar på det spørsmålet, og svaret den enkelte gir vil nok vere med på å sei om vedkomade er langvandrar eller pilegrim. Mange er nok litt begge deler, halvdelen vandrande turist medan den andre halvdelen er vandrande pilegrim.
Eg las ein stad at ei ung kvinneleg pilegrim hadde svara slik på spørsmålet om kvifor ho gjekk. "Eg vandrar ikkje for å leite etter svar, men for å finne spørsmåla mine.
Kanskje er det der mange av oss må starte, med å leite etter spørsmåla våre? Har vi dei, kan vi kanskje også finne svara på dei. For der må då vere eit kvart som dreg oss ut på slike vandringar?

fredag 18. desember 2015

Og så?

Det var dei såre tonanane frå den gallisiske sekkepipeblåsaren som fylgde han då han gjorde dei siste stega inn på den vide plasen framfor Jakobskatedralen. Det burde heller ha vore eit lite brasband sine tonar som sa" Yes, no er du her. Du er framme. 150 mil med vandring er over, du er i mål!" Men slik var det ikkje, han fekk vere nøgd med ei sekkepipe på oppløpet. Så er han ute på plassen saman med alle dei som er komne før han, og dei stadig nye som kjem etter han. Ryggsekkar kjem av, kyss og klemmar vert delt ut rundt han. Glade stemmer på mange tungemål svirrar i lufta, og mobiltelefonar og kamera vert lyfte opp for å stadfeste hendinga til databrikka. Dagar, veker og månader med vandring, i sol og i regn, er over, og gleda over det er lett å sjå i pilegrimane sine andlet.

Han står på den store plassen framfor den ruvande kyrkjefronten. Langt der oppe, øvst oppe på veggen, ser han Jakob stå. Her inne i kyrkja skal han finne Jesus sin læresvein, Jakob si grav, var han fortald. Han går opp trappene og inn dei store dørene, inn til det høglofta romet innanfor, vandrar fram skipet mot koret og alterveggen. Der var det ikkje pilegrimen Jakob han såg, men Jakob ridane på sin store, kvite hest, svingande sverdet over maurarsoldatar. Han såg det store røykelseskaret svinge høgt mellom tverskipa, framfor koret. Han såg pilegrimar flokke seg om prestane under messa for å få Herrens brød lagt på leppene. Han var ned i krypten og såg pilegrimar knele i andakt og bøn framfor sarkofaget bak gitterveggen. Han vandra rundt i den store kyrkja, steig inn i dei mange sidekapella, fyllte augene med gamle og vakre bilde og skulpturar, medan stemmer på mange språk svirra rundt han.

Kva tankar gjer han seg, pilegrimen frå det høge nord, her ved målet for si vandring? Fann han ro og andakt i sinnet her inne i det mektige og halvskume kyrkjeromet? Han var då framme. Målet var nådd, vandringa var over.
Underleg nok kjende han på ei tomheit. Er det over no, er der ikkje noko meir?
Rart. Etter seks år med vandringar og 150 mil etter vegen så skulle det vel ikkje vere det han kjende på?


Han går ut eit av tverskipa, ut frå den halvskyme kyrkja, ut i sola på plassen utanfor der menneske i mengd strøymer til og frå. Han har fått i vane etter vegen å alltid lyfter augene opp over kvar kyrkjedør han er ved, for der, over dørene, er der ofte gamle utsmykkingar å sjå, sokalla tympanum.
Så vel ut komen, vender han seg og lyfter augene. Og dei manglar ikkje her heller, bileta der oppe. Dei står på rekke og rad læresveinane og evangelistane, med Kristus i sentrum. Og under han, mellom scener frå langfredag og Jesus si nedfart til dødsriket, nede på søyla som skil dei to dørene inn til kyrkja, ser han igjen det kristussymbolet som har vore med han under heile vandringa, Chi Rho med alfa og omega på sidene, innanfor sirkelen som syner til Jesus sine ord på krossen, då han sa at oppgåve han var komen for, no var fullenda.


