lørdag 29. juli 2023

Sørsidetur

Vegane fell så vide - kallar eg denne bloggen min, og det gjorde dei dag. Heile dagen var vi på tur. Det meste på sørsida av Sognefjorden, men starten gjekk på nordsida, forbi grendene i Hermannsverk og Leikanger til Hella fergekai og ferga som tok oss over til sørsida og jordbærbygda Vangsnes. 
Der er det plasttunnellar for jordbær i fleng.
Men høgt over bygda, ved sida av kyrkja
ruvar den tyske  keisar Willhelm den 2. si gåve til bygda, den enorme statua av Fridtjof den frøkne.
Ein sagnfigur frå vikingtida som keisaren var veldig oppteken, så oppteken av at han kvar kveld under seglasane med skipet sitt til vårt land fekk opplesen sagaen om Fridtjof og hans kamp for møya Ingeborg ved kveldsetet ombord.
Og på andre sida av fjorden såg vi den skumkvite fossen Kvinna velte seg utfor fjellet ned mot vegen vi nett hadde køyrt forbi.
Ikkje lange vegen innanfor Vangsnes ligg bygdesenteret Vik, der svingar vegen av frå fjorden og fram dalen som leier opp på Vikafjellet. Men ikkje lange stykket frå Vik sentrum ligg to av måla for turen i dag. Det første er Hopperstad stavkyrkje. 
Den vart kjøpt av arkitekt Blix i Bergen på 1800 talet og restaurert etter hans tankar, og med Borgund stavkyrkje som modell. Hans tankar var at den skulle førast mest mogeleg  attende til slik den var då ho vart bygd på 1100-talet.
Kyrkja har svalgang rundt heile kyrkja. Det var der dei sjuke og dei som ikkje fekk kome inn fekk tildelt nattverden gjennom ei opning i veggen frå koret. Samstundes hindra svalganen at det væte på grunnstokkane på kyrkje.
Døropninga inn i kyrkja er smal, og har utskorne dørstolpar på sidene.
Der kjem ikkje mykje lys inn kyrkja frå det små gluggane høgt oppe i skipet, men litt lys fell likevel inn frå solskinet ute. 
Det openberrar korleis kyrkja er bygt, frå stolpane, stavane, som held kyrkja, til reisverket, med strevebogar, bjelkar og sperrer oppover mot taket høgt der oppe.
Der er eit sidealter på kvar side av koropninga, men dei er tome. Ein gong stod dei der med eit heilagmenne under ein baldakin. Kven det var er lenge sidan gløymt. 
Og alteret som eingong truleg bar Kristus eller Maria møy, har i dag ei katekismetavle frå 1600-talet.
Ulikt vår tids kyrkjer er skipet utan stolar eller benkar. Kykjelyden stod under messa, berre langs veggane er der ein lav benk som eldre og andre med vanskar for å stå, kunne setje enden ned på.



 


fredag 28. juli 2023

Rundt Lustrafjorden

Det var lettare å kome ned bakkane frå stavkyrkje enn det var for meg å gå dei opp, men vel nede ved bilen byrja turen inn sørsida av fjorden på smale og svingete vegar til Skjolden inne i fjordbotnen, og så ut at på nordsida på litt breiare og asfalterte vegar. Men bilførarar frå flatlandet i sørlegare land tykte visst dei var i smalaste laget likevel. Det vart ofte stogg på vegakanten for å sleppe møtande bilar forbi. 
Derfor tok vi ein liten pitstopp på Nes kyrkje så tyskaren fekk fare vidare i fred for oss.Og samstundes fekk vi sjå den skumkvite Feigumfossen falle ned fossejuvet på sørsida av fjorden. 
Lenger ute ligg Dale der Lustrabui lokkar til ein ny stogg med sine gode bakverk. Men Dale har meir som lokka meg. 
Den gamle steinkyrkja har eg vitja før, men når eg først var der så drogst eg mot kyrkja, og den var open og då steig eg inn for den flotte portalen og inn i det svale kyrkjeromet der eg fekk vere åleine.

Men vidare bar det, Gaupne og Marifjøra rulle vi forbi men oppe på høgda i Indre Hafslo svinga bilføraren av inn på ein smal og svingete  bygdaveg opp, opp gjenom lia. Opp til nokre gardar vi hadde sett i himmelsjå då vi tok ferga over til Ornes. Det var artigt å kome opp til gardane i Mollandsmarki der dei ligg på ei flate under fjellet Molden aust for dei. Og der var det eit vidt utsyn over fjord og fjell i indre Sogn.
Ein tur rundt Lustrafjorde er over. Attende på Kaupanger ser eg sola kaste sine siste strålar på Bleja sør om fjorden.
I morgon tek vi ein lenger rundtur til bygdene på sørsida. Der er det og nokre gamle kyrkjer eg gjerne vil vitje. 
Før vi endar i nok ei stavkyrkje til Olsokgudsteneste. Det skal verte moro for ein nyfiken kyrkjemann. Godt å ha ei som gjerne er bilførar og vegvisar.


