Viser innlegg med etiketten Påske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Påske. Vis alle innlegg

søndag 20. april 2025

Påskemorgon

Kristus er oppstaden !
Ja, han er sanneleg oppstaden !

Slik lydde ropet utanfor mi heimekyrkje  i natt, då vi stod der med tende lys i nattemørkret, etter midnattmessa. 
Ja, han er sanneleg oppstaden !

La jorden, himlen, universet
løfte seg, le, juble,
hvirvle, danse,
som aldri før.
Det er skjett,
det er nytt,
det er her: Friheten, seiren, nyskapelsen:
Kristus har overvunnet døden !
Han har befriet verden, universet,
Du og jeg og alle ting er frie igjen, 
nye igjen, levende igjen.
La oss feste, feire det,
overalt !

Frå dansk bønebok


søndag 13. april 2025

Førstegrødefesten

Den 14.nisan vart Jesus lagt i grava. Den 15.nisan byrjar det usyrde brød sin fest., men alt den 16.nisan er der ein ny merkedag.
Etter at sabbaten den 15. var over gjekk nokre prestar ut til byggåkeren i Kedrondalen og skar seg nokre kornband. Inne i tempelet vart ein del av kornet teke til å bake 12 runde kaker, kalla skodebrød, som så vart lagt på det gullkledde skodebrødsbordet.  Bordet med kakene vart seinare om morgonen synt fram for folket på tempelplassen. Det hebraiske orde for desse skodebrøda kan og omsetjast som brød for Guds ansikt.
Og då sola rann om morgonen den 16.nisan vart det første neket av året sin bygghaust svinga for Guds åsyn, med orda ,- Sjå Guds kjærleik til oss.

Samstundes var nokre kvinner på veg til grava  med godangande salvar for han som låg i den. Men i det sola rann hender det utrulege. Steinen for opninga vart velta frå, og attende i grava låg likkledet som kroppen hadde vore sveipt i, og ansiktsduken som hadde vore knytt om hovudet. 
Men grava var tom.

Det er ikkje berre førstegrøda av bygghausten som kan ta til. Det er også førstegrøda av ei frelst menneskeætt som byrjar med den tome grava. 
Sjå kor Gud elskar oss, sa prestane medan dei svinga det første kornbandet av bygghausten.
Det same kan vel vi og sei etter det som hende ved soloppgongen den 16.nisan  i festen for det usyrde brødet i Jerusalem. Då 
han som er det levande brødet, livsens brød, braut dødens lekkjer.

Det er søndag og gudsteneste i kyrkja. Eg går fram til alterringen,  kneler ned og rekkjer fram ei opa hand. Eit lite rundt brød vert lagt i den opne handa. Eit lite usyra brød. 

Paulus skriv til kyrkjelyden i Korint:
Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, takka og braut det og sa. Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg. Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte de drikk av han, så gjer det til minne om meg. For så ofte de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem.

Eg lyfter handa og legg det usyrde brødet inn på tunga....så ofte de et dette brødet ......

Og presten i tempelet, medan det endå stod, lyfta skodebrødet opp mot himmelen, mot Guds ansikt og ropte ut...
Sjå... smak...kjenn...Guds kjærleik til oss.

No er det å legge til. Det er det usyrde brødet som har vore den raude tråden som har kverna i mine tankar og ført til det eg har skrive . Men der er og ein annan raud tråd som kanskje er meir i fokus i vårt kristne trusgrunnlag, og som eg ikkje drege inn i mine tankar her, og det er offerlammet og offerblodet. Det hadde vore interesant å fylgje også den tråden,  men det får vere ein annan gong.



Det vonde døgnet

Den jødiske tidsrekninga er ein månekalender, mot vår som er ein solkalender.og der vårt døgn byrjar ved midnatt, så startar det jødiske døgnet når tre stjerner syner seg på kveldshimmelen, og endar neste kveld når dei tre stjernene igjen syner seg.
Det jødiske året byrjar ved nymåne i månaden adar, eller  nisan som den kom til å heite etter det babylonske fangenskapet.
Den 15. Nisan er det fullmåne og då byrjar det usyrde brøds fest, som varer i 7 døgn.  I år frå den 13. til og med den 19. april i vår tidsrekning.

