torsdag 21. oktober 2021

Puerta del Perdón (4)

                                                                                                                                                                Hendinga i Jerusalem påska for snart 2000 år sidan har vore mykje debattert gjenom åra. Kvifor hende det? Var rettsaka rettferdig? Var det eit justismord? Kven var i so fall årsak til det? Var det Pontius Pilatus, eller var det øvstepresten og dei andre prestane i tempelet? Kva var i sofall årsaka til at dei valde å presse igjenom ei dødsstraff for Rabbien frå Nasaret. Meiningane er fleire, og det rette svaret får vi vel aldri.

Men kanskje var dei alle, medrekna Judas Iskariot berre brikker i noko som måtte hende for å opne Puerta del Perdón, nådens dør for vår falne menneskeætt. I så fall gir kanskje desse to gamle relieffane over ei kyrkjedør, på pilgrimsvegen mellom Burgos og Covarubias eit hint. 


Tre gonger i kvart av dei tre første evangelia  fortel Jesus sine vener kva som ventar han i den komande påska i Jerusalem, men dei skjønar ikkje kva han seier. At han er Guds son, at Gud og han er ein, og at han om få dagar skal late livet for øvsteprestane og heidningane sine hender. Men at han og skal ta det att tre dagar seinare. Og Johannes gir att orda Hans;  Eg gir livet for sauene. Derfor er det at Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gi det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av far min.                                   Og då Pilatus spør han om han er konge, så svarer han; ja det er eg, men mitt rike er ikkje av denne verda. - Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfesta deg? seier Pilatus. Og Jesus svarar; Du har inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå.

Timar seinare sa Han frå krossen; Der er fullført,  og anda ut. Oppgåva han hadde fått av Gud var utført.    Skjønar eg det som hende denne påskeafta for snart 2000 år sidan? Eg leitar i skriftene etter svar og undrast på kvifor det måtte verte slik?                                                                                Påskedag er to menn på veg frå Jerusalem til Emmaus. Ein framand kjem opp på sida deira og gir seg ilag med dei. Og i samtalen mellom dei gir han seg til å forklare ut frå skriftene kvifor Messias måtte lide dette. Ved kveldsmåltidet seinare, når han bryt brødet, ser dei brått kven han er, men då vert han borte frå augene deira.

Der er nokre Puerto del Perdón i landa i sør. Eg har gått gjennom to av dei dørene, men dei er berre dører inn til kyrkjeromet innanfor.
Det er fullført, sa han. Oppgåva han hadde fått av Gud var utført. Den rette Puerta del Perdón , nådens port opna han då han gav sin kropp og blod som eit sonoffer for oss på krossen.

onsdag 20. oktober 2021

Puerta del Perdón (3)

Framme på Golgata er hans Via Dolorosa, Smertenes veg, tilende. Eller er den det? Går den ikkje istaden over i ei ny fase, den avsluttande?

Her vert han kledd naken og lagt ned på krossen. Med klubber vert naglar slegne gjennom føter og hender inn i krosstreet før krossen vert heist på plass, ståande i grusen, jorda på Golgata. Så heng han der til spott og spe for folkehopen, berre to av hans eigne er vitne til lidinga hans. Kjem det klagerop frå han, eller teier han i smerten, som sauen dei fører til slakting på tempelplassen? Frå såra på føter, hender og rygg fargar blodet treet raudt, slik det eingong farga dørstolpane i Egypt.

                                                            

Forbanna er den som heng på eit tre, skriv Paulus til Galatarane. Kvar kjem dei orda hans ifrå?  Dei kjende nok til det, prestane i tempelet som pressa Pilatus til krossfestingsdom. Kjende som dei var i skriftene. Den som vert opphengd i eit tre er forbanna av Gud står det skrive.                                            Forbanna av Gud. Er det ikkje berre smerten ved krossfestinga han må lide? Er det også å vere under Guds vreidsdom? Er det derfor skriket kjem frå djupet i han? Elí, Elí, lemá sabaktáni!  Min Gud, min Gud, kvifor har du forlete meg?

Det er ikkje mange orda som kjem frå han der han heng. Men enno står noko att. Eg er tyrst seier han, og ein soldatane set ein svamp på ein isopstilk, fyller den med edikvin og rettar den opp mot munnen hans. Slik avsluttar han påskemåltidet, det fjerde vinstaupet som han ikkje drakk på salen, drikk han no. Og med orda; Det er fullført, avsluttar han oppdraget han fekk av Gud og andar ut. Men endå litt står att, blodet hans skal attende til jorda. Ein soldat stikk spydet sitt i sida hans , og jorda tek imot blodet og vatnet som renn ut. 

