Viser innlegg med etiketten Camino Frances 2009. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Camino Frances 2009. Vis alle innlegg

tirsdag 23. juni 2009

Pamplona 21.juni 2009

Vi sette oss til eit enkelt frukostbord. Ett kjeks og ein madelain-bolle, + ett glas nypressa appelsinjuice på kvar.
Det var overraskaskande enkelt, sjølv for Spania.
Men så kom overraskinga.
Nytrekt kaffi, og 1 nysteikt pannekake på kvar og med sylte (blåbær og aprikos) og sjokade til å ha på, og det smakte godt.
Vel fortert kom 4 nye pannekakar. Og når dei også var oppetne, kom kokken for tredje gong med ei ny til kvar av oss.
Det vart ein herleg frukost.


Og etterpå køyrde sjefen Juan oss dei 13 km attende til Zubiri, og vi var klar for siste etappe til Pamplona.


Zubiri er ein by bygd opp rundt eit gruvekonsern.
Dei bryt malm i området der vi overnatta, og rensar malmen ved Zubiri.
Og den første kilometeren gjekk vi langs fabrikken og slamdepoet.


Det var gult av blømande gyvel langs vegen dei første kilometerane.


Været var fint. Litt kjølig, 11 gr om morgonen, Sol innimellom, men kald vind frå nord.


I Larrasoaña vart vi lokka inn i landsbyen av feiande musikk. Det viste seg at der var det marknad. Så vart det ein rast på torget, med søte kaker til.


Vi gjekk over fleire gamle bruer vestover mot Pamplona.


Og vakre landsbyar, som denne.


Nokre km frå Pamplona hadde vi ein ny rast på ein grillplass.
Der skildest våre vegar, for pilegrimsvegen bar opp i ei ås, medan det var råd å gå ein variant nede i dalen. Bodil og Torbjørg valde det siste, medan Leif og eg tok opp i høgda.


Vegane skulle møtast ved ei bru etter åsen, trudde vi. Men når karane fekk melding om at damene stod ved brua i ein ny bydel Huarte, stod vi på ein ås ved motorvegen mot Pamplona.


Vi gjekk vidare begge partar, Dei på ein vandrarveg der det på lange strekningar, sikkert i god meining, var lagt støypt vegdekke.


Men eg trur mange vandrar heller ville hatt ein god sti med naturleg grus. Det hadde vår, karane, sin veg.





Men så kom vi til til brua der stiane skulle møtast.
Ved ei gamal steinbru i landsbyen Villava.
Vi sende melding til dei to andre, og fekk svar attende om at vi skulle gå til Pamplona og finne hus for natta.


Det vart ei vandring gjennom vakre gater.
Det var tydeleg lagt ned mange Euro i å pusse opp både hus og gater i begge bydelane.


Det vart fleire km gjennon gatene i Villava, og Burlada før vi kom til elva og Madeleine-brua.


Når vi kom over brua og inn i Pamplona, skulle hospitset vere like rundt hjørnet.
Var der plass?
Jau der var plass, men dei kunne ikkje skrive oss inn før vi la våre pilegrims pass på bordet, og dei hadde damene som var 2 km bak oss.

Der kom mange vandrarar medan vi venta på dei to.
Denne vandraren frykta att der var fullt då dei kom, men heldigvis.
Der var enno plass.
Men vi vart skilde, mennene på eit rom og kvinnene på eit anna, takk.

Vi mennene fekk ei natt med tung og klam luft. Leif sette vindauget på ei lita opning då vi gjekk til sengs.
Men så kom ein koreanar og slo igjen vindauget med ein smell, og kraup i soveposen med kleda på.
Dersom han var så frostig, var det ikkje verdt å gjere forsøk på å opne det att.
Men kl 5.30 orka ikkje denne vandraren meir, han måtte opp og ut i frisk luft.

Men før sengetid gjorde vi Pamplona i sol og kald vind frå nord.


Og Pamplona. Kva er den byen kjend for?
Okseløpet.
Men det var ikkje rette tidspunktet for oss. Vi måtte greie oss med den store avbildinga i bronse.


Vi måtte også finne busstasjonen, og få kjøpt oss bilettar for turen til Bilbao neste dag.
Men der han var sist, var alt lukka og låst.
Det vart ein del traving i området, men ingen busstasjon.

