fredag 8. mai 2009

Solstrålen. 16.september 2008


Vi har delteke i pilegrimsmessa i katedralen. Heilfransk messe med ein prest på jobb som er borte så snart messa er over.
Vi vert verande inn i kyrkja ei stund til. Pilegrimspassa skal ha sine stempel.
Her er mykje spanande å sjå for ein kyrkjefreak. Eg ruslar rundt og nyt mange detaljar i interiør og utsmykking.

Når sola er ferd med å gå ned, sit eg ved utgangsdøra i vestenden.
Eg er vend mot høgalteret i aust, og bak meg, oppe på veggen er det store og runde rosevindauget.


Med eit vert eg var ein solstråle som kjem inn i den mørke kyrkja gjennom vindauget bak meg.
Sakte glir han nærare høgalteret etter som sola dalar ned.


Solstrålen flyttar seg sakte mot krossen på alteret.
Så er han der.
Korset på høgalteret gløder i halvmørkret ei stund før lysstrålen sloknar og er borte.

Cahors. 16.september 2008


Tidleg morgonsol. Vi er på veg mot Cahors.
Men sjå elva!
For ein underleg farge ho har denne morgonen.


Vi fann inga kyrkje for morgonbøna vår.
Men oppe på åsen. Ved sidan av ei idrottbane, var der nokre steinar å sitje.
Og sola skein varmt på oss.
Der hadde vi vår morgonliturgi.
Og så er klare for dagen.


For ei blomeeng.
Er ho vill, eller er ho sådd menneskehand?


Rast igjen.
Det er godt med litt mat og kvild.
Men jammen kan det vere eit strev å få seg sekkane att.




Ut på ettermiddagen kjem vi fram på åskanten og ser Cahors under oss, og Lot som svingar seg rundt byen på tre sider.
Vel nede ved elva leider merka oss over ei smal bru, og inn i byen.
På andre sida vert vi ropte inn i eit lite hus og får kaffi og frukt, medan vi vert registrerte i pilegrimsprotokollen.
Det er Cahors pilegrimskontor som ynskjer oss velkomne.

Det er fullt i byen, fortel dei.
Heldigvis for oss, har vi sikra oss rom medan vi endå var i Le Pech.
Vi hadde fått kontakt med eit herberge der verten snakka engelsk. Han hadde tre senger ledig, sa han. Vi var fire, men fekk overtale han til å ta imot oss. Eg kan alltids dele seng med mi kjære, det har vi gjort før, sa eg.


Hospitset var eit gamalt og nedslite hus i gamlebyen.
Verten hadde byrja å renovere det til pilegrimsherberge.
Vi klatra opp fleire etasjer i ei mørk og bratt trapp for å nå romet.
Toalettet var utanfor døra på trappeavsatsen, men der var inga dør inn til det. Berre eit forheng til å dra føre.
Så viste det seg at han hadde ei fjerde seng og. Men då eg såg den, sa eg at eg trur eg deler seng med mi kjære. For senga var alt for kort til min kropp.



Cahors er ein triveleg gamal by, med ei soge heilt attende til keltisk og romersk tid. Desverre var avstandane for store for våre korte timar, så severdigheitene lengst borte måtte vi avstå. Men det gamle sentrumet med katedralen frå 1100-talet fekk vi med oss.
Og den hadde eit vakkert tympanum over døra.
og ved sida av katedralen var der og ein liten klosterhage.


Og i ei gate ned mot elva, såg vi denne underlege maskina.





Cahors

Kaffi på vegkanten


På veg mot Cahors går vi gjennom eit villastrøk. Det er varmt, og vi er kaffitørste. Då dukkar det opp ein stor parasoll med eit bord under, ved porten inn til eit hus.
Ei venleg sjel hadde omtanke for vandrarane etter vegen, og hadde sett fram ei kaffikanne og ei boks kjeks. Du verda kor det smakte. Då vi gjekk vidare låg det nokre myntar igjen etter oss som takk.

