søndag 12. september 2021

søndag

Endå ein søndag er snart over. Vi måtte vente litt før vi fekk kome  inn i kyrkja i dag då dei to dåpsfylgja var så mange, men vi kom inn. Ei god preike av Arne prest, tykte eg, men det heng vel saman med at orda hans samsvarar med mine tanker, kanskje. Litt uryddig altergong, årsak dei mange barna i dei to dåpsfylgja. Godt vi ferdige med småbarnstida men dei skaper då litt liv i ein elles eldre kyrkjelyd, springane og høgtsnakkane småbarn.
Så ville mi kjære ut på Rjåneset for å ta middagen der. Og det vart både godt og nok. Fylt kyllingkjøt, mykje grønsaker og poteter, og så flan (karamellpudding) og kaffi attpå.
Vel heime skein sola inn glasa ei lita stund. Lovar det godt for morgendagen tru?

fredag 10. september 2021

Tida går ---

Det har gått noko tid siden sist eg var inne her. Sist skreiv eg desember 2018, og no er vi inne i september 2021. Myke vatn har runne i fjorden siden då, eg merkar nok at eg har vorte eldre på mange måter. Men, men, trass alt har eg og mi kjære det godt.
No går det mot haust og vinter att. Etter en varm og tørr sommar er vi inne i ei tid med meir grått og vått vær. Ikke for å klage, vi treng litt regn no før vinteren set inn. Korleis den vert får vi berre vente og sjå. 

tirsdag 18. desember 2018

Rosa morgon


Så nærmar vi oss solsnu også dette året. Berre tre dagar igjen, så går det mot lysare dagar att.
Og denne morgonen fekk vi lita stund med ein utruleg rosa austhimmel.

tirsdag 4. desember 2018

Billedbibel

Det var ei tid  då ikkje kvar og ein kunne lese sjølv, difor var den vanlege mann og kvinne avhengig av prestane si utlegging av Bibelen sine fortellingar. At det ofte vart gjort på latin, gjorde det ikkje enklare for kyrkjelyden å få med seg kva Ordet sa.
Men så kom det noko i kyrkjene som eg kallar folket sin billedbibel. Noko som gjorde at dei også  gjennom augene fekk lære kva Ordet fortalde.
På dei store kyrkjene lenger sør har eg sett den billedbibelen både ute og inne i kyrkjene, både som billedhoggararbeid  og som måleri.
Her heime var dei gamle kyrkjene og meir dekorerte med billete enn våre kyrkjer er i dag.
I den gamle stavkyrkje i mi bygd  var veggborda måla med bibelske skikkelsar, Det kom fram i lyset då Velle gamle skule brann, for der hadde dei nytta gamal  kyrkjemateriale då dei bygde den.
Men enno er her kyrkjer her heime der den gamle kyrkjekunsten framleis er tilstades.


Denne billedfrisa frå kortaket i Ål kyrkje, opphaveleg frå gamle Ål kyrkje,  fortel Maria si soge. Frå Engelen Gabriel som  vitjar henne, Maria si  vitjing hjå Elisabet, Jesus sin fødsel i Betlehem og vismennene som kjem med sine gåver.

Kanskje det snart er på tida i vi i kyrkjene tek fram at denne tradisjonen, no når kunnskapen om Bibelen sine fortellingar minkar ute i folket?

mandag 3. desember 2018

Grått ute

På versida har ikkje denne dagen vore av dei mest minnerike.
Mi kjære har ført logg over været dei siste fem åra, og dagen i dag stemme godt med det som er notert frå tidlegare år. Grått og vått.
Der er ein julesong, eller kanskje vi heller skulle sei ein adventssong, som byrjar slik " Kaldt og mørkt og lite sol, soleis er det fram mot jol.."
Men om veret har vore av det våte og grå i dag, så får ein heller drøyme om den kvelden som synte seg slik for nokre dagar sidan.

søndag 2. desember 2018

Og eg såg..

Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa; Sjå Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei.
Då Jesus stod opp og braut dødens lekkjer, byrjas ei ny tid, den åttande dagen.

Denne dagen, ein gong i framtida, høyrer og med til adventstida. Den dagen då Gud gjenskaper alt med orda "Sjå eg gjer alle ting nye."


Alterpartiet i Spjelkavik kyrkje.

lørdag 1. desember 2018

Maria Gratia Plena.

Maria, full av nåde.

Alt har eit opphav, ein start.
Slik opnar Bibelen sine ord med at i opphavet skapte Gud.
I morgon er det starten på adventsdagane dette året, og starten på eit nytt kyrkjeår.
Ein ny start.
For Maria var det starten på ei reise i hennar liv då ho fekk vitjing av ein utsending frå Israel Gud.
Du skal få ein son, sa engelen.
Men, sa Maria, korleis ska det gå til? Eg har då ikkje vore saman med nokon mann.
Samtalen mellom dei to enda med at Maria sa seg villig til å bere fram, og føde Israel frelse, vår frelse.
Og Maria sa; "Eg er Herrens tenestekvinne. Lat  det gå meg som du har sagt."

For oss byrjar det også ei reise i ettertanke desse adventsdagane, saman med Maria, og Josef, mot fødselen i Betlehem.

Biletet er frå meditasjonsvegen i fjellveggen ved klosteret i Montserrat.