søndag 26. juni 2022

Midtsommarnatt

Utanfor vindauget er det still midtsommarnatt.Nede ved fjorden som ligg der utan at eit einaste vindpust uroar den gråblanke flata, har krøterflokken støyla seg i sommarnatta. Eg ser den heilage øya, Veøya spegle seg i fjorden, og lenger bak reiser Romsdalsalpane seg med sine tindar. Svevnen er for meg bytt bort med tankesviv.
Og vide vandrar dei til livet som no ligg bak meg, og som så brått endra seg dette føråret. Kvar er du komen vandrar, og kva har vandringa gitt deg av opplevingar, verdiar og erfaringar? Eg er nok ikkje lenger den eg var i ungdomsåra. Også trua mi har endra seg under vandringa mi etter livsvegen,   vandringa saman med han som eingong for 2000 år sidan vandra rundt i Galileas og Judeas fjell og dalar, og som sa "eg er vegen, sanninga og livet, fylg meg." Ser eg attende kan det synest meg at eg har vore heldig. Livet mitt har hatt mykje som liknar på den stille fjorden utanfor vindauget, noko eg kan takke mi kjære kone for, ho som vart henta heim no i mars. Ho var det gode mennesket i livet mitt, og eg er djupt takksam for åra vi fekk i lag.  Den egoen eg var mjukna mykje i samværet med henne, men og møte med andre sine trusuttrykk har opna mi tidlege ungdom si noko stivbeinte tru for noko som vart djupare og rikare. Eg har fått erfare at det er ikkje farleg å gå lenger nedover den elva profeten Esekiel skriv om som siv fram under tempelporten, men som vert større og djupare til lenger ho renn. Om eg ikkje har prøvt meg på å symje i den, så har eg kanskje fått prøvd på å vasse i litt djupare vatn, kjent vatnet av den godt opp på leggen. Eller som Paulus skriv, eg har fått smake litt av den faste føda. Og det har noko endra trua mi. Den gjort vandringa etter vegen rikare og gitt rom for meir undring over kven Gud er, kvifor Den salva Messias kom, og kven Anden er. Dei store spørsmåla som vi nok ikkje får svara på før vår vandring på Vegen her er over.
 Natta har gått med sine tankesviv. Ute lysnar det mot den nye dagen. Krøttera har flytta seg oppover i beitet  og sola byrjar å spreie sine varme strålar over fjord og fjell. 

mandag 9. mai 2022

Sorgen og gleden (2)

Livet kan til tider kjennast å vere i meste laget å røyne.To dødsfall for mine kjære på under to månader kan kjennast so. Først var det mi kjære Bodil som sovna inn av kreftsjukdomen, og eit 58 år langt samliv var over. Så var det min gode bror som hadde eit alvorleg uhell. Miste truleg balansen i ei betongtrapp og fekk fleire brot i hovudskallen og med det store hjerneblødningar. Fem dagar fekk vi sitje ved sjukesenga hans og fylgje hans siste levedagar før han drog sine siste andedrag og var borte.
Sorg, kva er det? Gråt og tårer i mengd? Det er det nok og. Men for meg har det vore eit stort vemod over noko som er borte, noko som er tapt. Ja visst har eg minner i mengd over dei to som ikkje er her lenger, men minna dekkjer ikkje tapet.
Vona om å møte dei att når eg sjølv har sovna inn har eg, men det dekkjer heller ikkje tapet av dei to som døden tok. Det vart så tomt, så veldig tomt hjå meg  etter dei to som ikkje er her lenger, det er ein realitet i mi sorg som eg kjenner på kvar dag. Men sorga er og fysisk. Den gjer meg sliten og trøytt. Og den får meg til ubevisst å høyre og sjå ting som ikkje er der, eller er det der likevel? Sorgen og gleden de vandrer til hope, skreiv Kingo. Og han hadde nok erfart det i sitt eige liv. Slik eg og får erfare det i desse vårmånadene. Sorga over det tapte vil nok vere med meg vidare lenge enno, så får eg plukke gledene ned når dei dukkar opp.