Le Pech 15.september

Vi forlet det store, høglofta, huset, Gité Les Gloriettes og vår vertinne Marie le Belgique i vakker morgonsol.
Hels herr Aakerman når de treffer han, var hennar siste ord.
Det ynskje var det kanskje ikkje like enkelt å utføre. Det er langt frå Sunnmøre til Vestfold.

Også denne dagen fine vandrarvegar, vekslande mellom skog og opnare strekningar.
Det er siestatid når vi kjem til Varaire, men for å kome dit må vi bryte av frå den merka pilegrimsvegen.
Vi bestemmer oss for å gå inn i byen i von om ein open kafe.
Etter ein km er vi der.
Kyrkja er stengd, men på den lokale kafeen får vi kome inn og kjøpe oss kaffe.


Då vi skal gå vidare er det ei eldre kvinne som fortel at vi skal ikkje gå attende til krysset der vi tok av men gå ein annan veg vidare.
Det viser seg at det var ein variant ho leidde oss inn på, og det er ein gamal romersk veg, Cami Gasco, heiter den. Eit vakkert og fredeleg stykke veg mellom store, skuggefulle tre.


Det flagra med sommarfuglar rundt oss. Ein av dei fann at Torbjørg sin ryggsekk var ein høveleg kvilestad.


Og ved ei trestamme stod ein liten tettbygd mann.
Var det ein Jakob, tru?

Det er sein ettermiddag når vi klatrar opp bakkane til åskanten der hospitset i Le Pech ligg.
Etter ein lang dag og varm dag ser vi fram til ein dusj og eit måltid med noko anna enn brød, ost og vatn.
Frå Limogne-en-Quercy til Le Pech er det 27km, og og vi er 200.m.o.h.

Hospitset er fullt får vi høyre. Men heldigvis, vi har tinga rom, og på døra heng eit papirark med påskrifta; 3 franske og 4 norske (norvègienne; norske kvinner).

Dei tre unge franske kvinnene ser litt overraska ut då det med eit står 2 eldre menn i romet. Dei skal gå 36 km neste dag, så dei vil gå tidleg til ro og stå opp alt kl 6neste morgon.

Om litt kan vi benke oss rundt langbordet, vi norske og 9 franske, og verten kjem med første rett. Det vert 4 til før måltidet er over.
Det er ikkje så lett å kommunisere når ein ikkje snakkar same språk. Men når eg byrjar på ei sms-melding heim til ei av døtrene mine om måltidet og kva rettar vi får, då er kontakta der, og mange deltek i samtalen om kva vi et og korleis det skal skrivast.
Det vert rett triveleg ved bordet, medan and og suppe og dessert m.m. vert fordelt og fortært.

Desverre stokkar det seg litt for meg. Først slettar eg meldinga med eit feiltrykk, så går det ei underleg melding heim til Ørsta, men ved tredje forsøk lukkast det.
Plutseleg ringer telefonen. Det er ei bekymra datter som undrast på om alt er vel. Ja, heilt flott, forsikrar eg. Då kjem det: "Du far, eg måtte berre kor du høyrdest ut når du var brisen". Og eg som nesten ikkje hadde smakt på vinen.

Seinare på kvelden går eg ein tur bortover åsen i eit nydeleg måneskin. Frå husa lyser det varmt ut i kvelden og eit par hundar stormgøyr mot framandkaren ute på vegen . Då tikkar det inn ei melding heimanfrå om ein stille kveld med fullmåne over Melshornet og spegelblank fjord.

Men om måltidet var perfekt, så var ikkje senga det. Det vert ei lang natt. Madrassen er i tynnaste laget. Eg kjenner kvar fjøl i sengebotnen, og i tillegg knirkar ho slik at eg mest ikkje torer røre meg.

Kl.6 ringer ein mobil, og dei tre franske tørnar ut av seng og rom, og snart høyrer eg at det går i utdøra. Ute er bekmørkt enno, og kaldt.
Når vi startar litt seinare er sola oppe, men markene som ligg i skugge er kvitrima. Eg prøver meg med T-skjorte og shorts i sola, men må snart kapitulere og finne fram meir kle.