Til slutt heiv eg meg frampå og spurde den kvinnelege sjåføren i ein flybuss som stod ved fortauet. Om ho kunne fortelje oss kvar den var.
Heldigvis kunne ho litt engelsk, så ho fekk forklart oss kvar den var.
I det vesle krystall huset, sa ho og peika.

Ved ei grasslette låg der eit avlangt glashus, ikkje stort men, der var busstasjonen. 2 etasjer under bakken.

Så var det mat til hungrige pilegrimar.
Kvar finn ein det når alle matstadar, utan pubar, er stengde fram til kl. 21.00.
Dei er seine med å gå ut og ete spanjolane, men vi vart svoltnare og svoltnare. Redninga vart ein pub som reklamerte med litt meir enn berre smågodt til alkoholen.

Kva skulle vi ha?
Eg kunne tenkje meg ein omelett. Og Torbjørg bestillte. Tortillas.
Kvinna bak disken kom med ein på storleik med ein grandiosa.
Vi vart samde om at vi måtte ha ein til kvart par.
To, deux, sa vi. Ho tok kniven å ville dele den i to.
No. no, Deux.
Ho vart litt forvirra. To tortillas.
Ho stirra på oss, og gapte; To tortilla?
Oui. Oui.
Noko slikt hadde visst aldri hendt henne. Ho lurte sikkert på om vi var smårare, som forlagte to.
Men vi fekk dei, og dei smakte utruleg godt. Og kaffi fekk vi att på.
Mette og gode var det tid for å finne att hospitset..

Vandringa er over for i år.
43 mil på 21 dagar. Kanskje i meste laget for oss. men vi kom fram.
Og neste år?
Skal vandringa gå vidare på franskeruta gjennom nord-Spania?
Vi får sjå når vinteren er over, og det går mot vår og sommar igjen.


Huarte

Villava

Burlada

Pamplona


Dette var stekninga vi gjekk dette året.
Frå Moissac ved det grøne merket, via St.Jean-Pied-de-Port ( med gul vimpel) til Pamplona med raudt merke.

Zubiri 20.juni 2009

Det regna og bles då vi vakna i Roncesvalles, så vi kledde oss varmt og godt og i regnkle, då vi byrja å gå første etappa i Spania. 1o,5 km til Zubiri. Roncevalles ligg på 955 m, og løpet av dagen skal vi ned i 650 m.
No er vi ferdige med Via Podiensis i Frankrike, og startar på Camino Frances i Spania.


Ikkje langt frå Roncesvalles ligg Rolandskorset, til minne om Roland fall her i bakhaldet til baskerane.


Til lenger vest vi kom, bort frå Roncesvalles, til betre vart været.
Alt i Burguete var det mykje betre enn då vi starta.


Her nær fjella, var det eit kupert landskap rundt oss.


Nokre staute motbakkar møtte vi, sjølv om det gjekk nedover frå Roncesvalles til Zubiri.


For kvar motbakke, er det godt å nå toppen og endeleg få puste ut etter strevet.


Desverre hadde nokre kloke og velmeinande hovud funne ut at pilegrimar trong skikkelege vandringsvegar, og lagt betongdekke på vegane. Det vart hardt å gå på i lengda.


Særleg motbakkane med betongdekke tok på føtene.



I Espinal var det ein open butikk, så vi fekk proviantere litt.


I dalbotnen, før Gerendiain, rann det ei elv, og gjennom elva var det støypte byks.
Vi valde å gå over brua.
Men det kom eit par syklistar etter oss.
Dei prøvde å sykle gjennom vatnet. Det gjekk mindre bra.
Hjula glei på den våte betongen i elvebotnen, og overende gjekk dei så vatnet skvatt.



Ikkje alle klarer vandringa. Her døydde ein frå Japan på veg mot vest.


Landskapet endra seg til lenger vest vi kom.
Horisonten vart vidare.


Det var mange spanjolar med lette sekkar på vegen.
Dei kom raskt bak oss, gjekk forbi og vart borte.
Vi forstod etter kvart at det hadde vorte laurdag og fridag, og at det truleg var grunnen til alle som passerte oss i raskt tempo.
Dei nytta helga til ein liten vandringstur.


Det er fleire gamle steinbruer på vandringa. Denne er ved inngangen til Zubiri.