Men, vent litt. Noko er annleis. Alfa og omega har bytt plass. Omega er komen på venstre side og alfa på den høgre. Slutten er komen før starten.
Underleg. Kva tankar ligg bak endringa? Er ikkje vegen over? Er der eit framhald?  Under det endra symbolet fell han i tankar over si eiga vandring på trua sin veg, frå barndomen si enkle tru, til no når han er langt oppe i åra.
Våre dagars pilegrimar, etter enda vandring gjer heimreisa kortvarig. Dei fleste kjøper seg ein bilett til tog eller fly, og ikkje mange timane seianare er dei heime att. Men då kyrkja vart reist, og steinhoggaren hogg dette tympanumet var der ingen slike snarvegar attende til heimstaden. Dei måtte bruke føtene og gå attende den same vegen som dei kom. Ikkje mange gjer det i dag. Han hadde møtte ein av dei nær Pamplona. Er det der løysinga på dette chi rho ligg, no kan han byrje å gå heomover att. Eller er svaret noko anna? Ligg svaret på det andelege planet? Handlar det om den andelege vegen?
Han hugsar å ha lest at ein tysk pilegrim og hadde stått undrande under dette symbolet der oppe over kyrkjedørene, og at han så hadde skrive at vegen hit hadde vore ei vandring mot Kristus. Då med alfa og omega på rett plass i symbolet. Men no når dei hadde bytt plass, så vart det for han starten på ei ny vandring, men no, ikkje fram mot Kristus, men vidare saman med Kristus. Frå omega og attende til alfa.

Tankane går attende til hans eiga vandring på trusvegen. Frå den enkle barnetrua, gjennom manndomen sine utfordringa og trusstormar, fram til han no som ein eldre mann står her med ei meir avklara og djupare tru på han som trussymbolet syner til. Kristus, den salva, som på krossen utbraut i sine siste minutt som Jesus frå Nasaret "Det er fullført". Kransen om ChiRho var vorten heil. Oppgåva han var send for, var utførd. Og så kom oppstoda frå døden og tronstiginga i Guds rike. Jesus frå Nasaret på krossen var vorten den salva Kristus på Guds kongsstol, han som er alfa og omega. Starten og slutten.
Vandraren står der under symbolet, åleine mellom alle dei andre pilegrimane, og veit at no byrjar den nye vandringa. Attende, ikkje åleine men saman med han som er alfa og omega.

Han kjem ihug nokre ord om at vegen alltid endar der den byrjar, og at den lengste vegen er vegen innover. Vandraren senker augene sine frå symbolet der oppe og finn seg ein plass på murkanten som omgir den vesle plassen utanfor dørene.
Der vert han sitjande å fylgje med på folkelivet på plassen nedanfor trappene, medan tankane hans sviv. Då kjem han ihug eit islandsk ordtak han eingong høyrde; Den lengste reisa gjer vi i vårt indre.

Vandraren sit der lenge. Folk går forbi, inn og ut av den store kyrkja, men han ensar det knapt. Så reiser han seg, lyfter augene endå ein gong mot symbolet der oppe før han vender seg og går ned trappene mot gatene nedanfor for å finne ein stad som har mat å by ein svolten vandrar.

onsdag 16. desember 2015

Vegen.

Så nærmar eg meg slutten på mine enkle tankar over den mellom-amerikanske presten sine ord til pilegrimen; Bienventurado eres, peregrino. Desse orda som eg har omsett med; Sæl er du, pilegrim....osv.
Der er er eit ord som seier at alle vegar fører til Roma. Eg er ikkje så heilt stø på at det er tilfelle, derimot kjennest ordet frå mine pilegrimsvegar - om at vegen vert til undervegs -  meir rett for meg.

Vi stod ved eit lite kapell midt i eit vegkryss, tre vegar leidde fram til det. Der og då hadde vi valet; Kva veg skulle vi velje å gå vidare? Ein veg hadde ført oss dit, to vegar førde vidare. Kva veg vi enn valde så ville det gi oss opplevingar som var ukjende for oss. På den vegen vi endeleg valde fekk vi for kvart steg framover oppdage kva vegen hadde å by oss. På den vegen vi ikkje valde ville vegen si verd halde fram å vere oss ukjend. Så vegen vert til undervegs. Det er ikkje nødvendigvis det ukjende målet som er det viktigaste, men vegen fram mot målet.


Der ligg det spanande for meg som pilegrim, som vandrar, på ukjende pilegrimsvegar. Kva opplevingar har vegen å gi meg, både på det ytre planet i mine opplevingar i framandt landskap, framande byar og landsbyar. I små landsbykyrkjer si enkle, stille ro, og i storslegne katedralar med vakre rom og kyrkjekunst ein ikkje kan sjå seg mett på. Men og i opplevingar der eg får møte den verda som eg ikkje kan sjå med mine auge. Enkle møte som gjer at mine auge fyllest med tårer, og eg vert fylt av ein rikdom som ikkje kan forklarast med ord.

