torsdag 28. april 2011

Pilegrim


"Tida ho renn som elv mot os", skreiv Anders Hovden i salmen "Fagert er landet".
Det kjennest stundom slik.
Best som ein tykkjer ei komande hending ligg langt der framme, så er den med eit komen veldig nær.
Slik er det og med den komande pilegrimsvandringa vår.
I dag er det berre tre korte veker til vi er på staden som biletet syner,
Castrojeriz, fire mil vest om Burgos.
Der stogga vi fjor, og der ifrå skal vi snart halde fram med vandringa vår.

Dette med å gå, høyrde ikkje med i mine tankar, år attende.
Heller ikkje låg det å vitje "heilage stader" så langt framme.
Så korleis dukka det opp? Eg er då på botnen ikkje noko ihuga trimmar. Og heller ikkje så veldig fasinert av å trave gatelangs i framande byar.


Det var ein tur til Israel på byrjinga av 1990-talet som sette det igong hos meg. Endå om det var ein tur der eg fraus mykje. Vi var der i månadskiftet januar/februar, og det var, til tider, surt og kaldt vær.
Likevel merkte turen meg på ein måte som eg aldri hadde trudd på førehand.
Det å vere på dei stadane eg så ofte hadde lest om, gjorde eit uutsletteleg inntrykk.
Seinare vart det fleire turar dit.

Nokre år seinare var den keltiske kulturen "in", og då dukke det opp ein tur med Det Norske Bibelselskap i fotspora til keltiske heilage menn og kvinner i Skotland og Northumbria, med hovedfokus på Iona og Lindisfarne.

Iona
The Holy Island, Lindisfarne

Og då var interessa tend.
Det er framleis mange stadar eg gjerne skulle vitja både her heime og i utlandet. Gjerne ved å gå dit, men det spørst kor lenge eg er i stand til det.
Eg er noko spent på året si vandring. Drog på meg eit kropsleg mein i fjor, og det er der enno. Eg er nok litt spent på kor mykje det vil merkast i år.

onsdag 27. april 2011

Rhododendronen blømer


Sola skin frå ein skyfri himmel.
Det teiknar til å verte ein vakker vårdag.
Litt kjøleg no på morgonen, og graset er vått av nattedogg.
Men det endrar seg nok når solvarmen stig utover dagen.
Då må eg helst leite fram klipparen, og sjå om han let seg starte.
Det er tidleg å byrje på grasklippsesongen, men grannen har alt byrja.
Engkarsa er komen så langt at det er nett føre heile plenen vert lys lilla.
Så då er det vel berre å kome igang, om det framleis er april.

Eller vert det til at eg let engkarse vere engkarse, og set meg i godstolen med ei bok istaden, og nyt sola og varmen?
Kvelden får vise.

Og når sesongen for plenklipp er over for dette året, ut på hausten ein gong, får mi kjære og eg gleda over å verte besteforeldre igjen.
Den gleda feirar eg med blodraude rhododendronroser.

mandag 25. april 2011

Briksdalen

Tre fine, varme og sollyse påskedagar ligg bak.
Den fjerde, idag, er kjølegare, med skyene hengande ned i fjella.
Men dei bar bod om at varme sommardagar er ikkje så langt unna.

I forventinga om det, legg eg ut nokre bilete frå ei lita vandring opp Briksdalen til breen ein varm sommardag.
Bileta er nokre år gamle. Heilt frå dei dagane då det framleis var mogeleg å verte køyrd med fjording og stolkjerre fram gjennom dalen.
Etter eit par ulukker med hestar som sprang ut, tok det slutt. I dag vert det nytta små motoriserte vogner i staden for hest og kjerre.

Briksdalsvatnet.



Fram under fossen.



Under breen.


Og så heimover att, gjennom fossegovet.

søndag 24. april 2011

Påskemorgen

Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid;
den har oss givet lyset og livet,
lyset og livet i dagning blid.
Påskemorgen slukker sorgen,
slukker sorgen til evig tid.