Urnes stavkyrkje

Det er 20 år sidag vi tok ferga over frå Solvorn og til Ornes på andre sida av Lustrafjorden. Det var stavkyrkja som lokka då og, men då var den stengd så eg måtte vere nøgd med å gå rundt den.
Men i dag streva eg meg ikkje opp bakkane til fånyttes, med kjøpt bilett var det berre å vente på at omvisinga skulle byrje.
Og ventetida nytta eg til ein tur rundt kyrkja. 
På nordsida finn ein dei utskorne veggstolpane, mellom dei og dei to som omkransar ei gamal dør. Dei er kjende som Urnesportalen. No er nokre treskjærar i gang med å skjære ein kopi av den  og dei skal bruke same slag verktøy som vart nytta då stolpane vart skorne for 1200 år sidan.
Kyrkja er datert til 1100-talet men der har vore kyrkjer tidlegare, og dei meiner portstolpane har vore i ei tidlegare kyrkje.
For meg er det alltid spanande å stige over
 dørstokken i ei kyrkje eg aldri har vore i før, og det gjeld i høg grad slike gamle kyrkjer.
Det er alltid mykje å sjå, men her får eg avgrense meg og overlate til seinare vitjarar å få lov å sjå når dei eingong trer over den nedslitne dørstokken og inn i kyrkja.
Men la meg ta med kavelerigruppa høgt oppe over kordøra.
Alterpartiet med den gamle biskopstolen, den biskopen fekk nytte når han var i kyrkja.
Og eit nærbilete av alteret.
Der er mykje, mykje meir for nyfikne auge.
Lat meg legge til kyrkja er ikkje berre eit museum, ho er soknekyrkje for Ornes sokn i Luster kommune. 



torsdag 27. juli 2023

Soppsky

Eg er komen ein tur til indre Sogn att. Denne gongen for å vitje, og feire olsok  i ei gamal, svært gamal kyrkje. Kanskje får nokre andre kyrkjer også vitjing av meg for første gong.
Og så sit eg i solveggen og varmar meg, og ser ut over lendet rundt meg, og skyene som reiser seg der oppe i det blå. Skyer som endrar skapnad heile tida, alt etter som vinden der oppe arbeidar med dei. Cumulusskyer heiter dei visst desse underlege skyhausane der oppe.
Då med eit vert eg var ei sky som samlar seg vest av høgste fjellet i sør, Bleja. Ho liknar, ja kva liknar ho? Eg har sett slike formasjonar på film etter at atomstatane har helde testar av sine farlige og mektige våpen. Men dette var nok berre ei ufarleg og underleg sky. Men ikkje lenge etter at eg festa eit bilete av henne i telefonkameraet, så vart sola på Bleja gøymd bak mørke skyer.

Volda kyrkje

Når ein kjem inn i Volda kyrkje er det den store og mektige  alterveggen som fell ein i auga. Den vart måla av Hugo Lous Mohr i 1932 som prydnad i den då nye kyrkja.

torsdag 6. juli 2023

Miin barneheim

"Min barneheim under grøne lia
der glad eg levde den førsta tida,
du vart den flekken eg mest fekk kjær
om ut eg vanka, du var meg nær."
        Slik song voldingen Anders Vassbotn.
Ja, det er noko eige med barndomens heim, om huset var enkelt og lite, og rikdomen i form av pengar ikkje var stor, så var det der mor og far, og mine to brør var. Der hadde eg barndomens gode dagar.
Min far fekk ei tomt av farsgarden før krigen kom til landet og der bygde mine foreldre sinp heim i det gamle skredfaret frå 1755, der dei gamle tuna som skredet tok hadde stått. Og difor kalla dei stykket sitt for Tuftene.
Mi mor stelte heimen heile livet, men min far fekk seg arbeid på ein konfeksjonsfabrikk, og der kunne det verte både og med storleiken på løna. Var det lite arbeid så vart og løna lita.
Så då min far som var glad i hagen og det som vaks, kjøpte seg ei lita barlind og planta utfor kjøkenglaset, så vart mor sint for at han kasta vekk pengar på slikt. Ho tenke på alt anna ho kunne brukt dei kronene på. No har det vesle  treet vorte mest like høgt som huset og tek vekk utsynet frå kjøkenglaset.
Seinare fekk far seg arbeid på ein møbelfabrikk og fekk då ei stabil inntekt resten av si arbeidstid fram til han vart arbeidsufør grunna hjarteproblem.


torsdag 29. juni 2023

Å sjå, og ikkje sjå

Når mi kjære, då ho enno var hjå meg, og eg vandra saman etter vegar og stiar var våre opplevingar av det nokso ulik. Ho var i det nære, som med blomar i grøftekanten,  eller insekt på farleg vandring over vegen. Eller det var bær som ropte på merksemd. Kom og smak meg. 
Eg var heller i det fjerne med augene, langt frå grøftekanten si vesle verd.
No går eg åleine for det meste, har eg så smått byrja å sjå det ho såg. 
Årstidene si veksling, frå snødekte brøytekantar til mark som brånar fram under vårsola sin varme. Grønt gras som spirer opp, og så kjem dei ulike blomane og skaper fargerikt liv i grøftekanten. Kvitveis og den gule hestehoven er tidleg ute. Så spenger gule løvetenner seg opp, endå til gjennom hard asfalt.  Og så kjem den eine etter den andre. Snart kjem tuene med gule tiriltunger og kvite prestekragar.  
Det var dette mi kjære var oppteken på våre vandringar etter vegar og stiar.  Og eg med mitt langsyn på fjord, fjerne åsar og fjell, er nok framleis der, men har etter kvart vorte meir merksam på det nære, det som ligg framfor føtene mine. 
Og kor langt er vi komne no i blømingstidene ved vegkanten ?
Det eg såg i går på mi vesle vandring var mange blå blomar. Det er blåklokketid.
Blåklokkevikua, som Alf Prøysen song om.
Og heime ved verandaveggen kan eg bøye meg ned og  plukke meg neven full av dei små, søte og raude markjordbæra.