fredag 9. juni 2023

Davik kyrkje

Så fekk eg høve til å vitje to nye kyrkjer, Denne gongen i Bremanger kommune i ytre Nordfjord. Det var Davik kyrkje frå 1886, og vesle Ålfoten kyrkje frå 1610.
Noverande kyrkje er den fjerde kyrkja i bygda. Då den skulle reisast vart den ein langvarig strid mellom bygdene på nordsida av Davik herad, og bygdene på sørsida av fjorden. Men det var bygdene i sør som fekk kyrkja.
Det er ei rimeleg stor kyrkje der koret har same breidda som skipet. Men to ting fekk ei ekstra merksemd av meg, ein veldig særprega preikestol frå 1600-talet.
Det andre har eg aldri sett før. Eg har i mange gamle kyrkjer sett at kyrkjebenkane har hatt dører inn i benken ( og kanskje også namnet på gardane måla på benkevangane )  men at benkane var nummererte har eg aldri sett før. Dei som var nærast koret hadde nummer 1, og så auka talet attover mot våpenhuset. Eg reknar med at kvar gard hadde sin nummererte benk, eller to sidan ein tidlegare hadde både ei kvinneside og ei mannsside.

torsdag 8. juni 2023

Ondt ofte ...

Elin Grytting som kom og var med oss hadde mykje å fortelje om diktarpresten, og song og fleire viser av han. Sidan han vaks opp i Selje hadde fiske og fiskelivet ei særleg interesse hjå han, og han teikna eit rått bilete av livet og livsvilkåra til fiskarbonden på slutten av syttenhundre talet. Slik som i visa om fiskaren i ondt ofte lider den fiskermann.

Ondt ofte lider den fiskermand, som ud maae fare, før hanen galer, al dagen pladske i kolde vann. Paa hjem ei tenke, før solen daler. I vaade trøie, snedriv i øie. O, sad i der, i gullbeklædte høie, i andet fandt.
Dog, snar gaar dagen, og alting let. Naar drotten ramler, og lod ei stanser, og kniv ei hviler paa maddingbrædt. Og fisken opp etter snoren danser. Da spares arme at bankes varme. Madkisten glemme de tomme tarme, som skrege før.

Saa mangt nu tenker den fisker paa. Mangt med seg selv nu han monne snakke. I aar skal jorddrot meg lade staae. I aar ei kastes jeg ned for bakke, det har ei fare, nu faar jeg vahre. I aar skal fogden meg gryde spare for skat og told.

God hustru hjemme ser ud igjen. Det qvælder tidlig, og kold er stuen. I krogen setter hun rokken hen. I asken rager, gjør ild paa gruen. Tung opp fra stranden, ind stamper manden. Tre vaade trøier, en efter anden, han slenger hen.


onsdag 7. juni 2023

Claus Frimann

Claus Frimann ? Kven var det ? Alt eg visste om han tidlegare var at han var ein prest i ytre Nordfjord på slutten av 1700-talet, og at han hadde skrive ein song som byrja slik: Ondt ofte lider den fiskermann. 
Etter denne helga veit eg ein heil der meir. Vel, litt fekk eg vite på Y's Men's klubben sin tur i juni i fjor til Selje der Claus Frimann var fødd, men på turen vår no mandag til Davik og Ålfoten fekk vi verte meir kjende med mannen, presten og diktaren som var prest i Davik. Og det var ei interessant reise. 
Vi hadde med oss Elin Grytting som har skrive bok om han, og ho både fortalde om livet hans, og song av visene hans, som hadde mange sider. Mykje meir enn ondt ofte lider den fiskermann.
Framleis er der spor etter han i Davik. Utanom at han var glad i fiskeri, var han glad i tre. Frå prestegarden og til kyrkja planta ein alle av asketre. Mykje av den vart borte då det kom ny veg gjennom bygda, men han fekk og planta to lundar, den eine med furutre oppe på ein haug ved kyrkja.
Det var 11 furuer, ei for kvar apostel. 11 då Judas Iskariot ikkje fekk noka furu. Den lunden står enno og heiter Frimannslunden. Nokre av furuene har folle, men ved dei er det planta nye furuer.

søndag 4. juni 2023

Skodde

Så rullar havskodda inn, sola er borte, berre kald skoddevind er att.

Sol frå blå himmel

Det har sålangt vore ein kjøleg vår. Sjølv med nokre dagar med sol så har dei grå og kalde dagane vore i fleirtal. Men i dag fekk vi ein søndag med klår himmel sjølv om sommarvarmen glimra med sitt fråvær. På meg vart det kyrkjegong først, 
med ein tur på Rjåneset etterpå. 
Det er godt for ein frostvar mann å kjenne på solvarmen, slik eg fekk det i dag.

onsdag 10. mai 2023

Elva veks

Det var sol frå blå himmel i påska, så fekk vi ei veke med snøbyger, for så å få ei ny veke med sol. Men Skorgeelva vaks ikkje opp før no når himmelen igjen er grå. Men no er visst snøsmeltinga på gang i høgda, for i dag brusa elva skumkvit.

lørdag 22. april 2023

Morgontrim

Denne morgonen tyrkte eg at eg var i slag. Sola skein så fint frå klår himmel og det var lite bårer på fjorden. Og sidan eg er i gang med å trene opp både pust og kondisjon, så sette eg meg som mål å gå min gamle skulekrins til endes. 
Eg kledde meg lett då eg rekna med at solvarmen nok ville gjer det varmt nok etter kvart. Mest spent var eg på om føtene etter kvart ville protestere på lengda og farta. Det er år sidan eg har gått så langt.

For nokre år sidan gjekk eg strekninga på tre kvarter kvar veg, noko eg var klar over at eg ikkje klarte i dag. I dag brukte eg kvarteret meir, men ein time kvar veg er eg nøgd med. Det vert 15 min på kvar kilometer. Og i fylgje min telefon gjekk eg 8,3 kilometer til saman. Det er vel omtrent same gangfart vi brukte på vandringane i Frankrike og Spania for nokre år attende.