søndag 17. mai 2015
Hurra!
Med blå himmel mellom skyene kom dagen. Vår nasjonale festdag, 17.mai. Dagen då vår grunnlov var vedteken i 1814, men sjølvstendet vårt kom ikkje før i 1905. I mellomtida var vi i union med Sverige. I år feirar vi og at verdskrigen enda for 70 år sidan, og landet atter vart fritt frå den tyske okupasjonsmakta etter fem lange år. Og med vindstille, sol og ein brukbar temperatur kunne feiringa ta til med festkledde barn togande gjennom gatene til flott korpsmusikk, medan gatene var omkransa av feststemde sambygdingar. Dagen som er våren sitt høgdepunkt. Og betre kunne den ikkje verte, blå himmel, snøkledde fjell, grøne lider og blømande frukttre. Og med vårt raudt, blått og kvite flagg på alle flaggstenger og i mange, både store og små hender. Kvinnebunadane aukar i variasjon for kvart år, og no byrjar det å verte fleire menn med bunad også. Min kom ikkje så langt at eg fekk ta den i bruk, og no er den for liten for meg. Men eit av barnebarna skal ta over den. Han manglar berre ei skjorte og knestrømper, så kanskje får eg sjå han i den om eit år. Her i heimen feirar mi kjære og eg i tillegg at for 37 år sidan fekk våre tre døtre ein bror. Hipp, hipp, hurra for dagen.
torsdag 14. mai 2015
Underlege dagar.
Det vart ein underleg dag dette. Ein av dei mange vi har opplevd etter påska her i Jerusalem. Det byrja vel i grunnen før påska.
Vi var nede ved Jordanelva då det kom bod om at hans ven Lasarus var alvorleg sjuk, og systrene bad han kome. Vi trudde han ville byrje på bakkane opp til Betania med ein gong, men han utsette ferda underleg nok nokre dagar. Og då vi kom fram var Lasarus alt død og gravlagd. Vi har opplevd mykje saman med han desse åra vi har vore saman med han, men det vi no fekk oppleve var nok det sterkaste vi hadde opplevd til då. Ved grava bad han oss rulle steinen til side, endå den døde alt hadde lege tre dagar i grava, og så ropte han på den døde og bad han kome ut. Ikkje underleg gjekk det eit gisp gjennom flokken som var der ved grava, då Lasarus, kledd i likkleda, kom til syne i gravopninga.
I dagane etter påska har vi undra oss på om hendinga var eit varsel om det som nokre dagar seinare skulle hende. Då han sjølv leid døden på krossen og vart lagt inn i ei grav. Og så, brått, sjølv forlet grava tidleg om morgonen den første dagen etter påskehelga.
Vi kunne først ikkje tru det som kvinnene kom og fortalde oss den morgonen. Kunne hans døde, mishandla og krossfeste lekam, som endå til hadde fått eit spyd stukke gjennom hjartet, forlate grava utan att ein kvan hadde teke kroppen hans bort? Men kvinnene påstod at dei hadde møtt han mellom trea ved grava i hagen.
Dette trur eg ikkje, sa Peter, dette vil eg sjå sjølv. Så strauk han på. dør, og Johannes sprang etter han. Dei kom attende og fortalde om ei tom grav, og Johannes bar med seg likkledet og andsiktsduken som dei hadde funne liggande inne i grava. Men dei hadde ikkje sett han, slik kvinnene meinte dei hadde gjort.
Medan vi sat der og undra oss på kva vi skulle tru, banka det på døra, og to av oss som tidlegare hadde gått heim til Emmaus, stod utanfor. Og dei kunne fortelje at dei hadde møtt han. Dei hadde kjent han att då han braut brødet saman med dei. Då stod der brått ein person til mellom oss. Vi skvatt alle til av redsle. Kven var dette som kom gjennom ei stengd dør? Så høyrde vi han sei; Vær ikkje redde, det er eg. Så synte han oss hendene sine, og bad om noko å ete.
Dette er mange dagar sidan alt. Han har møtt oss mange gongar i desse dagane, og då har han undervist oss om Guds rike, og om den oppgåva han fekk av sin Far. Og om kvifor han hadde valgt oss ut som sine sendebod til Israel, ja, heilt til endane av verda. Om om nokre dagar skal de alle utrustast for oppgåva, sa han, då skal de få Anden, Guds Ande, med dykk. Men først, sa han, først skal eg dra attende til min Far som sende meg. Min Far og dykkar Far.
Og i dag forlet han oss. Han hadde bedt oss møte han oppe på fjellet ved Betania. Og der fekk vi sjå han verte lyft opp, og så kom ei sky og tok han bort frå augo våre. Då han vart lyft opp for augo våre, såg vi at han hadde lyfta hendene sine velsignande over oss.
Då stod det brått to kvitkledde unge menn der saman med oss.
Slik de såg han dra, sa dei, skal han ein gong koma attende. Med velsignande hender, spurde eg. Den velsigninga vil vere med dykk alle heile tida, frå no og heilt til han kjem att, svara dei, og forlet oss.
Undrande og glade gjekk vi attende ned til Kedrondalen og opp til husværet vårt inne i byen. Der skulle vi vente endå nokre dagar på å få gåva han hadde lova oss.

