På "The histoy blog" kom eg over dette som arkeologar har grave fram i ein gamal by ved elva Guadalquivir i Andalusia, ikkje langt frå Cordoba. Det er restane av ein nattverdsdisk av glas, 22 cm i diameter og berre 2 mm tjukk. For meg ser det ut som eit fantastisk flott arbeide, og det er utruleg at så mykje av disken har overlevd tida i jorda, og det må ha vore litt av eit finstilt puslearbeid å få bitane saman att. På grunnlag av keramikk og myntar som arkeologane fann i husruinen, vert disken datert til trehundretalet. Ikkje så lenge etter at dei kristne fritt og utan fåre kunne feire nattverden. Kanskje var denne disken i bruk alt før keisar Konstantin gjorde kristetrua lovleg. Kva er det vi ser på den? Det er Kristus som er i sentrum, og han held med eine handa om dekorert krossen, og i den andre held han ei bok, kanskje evangelia.. Ved sida hans står Peter og Paulus, og dei held kvar sin bokrull. Og oppe til høgre er gravert inn ChiRho symbolet, saman med dei to greske bokstavane Alpha og Omega. Bygninga den vart funnen i var ein privat bustad, som nok også vart nytta som kristen møtestad, noko disken tyde på, altså før at det vart bygt eigne kyrkjer for det føremålet. Eit vakkert stykke glas som fortel noko om den ærefrykta dei tidlegaste kristustruande hadde for Det Heilage Måltidet, nattverden.
mandag 6. oktober 2014
Ein gamal disk

mandag 22. september 2014
Kvitt i toppane
tirsdag 16. september 2014
Haust
I grunnen er vi heldige her i landet som har våre fire ulike årstider med kvart sitt særpreg. Det gjer dagane spanande og vekslande. Det er få år som er like, og dette siste året har vore av dei skjeldne med mykje godvær på mine kantar av landet. Og det er det berre å takke for.
torsdag 11. september 2014
Haustsol
Det gjeld å nyte dei medan sola enno auser sin varme over bygda, men eg ser ho kjem endå eit lite hakk nedover sydhimmelen mellom kvar gong dei er her desse solklåre dagane. Det er ikkje råd å unngå det. Det er haust og om nokre veker ser vi nok snøen i fjelltoppane. Eg tykkjer ikkje det er så lenge sidan eg drog grasklipparen over plenen for første gong dette året, og i går, etter at sola hadde turka opp dogga, drog eg han endå ein gong. Var det den siste gongen dette året tru? Er den neste maskina i bruk snøfresen? Vonar det vert lenge til. Men elles nytta eg soltimane som best eg kunne, med å vende kropp og sjel mot dei varme strålane. Og det var eg ikkje åleine om, Over meg hekk ei plante som har byrja få haustbrune blad, men dei blomane som endå er att strekte seg opp mot lyset og varmen.
tirsdag 9. september 2014
Kvile på støylen
Det er eit anna landskap her enn i våre heimegrender. Dei alpine toppene er borte, her er fjella meir avrunda i si form. Mange av dei er høgre, med bratte flog ned mot fjorden under. Men her oppe i dalen mellom fjella rundt, er det mjuke furukledde og lauvskogskledde linjer. Med grøne vollar der støylane ligg, og stille vatn som speglar den skykledde himmelen over. Det er lett å drøyme seg bort i dette rolege landskapet. Annleis på andre sida av fjella vi ser i bakgrunnen, der stuper floget seg mest loddret i fjorden.
Det står ei stor kvige bak deg - seier mi kjære. Ja, eg veit det - svarar eg - ho var nettopp bort i nakken min for snuse på meg, Ville vel vite kva kar eg var. Men ho fann meg ikkje verdt nærare kjennskap for ho held fram med roleg beiting inn opninga i steingarden og attende til vollen. Ikkje lenge etter ringlar det i saubjeller når saueflokken kjem på vitjing for å finne ut kven vi er. Bjellesauen tek nærkontakt medan resten held seg på litt meir ærbødig avstand, men etter litt snusing, spring dei også vidare inn på vollen. Dei stansar ved ein bergknatt som stikk opp av graset, og vert opptekne ved den. Kanskje det vert lagt ut salt til dei der?
I fjella syd for fjorden ser vi at det byrjar å tjukne til for regn. Kva veg dreg det? Kjem det hitover tru, eller dreg det vidare vestover fjella? Kanskje det best å byrje på vegen ned til bygda att så vi slepp å bli våte. Tome termosar og matbokser kjem i sekken, og snart forlet vi støylen og byrjar på stien ned mellom tjukke furuleggar og bærlyng.
mandag 8. september 2014
Vassløysa
torsdag 4. september 2014
Kjuke
Abonner på:
Innlegg (Atom)