Vårt påskelam er slakta, skriv Paulus, og Jesaias skriv: Han vart såra for våre brot, sundbroten for våre synder. Straffa låg på han så vil skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom.                                Og før festen for det usyrde brødet er til ende i Jerusalem kviler lekamen hans i ei grav i hagen nær rettarstaden.

tirsdag 19. oktober 2021

Puerta del Perdón (2)

Det er den dagen påskelamma vert slakta på tempelplassen. Den kvelden på øvresalen er dei samla til påskemåltid. Der deler han brød og vin med sine vener. Under det måltidet seier Jesus at vinen er den nye pakt i hans blod.  Kva meinte han med ei ny pakt?  Då må der vere ei gamal pakt omtala i skriftene. Der er fleire pakter omtala mellom Gud og særleg Abraham og i dei fleste av dei gjeld dei lovnader om at Gud vil vere  med ætta hans, og lovnader om landområde. Men ei pakt skil seg ut, og den kjem etter at Moses hadde vore på gudsfjellet og fått dei to steintavlene med boda. Men då han kjem ned og ser folket danse om gullkalven, knuser han steintavlene i sinne og fortviling. Men Gud kallar han endå ein gong opp på fjellet og han får to nye steintavler, og eit påbod om å lage til eit offer. Eg vil gjera ei pakt sa Gud til han. Og Moses bygde eit alter og sende ut nokre unge menn for å bere fram brennoffer og slakte oksar som fredsoffer for Herren. Og Moses tok halvparten av blodet og hadde det i skålene. Halvparten skvette han på alteret, resten skvetta han på folket og sa; Sjå dette er blodet til den pakta som Herren gjer med dykk.    Men profeten Jeremia skriv; Sjå dagar skal koma, seier Herren, då eg skal gjera ei ny pakt med Israel og Juda si ætt, ei pakt som er annleis enn den eg gjorde med fedrane deira.  Er det den pakta Jesus snakkar om som er i blodet hans?

                                                 


Dei går ut i natta etter måltidet dette siste døgnet Jesus lever, ned bakkane til Kedrondalen, ut porten, over Kedronbekken,  som er farga raud av blod frå ofringane oppe på tempelplassen, og inn mellom trea i Getsemanehagen. Det er natt men fullmånen sender sitt lys over det som no byrjar. Noko han hadde varsla dei om fleire gonger, noko som låg framfor og som han grua seg for. Noko han sa til Peter ein gong,  at han hadde ei vreidesskål å tøme, ein dåp, ein bloddåp å gå igjenom. Og der inne mellom dei eldgamle oliventrea fell han til jorda i si sjelekvide og ber: Far er det råd så la denne skåla gå meg forbi. - men det får verte som du vil.  Og der inne med ansiktet mot jorda, gruvande i angst fell svetten som blodsdråpar mot jorda, og jorda tek imot.

Så kjem romarane og tempelvakta og fører han bort til forhøyr, sterke anklagerop med krav om død, hudfletting og tornekroning, og til slutt domen; krossfesting. Slik han hadde fortalt sine vener at det ville hende han i Jerusalem.

Det er morgon i Jerusalem då han med vaklande, smertefulle steg byrjar på si siste vandring gjennom gatene i byen, sin Via Dolorosa, smertens veg, mot Golgata, rettarstaden utanfor bymuren. Med krossbjelken gnagande mot såre blodige skuldrar. 

mandag 18. oktober 2021

Puerta del Perdón (1)

 Den andre porten, døra, inn til Basilika de Isidoro i Leon er kalla Puerta del Perdón, Nåden sin port. Og då er vi  ved oppfyllinga av Abraham sine ord til Isak; Gud vil sjølv sjå seg ut eit offerlam.

Det er rett før påske, minnedagen for utferda frå Egypt. Ordet kjem frå det hebraiske pesach som tyder å gå forbi. Det er den kvelden, natta, då dei sit i sine hus i Egypt med reisematen klar, usyra brød. Og med blod på dørstolpane. Ute går engelen fobi deira dører. Dei ventar på at deira frelsar Moses skal gi dei si melding om oppbrot.

