mandag 11. oktober 2021

Er det blod?

 Eg har nokre tenesteår i kyrkja den norske, som konfirmantgruppeleiar, så fekk eg det som arbeidsstad i mange år. Attåt det vart eg spurd av biskop Bondevik om å vere lek gudstenesteleiar. Det er vel ikkje anna å vente at trusspørsmål har kome meg nær, og er årsak til både undring og grubling.

Nattverden sin plass i kyrkja har vore i endring frå frå mine besteforeldre si tid då det å gå til nattverd var ei alvorleg sak der dei først måtte møte opp hjå presten og melde at dei ynskte å få nattverd, og det vart skrive inn i protokollen kva søndag dei skulle få brødet og vinen. Det var vel dette som førde til det sokalla store nattverdsfråfallet. Då eg vaks opp var dette påbodet borte, men nattverden høyrde ikkje til i kvar gudsteneste. Så kom endringa der nattverden fekk plass i mest kvar gudsteneste. Det neste steget var då intinksjonen kom, då brødet og vinen vart delt ut ved kortrappa og ikkje ved alterringen. Det var nok mange som miste litt av høgtida når dei ikkje fekk knele ved altreret, men fekk brødet og vinen ståande i ei lang rekke. Men intinksjonen braut ei grense for mange, fleire våga seg fram då, dei kjende seg nok ikkje så synlege når dei var ein av mange i flokk. , der ein får brødet av presten, stig eit steg til sida og dyppar brødet i vinen medan ein får høyre utdelingsorda som fylgjer med. Så overlet ein plassen til den neste i rekkja. Men då det vart vanleg med nattverd i mest kvar gudstenesta dukka det opp eit problem for nokre. va tenkjer eg om nattverden? Eg fekk ei vitjing ein dag på kontoret. Kva vitjinga gjaldt? Jau det var nattverden. Kunne eg ikkje overtale prestane til å ha fleire gudstenester utan nattverd? Eg måtte svare at dit nådde ikkje mitt mynde. Men då må de endre ordlyden, de må slutte å sei dette er Kristi blod. Eg kunne ikkje hjelpe han i det heller. Då kom dei sterke orda frå han; Då får eg halde meg undan kyrkja når det skal vere nattverd, for - eg er ikkje kanibal heller.  Ord kan vere sterke og ha stor verknad på mange. Når gjestane ved nattverdsbordet kneler ved alterringen kjenner dei fleste kva innhald som ligg i orda, om dei alltid tenkjer over det veit eg ikkje. Men det er ikkje sikkert at alle i kyrkja har same grunnlaget for å skjøne innhaldet i ordet.


Og det var under ein nattverd med intinksjon det hende. Presten og eg stod nedfor kortrappe. Eg hadde staupet med vinen i hendene. Det hadde vore barnedåp tidlegare i gudstenesta så innfor meg i benken sat ei dåpsfamilie. Den dagen skulle utdelingsordet for meg med vinen vere; Dette er Kristi blod. Ord som ein gjentek for kvar som dyppar brødet i kalken.  Då er det eg høyrer spørsmålet frå den vesle guten som står i benken ved sida mi og fygjer nøye med i kva som skjer: Er det blod?  Kva skulle eg gjere? Legge handa over kalken, stogge utdelinga ei lita stund og svare guten; Nei det er ikkje blod, det er raud vin, men var det lygn eg for med når eg sa til kvar ny som dyppa brødet i kalken? Eg  valde ikkje å stogge men å halde fram. Eg høyrde ikkje kva foreldra sa til han heller, men spørsmålet festa seg i meg. Korleis kan eg forklare dette dobble i at vinen er og vert vin, og vert ikkje, er ikkje blod slik presten på O Cebreiro opplevde det. Men samstundes meiner og trur vi at vinen er noko meir, Kristi blod, Messias, den salva sitt blod er i den. Det same gjeld vel og for brødet. Det er brød men samstundes er det noko meir; Kristi kropp som det vert sagt i dag. Men det er ikkje alltid like lett for intelektet å forklare kva som ligg i orda.

Og eg les at opp gjennom århundra har synet på kva nattverden er endra seg, og dei ulike kyrkjene tenkjer svært ulikt på den teologisk. Men sidan Jesus var jøde, og dei som refererte orda hans var jødar, så ligg der kanskje nokre jødiske røter bak orda hans, det er i alle fall ikkje unaturleg å tru det.