Kanskje er det på begge desse plana hjå ein vandrar, ein pilegrim, har sine møte med vegen han går Kanskje er det der at orda frå Bienveturado eres, peregrino, Sæl er du, pilegrim, finn sin røyndom.
Og då handlar det ikkje om kor lang vegen som pilegrimen går er. Ein er ikkje nøydd å gå til Santiago, Roma eller Nidaros, Vegen kan vere lang nok heimanfrå og til mi eiga enkle kyrkje. Ja, endå til, den kan vere lang nok frå kyrkjebenken der og fram til alteret for å ta del i måltidet ved Herrens bord. For å dele brødet og vinen med mine medvandrarar. Men kanskje kan vegen innover opplevast som den vanskelegaste. Er det fordi den rører sterkare ved det som er mi inste kjerne, mitt andelege og sjelelege eg. Det er vel ikkje utan grunn at Dag Hammarskjøld sa at reisa (vegen) innover er den lengste reisa (vegen).
Men det er det underlege med alle pilegrimsvegar, så fører dei alle til slutt, ikkje til Santiago, Roma eller Nidaraos, men inn dit den byrja, inn til mitt innste eg.
Alt anna er berre stasjonar på vegen dit.

Sæl er du når du ser at vegen byrjar der den endar.

lørdag 12. desember 2015

Himmelvende auge.

Den danske diktaren Grundtvig seier i ein av sine songar at " mennesket er skapt med øyet himmelvendt:"
Er dette ein røyndom i vår tid? Eg tykkjer heller at den store trenden hjå ein del samfunnsaktørar er at mennesket er skapt med auget vendt inn mot seg sjølv, og at dei kjempar for at gudsdimensjon må bort frå våre samfunn og tankesett.
Slik det hender kvart år når julefeiringa står for døra. Då dukkar det i media opp  sterke innlegg mot alt som kan smake av forkynning i skulen.  Der jula må tømast for kristent innhald, og borna må for all del ikkje få del i det som er opphavet til kvifor vi feirar jul.
Born som for få år sidan vart døypte med kristen dåp, og foreldre og fadderar lova å gi dei innsyn og opplæring i kristen tru. Vi lever i trua på at vi ikkje lenger treng himmelvende auge. For å omskrive svenske Stig Johanssoord litt; Alle dessa dagar som kom och gick, inte visste jag at livet .. var mera.

Må det livskriser til før mennesket oppdagar at det er skapt med himmelvende auge?
Vi har i mi levetid vorte velsigna med ein rikdom og ei tryggheit her i landet, langt borte frå det mine foreldre vaks opp i. Er det denne rikdomen som har gjort at vi vender våre auge inn mot oss sjølve, og ikkje mot himmelen? At vi meiner ... og trur... at alle dessa dagar som kom och gikk er sjelva livet... og ikkje noko meir.


I eit fjernsynsprogram eg såg, møtte eg ein mann som hadde vorte råka av ulækjande kreft, noko som førde han ut på pilegrimsvandringar i vona om at det skulle gi han fleire leveår. Og ute på vandringane sine oppdaga han at også hans auge var skapt himmelvendt. Han vitja alle kyrkjer han kom forbi på vegen, og i kyrkjebenkane der kom det ofte ordlause bøner frå hans sinn. Trass i at han ikkje ville kalle seg ein  truande.

Eg møtte ein kvinne på mine vandringar. Ho såg ut til å vere høggravid, og eg undra meg over at ho gjekk pilegrimsvegen då. Men det var ikkje barn ho venta. Ho bar på ein stor ulækjande svulst. Oppvaksen i ein ateistisk stat skulle ein tru at ei pilegrimsvandring ikkje var noko val for henne, men i hennar livskrise var det hennar himmelvende auge som opna seg. Ho gjekk  i bøn, i von,  om at Han som var nær under vandringa ville la underet skje i hennar sjuke kropp.

Hjå begge hadde livkrisene dei var inne i, synt dei at der var noko meir å finne enn dei før hadde sett, at deira auge var skapte for å vere himmelvendte.
Men treng vi livskriser for å oppdage det?
Må vi vere så rasjonalistiske og materialistiske innstilte at vi ikkje kan opne oss for at der er meir enn vi kan sjå med våre auge og ta på med våre fingrar. At der er noko som vi berre kan sjå når vi opnar oss for trua, når vi let våre auge oppdage at dei er skapte for å vere himmelvende. Desse to eg nemnde fann det i stilla etter pilegrimsvegen, og det er når tanken på alt vi har å gjer stilnar, når dagen sitt strev stilnar, at Han kjem nær nok til å kunne opne våre auge for å sjå at det inste i oss er skapt for himmelvende auge. Mot vår skapar og livgjevar.

