Jonsokkveld med jonsokbål.
I år ein varm og lun kveld med sol over grenda.
For omlag femti år sidan byrja dei då unge i ungdomsforeininga å skipe til jonsokkveld med leik, matsal og bålbrenning for bygdefolket. Femti år seinare er dei ikkje lenger unge, og grendalaget har teke over. Men framleis har kvinnene ei hand med. Å setje opp mjølkeringene og å stå tombolaen har dei ikkje slept taket i. Enno.
Siste åra er det skuleplassen som har vore staden. Skulen er nedlagd, men staden er ein fin stad å samlast for eit sosialt samvær i bygda, nokre timar ein midtsommarkveld.
Og i dag er det Jonsokdag. Minnedagen for Johannes døyparen. Han som sa om seg og sin slektning Jesus. Han skal veksa, eg skal minka.
Jonsok med dei mange tusen små og store bål utover sommarkvelden og natta.
Men har bålbrenninga noko tilknyting til Johannes? Eller er det ei gamal leivnig frå heiden tid si feiring frå midtsommarblotet?
søndag 24. juni 2012
fredag 22. juni 2012
Opptrening
Når september er her, og dagane har vorte mykje kortare, er det tid for den siste pilegrimsetappen gjennom Galicia fram til Santiago de Compostela.
Då gjeld det at forma er der for dagar med vandring. Både for føter og rygg. I fjor mangla det noko på førebuinga, så då gjekk eg meg på ei bra gangsperre første dagane.
Men no er eg igang. Ikkje med vandring i skog og mark med sekk på ryggen, men litt annleis trening.
Saka er at eg har teke på meg eit arbeid eg har lite erfaring og kunnskap for. (Som så ofte før) Vonleg har eg ikkje heist større segl enn båten toler.
Eg skal denne sommaren reise ein mur av betongstein langs vegen ned til heimen. Så no går det på graving, flytting av pukkstein, støyping og løing av tung stein. Det har medført, ikkje berre gangsperre i føtene, men stive musklar i mest heile kroppen. Så dette må vere topp opptrening til vandringa når sommaren er over, og vonleg - muren oppkomen.

søndag 17. juni 2012
Hjelmelandsdalen - Stårheim
Det regna denne morgonen då min eldste bror og eg skulle avgarde på 3.etappe av kvinnegruppa Embla si pilegrimsvandring mot Selja. Frå Kilsfjorden i Volda, over Bjørkedalsbrekka til Hjelmelandsdalen i Nordfjord. I dag gjekk vandringa vidare frå Espe i Hjelmelandsdalen, over til Remmedalen og ned til Stårheim. Før etappen vart avslutta i Orheimtunet.
Men regnet for vidare mot nordaust, og då vi var samla til start kl.12.00 ved Espe bru, var det opphald med fin vandringstemperatur. 30 personar var med denne gongen. Dei fleste frå Volda og Eid, men nokre hadde og andre heimstader. Mi kjære heiv seg og rundt på morgonen og vart med.
Fleire lokale var med, og dei kunne fortelje om gardsnamn, personar og hendingar i bygdene ved vegen.
Det var jordbruksbygder vi gjekk gjenom med velstelte og moderne gardar. Men her var og minne om tidlegare tider, som dette gamle nordfjordtunet. No under restaurering attende til gamal prakt. Men sjå på den flotte steingarden i bakken bak husa. Her har det vore rulla og lyfta ein del stein i eldre tid.
I syd grånar det til med regn, og før vi bryt opp for siste bakkane ned til fjorden, må regnkleda på.
Ved fjorden svingar vi av inn mot den kvite Stårheimkyrkja.
Stårheim var under borgarkrigstida på 1100-talet sete for ei av dei mektigaste ættene i landet vårt. Stårheimsætta. Arne til Stårheim vart gift med ei svensk gøtakvinne, Ingrid, som i tidlegare ekteskap hadde vore gift med både ein dansk og ein norsk konge. Arne var hennar fjerde mann. Ein av sønene deira heitte Nikolas, Han vart biskop, og kom til å vere mellom dei fremste motmennene til Sverre og baglarane under borgarkrigen.
