Det er vidare utsyn her enn heime. Fjella på sydsida av fjorden er lenger unna, og stenger ikkje utsynet som fjella ved min heimefjord.
I går var det bylgjer på fjorden, men i dag har vinden stilna av og fjorden ligg der blank og speglar av dei solbrotne skyene. Berre ein kajakkpadlar drog sitt svake spor i vatnet ut forbi Veøya, Hangholmen og ut mot Sekken.
Marka er våt av regnet som kom i natt men no har sola så smått byrja bryte opp skyene og der er gliper av blå himmel å sjå. Dagen kan kanskje verte ein solfager oktoberdag etter kvart.
kanskje ende med