Sidan den jødiske tidsrekninga  er ein månekalendar der kvar månad byrjar med nymånen, kan påska si byrjing variere frå år til år. Det er uråd i vite kva dag, utifrå våre vekedagar, kva vekedag ,påskesabbaten, den 15.nisan var i Jesus si siste påske. Dette grunna jødane sin kalendar, og heller ikkje kva år påska var då Jesus leid døden. Det og er lite truleg at Jesus vart  fødd i år 0 eller 1. Vi veit heller ikkje kva år Jesus leid døden på krossen.
Men vi veit, utifrå evangelia, at Jesus stod opp frå grava dagen etter sabbaten , den åttande dagen, som må vere den 16.nisan.
Dette vart eit problem for kyrkja som skulle feire Jesu oppstode på den åttande dagen, og det måtte vere ein søndag. Derfor gjorde eit kyrkjemøte vedtak om at påska sin dato skulle kome på 1. søndag etter 1. fullmåne etter  vårjamdøger.
Så i år byrjar den jødiske påska, om kvelden den 13. April, medan vår påske byrjar med  1.påskedag søndag 20.april.

 I det usyrdebrøds fest, då Jesus feira si siste påske byrja fullmånekvelden den 15.nisan etter at tre stjerner var å sjå på himmelen. Døgnet før, den 14. nisan vart innhaldsrikt for Jesus og fylgjet hans. 
Ved skifte frå 13. til 14. var dei samla på øvresalen for påskemåltidet, der han i måltidet deler ut brødet  og vinen og med det gir oss nattverden sitt heilage  måltid, men også vaskar han læresveinane sine føter. Etter måltidet går dei ned i dalen, over Kedronbekken og inn i Getsemanehagen der Jesus kjem i dødsangst så sveitten renn som blod, og ber; Far, er det råd så la denne bloddåpen gå meg forbi... men Far la din vilje skje.   
Han vert teken til fange og førd til øvstepresten si borg. Avhøyrd av både prestane og Pilatus. Tornekrona og hudfletta før dødsdomen vert sett av Pilatus. 
Krossfest. 
Han vert førd gjennom gatene til Golgata, berande på krossen sin tverbjelke. Fell fleire gonger undervegs før Simon frå Kyrene vert tvinga å bære bjelken siste stykket. Framme på Golgata vert han fråteken kleda sine og spikra naken til krossen. I den 9.ande timen av det vonde døgnet døyr han etter å ha ropt ut:
 Det er fullført.
Josef frå Arimatea går til Pilatus og får lov til å ta Jesus ned av krossen og legge han i ei grav han har. Og døgnet den 14.nisan går over i påskefesten for det usyrde brødet den 15.nisan, når tre stjerner syner seg på kveldshimmelen.



lørdag 12. april 2025

Kvifor usyra?

Kvifor usyra brød? Kva er det som gjer det så viktig i høve til brød som har vore utsett for gjæring ?
Det usyra brødet hadde ikkje innblanding av noko framandt. Kornet vart knust til mjøl som så vart blanda med reint vatn. Der måtte ikkje kome noke framandt element til som kunne forurense brødet. I 2. Mos. finn ein klare bod om dette. Det minner meg sterkt om korleis dei som har cøliaki må ordne sin brødmat. Der må det ikkje kome noko til som kan ureine deira føde. 

Kanskje kan vi lese dette som eit bilete på våre forhold til Gud. Vi menneskeætta  var i utgangspunktet reine og ulastande for Gud, men synda forureinsa det som var reint. Men framfor Gud må alt vere reint. Som med det usyra brødet eller som mannaen. 
Når Gud krev at når påska skal feirast hos israelittane, så er det berre usyra brød, det reine brødet, som skal vere på bordet alle dei sju påskedagane. Alt som finst av syra brød må bort, sjølv den minste brødsmulen må ikkje finnast under det usyrde brødet sin fest.
Er det usyra brødet eit teikn på noko som er utan synda sin påverknad?
Peikar det mot den store festdagen eingong i framtida,  domens dag, der det ureine er borte og synda ikkje lenger finst.

Livsens brød

Det er morgon i Kapernaum. Dagen før hadde Jesus og læresveinane vore på andre sida av Genesaretsjøen saman med mykje folk.  Der hadde han metta femtusen med fem byggbrød og to fiskar. Det var mange som denne dagen hadde vore der og leita etter han, men då dei ikkje fann han, kom dei over til Kapernaum og fann han der.
I samtalen mellom Jesus og folket i Kapernaum finn eg mitt neste punkt på den  raude tråden om det usyrde brødet.
I kap 6 skildrar Johannes møtet mellom folket og Jesus den dagen.
Eg flyttar meg eit stykke ut i samtalen mellom dei.

Dei seier ; 
Fedrene våre åt manna i øydemarka, som skrive står. Brød frå himmelen gav han dei å ete. 
Jesus svara: 
Sanneleg, det seier eg dykk. Moses gav dykk ikkje brødet frå  himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gir verda liv. 
Då sa dei,; 
Herre gi oss altid det brødet.
Jesus svara:
Eg er livsens brød. Den som kjem til meg skal ikkje svelta, og den som trur på meg skal aldri tyrsta.
Ordskiftet held fram mellom dei. Så seier Jesus noko seinare: 
Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen.