Men Stårheim fostra og ein landskjend mann nærare vår tid. Framleis er det mange her i landet som hugsar han. Den blinde sjåaren Matias Orheim som reiste landet rundt som forkynnar. Trass i sitt handikapp. Forkynnar og songskrivar. I tillegg spelte han både på fele og glas. I si tid ein omstridd, og høgt verdsett mann.
Men regnet for vidare mot nordaust, og då vi var samla til start kl.12.00 ved Espe bru, var det opphald med fin vandringstemperatur. 30 personar var med denne gongen. Dei fleste frå Volda og Eid, men nokre hadde og andre heimstader. Mi kjære heiv seg og rundt på morgonen og vart med.
Fleire lokale var med, og dei kunne fortelje om gardsnamn, personar og hendingar i bygdene ved vegen.
Det var jordbruksbygder vi gjekk gjenom med velstelte og moderne gardar. Men her var og minne om tidlegare tider, som dette gamle nordfjordtunet. No under restaurering attende til gamal prakt. Men sjå på den flotte steingarden i bakken bak husa. Her har det vore rulla og lyfta ein del stein i eldre tid.
Men ikkje alle hus er like heldige. Nokre går sin tunge lagnad i møte når dei ikkje lenger er til nytte. Forfallet.
Det gjekk mest nedover. Men nokre moter kom vi ikkje unna. Om ikkje så lange og bratte. På veg opp her, ligg Remmedalen bak oss. Vi skal opp i Kleiva for ein rast med mat og drikke. Og utsyn over fjorden, eller fjordane, syd for Stårheimbygda nede ved fjorden.I syd grånar det til med regn, og før vi bryt opp for siste bakkane ned til fjorden, må regnkleda på.
Ved fjorden svingar vi av inn mot den kvite Stårheimkyrkja.
Stårheim var under borgarkrigstida på 1100-talet sete for ei av dei mektigaste ættene i landet vårt. Stårheimsætta. Arne til Stårheim vart gift med ei svensk gøtakvinne, Ingrid, som i tidlegare ekteskap hadde vore gift med både ein dansk og ein norsk konge. Arne var hennar fjerde mann. Ein av sønene deira heitte Nikolas, Han vart biskop, og kom til å vere mellom dei fremste motmennene til Sverre og baglarane under borgarkrigen.
Men Stårheim fostra og ein landskjend mann nærare vår tid. Framleis er det mange her i landet som hugsar han. Den blinde sjåaren Matias Orheim som reiste landet rundt som forkynnar. Trass i sitt handikapp. Forkynnar og songskrivar. I tillegg spelte han både på fele og glas. I si tid ein omstridd, og høgt verdsett mann.
Difor var det naturleg å avlutte denne vandringa i heimtunet til Matias og Marie Orheim, og høyre eit av deira barnebarn fortelje frå livet deira.
I august held Embla fram med si vandring mot Selja. Då frå Bryggja og over fjellet til Selje.
torsdag 14. juni 2012
Grøn årstid
For ein varmkjær mann er ho god denne grøne delen av året.
I sær når viden susar lint i grønt lauv og gras, og sola varmar ein kropp som har lagt nokre år bak seg.
Når ein i tillegg har høve til å nyte dei, då er dagane gode.
I sær når viden susar lint i grønt lauv og gras, og sola varmar ein kropp som har lagt nokre år bak seg.
Når ein i tillegg har høve til å nyte dei, då er dagane gode.
mandag 11. juni 2012
Skrivetørke.
Endå nokre dagar med sol og varme kom og reiste. Dei vart bytt bort i nye grå dagar. Men enn så lenge, utan regn.