 

Kvitt i toppane

Så har me fått første vaselet om ein komande vinter. I dag vakna me med kvitt i fjella. Og på tur til Alti såg me det var ikkje berre toppane som hadde det kvite, heeilt ned i Skåla hadde snøen lagt sitt kvite klede.

lørdag 9. oktober 2021

Berre brød og vin?

 O Cebereiro er eit 1293 meter høgt fjellpass som ein må over på vegen mot Santiago. Der har det vore busettting langt attende i tida. Romerane hadde ein stasjonen her for å vakte vegen mot dei mineralrike fjella lenger vest i Galisia. Eit slag her i 968 hindra vikingar frå nord i å kome inn i  Castillia. Benediktarane slo seg ned her 1072 med eit hospits for pilegrimar. I dag har det vakse fram ein liten landsby der på grunn av den store pilegrimsstraumen på veg mot vest, med overnattingsstadar, barar og små butikkar.  Ein varm seinsommardag sleit vi oss opp den lange og bratte lia mot passhøgda der oppe. Fleire små landsbyar i lia låg etter kvart bak oss medan salt sveitte svei i augene. Så, endeleg var vi oppe og kunne setje oss på muren som skilde lia frå bilvegen oppe på O Cebereiro.                                                                                                                                                                                                   Det høyrer ei gamal legende med til soga for O Cebereiro, ei hending som reiser spørsmålet. Er nattverden sitt brød og vin, berre brød og vin, eller?                                                                              Den heilage Gralen skulle ha tilhaldsstad i den vesle benedektinarkyrkja der. Og i 14.århundre ein gong spela Gralen, ein kraftig snøstorm og ein idiot av ei prest (ja slik står det i ein song frå 1500.talet) ut ei hending som har sett O Cebereiro på kartet. Ei hending som har fått plass i det Galisiske flagget, og i mange byvåpen vest i Spania.                                                                                                                    På ein stormfull vinterdag på 1400.talet er ein prest (idioten av ein prest) i gang med å førebu messa, nattverdsgudstenesta. Samstundes slit ein mann seg opp lia i snøstormen for å nå fram i tide til å få ta del i den heilage stunda inne i den vesle kyrkja. Og i det presten lyfter brødet mot Gud for å seie fram innstiftingsorda, går døra opp og snøføyka står inn i romet, og midt i den ein mann, kvit av snø. Kjem det verkeleg noko i dette veret for ein liten bit brød og nokre få dråpar vin, tenkjer presten der han står med brødet i dei lyfta hendene. Då, brått merkar han det, brødet endrar karakter, det vert mjukt og klebrikt, Forskrekka ser han det verte til raudt kjøt. Det glepp ut av hendene hans og landar på alteret med ein mjuk lyd, samstundes som han ser vinen i kalken mørkne til raudt blod.                                      I 1487 godkjende pave Innocent VIII hendinga som eit under, eit mirakel.

                       

Kyrkja på O Cebereiro. Det var nok ikkje i denne kyrkja det hende, men det er funne restar av fleire tidlagare kyrkjer på staden. Men her skal kalken frå hendinga vere oppbevart. Eg må tilstå at det klarer eg ikkje heilt å tru.

Noko eg seinare under vandringa i Galisia såg ofte var det Galisiske flagget. På mange rådhus i Spania heng det gjerne tre eller fire flagg på frontveggen. Det er det blå EU-flagget med sin gule stjernering, det er det spanske raud og gulstripete flagget, det er byflagget, og så regionflagget som er ulikt frå region til region. I Galsia er det kvitt med ein blå stolpe på skrå over det kvite. Og midt på er der eit symbol omgitt av små gule krossar. Og symbolet er ein gyllen kalk med ei rund oblat over. Er det mirakelet frå O Cebereiro som vi finn att på Galisia sitt flagg?

fredag 8. oktober 2021

Tenkjer eg.

 Kva veit ein om livsvegen når ein er i ungdomen og skal velje vegen vidare i livet? Svært lite er mi erfaring.  Så sit eg her i dei grå hår sin alder og ser attende på livet eg fekk og undrar meg over korleis det vart, og korleis det kunne ha vorte om ein kjende seg sjølv betre når ein var byrjinga av vaksenlivet. Angrar eg på korleis det vart? Nei, men det som kom til å interessere meg seinare i livet, var det for seint å gjere noko med som yrke.. Det kunne vorte ein veg, men fekk i staden verte ei interesse som fekk lov til å vekse seg sterkare i meg til eldre eg vart.- Vel: so ist das leben; er det ikkje det tyskaren seier? Eg er vel ikkje åleine om den erfaringa? Så sit eg her og undrar meg, og tenkjer, og les.              Eg har lese meg i gjennom Jon Fosse sine siste bøker. Han var eit namn eg hadde høyrt mykje om, men helst som ein som skreiv skodespel med stadige attakingar. Og då band ein i septologien, kom kjøpte eg den, og vart fengsla av fortellinga. Eg hamna på St.Olav den hausten, og dei dagane eg budde på pasienthotellet fekk eg god tid til å lese boka som er heilt utan punktum. Ei fortelling og livet, venskap,  kjærleiken og døden - og om tru.                                                                                                        

