fredag 25. mars 2022

Eit nytt kapittel

 Ingen veit kva dagen fører med seg. "Kvar dag har nok med si møde," står det i Bergpreika. Det har eg fått røynt dette siste året. Eit kapittel i livet mitt er over. Eit nytt har byrja.

Det byrja ved forrige årsskifte. Endringa hadde nok byrja før men det kom fram i lyset då. Mi kjære fekk påvist kreft. Dette skal gå bra, fekk vi høyre, der er gode medisinar å nytte no. Men krefta var nok komen for langt allereide. Immumforsvaret var for lavt og då kunne dei ikkje nytte full dose av medisinen. Det uroa meg, og ved siste årsskifte gjekk dei over til ein ny type medisin. Om den sa ho at effekta av den var lita, men ho fekk alle biverknadane den kunne gi, og alt i slutten av januar gekk dei over til cellegift. Men det vart kortvarig. ei og ei halv dose. Då vi kom for den tredje dosa fekk vi høyre at dei avslutta behandlinga. Dei kunne ikkje gjer meir for henne, kroppen ville ikkje tole meir cellegift. No venta berre enden. Det kunne ta dagar, veker eller månader. Korleis tek ein ei slik melding? Vi var alt førebudde på det gjennom den sjukdomforløpet vi hadde sett siste vekene, Men, likevel, kan ein vere førebudd på ei slik melding? På heimveg stansa vi ved ein kolonial for å gjere nokre innkjøp. Der møtte eg ein ven og han spurde kor det stod til. Ikkje bra, svara eg, no må eg byrje å førebu meg på å verte enkemann.. Det kom ikkje fleire ord frå han, eg trur han vart litt sjokkert av orda mine.

Det vart ikkje månader. Nokre få veker vart det der eg måtte sjå på kor ho skrintest og talmast bort. Berre magen vaks av vesker som samlast der. To gonger var ho på sjukehuset og tappa veske, og siste gongen kom ho heim i båre. I ein døs , truleg av sterke smertestillande medisin.  Knappe tre dagar fekk ho heime i si eiga stove etter det. I desse siste dagane hennar var kreftkoordinator, fastlege og heimesjukepleiarar gode hjelparar og støtter å ha for oss hennar aller næraste. Og eg fekk vere tilstades hjå henne, saman med born og borneborn.  Laurdag for snart to veker sidan såg vi at slutten nærma seg. Pusten hennar gjekk seinare og seinare. Eg fekk sitje ved senga og halde henne i handa då det siste andedraget kom og ho sovna inn. Det gjorde vondt å misse kjærasten min gjennom femtiåtte år, men samstundes var det godt at at det vart så få dagar ho fekk røyne sjukdomen sitt alvor, og at ho slapp å ligge sengeliggande og talmast bort i månader framover. Og det eg fekk røyne då ho sovna inn, utaom sorga og vemodet, var ein djup fred. Ho hadde flytta heim.

For ei veke sidan var kyrkja fullsett av slekt og vener av mi kjære som ville ta farvel og fylgje henne til hennar siste kvilestad. Det var ei god og fin stund i kyrkja, med gode ord frå Arne prest, og med fyldig og god song frå dei som var i  kyrkja. No kviler lekamen til mi kjære på kyrkjegarden, i ei kvit kiste gøymt i jorda til oppstoda sin morgon. Men det som var meir henne en lekamen, sjela og livsanden, er ikkje der. Dei er heime hjå han som i si tid gav henne dei- Som det står i siste verset av " Ein fin liten blome". "Lat lekamen kvila med fred i si grav, mi sjel ho er heime hjå Gud."

Eg kjenner på djup takksemd for at eg fekk møte henne, og at ho vart mi kjære Bodil gjennom alle åra vi fekk saman, men no er det forbi. Eg har byrja på eit nytt kapittel av mitt liv, og då utan henne. Og det byrjar med sorg, med vemod, men med meg inn i det nye har eg minna om alt det gode vi fekk ha saman gjennom 58 år. Takk, takk mi kjære Bodil.

søndag 20. februar 2022

Ei hustavle

 For mange år sidan no kjøpte mi kjære og eg ei keramikkplate der Arnulf Øverland sine tre korte vers var skrive på. Tre korte vers men likevell så sterke og til ettertanke. Då vi flytta til eit mindre husvære overtok vår yngste dotter plata, og eg har ofte stansa framfor desse tre versa nå vi har vore på vitjing hos henne. Og kvar gong har eg inne i meg høyrt Arnulf Øverland si karakteristiske røyst lese orda.    Og no ei av dei siste nettene låg eg våken ei stund og då dukka dei igjen opp i tankane mine.