Eg sjølv har vore råka av noko som kan kallast skrivetørke. Då er det freistande å legge føtene på verandarekkverket og la humla suse. Men eg kan ikkje det heller. I allefall ikkje heile tida. For inn i mellom må eg ta på meg gummistøvlar og klede som tåler skit, leite fram spade og hakke, og bøye ryggen over molda. For eg har byrja på eit arbeid som krev både sin mann, og si tid. Så får tida vise om eg har heist eit større segl enn båten toler. Eller om om eg klarer å kare meg i hamn før vinteren bankar på.
Men innimellom er det godt å kvile ryggen og legge føtene på rekkverket. La sola varme frå ei blå himmel, og drøyme seg vekk. Drøyme seg år attende. Til Via Podiensis der den snirklar seg fram mellom Frankrike sine åsar.
Kvifor slike draumar no?
Der er ein engelskmann som er på veg frå Le Puy i desse dagar, og han har ein blogg. Eg må ofte innom for å fylgje med i vandringsdagane hans. I dag var han på veg ut og opp frå Conques, og målet var Decazeville. Etter same ruta som vi fire vandrarane gjekk . Bileta, og det han skreiv, førde meg år attende.

søndag 27. mai 2012
Pentecoste
Vel attende frå pinsegudsteneste i ei fullsett kyrkje. Med 6
dåpsborn og nattverd frå 2 stasjonar. Eg fekk vere med å dele ut på den eine
stasjonen i lag med domprost Bjørdal. Kjekt.
Men i år fell jødane sitt Shavout og vår pinsehelg på same dag.
Likevel seier dei at utan pinsa hadde påska vore til fånyttes.
Kva feirar dei så i pinsa? Kva er pinsehendinga?
Då feirar dei at Gud steig ned på fjellet i eld, røyk og toredøn, og gav Moses, og folket, Ordet sitt.
Vi kristne talar om at då Israel fekk lova , og vart eit folk under lova, underforstått "lovtrelar", medan vi har fått evangeliet og nåden sin fridom. Men jøden talar ikkje om Toraen som ei lov, men som Guds Ord, og det som for oss er dei 10 bodorda, er for jøden 10 sentrale gudsord.
Men seier Paulus, vi er ikkje eit nytt tre, vi er poda, som eit nytt skot, inn i ei gamal stamme.
Nåden?
Nåden er ikkje noko nytt for Det nye testamentet. Heile Bibelen er full av Guds nåde.
Berre tenk på den nåde som vart Isak og Abraham til del på Moriafjellet. Og som peikar framover mot at Ordet ein gong ville ta bustad mellom oss.
Og vi fekk Den Heilaga Ande til talsmann, forbedar, rådgivar og læremeister, og hans oppgåve er å vise oss løyndomane som ligg og ventar på oss hos Han som er Ordet, komen i kjøt for å pode boss inn i Guds ætt. Hjelpe oss som er Hans born til å fylgje hans Ord, eller lov om ein vil, i dette livet vi har fått å leve her i verda.
God pins.
I år fell den jødiske påske og pinsehøgtida saman med våre
kristne høgtider. Det gjer dei diverre ikkje alltid. Årsaka ligg i eit
kyrkjemøte, langt attende i tida, som fastsette at påskedag alltid skulle falle
på ein søndag. Og sidan jødane har ein månekalender, og ikkje ein solkalendar
som vi, skil det som oftast nokre dagar mellom jødane si og vår feiring av høgtidene.
Eg tenkjer at vi ved det miste noko av den samanhengen som
Bibelen set påska og pinsa i.
Vi kristne kutta ein
god del røter til stamma vår, då vi braut sambandet til den påska og pinsa som Det gamle testamentet
sine skrifter fortel om, og som Jesus og dei første kristne, medrekna Paulus,
levde og ånda i.