I Jerusalem mange hundre år seinare er det og kvelden før påskehelga. Jesus og hans vener er samla på festkvelden for det usyrde brødet. Samla på øvresalen for påskemåltidet. Truleg var dei fleire enn dei som er nemnda, dei var i alle fall fleire når påskemorgonen rann. Det er her dei har sitt siste påskemåltid i lag. 

Det er her han deler brødet med dei og seier Ta dette og et det for dette er min kropp. Og det er her han vinstaupet og sender det rundt og seier; Drikk alle av den! Dette er mitt blod, paktsblodet, som vert utrent for mange til forlating for syndene. Og legg han til; Heretter skal eg ikkje drikke av denne frukta frå vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket åt Far min.. Men sjølv drikk han ikkje det fjerde begeret som høyrer avslutninga av påskemåltidet til. Men han seier til og dei: Så ofte de drikk av den så gjer det til minne om meg: Og sidan har vi som trur, i snart totusen år trufast samlast til måltid med vin og brød slik han ba oss. 

Men er det då Puerta del Perdón, Nådens Port opnar seg? Eller er det i det som hende dagen etter?



søndag 17. oktober 2021

Haust

Når vi kom frå ein betre middag på Rjåneset i dag låg Nipa og fjella bak bada i sol. Blå himmel, kvit snø og haustfarga skog.

lørdag 16. oktober 2021

Puerta del Cordero

Etter den lange vegen over den store sletta sør om Dei kanabriske fjella kom vi til gamlebyen Leon. Ein gong i romartida låg det ein romersk legio stasjonert her, av det kjem namnet. Så overtok goterane den spanske halvøya. Goterane var arianske kristne. Dei neste som hadde makta var muslimske maurarar, før dei kristne styrkane i Kastillia og Leon byrja å presse maurane sørover att og Leon igjen vart ein kristen by. Der er ein mektig katedral i byen, men og ein eldre basilika som er tileigna biskop som medverka til at den gotiske kongen i Sevilla førde den ariske kyrkja over til romer katolsk rite. Biskopen var Isidor av Sevilla. Då han døydde vart han gravlagd i Sevilla, men då maurane sitt herredøme i sør var pressa, fekk den kristne kongen i Leon overta kista med Isidor og førde den nordover til Leon der det vart reist ei kyrkje til ære for San Isidor. Så langt ei lang soge.

På Basilika de San Isidor er det to portar, dører, inn til kyrkjeromet, og over kvar dør er det hogge ut ein relieff som skildrar hendingar Bibelen. Den eine porten er kalla Puerta del Cordero, Lammet sin port, og den skildrar Abraham i det han har lyfta kniven over Isak for å utføre eit menneskeoffer, Isak hans son. Men samstundes ser vi Guds hand som stoggar Abraham før han får fullføre den vonde handlinga. I staden er det lammet som sit fast kjerret ved sida av  som må ofre sitt blod og liv.   


På vegen mot offerstaden spør Isak far sin: 
Vi har med veden og elden, men kvar er lammet som vi skal ofre?
Og Abraham svarar: Gud vil sjølv sjå seg ut eit offerlam guten min.
Er det her soga om offerblodet byrjar i Bibelen? I fortellinga om Abraham si ofring av Isak?

Den neste staden der offerblodet dukkar opp er i Egypt. Moses er i ferd med  å føre hebrearane ut av trelekåra i Egypt, men først må den endelege prøvinga av farao hende. 
Ein engel vil gå gjennom landet, og då vil alle førstefødde døy. Men hjå hebrearane vil han gå forbi fordi deira dørstolpar er farga raude av eit lam sitt blod. Den natta i Egypt byrjar hebrearane si lange offersoge, seinare i tabernakelet under ørkenvandringa og endå seinare i Kanaan. Så held det fram i Tempelet i Jerusalem. Ved dei tre festhøgtidene og i den store forsoningsdagen. Offerlamma gir sitt blod som ei soning for folket sine brot.  
For israelittane var det etter lova forbode å drikke, nyte, blod  då livet si kjelde var i det, derfor måtte alle slakta dyr sitt blodet gå attende til jorda ved å verte slege ut på og ved alteret i det heilage romet i tempelet.
Det er romarane som stoggar den århundrelange tradisjonen med ofringar med  si øydelegging av tempelet..
Men før det hende gjeng Abraham sine ord til Isak under vandringa mot ofringsstaden i oppfylling.
Gud vil sjølv sjå seg ut eit offerlam.




tirsdag 12. oktober 2021

Ny dag

Det regna godt i natt, men etter regn kom sol.