Viser innlegg med etiketten Vår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vår. Vis alle innlegg

søndag 28. april 2024

Symre

Ho står den kvite symra, 
den fyrste blom i år, 
der like inn på snøen 
i sine tronge kår.

Ho står i kvite klede 
så fager som ei brud. 
Sjå henne vel i auga, 
då har du skoda Gud.

Eit bod frå himmerike, 
ein fatig liten svein. 
Som helsar frå Gud Fader. 
Du er min perlestein.

Min Gud, du ser mitt hjarta, 
og all min vesaldom, 
kled sjela i din nåde. 
Så kvit som denne blom. 

Ander Hovden.

tirsdag 16. april 2024

Tidleg vår

Heimbygda ligg i solbad denne dagen, midt i april, og eg har funne meg ein funne meg ein lun plass i solveggen.
Vi er berre midt i april enno, men våren er alt langt komen dette året. Snøklokken er alt borte, krokusen line eins, no er det gule påskelijer som lyser opp i det spirande graset.
Framfor meg, her eg sit, har eg utsyn mot fjella som i aust omkransar heimbygda sin fjord og dalar, og midt i augesynet ruvar ei gamal og stor bjørk. Dei var to då eg sette bu her, men eine fall for nokre år sidan, då ein granne ville ha friare utsyn, og tok seg til rette på grannen si tomt. Det vart ikkje vondord av den mistydinga over tomtegrenser. Den eine fekk friare utsyn, den andre fekk mykje god bjørkaved. Og eg har glede over ei gamal bjørk som strekkjer sitt sprinkelverk av tynne greiner opp mot den blå himmelen. 
Og oppe på dei øvste tune greinene brukar eit par kråker å vagle seg, og underhalde grannelaget med sine ikkje altfor vakre rop.

Enno er ikkje dei snøkvite fjella gøymde bak ei mengd med små bjørkalauv, men det ikkje lenge før. Andre yngre bjørker har alt byrja å få grønskjeret. Og tett ved sida mi står ein raudhylle full av blomar. Til glede for småfuglane når blomane har vorte til raude bær om ein månad eller to.


.

tirsdag 19. mars 2024

Det vårast

Det har vore mildt i mange dagar alt. Og snart er mars månad over og vi går inn i påskedagane. Eg har framleis att fuglefrø so eg legg ut til mine små fjørkledde gjestar. No er det mest gråsporv som vitjar matbordet, og i den eføykledde veggen til grannen held dei konsert kvar gong eg går forbi. Og frå mi  eldste dotter fekk eg for eit par dagar sidan melding om at no var staren komen. Jau det vårast. 
Så sit eg i stolen min i dag, inn for verandadøra og gløser på telefonen medan eg ventar på at brøddeiga skal heve frå seg så eg kan byrje på å få deiga over i formene. Då trenger ein lyd av vekker fuglesong inn til meg, og ute på rekkverket sit ein svarttrast  og kvitrar på vårsongen sin.





onsdag 5. april 2023

Krokusmark

Det store vårteiknet hrr i heimegrenda er når snøklokker og krokusane blømer i solveggen ved Jørngarden.