Då er eg komen til ende på min raude tråd om det usyrde brødet, og det har vore ei stigning. Frå det usyra brødet i Egypt, til den gudsende mannaen i øydemarka, og til slutt han som seier om seg sjølv i Kapernaum at han er det sanne, gudsende , levande brødet. Brødet som gir liv.

Nei, ikkje heilt over endå, eit par punkt står enno att før eg rundar av mine tankar om det usyrde brødet. Og dei høyrer det usyrde brødet sin fest til.







fredag 11. april 2025

Manna

På det neste punktet i min raude tråd om det usyra brødet er vi komne til øydemarka på Sinaihalvøya.
Hebrearane sin store flokk har byrja merke gnaginga etter brød i tarmane. Dei er svoltne og tørste, og murrar mot Moses som har ført dei hit, bort frå kjøtgrytene i Egypt.

Og i 2. Mosebok kap. 16.finn vi fortellinga 
om kva som hende då folkehopen klaga over svolten til Moses, og Gud høyrde deira murring og gjennom Moses fortalde dei om maten dei skulle få kvar morgon og kveld. Om kvelden ville det kome menger av vaktlar dei kunne fange, og om morgonane ville marka kvar dag vere dekt av eit kvitt korn som dei kunne sanke til mat. Det likna korianderfrø og smakte som honningkake, og dei kalla det manna. Og denne mannaen ville dei få kvar dag i 40 år under vandringa mot det lova landet. Men den dagen dei kryssa Jordanelva og inn i det lova landet var det ikkje meir manna å finne.

Det mange som har prøvt å forklare kvar desse kvite korna naturleg kom frå, utan å lukkast med sine teoriar. Når ein tenkjer over kor store mengde det måtte til kvar dag i 40 år for å mette den store folkeflokken, så har nok salme 78.23-25 ei rimelegare forklaring, sjølv om den må godtakast med tru og ikkje med handfaste prov.

Han (Gud) gav skyene påbod og opna dørene til himmelen: han let manna regne til føde for dei, gav dei korn frå himmelen. Englebrød fekk menneska å ete. Gud sende mat, og dei vart mette.

Og det var det andre punktet på min raude tråd om usyra brød. Mannaen, englebrødet frå himmelen.


torsdag 10. april 2025

Kva las du no ?

Eg var hjå mi yngste dotter i Sogn. Ein morgon las ho frå Lukas 22. Mange gongar gjennom livet har eg lest orda, men denne gongen måtte eg spørje ; Kva las du no ? Og ho las opp att. No nærma det seg usyrdebrødshelga, som dei og kallar påske.
Eg hadde aldri lagt merke til at i jødedomen vart påskehelga kalla usyrdebrødshelga. Eg måtte inn på ei jødisk side for å kontrolere, og jau,; påska vert kalla festen for det usyrde brødet, og varer i sju dagar.
Eg har alltid sett for meg at den jødiske påskefeiringa har si rot i utvandringa frå slaveriet i Egypt, som eg og trur er hovedårsaka til den jødiske påskefeiringa i vår tid, men brått endra alt seg for meg. Det var det usyrde brødet som gav namn til feiringa, og det sette vår kristne påskefeiring i eit nytt perspektiv for meg. Og i nokre innlegg utover vil eg fokusere på kva det andre namnet, det usyrde brøds fest, fortel meg, med bakgrunn  i dei bibelske tekstene.

Eg har lenge hatt moro av å fylgje dei ulike raude trådane i Bibelen sine tekster, og no dukka det opp ein slik tråd: det usyrde brødet.
Og starten er å finne, trur eg, i Egypt der Moses gir hebrearane i påbod om å lage mengde av deig for usyra brød til niste, og ha dei klar for det hastige oppbrotet som ville kome når farao gav dei lov å forlate slaveriet.

Det usyra brødet er knust korn blanda med vatn til ei deig, og som ikkje er tilsett hevemiddel av noko slag. Steikt over varme vert det til noko som liknar vårt flatbrød. Jødane kallar det usyrde brødet for matzha.

Løyva kjem, og det er ikkje få som dreg ut. 600000 menn, pluss kvinner og born, og ein heil hop av menneske av andre folkegrupper.  Det må ha vore litt av eit tog av menneske og alle dyra av ulikt slag.
Men kor mange dagar går det før deigen er oppbrukt, og magen knurrar etter mat?

Fortellinga om oppbrotet og instruksen om  det usyrde brødet og framtidig feiring av dei årlege sju festdagane for det usyrde brødet, eller det som vert kalla påske finn vi i 2. Mosebok i kap. 12 og 13.