Den jødiske påskefesten varer ei veke, og er ein minnefest om då Moses førde folket ut frå Egypt, langt, langt, attende i tida.
Men den opnar med tre høgtidsdagar, tre sabbatsdagar.
Den første dagen er til minne om at guds engel gjekk gjennom Egypt.
Men dei husa som hadde blod på dørstolpane, dei gjekk han forbi.
Påske tyder å gå forbi.
Den andre dagen er festen for det usyrde brødet. Til minne om brødet dei måtte bake i all hast, utan bruk av surdeig.
Den tredje dagen er førstegrødefesten, som opnar for at året sin bygghaust kan byrje.
Den er nok ei leivning frå ein gamal grødefest.
Så er sabbaten til ende, og den første dagen i veka kjem.

For å markere starten av bygghausten, gjekk prestane tidleg om morgonen den første dagen i veka, ut i den øvre delen av Kedrondalen der det var ein byggåker. Og i det sola rann skar dei eit kornband som dei tok attende til tempelet for å svinge det for Herren, og ofre det på alteret.


Det hende og den første dagen i veka i Jerusalem i det sola rann.
Samstundes på andre sida av byen, utanfor muren, i gravhagen, slitna Pilatus si forsegling av grava, og steinen som stengde den, rulla til sides og ut kom han som for nokre tre dagar sidan vart teken ned av krossen og langt inn i den.

Nokre av kvinnene i fylgjet hans som kjem dit i solrenninga for å salva hans døde lekam, finn grava tom og ein ung mann i kvite klede som fortel at han er ikkje her. Han har stått opp.
Seinare fekk både dei, og dei andre venene hans møte han, ta på han og snakke med han.
Då trudde dei først at han var eit spøkelse. Men så dei fekk sjå at om han var den same, så var han likevel ein underleg måte annleis. Han kunne gå gjennom stengde dører.
Lekamen hans var herleggjort. Den hadde vorte omskapt til ein ”etter døden” lekam som ikkje var stengd inne av våre liv sine grenser.

Det som hende med Jesus i påska, og særleg påskemorgonen er vanskeleg for det rasjonelle mennesket å fatte, og å tru.
Uteljande er dei til alle tider, forsøk på å bortforklare det evangelia fortel hende.


Når Paulus skriv brevet til korintarane få år etter at det hende, er dette noko av det han tek opp.
Han skriv:
”Når det vert forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk sei at døde ikkje står opp? For står ikkje dei døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. Man har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår gagnlaus og trua dykkar gagnlaus… Men no er Kristus oppstaden frå dei døde, han er førstegrøda av dei avsovna.”

Så er heile kristentrua sin krumtapp det som hende i soloppgangen, den første dagen i veka, ein påskemorgon i Jerusalem.
Då Jesus steig levande ut av grava sitt mørke. Ut i den sollyse dagen, som førstegrøda av dei døde.

Han var død, men sjå han lever. Og vi skal leve ved han.

fredag 22. april 2011

Vår


Ein fager dag går mot sin slutt.
Eg skulle vel kanskje gjort som mange andre denne solrike langfredagen. Nytta den til å avslutte vinteren med ein skitur før snøen renn bort.
Men etter gudstenesta der Jesus si lidingssoge stod i sentrum, vart det å la solbleik hud få nyte godt av sola sine varme strålar.
Slik vart det ein dag med store kontrastar.


Eg var freista til å opne sjøbadsesongen.
Men - mi kjære sa nei - og sjøtempen viste berre 9 grader pluss - så det vart utsett til seinare.
På veg til fjøra for å måle tempen fann eg nokre av våren sine blomar.
Og i tillegg sprett lauvet på trea. Så denne våren kjem visst alt i løpet av få dagar.

torsdag 21. april 2011

Morgon 21.april


Ho kom seint påskehelga i år, og ute er det full vår.
Litt grått i dag, men dei om spår været, lovar blå himmel i morgon og laurdag.
Får sjå om dei får rett når dagane er der.
Vandrarane har byrja nedtellinga til Spania-vandringa i år. Om ein månad er vi på caminoen. Om ikkje noko uforutsett dukkar opp.
No byrjar tankeverksemda for å få sekken så lett som mogeleg. Grunna på erfaringane frå tidlegare år. Kva skal ein ta med? Kva må ein ha med, og kva kan ein trygt late vere att heime?

