fredag 30. september 2011

Haustkveld ved fjorden

Ein varm haustdag glei over i ein mørk kveld. Framleis lun med vel 20 grader.
Eg har forlete den lyse stova og sit i godstolen min på uteplassen vår.
Framfor meg, nær nok til at lyset innanfrå når dei, heng eit par blomar og svingar seg sakte i den svake vinden frå aust.
Trass i det svake lyset innanfrå, lyser dei grøne greinene og dei kvite og raude blomane mot den mørke kveldshimmelen.

Eit glas te varmar hendene mine, og når eg lyfter det til leppene, kan eg nyte smaken og varmen av den lysbrune væska.

Kvelden er still og fredfull. Berre kvar gong ein bil raser forbi på vegen ved fjorden, vert freden uro for eit bel. Så stilnar det att.
Men i stilla er der og gode lydar.
Eit klokkespel litt bortom meg svingar seg sakte i den svake vinden, og når vinddraget aukar litt, sender klokkene sine spede tonar ut i kveldsmørkret.

Ingen stjerner lyser opp himmelen i kveld. Skyene har lagt sitt lok over bygda. Men fjorden ligg der still, og lysa frå heimane i bygda der borte under fjellet, får teikne sine lysstrimer i den stille fjorden.
Ein liten båt hastar inn og bryt lysstrimene. Kjølvatnet spreier si vifte ut etter den. Men snart er bylgjene viska bort, og fjorden ligg der still som før.


Eit lite fivreld flagrar forbi i lyset innanfrå, der eg sit med mine tankar i den lune kvelden og eit snart tomt glas med te.
Ein god kveld går mot sin ende.
Døra skal stengast, og lysa sløkkjast.
Snart ventar natta si kvile.

Haustgule blad


Mi kjære og eg er så heldige at no når vi er komne inn i det haustgule blad sin alder, så har vi, etter som åra har gått, fått har ei stor familie. Noko som gjer at det vert nokre årmålsdagar å kome i hug.
Og sjølv om eg ikkje alltid er heilt oppdatert på når desse viktige datoane er der, så har eg ei ved sida mi som hjelper meg å hugse.

I dette månadskifte har vi heile fire årmålsdagar i løpet av ei veke.
Sist mandag vart Einar 10 år. I dag er Isak 3 år, og i morgon er det Helga sin tur med sin 5 årsdag. Og dagen etter er det vår eldste dotter, Einar og Helga si mor, som fyller år.
Og på toppen av det heile fekk vi igår vite at vårt tolvte barnebarn som kjem til jul, vert ei lita jente.
Vi gled oss, og vonar at med Guds velsigning over den vesle, så kjem ho til verda både velskapt og frisk.. Til glede for foreldre, syskjen og oss besteforeldre.

Det er ikkje så verst å vere inne i dei haustgule blad si tid.

torsdag 29. september 2011

Mikkelsmess

St. Michael høyrde ikkje med til min barnelærdom.
Han og mange andre forsvann ut i det grå skuggelandet då den dansk/norske kongen gjorde ei helgedagsreform i 1770.
Men i dei siste tiåra har han igjen dukka opp i gudstenestefeiringa, gjerne knytt til hausttakkefesten. Men hans dag er idag.

St. Michal er ein erkeengel, og nest Jesus i rang. Han er den engelen som leier det endelege slaget i himmelen mot Satan og hans englehær. Slik vi finn det omtale i Johannes Åpenberring 12.kap. Ein kamp som endar med at Satan og hans hær vert kasta ut av himmelen og ned på jorda.
Han er og sentral i den mektige slagscena i Draumkvedet. Der Grutte Gråskjegg kjem ridande frå nord på ein svart hest, medan sankte sæle Mikkel kjem frå sør på ein kvit hest.


Han er og skildra med ein lang lur i handa, og med den bles han sjelene til doms.
Og i domen veg han sjelene og deira gjerningar på skålvekt.
"Det var sankte såle-Mikkjel han vog i skålevekt,
så vog han alle synde-såline hen til Jessum Krist:"

Der vi byrja vår vandring mot Santiago de Compostela, i Le Puy-en-Velay i Frankrike, ligg der ei kyrkje oppe på restane av ein gamal vulkan. Det er ei St.Michael-kyrkje. Og som vi ser på biletet er det hoggen ut ein veg opp til toppen av søyla som kyrkja står på.