Derfor kan vi ofte lese og høyre utsegner om våre eldre brør
som byggjer på fakta som ikkje heilt held vatn. Mykje er grunna i manglande
kunnskap, men mykje har og sin grunn i at kyrkja etterkvart vart ei kyrkje av
heidningkristne, og kom til å meine at jødane var forkasta som Guds eigedomsfolk. I
staden hadde kyrkja overteke denne retten. Denne erstatningsteologien har
regjert i kyrkja sidan 200-300 talet. Først i dei seinare år, særleg etter krigen
sine grufulle forfylgingar av Europa sine jødar, har det reist seg røyster som set
spørsmålsteikn ved denne teologien. Men i år fell jødane sitt Shavout og vår pinsehelg på same dag.
Pinsa kjem alltid på den femtiande dagen etter påskedag. Ordet
pinse kjem frå det greske pentecoste som tyder femti. I staden for dagar reknar
jødane veker. 7 veker pluss ein dag (= 50) frå påskedag til pinsedag. Derfor
talar dei om vekefesten, og dei seier at pinsa er påska sin kroningsdag. Den
dagen får påskehendinga si fullending. Korleis skal ein skjøne det?
Påska handla då om frigjeringa frå slavekåret i Egypt, og
utferda mot det lova landet.Likevel seier dei at utan pinsa hadde påska vore til fånyttes.
Kva feirar dei så i pinsa? Kva er pinsehendinga?
Opphaveleg var pinsehøgtida ein grødefest, men alt på Jesu
tid hadde dei byrja å feire at femti dagar etter utferda frå Egypt var dei
komne til Gudsfjellet i Sinai, og det som hende der.
Då tempelet i Jerusalem vart lagt i ruinar vart grødefesten
borte, og Sinaihendinga tok over som grunnlag for pinsa.Då feirar dei at Gud steig ned på fjellet i eld, røyk og toredøn, og gav Moses, og folket, Ordet sitt.
Vi kristne talar om at då Israel fekk lova , og vart eit folk under lova, underforstått "lovtrelar", medan vi har fått evangeliet og nåden sin fridom. Men jøden talar ikkje om Toraen som ei lov, men som Guds Ord, og det som for oss er dei 10 bodorda, er for jøden 10 sentrale gudsord.
Men då dei fekk Toraen i Sinai gjorde Gud ei pakt med dei.
Dei vart Guds eigedomsfolk til evig tid. Og denne pakta står framleis ved lag.
Det er den gamle pakt seier vi, samstundes som vi høyrer
røyster som hevdar at den vart sett ut av funksjon ved Jesus Kristus.Men seier Paulus, vi er ikkje eit nytt tre, vi er poda, som eit nytt skot, inn i ei gamal stamme.
Og det er her eg tenkjer at erstatningsteologien tek feil.
Eg tenkjer at det var ikkje eit brot på Guds frelsande verk som hende då Ordet,
Guds Son, slo opp sitt telt mellom oss. Guds frelsande plan utviklar seg steg for steg gjennom heile
Israel si soge. Der er ein kontinuitetsteologi frå Bibelen sine første ord, og denne
teologien tek eit nytt steg med Jesus.
Og som jødane fekk Toraen, som er Guds Ord, i Sinai, så byrja
det nye steget då Ordet vart menneske og slo opp sitt telt i mellom oss.
Til jødane sa Gud: Høyr mitt ord og gjer etter dei. Det same sa Jesus: Den som høyrer Orda mine og gjer etter dei.
Kva er forskjela? Begge Orda, eller lovene, er Guds kjærlege vegvisarar for både jøde og oss av heidningætt.Nåden?
Nåden er ikkje noko nytt for Det nye testamentet. Heile Bibelen er full av Guds nåde.
Berre tenk på den nåde som vart Isak og Abraham til del på Moriafjellet. Og som peikar framover mot at Ordet ein gong ville ta bustad mellom oss.
Les vi forteljinga om då Moses møtte Gud og fekk tavlene med
dei 10 orda på fjellet - og Lukas si
forteljing om pinsedagen i Jerusalem - med opne auge. Så ser vi at det er to
svært like forteljingar. Og likskapen vert endå større når ein ser korleis
teologane på begge sider tolkar det som hende.
