søndag 12. mai 2024

Det skal vere bra å gå.

Eg har aldri brukt å gje meg nyttårsforsett, for eg har visst at eg kom til å bryte dei etter kort tid.
Men no når våren og varmen kom så har eg byrja på eit nytt , og vonleg, godt forsett. Å gå minst 5000 steg kvar dag. Eller kanskje det er best å sei, nesten kvar dag. Eg eg ikkje trygg på balansen min, og difor har eg fått meg eit armbandsur som skal varsle ut om eg  ramlar og vert liggande. Men uret vil gjerne ha meg til å gå desse antal steg, eller meir, kvar dag. Eg var ein tur til mi dotter i Kaupanger for nokre dagar sidan, og då drog ho meg med ut å gå kvar dag. Endå så varmt vær det var. Då var det mellom anna langs stranda av Kaupangerbukta at turane gjekk.
Denne helga var eg med mi dotter på  Nesjestranda, og ho drog meg med ut å gå. I dag vart det vel 6000 steg, fram og attende, heilt ut vestlegaste neset på Nesjelandet der Romsdalsfjorden opnar seg ut vestover mellom Sekken og Bolsøya. Heilt ut mot nordøyane langt der ute i vest.
Og i aust, bak Sekken og Nesjelandet, vert Langfjorden omkransar av sine fjell.
Og i nord, bak  Karlsøya og Bolsøybrua ligg Fannefjorden med Moldefjell over.
Og i dag låg vakre Romsdal bada i sol.

mandag 29. april 2024

Nesland stavkyrkje

Det er ikkje alt eg tykkjer like godt om på facebook, men likevel har eg nokre faste sider som eg fylgjer med på, og no er eg komen inn på noko som kallast norske stavkyrkjer. Og der finn eg mange ting som er nye for meg. Ikkje berre om dei kyrkjene som enno stend i bygdene, men og om dei det ikkje er råd å vitje lenger.
Ved byrjinga av 1800,- stod framleis 95 stavkyrkjer.
Vedtaket som vart gjort rundt 1850-talet om kyrkjene skulle ha plass til 1/3 av kyrkjelyden gjorde nok at mange av dei gamle kyrkje var revne og erstatta med nye, og då med den tid sine moderne kyrkjer. Frå 1850 til 1885 vart 32 kyrkjer borte.

Ei av dei som fekk den skjebnen var ei lita kyrkje i Telemark, truleg frå 11-talet. Ho var berre 8-9 meter lang. Det var Nesland kyrkje i Vinje. M. B. Landstad prøve å berge henne frå riving, men lukkast ikkje.
Men han etterlet seg eit minne i verseform om denne gamle og vesle kyrkja i Kvenne-Karis vise.

Å der er vent ved Neslands kyrkja 
Når klokkune gjeve dur.
Der gjekk eg og las for gamle presten, 
og der heve eg stade brur.
Gud hjelpe den som er gamal.

Å der er vent ved Neslands kyrkja
når folket kallar på Gud.
Der heve eg fenge lagt i frå meg
mi såraste hjartesut
Gud hjelpe den som er gamal.

Der ligg han Olaf  jamsides,
og der hadd'eg tenkt me te, 
der skal dei ho Kari leggje, 
der vil ho jordast ned.
Gud hjelpe den som er gamal.

Eg totte det var trega lege
riva det skruvet ned,
men der vekse no sure applar
allstødt på gamle tre.
Gud hjelpe den som er gamal.







søndag 28. april 2024

Symre

Ho står den kvite symra, 
den fyrste blom i år, 
der like inn på snøen 
i sine tronge kår.

Ho står i kvite klede 
så fager som ei brud. 
Sjå henne vel i auga, 
då har du skoda Gud.

Eit bod frå himmerike, 
ein fatig liten svein. 
Som helsar frå Gud Fader. 
Du er min perlestein.

Min Gud, du ser mitt hjarta, 
og all min vesaldom, 
kled sjela i din nåde. 
Så kvit som denne blom. 