Ordet -- tenkjer eg,-- kjem ofte att i fortellinga, og som truande, fann eg tenkinga hans omkring trua spanande. Og kanskje er det der eg og er, som truande. Eg undrast, grundar, tenkjer over trua sine grunnvollar. Kva tyder orda? Er det heilt slik som ordet har vorte tolka og overlevert, eller er der andre måtar å skjøne dei på?  Korleis tolkar andre trussamfunn dei, og korleis vart det forstått av dei første på trusvegen?  

                                

Korleis har dei som tolka ordet før sett det? Kva med Augustin, med britiske Anselm eller franske Abelard, eller tyske Luther, og alle dei andre. Kva kom ut av deira tolking, vart noko endra av korleis dei las ordet? Tenkjer eg, undrast eg.

Har du tenkt å konvertere til den katolske kyrkja, spør mi kjære sidan eg interesserer meg for den romersk katolske kyrkja sit liv og grunnvoll. Kanskje er det grunna på erfaringane eg fekk under vandringar i Italia, Frankrike og Spania. Nei, eg vil nok alltid høyre til i den norske kyrkja, men eg likar å  sjå kva, korleis andre trusamfunn tenkjer og les Ordet. Er det så heilt sikkert at den tolkinga eg vaks opp med er den einaste sanninga. Slik kan eg undre meg, grunde og tenkje. Tvilar eg på trua, på evangeliet, på nåden i Jesus sitt fullenda frelsesverk. Nei, og atter nei. Men når eg ser og høyrer og les kor bastant enkelte uttalar seg om det skrivne ordet, og kor det skal forståast, då er det eg undrar meg, - er der nokre sterke personar tidlegare i kyrkja si soge som med si tolking av ordet har vore årsak til at den kyrkja som skulle vere eit i dag er splitta i så mange særkyrkjer.  

Biletet til desse orda mine fortel om det som ein dag der framme skal hende. Kristus skal kome att i himmelens skyer, og alle skal sjå han som den har er, Messias, himmelkongen. Må det då ikkje lenger vere noko som skil oss, men at vi alle må vere eit i han.

onsdag 6. oktober 2021

Bokstavtru (2)

 Eg er ein som nyttar kyrkja sin nattverd så ofte eg kan. Det å få dei få dråpane med vin, og den vesle oblaten med brød gjer noko med meg. Eg kjenner på ei djup takksemd over det offeret Jesus gjorde då han frivillig gjekk i døden for oss menneske, og med det opna ei bru over til Gud. eller som det står i Hebrearbrevet: Han gjekk inn i den himmelske heilagdomen ein gong for alle, og med sitt eige blod vann oss ei evig utløysing. Punktom finale. Eg har fleire gonger vore tilstades i katolske gudstenester, men det er berre eit par gonger har eg gått til nattverd i dei.  Grunnen har vore at den katolske kyrkja ikkje ynskjer samkvem med protestantar ved nattverdbordet. Men begge gongane eg har delteke i deira nattvverdsfeiring så har eg fått løyve at presten. Den eine gongen ville presten vite kva syn vi hadde på nattverden, var den røyndom, realpresens som det heiter, eller var den symbolsk. Og for meg er det røyndom, sjølv om eg veit at det er berre brød og vin, så trur eg at Jesus er verksam i dei to elementa når dei er vigsla til det.