Sæl er du,  når du ser vegen handlar om å vere i stilla ...., og stilla om bøn....., og bøna om å møte Far som alltid ventar på deg..

mandag 7. desember 2015

Vandraren, vegen og krossen

Ein ny dag etter vegen.
Det ligg regn i lufta der vandraren går langs den store elva ut av byen der han fekk seg ei seng sist natt. Han går under ei rekke av store tre mellom elva og gata  der biltrafikken er stor alt no tidleg morgon. Lenger framme langs elva ligg neste by, og ut på ettermiddagen reknar han med å vere der. Går vandrarvegen langs elva kan det verte tidleg, men vert han leia bort frå elva, opp i åsane innanfor elvesletta, kan det ta lenger tid.
Vandrarvegen er merka med kvit/raude merke. så det gjeld å vere vaken og ikkje gløyme seg vekk i eigne tankar. Då kan han lett misse merka og gå feil, for han er ein peregrino, ein framand her. Undervegs i eit ukjent landskap og ein ukjend dag.
Han veit ikkje at han snart vil han forlate elva og den flate elvesletta. Merka vil føre han opp i høgare lende, opp i åsane over sletta.
Han veit heller ikkje kva denne dagen vil gi han, og at denne dagen vil han vere åleine i det framande landskapet. Berre to andre menneske vil han møte, ei eldre kvinne som skjer seg roser ved ein husvegg, kanskje for å pynte bordet sitt med, og ein veghøvelførar som lyfter handa for å syne han kvar vegen vidare går. Og ein hund. Ingen andre før han er framme i neste by.
Undervegs vil han raste ved to kyrkjer, men begge vil ha stengde dører. Oppe på ein av åsane vil han misse vegmerka, gå feil fordi han vert oppteken av noko som hender i nokre sauefjøsar litt frå vegen. Ei sint mannsrøyst, hundebjeff og sauebræk vil få han til å snu hoved tilsides ein augneblink  nett då merket stod der, det som synte at her burde han svinge av til høgre.
Han visste heller ikkje at han ut på ettermiddagen igjen ville stå ved den breie elva og sjå på byen på den andre sida. Gata med alle bilane. Dei gyldne murhusa bortanfor biltrafikken. Og bak dei att lyfte borga og kyrkja seg opp mot den blå himmelen. Og så ville han gå over den gamle brua og inn i byen.
Men dette hadde endå ikkje hendt der han om morgonen gjekk i duskregnet  under dei store trea ved den store elva.
Har går roleg avgarde, har ikkje hastverk. For kvart steg kjem der ein liten skap lyd frå staven hans når metallpiken i enden treff underlaget. Dagen er enno ung, og han kjenner fred i sinnet der han går i dette framande landskapet, og i den enno ukjende dagen. Vandringsvegen svingar av frå elva, inn i ei gata med store hagar og hus på sidene. Fleira av eigedomane har høge hekkar for å verne mot innsyn frå gata, og der hekkane ikkje er høge nok, er der strekt grøne plastdukar langs vegen. Nokre stadar gøyr ein hund rasande mot vandraren på fortauet utanfor, andre stader kjem der ein eim av nykokt kaffi ut til han.
Han går i eigne tankar, berre lydene av stega og klikka frå stavspissen mot underlaget let han etter seg. Han ser merket som fortel at han svinge av på neste gatehjørne, men der på  gatehjørnet stoggar stega hans, og det går ei tid før dei igjen høyrest.
For der, på eit gatehjørnet midt i dette fine villastrøket står der ein kross på eit støypt betongsokkel. Det er ikkje første krossen han har sett desse dagane under vandringa. Der har vore mange av dei langs vegen, og i vegkryssa. Store og små, I stein,støypejarn og tre. Nokre nakne, andre med ein liten blomekrans eller rosenkrans hengande frå tverarmane, og nokre småstein ved foten. Lagt der av  pilegrimar som gjekk forbi, men som stansa opp ei lita stund og kanskje sende ei stille bøn til han som eingong hang på ein kross.