Vel framme i Zubiri, etter nokså hard nedstiging på ein steinete og bratt sti, visste det seg at her var allt fullt.
Var det alle snarføtte spanjolar som hadde fyllt opp hospitsa?

Eg gjekk inn på ein bar og spurde om dei hadde rom. Det hadde dei ikkje, men han bak disken var berre velviljen, og gav teikn til meg om vente.
Så byrja han å ringe. Men alt var complito.
Men han gav ikkje opp.
Samstundes som han betjente kundane ved disken, gjorde han nye forsøk på å skaffe desse fire, eldre norske husrom.
Til slutt lukkast det.
Ikkje i Zubiri, men 13 km ut av byen og opp i fjella, til eit lite hotell der.
Verten ville kome og hente oss, og køyre oss attende i morgon tidleg.


Så vi fann oss ein benk i sola, og sette oss for å vente.
Etter ein halv time var han der, og heldigvis kunne han litt engelsk.


Så gjekk turen på smale og svingete vegar til vårt nattlosji, Arrobia Borda i Eugi i Navarra. 13 km frå franskegrensa.

Vi vart innkvart på kvart vårt dobbelrom, og fekk dusje og ta ein liten kvil på gode senger, får svolten melde at det var tid for mat.

Vi var åleine i matsalen, og verten gjorde sitt beste på spansk og engelsk med å fortelje oss kva han hadde å tilby.
Vi enda opp med ein forrett av spinat, ost og valneter.
Hovedretten fekk vi forklart var ei salatgryte med enten svinekjøt eller tunfisk. Eller så kunne vi få ein omelett.
Valget var vårt, og vi enda opp med omeletten. Og den var verkeleg velsmakande.

Så var det desserten. Han hadde fleire runder på å fortelje oss kva som var våre valg der.
I Spania avsluttar dei alltid måltidet med noko søtt, sa han, og han hadde 4 valg, og kom med nokre spanske namn. Men å forklare kva som var bak namna var ikkje like enkelt.
Då dukkar kokken opp med ein tallerken med 4 dessertar på, og då vart det straks enklare.
Damene valde kastiljansk krem. Leif: Krem limon. Og eg noko så norsk som karamellpudding.
Damene var heldigast med å få største desserten, medan karamellpuddingen hadde minste skåla.
Det vart litt gjensidig utveksling av smaksprøver over bordet.
Alt smakte forteffelig.


Så var det tid å betale herligheita; 172 Euro for 2 dobbeltrom, middag og frukost for 4. Skyss fram og tilbake (13km x2) var gratis.
Etter norsk standard var det ikkje dyrt, sjølv om det låg i overkant av våre forventa døgnkostnadar som pilegrimar.
Men det har det gjort fleire stadar lang pilegrimsvegen.
Vi fekk i alle fall ein triveleg kveld og ei god overnatting

Burguete

Zubiri

Larrasoaña, Esteribardalen

Roncesvalles 19.juni 2009

Så er vi klare for siste dei siste kilometerane på Via Podiensis.
Den endar når vi er framme i Roncesvalles på andre sida fjella.
Men samstundes byrjar vi på ein ny vandrarveg.
Vi skal gå dei første kilometerane på Camino Frances, franskevegen, gjennom Nord-Spania fram til Santiaqgo de Compostella.
Camino Frances byrjar her i St.Jean-Pied-de-Port. Og her er det mange som startar på den snart 80 mil lange vegen mot Santiago.

I sept. 2007 gjekk vi over fjella i skodde, frå St.Jean-Pied-de-Port til Roncesvalles.
Vi har etterpå sagt til kvarandre at neste gong vi går over, skal det vere fint vær så vi får nyte utsikta.


Det såg ikkje heilt lovande ut kl.06 om morgonen. Gatene var våte, og skodda hekk ned i åsane rundt St-Jean. Men vi venta betring utover dagen, så vi tok fatt på turen opp mot fjellet.
Men det vart verre enn då vi gjekk i 2007.
Det småregna, og sikta var som sist, maks 50 m.

Vi starta 7.15 og var framme 16.45, og då hadde vi vore oppe i nesten 1500 m og gått i vel 27 km.


Første stykket opp er vi under skodda, så vi såg litt av omgjevnadane.


Men skodda sig på langt nede i lia, og ho er våt.


Vi får studere utsiktstavla. Den fortel oss kva vi skulle ha sett.