Idag fekk vi fagert haustvær, med skiftande skydekke og over 20 plussgrader.
Og då høver det med vakkert haustbilete frå mi kjære sine heimtrakter i Romsdal.

onsdag 28. september 2011

Opphaldsregn

Ein ven og namnebror gav meg eit nytt ord, her ein dag.
Opphaldsregn.
Det høyrest i første omgang ut som eit noko underleg ord,
men ...
vi har hatt mykje av det desse haustvekene.
Ja. tidlegare i sommar og.
Opphaldsregn kjem når YR eller Storm, eller værmeldaren på TV lovar oss opphaldsvær, og så vert det regn likevel.

Vel, regnet idag er lovt regn, og ikkje opphaldsregn og då er det lettare å bere.
Med så mange våte dagar, vert det lite av hausten si fargeprakt i skog og mark.
Bileta mine gir meg høve til å hugse korleis hausten kan vere når vi ikkje har så mykje av korkje opphaldsregn eller lovd regn.
Dei åra vi får ein haust med sol og mild luft.
Biletet er frå månadskiftet september/oktober i 2005.


tirsdag 27. september 2011

Regnet fell

Svisj, svisj, svisj...
vindusviskarane hastar over frontruta der bilen rullar fram etter vegen.
Lyden blandar seg med lyden frå rullande hjul over våt veg.
Det regnar.
Stundom bøttar det ned og viskarane får det ekstra travelt.
Berre inne i mørke fjellet får dei kvile denne dagen.

Vegen svingar seg fram gjennom dalar og langs strender medan dagen sitt lys går over til mørk kveld.
Billysa kastar sine lysstrålar fram over vegen, inn i den våte og mørke regnveggen framanfor.
Lysande auge frå møtande bilar dukkar opp, veks i styrke, kastar ein augneblink sitt skarpe lys inn i andletet til bilføraren, så er dei forbi og føraren sit atter i mørkret.
I spegelen ser han raude lys fjerne seg og bli borte, bak på vegen der han for ltt sidan kom.


Så er fergekaia der.
Ferga ligg still. Bommen er nede.
Den malande lyden frå bilmotoren sovnar inn og viskarane fell tl ro,
Over frontruta i bilen legg regndropane seg tett og lagar eit lite eventyrland av lysa frå ferga der framme.

mandag 26. september 2011

Stilt hav


Kvelden sig på over Hustadvika.
Havet ligg der, endelaust, mot vest.
Urørleg.
Ingen dønningar bryt mot stranda denne kvelden.
Ingen vind får havet til å reise seg i kvitskumande brenningar over skjera der ute.
På den stille flata under dei grå skyene teiknar ein liten båt små strekar av bylgjer etter seg, .
Langt vest i horisonten sender kveldsola sitt raudgule strålespel ned gjennom rivner i det grå.

onsdag 21. september 2011

Vestlendingen

Som eit lite haleheng til mine ord om at det er her i det våte vest eg høyrer heime, fann eg nokre strofer på ein annan blogg.
Kvinna bak bloggen kunne ikkje fortelje kven som var opphavet til versa. Og då kan ikkje eg det heller.
Men eg tykte dei var morosame, og dei tok oss vestlendingar litt på kornet.
Så då, kos deg med desse versa, eller syng dei med melodien til: Å, vestland, vestland.
Bileta har eg henta frå verdsveven. då eg sjølv har heller få bileta med regn.
God fornøyelse.


Vestlendingen

Å, Vestland, Vestland, med din våte hatt!
Her regnar, dryper, pøser dag og natt.
Og skodda heng så vakker og så tjukk,
og vestavinden dreg sitt våte sukk.

Eit fuktig ver er livets største lyst,
då plaskar hjarta i mitt fiskebryst.
Eg likar best å vera gjennomblaut,
og difor er eg vorten saftig staut.


Men kona surnar, ungane får sopp,
og bilen rustar, huset rotnar opp,
og sjela mugnar - alt er grått og trist -
eg er den fødde super-pessimist.

Men hender det at sol bryt gjennom sky,
då spring eg inn og søkjer livd og ly.
Eg skrur på dusjen, - å du sæle sprut!
Du er mi trøyst når allting turkar ut!


Ein sjeldan gong eg ut i verdi dreg
til sydens land, der soli steikjer meg.
Då turkar eg så eg blir nesten sprø
- mi berging er den salte, våte sjø.

Eg elskar lågtrykk, - la dei stå i kø
og spreia herleg fukt der vi skal trø.
Den gilde lyd av regn på paraply,
den gjer meg lukkeleg og rein og ny.


Å våte Vestland, kor du er meg kjær!
Du fuktar håret, væter mine tær.
Så sælt når søla sutlar rundt min sko
og regnet driv som byger i mitt blod!

Når eg ein gong må dra frå denne jord,
mi grav eg ynskjer djupt i Sognefjord.
Eg vonar at det finst eit paradis
med evig regn og evig vestleg bris!