mandag 24. oktober 2022

Stjerneteikn

I mi heimekyrkje vart laga eit nytt teppe inne i alterringen då kyrkja feira 90 års jubileum. Eit grått teppe med tolv ringar som inneheldt tolv ulike symbol. Då ei konfirmantklasse eingong knelte ved alterringen, utbraut ein av dei. Kvifor er alle stjerneteikna der på teppet? Eg kunne ikkje svare, men måtte prøve å finne svaret, utan å lukkast. Sidan har eg erfart at det er ikkje heilt ukjent at ein i mange eldre kyrkje kan finne stjernekretsen i utsmykkinga av kyrkjene. Seinast såg eg det til mi undring i Nidarosdomen. På golvet framfor eit av altera. Rett nok berre seks av teikna. Men likevel. Kva har astrologi å gjer i kristne kyrkjer er mi undring.

søndag 23. oktober 2022

Haust

Det er stille sundagsmorgon i Sogn. Over skylaget kan eg skimte blå himmel, men sola glimrar med sitt fråver.  Dei grøne furuliene over gardane sine grøne bøar har flekkar av gulfarga lauvtre inn i mellom. Noko som fortel at no er seinhausten her dette året og. Noko gradstokken og fortel. Kuldegradene er ikkje langt borte ute og i dag skal eg køyre over fjellet til Nordfjord og heim. Vinteren med kulde og snødekte vegar er nok ikkje langt borte, så dette vert nok mi siste vitjing i fagre Sogn dette året. 

lørdag 17. september 2022

Haram kyrkje

Nyfikna gjor at eg melde meg på ein busstur til den nyopna vegen nordover nordøyane på nordre Sunnmøre. Diverre synte ikkje veret seg frå si beste side, det var både grått og vått, men me hadde ein fin og opplevingsrik tur med ein stor og god Vy-buss. For meg som har ei særs interesse for kykjer var det ei oppleving å få sjå inn i Haram kyrkje frå 1838, fargerikt dekorert av Lars Osa frå Hardanger, og med den gamle altertavla frå 1670. 

søndag 21. august 2022

Ukjende stiar.

Døtrene mine er flinke på å drage meg med ut å gå. Heime er landskapet kjent, men både i Sogn og i Romsdalen er det ofte i ukjent lende. Og sidan eg no er Møre og Romsdal fylke sitt midt fogderi, så fekk eg meg ein tur ut i det ytre av Fræna, og det indre av Aukra. Det var ein Stikk Ut post ved Hundediket som var målet. Første delen av vegen gjekk vi på vegen opp til Lauvåsgardane. Den var bratt eit stykke så eg fekk rett kjenne på lungekapasiteten min, men så svinga stien vidare oppover i skogen mellom store furuer, den vart flatare etter kvart til vi var framme ved vatnet som var dekt av vassliljer. No desverre avblomstra.
Vel nede i Jendembygda att heldt vi fram nordover mot Aureosen og Vågsøy kyrkje. Underveg kunne vi sjå utover Gossen og havet utanfor. 
Ein sving nedom Vågsøya og kyrkja der tok vi og før  Malmefjorden og så vidare gjennom Tustentunnelen og heim.

Vidt utsyn.

Etter ein morgon med skodda langt ned i fjella er det no høg og blå himmel her eg sit og nyt det vide utsynet over fjord og fjell her ved ein av  Romsdal sine fjordarmar.
Til venstre for meg går Langfjorden innover mot Eidsvåg, med Herjefjell og Mittetfjell over, og med Vistdalsfjell bak, og med toppar som er rundare i forma enn på sydsida av Romsdalsfjorden. Lengst inne stikk Skjorta i Eresfjorden opp, vel 1700 meter høg.
Under Torvløysa ser eg fergestaden Åfarnes, og til høgre for den går Rødvenfjorden sydover. Det var her inne, på sydsida av skaret mot Isfjorden at skotteren til Sinclar gjekk i land for å byrje på ferda mot si endelykt ved Kringen. Bak skaret opnar utsynet seg mot Innfjordfjell og Isterdalsfjell med Trolltindane gøymt i skodda.l
Fjella vestover frå skaret er vestsida av Rødvendalen med Oksen som det høgste. Lenger bak, på sydsida av fjorden ser vi Måndalsfjell og Blåstolen på Vågstranda med austenden av Sekken nærast meg.
Men over fjorden, nærast meg, ligg Veøya og den mindre Hangholmen.
På Veøya låg før Svartedauden ein middelalderby, seinare er det berre den gamle fylkeskyrkja for Romsdal og prestebustaden som er der, prestebustaden som seinare vart bustad for Coucheron Aamodt då han kjøpte øya. Rundt 1.verdskrigen erklærte han krig med Tyskland, og han rekna seg som rett arving til den norske kruna. Kvar Hangholmen har sitt namn frå er vel rimeleg å skjøne. Veøy sitt namn kjem frå eit norrønt ord "ve" som tyder heilag , truleg har der vore eit gudehov der i førkristen tid.




torsdag 7. juli 2022

Obs

Det er mange slags vegar i landet vårt. Ikkje alle er av motorvegstandard. Ein vegstubb i indre Nordfjord hadde i lengre tid eit skilt som fortalde at her byrja landet sin verste veg. Om det var rett kan nok diskuterast, men skiltet er borte no etter at det kom ny og breiare veg der, med to tunnelar. Men i dag kom eg over eit varselskilt på ein bygdaveg lenger sør i Vestland fylke. Vegen var smal og svingete med mange bakketoppar innover langs fjorden. Men i dag var det ein sommardag. Kor han var å køyre i teleløysinga for dei mange som skulle køyre han dagleg til å frå arbeid ville nok situasjonen kjennast noko annleis, noko kanskje skiltet bar bod om.

.

tirsdag 5. juli 2022

sommar i vest

Når ein er fødd og oppvaksen her vest, i fjordane innfor Stad, denne værharde fjellnasa som stikk seg ut i Norskehavet, då er skiftande vær noko som høyrer livet til. Drivande skyer, vind og væte kan til tider virke å vere normalen her innfor Stad. Slik som i dag. Og det tek liksom ikkje ende, slik han kjende på det onkelen min som kom heim frå tigerstaden på nokre veker sommarferie. Kva hadde han bak seg når turen gjekk attende til austlandet sitt solrike sommarvær. Dag ut og dag inn med skodde ned i fjella og regn, regn.

Sigbjørn Obstfelder skreiv så lett  og humørfullt om ei slik dag i diktet Regn.

En er en, to er to -
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk, sakk, vi drypper på tak,
tikk, takk, det regner i dag.
Regn, regn, regn, regn
øsende regn, pøsende regn,
deilig og vått, deilig og rått!
En er en og to er to -
vi hopper i vann,
vi triller i sand.
Sikk sakk, vi drypper på tak,
tikk, takk, det regner i dag.
Det er ikkje alltid like enkelt som det, å ta det positivt når værmeldarane ymtar frampå om at slik vil det verte mange dagar framover. Men så ein morgon vaknar vi her vest til sol frå blå himmel og då er minnet om dei grå og våte dagane bytte ut med å nyte sola og varmen frå den. Det er kanskje ikkje så rart at mange av oss endar opp som soldyrkarar.