Men her ein dag høyrde eg ein som sa noko som skurrar for meg. Vedkomande sa at brødet og vinen berre er verksam dersom brødet er av kveite, og vinen har alkohol i seg. Det han då sa var eit nei til glutenfritt brød og nei til avalkoholisert vin. Det tyder etter mitt syn på at mange då vert utestengde frå nattverdbordet. Det problemet er ikkje der, sa han vidare, då dei som ikkje kan få i seg gluten, får likevel ein fullverdig nattverd ved å få berre vinen. No er ikkje vinen noko problem i den katolske kyrkja, anna kanskje for prestane, for etter det eg har sett under katolske messer så er det berre prestane som får vinen, medan kyrkjelyden må greie seg med brødet. Eg har enno til gode å sjå at nokon i kyrkjelyden får vin i staden for brød, om vedkomande får helseproblem av å få i seg gluten.   For meg vert dette ei litt for stor formalistisk bokstavtru. 
Eg trur ikkje Gud bryr seg så mykje om at vinen og brødet må innhalde alkohol og kveite, det er nok noko anna Gud ser etter. Der er nok Gud romslegare enn formalistiske prestar, same kva kyrkje dei enn høyrer til i.                                                          


tirsdag 5. oktober 2021

Bokstavtru

Det er noko som undrar meg mykje. Dette å ha så sterk tru på bokstaven, det skrivne ordet, at ein ikkje klarer å sjå den djupare meininga i ordet.  Bokstaven slår i hel, men ånda gjer levande; er det ikkje slik det er sagt av einkvan.

Vi fekk sjå resultatet av ei slik overtyding på turen vår i Marokko. Der hadde dei greve fram restane av nokre gamle bygningar i ein by, og omvisaren fortalde oss kva vi såg. Dei eldste bygningsrestane var frå då islam erobra Marokko. Men med tida endra det første styret seg til å verte meir romsleg, men så kom ei ny bylgje med meir bokstatru og fanatiske krefter. Attende til røtene var kampropet, og når dei fekk makta måtte dei gamle bygningane bort og erstattast av nye. Men tida verka også på dei, etter nokre generasjonar kom nye radikale på bana Bort med det gamle og råtne, attende til dei opphaveleg røtene. Fem, seks slike omskifte såg vi framfor augene vår, restar av av stendig nye omveltingar.


Det er vel det vi ser utfalde seg framfor augene våre i nokre muslimske land i dag, IS i Syria og Irak hadde ropet, no sist høyrer vi det i Afghanistan. Attende til det opphavelege og reine. Vi må fylgje bokstaven sine ord sjølv om nokre må misse livet for si vantru og uislamske livsførsel. Det er bokstaven som råder.

Men er vi er vel ikkje heilt ukjende med den bokstavelege tolkinga av ordet hjå oss heller? IMF-kyrkja si haldning til at berre menn kan ha læreansvar, eller mannlege prestar som ikkje kan ha gudstenestefelleskap med prestar av det andre kjønnet. Meiner dei at Gud har delt ut vit og forstand  i teologien i høgare grad til dei som av naturen er fødde med ein mannleg kjønnslem?  Eg trur ikkje det, noko Paulus og fortel at han både hadde kvinner til kyrkjelydsleiar og sikkert og til forkynnarar. 







mandag 4. oktober 2021

Ætta etter Adam



Det hender rett ofte at eg sveiper over kva anna  TV,en har å by på når eg ikkje finn det dei norske kanalane sine program interessante nok. Og her ein kveld kom eg fram på ein av desse kristne kanalane som baud på ein mann som tok føre seg Adam si ættetavle slik den er fortalt i 1. Mosebok, kap. 5.
Den har eg sjølv ein gong år attende undra meg over. Dei vart særs gamle desse som der er nemnde, og tenkte eg; når dei fekk så mange leveår, så kunne dei første i ættelekken fortelje si soge til borneborns born langt ute i dei seinare generasjonane.  Difor eg laga meg eit skjema over fødselsår og dødsår for kvar av dei, og når i deira leveår  borna deira vart fødde. Og resultatet var interessant. Noah som fekk oppleve storflaumen, fekk og høyre mange av dei tidlegaste generasjonene sine forteljingar.  Metusjalah vart eldst med heile 969 år.
No har eg helde desse første kapittela i 1. Mosebok som mytiske fortellingar som er sette der, ikkje som autentiske sanne soger, men som bilete på kva som hende i opphavet av menneska si soge.
Di meir undra det meg kva han på fjernsynet hadde å fortelje. Han heldt det ikkje som myter, men som heilt og fullt sant.  Og ikkje berre det. For å skaffe desse ættefedrene koner, så gjekk han til til eit seint jødisk skrift som har overlevt århundra i i den etiopiske Bibelen, for der er det fortalt kva konene deira heitte, og kor mange born dei fekk.

Å tru på det skrivne so bokstaveleg kan sanneleg føre til så mangt. Eg har nok visse vanskar med å fygje desse som meiner alt som skrive står i Guds ord er til å ta bokstaveleg.