torsdag 5. mai 2022

Sorgen og gleden

Tomas Kingo skreiv ei salme der han let sitt  livs gleder og sorger kome til uttrykk. Etter mi kjære kone sin sjukdom og dødsfall har opningsorda på salmen ofte tona igjen hjå meg : Sorgen og gleden de vandrer til hope, lukke og ulukke gange på rad. 
Det er ikkje mange vekene sidan eg fylgde mi kjære kone til grava, og no sit eg ved min eldste bror sitt  sjukelege etter eit tragisk uhell og veit at eg om ikkje lenge og må fylgje han til hans siste kvilestad på kyrkjegarden. Då er det  kanskje ikkje så underleg at Kingo sine ord  stendig tonar igjen hjå meg.

Sorgen og gleden de vandrer til hope, lukke og ulukke gange på rad. Medgang og motgang hinanen anrope. Solskin og skyer de følges og ad. Jorderiks guld er prektig muld, himlen er ene av salighet full.


søndag 17. april 2022

Stedje kyrkje

Det var i Stedje kyrkje eg feira påskedagsgudstenesta dette året. Ho er raudmåla og er den største kyrkja i Sogn og ligg vakkert til oppe på ei flate vest om Sognddalselva. Alltid spanande å feire gudsteneste i andre kyrkjer enn mi heimekyrkje. Etter gudstenesta gjekk vi den fine fjordstien som går mellom fjorden og husa i Sogndalsfjøra, frå Stedje gard i vest og til brua over Barsnesfjorden i aust.

Påskemorgon

Det er tidleg påskemorgon i Kaupanger. Sol frå klår himmel. Her eg sit ser eg eit glimt av Kaupangerbukti, og her på Kaupangersida er gardane og byggefeltet bada i morgonsola, medan Amlasida endå ligg i skuggelandet. Og utanfor bukta ser eg den lange Sognefjorden, med høge fjella over, der toppane enno er kvite av snø. Desse fjella ligg på vestsida av fjellvegen mellom Aurland og Lærdal. Vestover bøyer fjorden av inn mot Aurland og Gudvangen. Men austover deler han seg i ei arm mot Lærdal og ei arm som  går innover mot Luster og Skjolden inne i fjordbotnen. Her har eg vore denne påska hjå mi yngste dotter, med kyrkjevitjingar og gåturar i omegna., og i vakkert vårver.

lørdag 16. april 2022

Påske i indre Sogn.

Pandemien ligg bak og då er det tid for å gjer utsette vitjingar . Desverre er eg åleine for første gong då mi kjære døydde frå meg i mars. Denne påske er det ikkje mi heimekyrkje som er mi påskekyrkje, men to Sogndalskyrkjer. Dette fordi eg er på vitjing i Kaupanger. I dag gjekk vi tur langs stranda av Kaupangerbukta med utsyn til dei mektige fjella på sydsida av fjorden. Eg har fått vere tilstades i tre gudstenester på to dagar. Ikkje verst. Skjærtorsdag kveld var vi Stedje kyrkje der diakonen var forkynnar, og langfredag føremiddag var vi i den gamle stavkyrkja i Kaupanger, der prosten i Luster leidde gudstenesta. Med innlagt dåp.Men om kvelden  var vi i Stedje kyrkje att til kveldsgudstenste. Litt kjekt å høyre korleis to prestar vel sine innfalsvinklar til same teksta. Men midnattsmessa i heimekyrkja får eg diverre ikkje med meg i år. Det er eit sakn. Den gudstenesta er eit av høgdepunkta i påska for meg.

fredag 25. mars 2022

Eit nytt kapittel

 Ingen veit kva dagen fører med seg. "Kvar dag har nok med si møde," står det i Bergpreika. Det har eg fått røynt dette siste året. Eit kapittel i livet mitt er over. Eit nytt har byrja.