I utforming skilde denne krossen seg ikkje ut frå dei andre, han var heller annonym mot den grøne plastduken og dei mørke greinene innanfor gjerdet. Men likevel hadde mange vandrarar stogga nettopp her. Småsteinane på sokkelen fortalde det, for dei var så mange. Og kanskje var det ikkje sjølve smijarnkrossen som hadde utløyst alle steinane, alle bedne bønene nett her på gatehjørnet, i utkanten av byen. Men orda som var hogne ut på sokkelen.
Salut o croix, mon esperanso. Vær helsa kross, mi von.
Tankefull gjekk vandraren vidare inn i den enno ukjende dagen framanfor. Etter han låg ein liten stein. Ei stille bøn for vandringa vidare.

Sæl er du om du søkjer sanninga, og fyller vegen din med levd liv, og livet ditt får vere ein veg i leiting etter han som er vegen, sanninga og livet.

fredag 4. desember 2015

Kven er eg?

Paulus kallar kroppen vår for eit tempel for Gud, så då må vi ikkje forsøme kroppen vår og la den forfalle. I våre dagar er det ein kroppstrend ute og går, men om det er Paulus sine ord som har utløyst den, er eg ikkje så sikker på.
Det gjeld å ha det ytre i orden. Ein skal ha ein veltrena kropp. Flat mage, fast rumpe, veltrente musklar på dei rette stadane. Det var ikkje slik når eg var ung. I  mi bygd er det i dag fleire treningsstudio. For nokre år sidan var det ikkje eit einaste. Det siste nye i den marknaden er å ha sin eigen personlege trenar. Det er kroppen som sit i høgsetet hjå mange
Som pilegrimsvandrar veit eg kva det har å sei når kroppen ikkje spelar på lag lenger. Når føtene sviktar, ryggen sviktar, pusten sviktar. Då er ein i grenselandet av kva ein er i stand til å yte. Men så, når ein får ei natts kvile så orkar med eit den slitne kroppen meir.
 Men sjølv ein veltrena kropp har sine grenser. Ingen er så lang at han ikkje må tøya seg, og ingen er så stutt at han ikkje må bøya seg, sa mi kjære svigermor, som ikkje var av dei lengste.
Det handlar vel litt om våre sjølvbilete. Kven vi er, eller kven vi ynskjer å vere? Eg trur det er alt for mange som går med eit negativt bilete av seg sjølv. Dei kjenner seg mindre verdt i høve til andre, og prøver, ved å trene kroppen sin, å endre det sjølvbiletet. Det er positivt med ein sunn kropp, men gir ein veltrena  kropp nødvendigvis eit rett bilete av personen som bur inne i denne kroppen.


Eg er av dei med heller litt for lite kjøt på kroppen. Eg skulle nok gjerne hatt litt meir kjøt på den både her og der, men eg må nok godta den som den eingong er. Og eg veit ikkje om meir musklar på strategiske stadar hadde hatt så mykje å sei for det biletet eg ber på av meg sjølv. Eit indre bilete som er skapt i møte med den verd eg vaks opp i. For svaret på kven vi er , er det ikkje kroppen som gir, men det biletet vi ber av oss i vårt indre. Det biletet, vårt ego, kan vere både for stort, og for lite til å vere sant. Og biletet vi sjølve ber på, treng heller ikkje vere sant, våre medvandrar sitt bilete av oss kan vere heilt annleis enn vårt eige. Dei kan sjå oss annleis enn vi sjølve ser oss. Så kva og kven er eg?

Eg har høyrt sagt at ved å gå vandringsvegen, så lærer ein seg sjølv å kjenne. Ja, kanskje det. Eg vart ikkje visare av å gå den. Kanskje var ikkje forutsetningane tilstades. Eg. gjekk kanskje ikkje lenge nok, og eg gjekk ikkje åleine, så mitt indre fekk kanskje ikkje tid og rom til å føre meg langt nok inn og ned i mitt eige sjølv til å få svaret på spørsmålet om kven eg på botnen er.
Eg trur heller ein må søkje svaret på kven ein er i kjelder utanfor det vårt ego seier vi er.
Hjå meg som truande er det naturleg å finne den kjelde i dei orda Gud har gitt oss, i kven Ordet seier vi, eg, er. Der finn eg at vi er unike og verdfulle i Guds auge. Så verdfulle at Han sende sin eigen son for å berge oss frå oss sjølve, kjøpe oss fri frå våre små eller store ego. I Han får vi møte oss sjølve slik vi var meint å vere av Han som gav oss livet. Vær i meg så er de verkeleg frie, sa Meisteren. Frie frå alt som bind oss fast. Skapte av han i kjærleik og til kjærleik.

Sæl er du når du får møte deg sjølv, og ikkje gløymer å ta vare på hjartet ditt.