Limogne-en-Quercy 14.september 2008

Vi byrjar å få vanskar med å få oss overnatting. Det er så mange på vegen, og det overraska oss. Vi hadde ikkje venta det ettersom den franske ferien er over.
Også hospitsvertane gav uttrykk for at det var uvanleg med så mange på denne tida av året.

Den morgonen vi forlet La Cassagnolle, kom det eit heilt fylgje av franske vandrande inn frå ein sideveg. Dei fekk vi sjå og høyre mykje til i dagane framover (dei laga mykje støy), sidan vi heldt omlag same farta.
Nokre vi prata med på hospitset i Cajarc, fortalde at dei hadde prøvt å gå i juli, men då regna det så mykje at dei hadde avslutta vandringa for å halde fram no i september. Kanskje låg det ei forklaring der.


Vi ringde oppe i bakkane for å melde at vi var undervegs.

Det eit hus bak muren, der vi rasta og ringde.
Huseigaren hadde rigga opp eit par kvileplassar for vandrarane. Samstundes hadde han sett opp ein plakat med tekst på fleire språk.
Velkomne til å raste, men ver så snill; bruk ikkje hagen innanfor muren til toalett.

Nokre timar seinare, for seint til middag, kjem vi inn i landsbyen.
Vi går over torget og vidare i retning ut av byen. Og der ser vi skiltet inn til hospitset.
Vel inne på gardsplassen, bak jarnporten, vert vi tekne hjarteleg imot av Marie la belgique og hennar to hundar.
Den franske horde sit alt borte under nokre parasollar, og på klesnora heng klesvasken deira.

Vi får spesialoppvarting. Vi er då landsmenn av Arne Aakerman.
"Han er god ven, må vite. Han har eit eige rom her, og der brukar han bu når han er her. De har lese boka hans. Han sat her og skreiv. De må helsa Arne frå Marie la belgique"
Så vert vi geleida inn ei anna dør i det store herskapshuset og opp ei sliten trapp,
" Skoa må de sette her i trappa".


Og inn i eit høglofta rom med 2 par køysenger og 1 framme ved vindauget.
Dei franske er på andre sida av veggen høyrer vi.
"Badet er inn der", seier ho og viser inn ei sidedør til eit rom som er vel så stort som det sengene står i.
"Er det ikkje eit problem å halde så høglofta rom varme om vinteren," spør eg.
Nei, når oktober kjem reiser ho heim til Belgia. Til mann, barn og barnebarn.
Men når våren kjem, då er ho på plass her att for å gjere klart til opning av herberget for nye vandrarar.

Middagen er vi igjen for seint ute til, så vi må ut for å få oss litt varm mat.
Der ein kafe ved torget, men dei sel berre øl og vin med smårettar til.
Ein restaurant oppe i ei sidegata har for eksklusive prisar.
Kva no?
Redninga vert ei nedslita pizzasjappe.
Det er to grove langbord der inne med benkar til å sitje på. Og bak disken står ein mann på vår alder med langt, grått skjegg. Mistenkjeleg lik kyrkjetenaren vår heime.

Pizza kan vi få. Han gir oss menyen og vi granskar den grundig medan vi prøver å finne ut kva dei einskilde franske orda betyr.
Vi bestemmer oss og bestiller og han set i gang bak disken.
To flate trefat med pizza kjem fram på disken. "Versågod".
Her er det sjølvbetjenning.
Det smakte godt. Vi må ha ein til, og vi bestemmer oss for eit pizzanamn.
"Den er best", seier han, og ein mørkhuda som er komen inn og har fått seg eit glas vin, er samd. Og den var verkeleg god.
På borda står nokre bollar fulle av mørke valnøtter. ¨
"Han har plukka dei i eigen hage", fortel den mørke. "De må berre ta".