Vi tek ein pause frå skodde og yr når vi kjem opp til Auberge Orrison.
Siste kafe før fjellet.
Det er godt å kome i hus, kjøpe seg ein tallerken god og nærande suppe, og ein kopp kaffi.
Men snart er det ut i det grå igjen.


Sikta byr ikkje på det store utsynet.
Men så høyrer vi stemmer framme i skodda.
Det viser å vere ein pastor frå Biaritz som er der for å gi vandrarane kvart sitt nytestamente. Om dei vil ha, då.

Vi takkar og går vidare. Og han er snar inn i bilen for å køyre ned av fjellet.
Det har nok ikkje vore noka triveleg teneste i denne våte skodda.

Men vi miste jomfrua, Vierge de Biakorri, denne gongen og.
Som i 2007.



Vi vona på betre vær på spanskesida. Det vart det i 2007, men denne gongen slo ikkje det til. I staden byrja det å blåse kald nordanvind og regne igjen, etter ei lita betring på høgste fjellet.


I ly bak ein stor stein på toppen av fjellet


På veg ned på spansk side, skapte skodda ei trolsk stemning mellom trea i lia nedanfor stien.

Stien, som i 2007 var ei djup dyngje så vi måtte klatre høgt opp i dei sleipe, bratte sidene ved stien, for ikkje å sige i til knea.
Er denne gongen nesten tørr og fullt brukande.


På ein lun stad, noko ned på spansk side, fekk vi fred for småregnet til ein liten matrast.

Lenger ned på spanskesida aukar regnet og vinden.
Dei andre leitar opp regnkle, men eg er sta og gjer ikkje det same.
Så får eg og ta fylgjene av å vere sta.
Eg vert både våt og frosen før vi kjem i hus.

Meir er det ikkje å sei om denne kryssinga av Pyreneane.
Og i Roncesvalles enda vi i Casa Sabrina. Som sist.
Vi får unne oss litt luksus etter denne dagen, og bu fint.
For å vere ærleg.
Klosterherberget frista svært lite, så våt og frosen som eg var.


Klosteret var under renovering, men kyrkja, som hadde reiste stilas sist vi var her, viste oss no tympanumet over inngangsdøra.


Midt over høgalteret er det noko som fell i augene når ein kjem inn. Ein stor baldakin. Og under den ei gullforgyllt Maria med barnet.


Men her startar og den franske ruta gjennom Spania fram til Santiago de Compostella.
Og då må sjølvsagt også St. Jakob vere tilstades i kyrkja.
Etter ein strabasiøs tur over fjellet, er det tid for oss å takke Jakob for turen.

Etter ei tur i kyrkja for pilegrimsmesse. På spansk denne gong (ikkje noko lettare å forstå for meg enn dei franske) , var det tid for middag i Casa Sabina.
Menyen var den same som for 2 år sidan;
Suppe med brød, ørret med potetchips, og youghurt til dessert. Og raudvin sjølvsagt.




Og etter det roa vi oss i vårt leigde husvære.
Dette vart nok siste gong vi prøver å få sjå Pyreneane i sol, og å ete ørret i Casa Sabrina.

No trur eg Roncesvalles får vere i fred for denne vandraren.



Roncesvalles-korset.

Men litt historie. Roncesvalles er i dag kjend som eit startpunkt på den "franske pilegrimsvegen" gjennom nord-Spania mot Santiago de Compostella.
Men den har ei soge som gav gjenklang, også i vår heimlege folkevisediktning.

Kong Karl den store - Karlamagnus - var på veg heim frå kampane mot maurarane i Spania. Han hadde stort fylgje med seg. Ein av dei som fylgde han var Roland.

Her i skogane ved Roncesvalles kom dei ut for eit baskisk bakhald.
Roland fall litt vest om Roncesvalles. Der står i dag ein Rolandskross til hans minne.
Karl den store miste livet på skarhøgda ovanfor Roncevalles.


Roncesvalles

Den spanske provinsen Navarra







Baskarland

Baskarland har tre provinsar i Frankrike og fire i Spania. Dei ulike dialektene kan vere så langt frå kvarandre at menneske frå ulike delar kan ha vanskar med å forstå kvarandre. Det er likevel ei felles kjensle mellom dei om at dei er baskarar.








Merke med dei baskiske flagget og fargane finn ein overalt







Og det baskiske våpenskjoldet har sju deler, eit frå kvar provins.