Men først kjem helgedagane, og med desse påskeliljene ynskjer eg alle mine lesarar Ei God Påske!

onsdag 20. april 2011

Golgata

Det er den 13.dagen i månaden Nisan. Om kvelden når tre stjerner er synleg på nattehimmelen byrjar påskehøgtida. Den 14. dagen i Nisan.

På Golgata utanfor bymuren i Jerusalem teiknar tre kors seg mot ein himmel der lyset er i ferd med å verte borte, trass i at det endå er timar att av dagen.
I den sjette timen vert det mørkt i heile landet, og det vare heilt fram til den niande timen, fortel Markus, evangelisten.

Då, omkring den niande timen høyrest eit rop frå den eine krossen.
Min Gud, min Gud! Kvifor har du forlate meg!
Endå ein gong ropa Jesus høgt, og så anda han ut og døydde.

Joh.3.16

Dei fire evangelistane har litt ulike detaljar om hendinga der ved krossen.
Hendingar som knyter seg opp mot tempelet og offerhandlingane der.
Johannes fortel at etter at han var død, stakk ein av soldatane eit spyd inn i sida hans, inn i hjartet, slik at blodet hans vart tømd ut over jorda.
Dette samsvarar med at i blodet var det Gudgjevne livet. Og slik offerblodet alltid skulle vende attende til jorda igjen, var soldaten si handling med på å oppfylle det.

Johannes fortel og om noko som hende i tempelet når Jesus døydde.
Ei hending som det er spor av i dei gamle jødiske skriftene.
Inne i det inste av tempelet var der eit lite rom der paktarka ein gong stod. Den forsvann då babylonarane øydela tempelet mange hundre år før dette. Dette romet var kalla det høgheilage, og var skilt frå resten av tempelet med tjukt, vove, forheng som gjekk frå golv til tak. No var det høgheilage eit tomt rom. Der var berre ein liten plattform der paktarka skulle ha stått.

Det var berre øvstepresten som hadde lov å gå inn der, og det hende berre ein gong i året. På Yom Kippur, den store forsoningsdagen. Då gjekk han inn med offerblodet og påkalla den heilage Gud sitt namn.
Eit namn som til andre tider var for heilagt til å uttale, og som ingen i dag veit korleis det vart uttalt. Uttalen forsvann då romarane reiv tempelet og offertenesta tok slutt.

Johannes fortel at då Jesus anda ut på krossen med orda ”Det er fullført”, då rivna det store forhenget utanfor det høgheilage i to, ovanfrå og ned. Som om to sterke hender tok tak øvst oppe og reiv det i to.
Det var ikkje lenger trong for nokon øvsteprest som eingong i året bar offerblodet inn for Gud i det høgheilage. Vegen var opna for alle, direkte inn til Gud.


I dei korte timane frå lyset vende attende over Jerusalem til kvelden seig på, hadde Jesus sine vener det travelt.
Dei måtte få løyve til å ta han ned av krossen og gravlegge han før dei tre stjernene synte seg på kveldshimmelen og sabbaten byrja.
Og medan kveldshimmel raudna av lyset frå den dalande sola, og skumringa senka seg over byen, vart den døde sveipt inn i eit linklede, med ein sveitteduk over andlet, og lagt inn i ei tom grav i hagen like ved Golgata..
Så vart ein stein rulla for opninga.
Overprestane sørga for at romarane forsegla grava.
Og for at ingen skulle kome og røve den døde, sette dei soldatar til å vakte den.
Så høyrest lyden av shofaren, bukkehornet, inne frå tempelmuren, lyden som varsla at no byrja påskehøgtida..

Då kviler den døde sin lekam alt i grava. Men der er ein lite notis i det nye testament om at sjela hans var ikkje der. Den er der dei døde er i forvaring, i dødsriket.