Det byrja ved forrige årsskifte. Endringa hadde nok byrja før men det kom fram i lyset då. Mi kjære fekk påvist kreft. Dette skal gå bra, fekk vi høyre, der er gode medisinar å nytte no. Men krefta var nok komen for langt allereide. Immumforsvaret var for lavt og då kunne dei ikkje nytte full dose av medisinen. Det uroa meg, og ved siste årsskifte gjekk dei over til ein ny type medisin. Om den sa ho at effekta av den var lita, men ho fekk alle biverknadane den kunne gi, og alt i slutten av januar gekk dei over til cellegift. Men det vart kortvarig. ei og ei halv dose. Då vi kom for den tredje dosa fekk vi høyre at dei avslutta behandlinga. Dei kunne ikkje gjer meir for henne, kroppen ville ikkje tole meir cellegift. No venta berre enden. Det kunne ta dagar, veker eller månader. Korleis tek ein ei slik melding? Vi var alt førebudde på det gjennom den sjukdomforløpet vi hadde sett siste vekene, Men, likevel, kan ein vere førebudd på ei slik melding? På heimveg stansa vi ved ein kolonial for å gjere nokre innkjøp. Der møtte eg ein ven og han spurde kor det stod til. Ikkje bra, svara eg, no må eg byrje å førebu meg på å verte enkemann.. Det kom ikkje fleire ord frå han, eg trur han vart litt sjokkert av orda mine.

Det vart ikkje månader. Nokre få veker vart det der eg måtte sjå på kor ho skrintest og talmast bort. Berre magen vaks av vesker som samlast der. To gonger var ho på sjukehuset og tappa veske, og siste gongen kom ho heim i båre. I ein døs , truleg av sterke smertestillande medisin.  Knappe tre dagar fekk ho heime i si eiga stove etter det. I desse siste dagane hennar var kreftkoordinator, fastlege og heimesjukepleiarar gode hjelparar og støtter å ha for oss hennar aller næraste. Og eg fekk vere tilstades hjå henne, saman med born og borneborn.  Laurdag for snart to veker sidan såg vi at slutten nærma seg. Pusten hennar gjekk seinare og seinare. Eg fekk sitje ved senga og halde henne i handa då det siste andedraget kom og ho sovna inn. Det gjorde vondt å misse kjærasten min gjennom femtiåtte år, men samstundes var det godt at at det vart så få dagar ho fekk røyne sjukdomen sitt alvor, og at ho slapp å ligge sengeliggande og talmast bort i månader framover. Og det eg fekk røyne då ho sovna inn, utaom sorga og vemodet, var ein djup fred. Ho hadde flytta heim.

For ei veke sidan var kyrkja fullsett av slekt og vener av mi kjære som ville ta farvel og fylgje henne til hennar siste kvilestad. Det var ei god og fin stund i kyrkja, med gode ord frå Arne prest, og med fyldig og god song frå dei som var i  kyrkja. No kviler lekamen til mi kjære på kyrkjegarden, i ei kvit kiste gøymt i jorda til oppstoda sin morgon. Men det som var meir henne en lekamen, sjela og livsanden, er ikkje der. Dei er heime hjå han som i si tid gav henne dei- Som det står i siste verset av " Ein fin liten blome". "Lat lekamen kvila med fred i si grav, mi sjel ho er heime hjå Gud."

Eg kjenner på djup takksemd for at eg fekk møte henne, og at ho vart mi kjære Bodil gjennom alle åra vi fekk saman, men no er det forbi. Eg har byrja på eit nytt kapittel av mitt liv, og då utan henne. Og det byrjar med sorg, med vemod, men med meg inn i det nye har eg minna om alt det gode vi fekk ha saman gjennom 58 år. Takk, takk mi kjære Bodil.