Jødane sin pinsedag er deira påske sin kroningsdag. Vår
pinsedag burde vere vår påske sin kroningsdag, og ikkje ein halvegs bortgløymd
fridag. Det er den dagen då Jesus si gjerning mellom oss nådde si fullending,
og alle som trur på han fekk Den Heilage Ande som pant på at dei er Guds born, og
dei vart poda inn i Guds eigedomsfolk.
Pinsa er kyrkja sin fødselsdag seier vi, og det er rett. Då
utvida Gud si pakt med sitt eigedomsfolk, og tok oss av heidningeætt inn under
si pakt. Det vi kallar den nye pakta.Og vi fekk Den Heilaga Ande til talsmann, forbedar, rådgivar og læremeister, og hans oppgåve er å vise oss løyndomane som ligg og ventar på oss hos Han som er Ordet, komen i kjøt for å pode boss inn i Guds ætt. Hjelpe oss som er Hans born til å fylgje hans Ord, eller lov om ein vil, i dette livet vi har fått å leve her i verda.
God pins.
onsdag 23. mai 2012
Dagmar
Så for ho Dagmar forbi i jula, og etter det har denne selja fanga mi undring på korleis ho Dagmar greidde å gjer det ho gjorde med den eine stamma.
Ho gjorde mykje skade ho Dagmar. La ned store granfelt, tok elkraft og telefon, sperra vegar, raserte bustadar og uthus, og heiv båtar på land. Men korleis greidde ho å opne ei fleire meter lang sprekke midt oppe på denne seljestamma? Det skjønar eg ikkje. Har ho fått eit godt grep på den, og så vridt den rundt slik at stamma har klovna i to? Og det utan å bryte stamma av.Til orientering. Dagmar var ein orkan som for forbi sist jul.
Eg skreiv litt om trusvandring i eit innlegg for litt sidan. Av ein eller annan grunn så fekk eg her ein dag ein assosiasjon mellom denne sprekka i selja og mi eiga trusvandring. Den klare samanhengen mellom dei to kan eg ikkje forklare, men det er kanskje ikkje så viktig heller.Men eit par artiklar siste dagane har sett meg på sporet av kvar mi vandring er komen no, etter min oppvekst i vestland-pietismen si trusverd.
Eg har i lengre tid kjent meg lite tilfreds med Luther, eller kanskje det er Rosenius, sine trusabsoluttar, nåden åleine, trua åleine. Eg har følt at der er noko som manglar i høve til andre ord frå Jesu munn. Men her ein dag las eg i pater Arnfinn Haram sin blogg ord som la nokre bitar på plass for meg.
Men eg har og hatt vanskar med å plassere meg i vår tid sitt teologiske landskap. Er eg ein gamalkonservativ fundamentalist, eller dalar eg ned på den liberale sida? Går det ihop? Det må då vere stor avstand mellom to så ulike teologiske ståstadar? Vel, det spørst kva spørsmål ein dreg fram i lyset. Særleg i tilhøvet mellom kyrkja og Israel har eg ikkje kjent meg heime i nokon av leirane. Ikkje har eg funne meg til rette hos den venstrepolitiske israelteologien som ser israel som den store syndebukken.. Men heller ikkje i den eldgamle erstatningsteologien som seier at kyrkja har overteke Israel sin plass som Guds folk. Men idag dukka det opp ein artikkel som la også dei bitane på plass.
Den handla om eit heilt ukjent begrep for meg. Og ordet er dispensasjonalisme.
Eg skal ikkje gi meg ut på forklare det. Det vil kreve for mykje plass. Men av og til vert mi stamme vriden så mykje at det opnar seg nye sprekker i det eg trudde var fast ved. Enn så lenge er eg altså ein dispensasjonalist. Men vandringa er ikkje over endå.
Abonner på:
Innlegg (Atom)