Vel attende på hospitset og i seng, vert eg liggande og sjå på månen som seglar sakte forbi vindauget.
Dei andre søv alt, medan eg vert liggande å fundere på vegar og vandringa gjennom livet. Det vere seg om ein kallar seg ein pilegrim, eller om ein ikkje torer kalle seg anna enn ein vandrar.


Neste morgon er det ordna med frukost for oss.

Frå Cajarc til Limogne-en-Quercy er det 17km, og vi er igjen oppe i 300m.o.h

Tapte briller


Vi var på veg opp ei skogkledd li, då eg brått merka at lesebrillene mine var borte.
Når hadde det skjedd? Sist eg brukte dei var då eg tok bilete av Bodil og dei to esela.
Kor langt har vi gått sidan då? Kanskje eit par kilometer.
Vel oppe lia, bestemmer eg meg for å gå attende for å sjå om eg kan finne dei.
Ned lia igjen, men ingen briller å sjå.

Eit par andre vandrarar kjem imot meg.
Har dei sett brillene? Nei, dei ristar på hovudet.
Eg er nede lia. I krysset der stien tek av frå bygdevegen er 3 kvinner opptekne med eit kvart.
I det eg svingar av for å ta fatt på vegen, spør den eine om eg har misst briller. Så har dei funne dei og er opptekne med å henge dei på eit tre i krysset, medan dei sender melding fram til neste hospits om funne briller.

Eg prøver å stamme fram nokre ord til takk, men min fransk har ikkje så mange ord. Så eg raskar på opp bakkane til Torbjørg og dei andre.
Om Torbjørg kan vere tolk for meg så eg får takke dei skikkeleg?

Men før ho rekk å tenkje ut orda, kjem dei.
Det vert nokre ord om kor takksam eg er, før dei får seg kvar sin klem.
Dei smiler attende og er glade for at brillene fann sin eigar.
Så går dei vidare, medan vi tek ein matpause.
Vel framme i hospitset, spør vertinna om korleis det var med brillene.

Cajarc. 13.september 2008


Sidan vi forlet La Cassagnolle, nokre kilometer sør om Figeac, har vi vandra oppe på åsane mot sør-vest.
Det har vore lett å gå, men med lite variasjon og heller langt mellom landsbyane.


Ein gamal steinkross.


Korpartiet i kyrkja i Gréalou.

Så er vi framme på åskanten, og under oss ligg Cajarc. Og igjen er vi ved Lot.
Når pilegrimsvegen fører oss ikkje rett inn i byen. Den leier oss rundt, ned mot elva, og gjennom nokre kolonihagar ved elvebredden.
Midt mellom dei står eit gamalt lite kapell.


Vi får eit lite gløtt inn i romet, som er nake, nesten tomt.
Berre nokre stolar står i krossform framfor alteret.

Vi rundar byen og kjem inn i han vandrande langs elva. Ved ein kafe helsar vi ”bonjour” til dei som står der. Litt lenger framme svingar vegen av frå elva og inn i byporten. Ei kvinne som stod ved kafeen, kjem opp på sida vår og Torbjørg og Leif får bruk for alle sine franskkunnskapar, for ho pratar i veg medan ho fylgjer oss opp gjennom gatene.
Ei hjelpsam kvinne som fortel ho er glad i pilegrimar og har si glede i å vere dei til hjelp.

Det er torgdag, og gata vi går i er full av torgbuder.
Så er vi igjennom torggata og kjem ut på ein open plass.
Her seier kvinna takk for seg, og ho ynskjer oss god vandring vidare når ho går.
Men kvar skal vi?
Vi finn hospitset etter litt leiting, og får tildelt senger i ein stor sal med mange senger. Salen har nokre lave halvveggar som deler den opp. Innst inne finn vi våre fire senger.

Så er det ut på byen for å få oss eit måltid varm mat.
Cajarc er ein moderne by, men har teke vare på den gamle og sjarmerande middelalderbyen med trange gater rundt torget og kyrkja.


Elva Lot ved Cajarc.



Cajarc