                                                     Det er en lykke i livet

                                               som ikke vendes til lede:
                                               Det at du gleder en annen
                                               det er den eneste glede

                                               Det er en sorg i verden
                                               som ingen tårer kan lette:
                                               Det at det var for sent
                                               da du skjønte dette

                                               Ingen kan resten av tiden
                                               stå ved en grav og klage
                                               Døgnet har mange timer
                                               året har mange dage












                                                                                                                                                     

fredag 18. februar 2022

Inn i skodda

 Blå time var tittelen eg brukte sist for vel ein månad sidan. No er det vel heller skodda som dominerar.


For livet si framtid og mine draumar om det har endra seg for meg. Framfor jula i 2020 fekk mi kjære eit bryst som ikkje var godt, og på nyåret 2021 vart det fjerna ein kul i brystet saman nokre lymfeknutar. CT-undersøking viste spreiing til bekken og lever, men fekk vi høyre: " dette går bra, vi har gode hjelpemiddel til lækje dette"  Ho byrja på medisinen, men grunna svakt imumforsvar vart dosane redusert ned til svakaste styrke. Så før jul i 2021 var blodverdiane for dårlege så ho vart sett på ein ny medisin. 3 dosar med 14 dagars mellomrom og det førde til ei gradvis forverring av livssituasjonen hennar, før legane igjen braut av behandlinga og sette henne på cellegift, først ei dose eine veka, så ein halv neste veke og då var det slutt. Levera toler ikkje meir, og cellegifta gjer vondt verre var konklusjonen, så i går fekk vi meldinga om at dei bryt av behandlinga av henne. Så sit ein att og undrast; kor lang tid har vi att saman vi to før ho dreg inn i solnedgangen ein dag der framme, og eg står att åleine. Vel åleine vert eg ikkje, eg har born og borneborn, slekt og vener, men mi kjære gjennom mange år vil ikkje vere der lenger. Heller ikkje er eg åleine om å oppleve dette. Det er mange, mange som har vore, og vil kome i same situasjon som eg er i no, at krefta  bryt inn, og bryt ned ein som ein var uendeleg glad i. Men dette gjer at eg føler at no går eg ikkje i solnedgongen sin blå time, men i skodda, inn i ukjende dagar. Men endå har eg henne hjå meg, vonleg i mange, mange veker, ja månader framover.

lørdag 8. januar 2022

Blå time

Vinter er mørketid. Dagane er korte med lange kveldar og morgonar då nattemørkret rår. Men når dagranda dukkar opp i aust, og i den blå timen då dsgen sloknar i vest kan by på vakkert lys på himmelen over fjella, slik som den blå timen her ein kveld, før kveldsmørkret senka seg over bygda.

torsdag 23. desember 2021

Veslejulaftan

Det vart inga sol idag på veslejulafta, men no er sola stigande for kvar dag, så om vel ei veke vil ho glytta over fjella i sør, om det er klår himmel der sør i totida. Etter nokre dagar med mildvær har det vorte kaldare att og det har kome litt kvitt på marka, og meir skal det verte lovar dei. Vel vi får sjå etter kvart kva som skjer i juledagane.

torsdag 18. november 2021

Morgon gryr

 Det vart morgon denne dagen og. Det er grått ute mellom fjella ved fjorden, og lufta er metta av regn frå dei grå skyene. Det er slike morgonar ein ikkje kjenner på den store lysta til å forlate det varme husværet ein har. Kor annleis kjenner ein seg ikkje når himmelen er klår og blå, og aust om fjella lyser det opp for den stigande morgonsola. Det er slik eg hugsar morgonane dei dagane då vi gjekk på vandringsvegane  i sør, på veg mot Santiago de Compostela. Lyse morgonar med klår himmel. Sonen vår seier at vi hadde vorte yngre då vi kom heim etter fjorten dagar med vandring. Men coronaen sette ein stopp for det, kanskje for godt. Men eg saknar desse morgonane når vi forlet overnattingsstaden i halvmørkret, fann ein open bar , og fekk oss ein god kaffikopp, og tinga oss ein bocadillo con jamon y queso, eit lite brød med skinke og ost, til frukost. Lite, men stort nok til å spare halva til seinare på dagen. Og så ut på vegen med den stigande sola i ryggen.


Sette vi spor etter oss der vi gjekk. Neppe noko synleg i det ytre, men nok meir i vårt indre.  Ein vert merka av å gå i fleire dagar på ukjende vegar. Det går ikkje så fort fram, ein har tid til å vere i landskapet, tid til stille timar med berre knitringa av grusen under føtene, tid til å la tankane vandre sine eigne vegar.

Vi gjekk inn porten i kyrkjegardsmuren samstundes han og eg. Ein sundagsmorgon på veg til kyrkjeromet sitt stille rom for gudstenestesamling. Preike vart det sagt i min barndom, no er ikkje preika det viktigaste for meg lenger. Den er best når noko av presten sine tankar omkring teksta han eller ho har fått å dele med kyrkjelyden rører ved meg, rører ved mitt indre.  Det viktigaste no er å vere i romet i eit fellesskap av medtruande, og la mine tankar møte Gud gjennom songen, tilbedinga, bønene, og i brødet og vinen.      Han var nokre år eldre enn eg, han eg møtte i porten denne morgonen, ein av dei faste støttene i kyrkjelyden, trufast til stades i sin høge alder. Eg nemnde noko om den vakre morgonen det var. Ja, sa han, og eg takkar Gud for kvar morgon eg får reise frå senga, opp til ein ny dag.

onsdag 17. november 2021

Når vart Jesus fødd?

