fredag 25. februar 2011

Sørleg vind


Onsdag var eg på Åmskaret att i sol frå klår himmel. Den natta hadde det vore ned i minus 10 grader, og på dagen var det ein kald vind frå aust.
I dag, fredag, er det vårluft ute med 12 grader pluss og vind frå sør.

Isen på vegane renn vekk, og snøen rundt huset er snart borte. Lenger ute i fjorden ser eg snøfri mark.
Det kjennest godt, for det har vore ein lang vinter.
Er det for tidleg å vone på vår tru?

tirsdag 22. februar 2011

Persok

22.februar.
Den gamle merkedagen med dei mange namna; Persok, Peters stol, St. Peters dag eller Per varmestein.
Dagen er ein minnedag over at Peter, av Jesus, vart utpeika til å vere kyrkja sin leiar.
Det hende i Cesarea Fillipi, ved klippene der Jordanelva har ei av sine kjelder.
"Du er Peter, på dette berget vil eg byggje mi kyrkje." sa Jesus den gongen.
Peter vart den første leiaren av kyrkjelyden i Rom. Leiarrolla der utvikla seg seinare til eit bispesete, som så vart til pavestolen si leiande rolle i den katolske kyrkja.


Men på det heimlege, kvardagslege området er det nok Per varmestein som er mest aktuell.
I gamal folketru vende vinteren denne dagen, for då kasta St.Peter ein gloande stein i vatnet og braut med det vinteren og kulden si makt. No byrjar tele og is å tine nedanfrå.

Værteikna sa at er det godt vær denne dagen, vert det eit godt år.
Og då skulle denne dagen tyde bra, sidan sola skin frå klår himmel denne morgonen.

mandag 21. februar 2011

Fagert er landet


Det er eit fagert land vi bur i her vest. Det gjeld berre å sjå det.
I dag såg eg det slik Arne Garborg kanskje opplevde det.
"Det stig av hav eit alveland med tind og mo.
Det kviler klårt mot himmelrand. I kveldblå ro."

Eller som Anders Hovden, som var her frå våre grender.


Fagert er landet du oss gav,


Herre, vår Gud og Fader!


Fagert det stig av blåe hav,


soli ho sprett og ho glader.

lørdag 19. februar 2011

Vinternatt

Dagen har vore solrik, og gradstokken steig opp på plussgradene.
No er det vorte natt. Månelys natt. Men han er i ne månen, så lyset frå han har alt byrja å svekkast.
Ute viser gradestokken minus 8 grader.
Likevel trass i kulden ute, så freistast eg til å byte borte den varme stova for ei stund.
Den månelyse natta lokka meg til å feste bygda til minnebrikka frå ein annan synsvinkel enn den eg vanlegvis brukar.
Derfor vart det ein liten tur ut i natta og kulden, til sørsida av fjorden.


Framfor meg ligg bygdebyen lyst opp av kunstige lyskjelder i tusenvis. Og bak ruvar fjella. Og høgst ragar Saudehornet med sine tre toppar.
Ein av første dagane i august er det motbakkeløp frå fjorden og dit opp, 1313 høgdemeter. Omlag 50 minutt brukar dei raskaste.


Vender eg kameraet mot vest, så er det gatelysa langs E-39 som skaper ei perlekjede av lys langs stranda.
Der ute har eg og mi kjære vår heim.

Natt


18. februar var overskya og grå, men om kvelden klårna han av.
Slik var det i bygda kl. 23.50 med fullmånen som kasta sitt matte lys over fjord og fjell.

torsdag 17. februar 2011

På ski

Då eg for mange år sidan gjekk av med AFP-pensjon, kjøpte eg meg skiutstyr.
No skulle vinterforma sikrast.
Men det vart berre med nokre få skiturar. Etter nærast å ha forfrose både fingrar og tær, vart skiene sett vekk og fekk støve ned i fred og ro.
Men i dag hende det.
Eg fann ut at no fekk eg ta å turke støve av dei igjen.
Sol og fine løyper framme på Bondalseidet lokka, og eg let meg lokke.
Ski og stavar fann eg fort, men kvar var skorne?
Som så ofte før når eg står fast, så måtte eg ha hjelp av mi kjære, og ho visste kvar dei var.


Vel framme på eidet fekk eg på meg skiene og byrja gå, sjølv om sola som hadde lokka meg, vart borte bak skyer.
Der var gode og breie løyper, og mange løyper.
Og som sagt - det er mange år sidan sist eg var der i slikt ærend, så her gjaldt å velje rett veg når løypa delte seg.
Åmskaret, som eg hadde tenkt meg til, låg lenger oppe enn eg var, derfor valde eg løyper som gjekk oppover og ikkje nedover bakke.
Det vart mykje fiskebein-gåing for det vart etter kvart mange bakkar. Og det undra meg. Eg kunne ikkje hugse at det var så mange og bratte bakkar for år attende.
Hadde eg valt feil i eit løypedele?



Eg hadde granskog på begge sider av løypa, så det var ikkje så lett å sjå kvar løypa enda. Men til lenger opp eg kom, til sikrare vart eg på at eg hadde valt feil ein stad nede i lia.
Og når løypa så svinga mot aust og Eitrefjellet, var eg heilt sikker. Her var det berre å krysse mot vest gjennom laussnøen.
Vel igjennom skogen ser eg målet framfor meg, på skarhøgda mot Follestaddalen.
Nede i dalsøkket under meg, ser eg løypa eg skulle ha valgt, og små skigåarar på veg både opp og ned.


Eg nådde målet, Åmskaret,
Framfor meg, nede i dalen, bukta elva seg, og med tuna på rekkje og rad nedover mot fjorden som låg der ute i vest, blank mellom fjella.

Første skituren på mange år.
"Og vi var samde om at det hadde vore ein gild tur", var standard avslutning på skulestilane mine i barndomen.
Ja, turen var gild, - men - det var ikkje heilt fritt for at det var ein sliten kropp som vel heime kunne strekke seg ut på sofaen.

onsdag 16. februar 2011

Eit kvernhus

Vi er komne midt i februar og fekk ein fager dag, men framleis held vinteren sitt kalde grep om bygda mellom fjella.


Mi heimegrend er nørestranda av fjorden. Bilete er teke frå Lystad, og så kjem Hagen og Sætre vidare innover mot fjordbotnen.
Der fjellrekka ved fjorden opnar seg mot Skorgedalen ligg storurda etter fjellet som eingong fall nedover mot fjorden.
Frå dalopninga fossar Skorgeelva ned gjennom urda. Og her, nesten nede ved fjorden, ligg nokre små kvernhus.


Det er gardane på nørestranda og Sørheim, på andre sida av fjorden, som då det ikkje var berre å gå på butikken og kjøpe, mol sitt korn til mjøl her.
No høyrer det ei forgangen tid til.

Sist dei var i bruk var under krigen. Då sat der i mørke netter, menn inne i kverhusa og høyrde på elva, kvernkallen som surra og gjekk, og kvernsteinen som sakte gjekk rundt og knuste det dyrebare kornet til mjøl.
Medan dei lytta ut i mørkret. Var der nokon der ute som hadde sett og høyrt deira løynde nattarbeid?


Men denne vinterdagen er det stilt ved elva og kvernhusa.
Berre elva susar og klukkar i dei opne råkene i isen.
Det vert nok nokre dagar til før vatnet kan strøyme ned gjennom vassrenna mot kvernkallen og drive han rundt.