Ander Hovden.

lørdag 27. april 2024

Dei gamle fjell

Vårsola varmar her eg sit ved leveggen som stenger ute trekken frå vest. 
Framfor meg har eg utsynet til fjord og fjell på andre sida av fjorden.
Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå. Med same gamle bryningom, og same topp ompå, song Åsa-Ivar. 
Ja, denne fjellrada har vore mitt faste fylgje frå eg var ein liten gut. Eg har sett den skifte let, alt etter årstida. Frå snøkvite vinterfjell, til våren og sommaren si grøne drakt. Før hausten fargar dei med sine gulbrune blad. Og så varslar vinter si kome igjen med kvitt snødryss over toppane.
I bygdom byggjer sveinane, og husa stend der laust. held Ivar fram.
Ja grendene under fjella har endra seg mykje i mi levetid. I min barndom var det gardstuna og nokre einstaka hus langs bygdevegen eg såg, elles var det gardane sine bøar ned mot fjorden som fortalde at her  var det mange småbruk som gav arbeid og leveveg til mange familier.
I dag ser det annleis ut. Småbruka har vorte ferre. Bøane har mange stadar vorte nedbygde av store husklynger, og småbrukaren har skifta jobb til fabrikk eller handelsnæring.
Men heldt Åsa-Ivar fram : men dei gamle merkesteinane, dei standa like traust.






tirsdag 16. april 2024

Tidleg vår

Heimbygda ligg i solbad denne dagen, midt i april, og eg har funne meg ein funne meg ein lun plass i solveggen.
Vi er berre midt i april enno, men våren er alt langt komen dette året. Snøklokken er alt borte, krokusen line eins, no er det gule påskelijer som lyser opp i det spirande graset.
Framfor meg, her eg sit, har eg utsyn mot fjella som i aust omkransar heimbygda sin fjord og dalar, og midt i augesynet ruvar ei gamal og stor bjørk. Dei var to då eg sette bu her, men eine fall for nokre år sidan, då ein granne ville ha friare utsyn, og tok seg til rette på grannen si tomt. Det vart ikkje vondord av den mistydinga over tomtegrenser. Den eine fekk friare utsyn, den andre fekk mykje god bjørkaved. Og eg har glede over ei gamal bjørk som strekkjer sitt sprinkelverk av tynne greiner opp mot den blå himmelen. 
Og oppe på dei øvste tune greinene brukar eit par kråker å vagle seg, og underhalde grannelaget med sine ikkje altfor vakre rop.

Enno er ikkje dei snøkvite fjella gøymde bak ei mengd med små bjørkalauv, men det ikkje lenge før. Andre yngre bjørker har alt byrja å få grønskjeret. Og tett ved sida mi står ein raudhylle full av blomar. Til glede for småfuglane når blomane har vorte til raude bær om ein månad eller to.


.

tirsdag 19. mars 2024

Det vårast

Det har vore mildt i mange dagar alt. Og snart er mars månad over og vi går inn i påskedagane. Eg har framleis att fuglefrø so eg legg ut til mine små fjørkledde gjestar. No er det mest gråsporv som vitjar matbordet, og i den eføykledde veggen til grannen held dei konsert kvar gong eg går forbi. Og frå mi  eldste dotter fekk eg for eit par dagar sidan melding om at no var staren komen. Jau det vårast. 
Så sit eg i stolen min i dag, inn for verandadøra og gløser på telefonen medan eg ventar på at brøddeiga skal heve frå seg så eg kan byrje på å få deiga over i formene. Då trenger ein lyd av vekker fuglesong inn til meg, og ute på rekkverket sit ein svarttrast  og kvitrar på vårsongen sin.





søndag 14. januar 2024

Nye dagar, nytt år.

Så glei 2023 over i eit nytt år, 2024. Som vanleg ved eit årsskifte skjedde det med mange glitrande fyrverkeri eksploderande mot ein nattsvart himmel. Men det er alt mange dagar sidan, no som me alt er komne midt ut i januar.
Det nye året byrja med kalde dagar og netter, og isholke overalt. Og takk til mine born som meinte eg var for dårleg skodd på slikt føre og difor gav meg piggsko i julegåve.  Det kom eg til å trenge då alle vegar fraus til. Etter nokre dagar no med temp rundt 0 grader, skal det verte kaldt ei vekes tid. Men så melder værmeldarane at det igjen skal verte varmare temperaturar.  Vel me får sjå . Kanskje det vert nok +grader til å ta knekken på isen?
Mi kjære hadde mykje glede av vintergjestane sine. Det gjekk med nokre kilo med solsikkefrø og jordneter i vintermånadane. Og den  tradisjonen prøver eg å halde oppe. Og mine gjestar, alt frå mange slags småfuglar, til trast og skjor takkar ikkje nei til maten. Særs kjekt er det at også eit ekrorn har funne vegen til matfatet.
No glir timane avgarde mot kveld og natt, og eg sit innfor verandadøra og ser ut på korleis lyset svinn bort over fjord og fjell, og den enno lyse himmelen som også snart vil ha mist sitt lys. Men der oppe heng det ein lys måneskalk som snart skal råde grunnen åleine.