 Me nærmar oss jul att, og då dukkar nok den det store spørsmålet opp. Kvifor feirar vi jul? Svar: det er fordi Jesus etter ein tradsjon frå 600-talet at Jesus vart fødd den 25.desember. Nei, vert det svarar: Det er fordi kyrkja overtok, kristna, ein heidensk romersk nyårsfest.  Eller ordet jul/jol, ei kristning av det norrøne midtvintersblotet. Vel, vel, lenger kjem ein vel ikkje, det vert vel ein årleg repetisjon på temaet igjen. Men når vart Jesu fødsel fastsett til 25. desember. Det var munken Dionysis Exiguus som gjorde det i Roma i det 6.århundret. Og det er ikkje reint få år etter at hendinga hende i Betlehem.

Finst det i Bibelen nokre hint om når det hende? Ikkje klart datert, men nokre hint er der. Men då må ein først inn om Johannes døyparen sin far, Sakarja. I Joh. 1.5 står det at Sakarja høyrde til i prestelaget som hadde namn etter Abia  Kva tyder det?  Prestane i tempelet var delt opp i lag, og kvart lag hadde teneste ei veke i halvåret, unnateke i påska, pinsa og lauvhyttefesten. i dei tre festvekene hadde alle prestane teneste i templet. Og kvart tenestehalvår byrja i fyrste tenestehalvår ved påske og og det neste ved lauvhyttefesten. I 1.Krønikebok 24.10 ser vi at presteskiftet som hadde namn etter Abia var det åttande skiftet. Med andre ord hadde Sakarja teneste i veke åtte etter påske og veke åtte etter Lauvhyttefesten.. Men i det første halvåret dukka pinsehøgtida opp den sjuande veka då alle tenestegjorde, så i det halvåret tenestegjorde han i den niande veka.  Når er det so at Sakarja tenestegjer og får vitjing inne i tempelet?  Dersom vi tek utgangspunkt i år (2021) så feira jødane påska frå 28/3 til 3/4, og då tenestegjorde Sakarja den 9.veka etterpå, altså frå 5/6 til 11/6, men og frå 22/01 til 29/01 (2022). Etter endt teneste drog Sakarja heim og dersom vi trur at to dei då låg i lag når han kom heim så byrja  Elisabeth på svangerskapet då. Om det var i første halvår eller andre vert det ikkje fortalt, men seks månadar etter får Maria vitjing. (Luk. 1.26.) Nokre dagar seinare dreg Maria på vitjing til Elisabeth og Sakarja. Då er det anten i desember eller juli månad etter vår kalender. Tre månader seinare vert Johannes døyparen fødd, og ni månader seinare vert Jesus fødd i Betlehem.  Er det i desember  Maria kjem til Elisabeth så vil Jesus sin fødselen hende i september/oktober, i lauvhyttetider, men er det i juli så vil Jesus verte fødd i mars, i påsketider.


Har Bibelen meir å fortelje om tidspunktet? Kanskje eit lite hint i Johannesprologen, (Joh. 1.14) " Og ordet vart menneske og tok bustad mellom oss" er det verset omsett til, men på gresk står det litt annleis, der står det at han slo opp sitt telt i mellom oss. I jødisk tradisjon er teltet det som gir opphav til lauvhyttefesten, telta dei budde i etter utferda frå Egypt, men og tabernakelet, møteteltet der Gud i ei sky møtte Moses under vandringa. I 3.Mosebok ser vi at Gud skipar dei tre festdagane, to, påske og pinse,  om våren og den tredje, Lauvhyttefesten, om hausten.

Han som var Gud slo opp sitt telt i mellom oss.  Utfrå Bibelen sine hint, slik eg les og trur dei, så vart Jesus fødd i lauvhyttetider i Betlehem. Slik Gud kom og var tilstades ved både tabernakel og seinare tempelvigslinga, då i form av ei sky som fyllte teltet og tempelet. Så slo Gud også opp sitt telt i mellom oss då Jesus vart fødd, men eit telt er berre festa med teltpluggar. Det er ikkje ein permanent bustad. Vel tretti år seinare drog Jesus sine teltpluggar opp, Men Bibelen fortel at han skal koma att, og då er det ikkje for å ha sin bustad i eit telt. Då vil bustaden vere permanent.

Gjer dette noko forskjel for vår feiring av hans kome? Nei ikkje i det heile, Det er ikkje ein dato vi feirar, det viktigaste er at han kom same kva dato det enn var. Så la oss feire jul i takksemd for det, og med glede sjå fram til at han ein gong vil kome att for å gjere alle ting nye.