torsdag 30. april 2015
Arbeid og helg
Etter vel ei veke nærmar det seg botnlinja i arbeidet med å renovere badet som mi kjære og eg nyttar.
Veggar er rivne, golv er knust og betongen boren ut, veggklednaden det same, og så er det slegne nye grøfter for nye slukar og avløpsledningar til servant, toalet, dusj og vaskemaskin. Hadde eg visst kor mykje arbeid det kom til å føre med seg, hadde eg nok på førehand kvitt med enno meir enn eg gjorde. Men det var på høg tid at noko vart gjort med det. Og no nærmar det seg starten på bygge opp att vårt nye bad. Heldig har eg vore som har gode hjelparar og konsulentar til hjelp.
Samstundes med alt arbeidet med badet, har vi hatt ein stort arbeid med fjerne mykje av alt som har samla seg opp gjennom førti år, og som vi ikkje har bruk for meir, og knapt nok visste at vi hadde. Ein heil kontainer står og ventar på å verte frakta bort over helga. Men no er det fridag, 1mai, med gudsteneste m.m., og så kjem to konfirmasjonshelgar med 2 gudstenester i kvar, og i desse gudstenestene har eg meldt til teneste.
Våren eg trudde skulle kome med eksplosiv kraft, den har svikta. Det har vore for kaldt værlag til no. Det to siste morgonane har det vore rim på marka. Likevel må nok grasklipparen fram no. Engkarsen har byrja å slå sine blomar ut, og då varer det ikkje lenge før alt er lyst fiolett der det skulle vere grønt.

lørdag 18. april 2015
Så er det igang.
Det har, sidan mi kjære og eg flytta ned på grunnplanet, ligge ei utfordring på meg. Ei utfordring som eg har skuva framfor meg og utsett i det lengste. Men etter sterkt press frå våre born var det til slutt ikkje til å kome forbi. Badet vi hadde nede på grunnplanet måtte renoverast. Det var ikkje til å utsette lenger. Så no, etter veker og månader med gjennomtenking og stadig endring i planane, er det endeleg i gang. Eg byrja på arbeidet i går med å hive ut badekaret, og starta på slå opp golvplata. Og fekk merke at eg er nok ingen ungdom lenger. Sjølv med godt verktøy til hjelp, gjekk det ikkje så fort. Men så, i dag, dukka to av borneborna opp og overtok arbeidet, og dei hadde meir efekt enn morfaren. Det er godt å få hjelp av kyndige karar i arbeid ein kvir seg for. Og når dei tillegg har si utdanning i rørleggar og snekkarfaga, kan ein ikkje betre hjelp få. Så no trur eg mi kjære byrjar å sjå fram til eit nytt badrom, om ei tid.
onsdag 15. april 2015
Den åttande dag.
Tid. Kva er tid?
Eg las i dag noko ein hadde skrive, at der er menneske som ikkje godtek anna enn det som kan handfast provast. I så fall må dei ha vanskar med undringa over alt det som fell utanfor den kategorien. Og av dei er det mangt. Også i trusverda er der mange spørsmål vi har vanskar med prove på den måten dei krev. Spørsmål som vi kan stille oss undrande overfor, men som vi i tru likevel seier ja til. Eit av desse har med tida å gjer, og då tenkjer. eg på " den åttande dag".
Eg fylgde ein god ven til den siste kvilestaden i går. Ein ven som døydde så uventa og så alt for tidleg. Men vår livslengde er for dei fleste av oss utanfor vår kontroll. Men då var det omgrepet " den åttande dagen" dukka opp hjå meg. Min ven hadde flytta ut av vår tid og inn i den åttande dagen. Inn i æva. Og i æva høyrer ikkje vår oppfatning av tid-tida heime.
Kvar hentar eg så dette ordet i frå?
Skapingssoga fortel at Gud skapte det skapte på seks dagar. Mange meinar at det var seks dagar rekna etter vårt jordiske tidsomgrep, men eg trur at her handlar det om eit heilt anna tidsomgrep enn vårt. Noko Bibelen og er inne på då det i den står skrive at for Gud er er ein av våre dagar som tusen år. Altså eit heilt anna tidsomgrep.
Attende til skapingssoga. Der står det skrive at på den sjuande dagen kvilde Gud etter å ha fullenda skapinga. Så langt har vi at skapingssoga hende på sju dagar. Ikkje dagar med våre klokketimar, men rekna med Guds klokke.
Vi har nett feira påske, og på vår påskeaftan, når det hadde vorte så mørkt at dei kunne sjå tre stjerner på himelkvelven,var jødane si påskehelg over, og den første dagen i ei ny veke byrja. Og denne første dagen etter påskefesten vart den åttande dagen. Den dagen då Menneskesonen, Kristus, Guds salva, braut dødens makt og stod opp at, men med ein herlegdomslekam. Den åttande påskedagen vart den dagen då Guds ævelege rike braut inn i vår tid. Frå den dagen lever vi framleis i vår tid, men samstundes og i Guds tid. Enno er det berre på andre sida av døden at Guds tid er synleg. Det er ikkje synleg for våre auge, sjølv om det bere er eit forheng som hindrar oss å sjå det med våre auge her i tida.
Kan vi bevise dette? Nei, her strekk ikkje vesle vitet til. Her er det tru, og von, som må til for å sjå det. Fattige må vi vere utan von i møte med døden. Då er døden eit endeleg og totalt farvel, men ved trua har vi ei levande von. I trua ser vi det alt, og veit; at der på andre sida av forhenget, dit våre kjære har flytta ved døden. Der er dei alt inne i Gud tid, i Guds æve. Og ein gong i vår tid, på Guds åttande dag, vil Han som sit på kongsstolen reise seg og sei; Så eg gjer alle ting nye!

mandag 13. april 2015
Pannekaker
Eg har alltid hatt ei svakheit for pannekaker. I min barndom skulle dei alltid etast varme med sukker eller sirup til. Det var vel ikkje det beste korkje for tenner eller helsa, men søtt skulle det vere. Seinare, når dei var kalde, var det gjerne sylyetøy eller brunost til dei. Men favoritten kom når det var slaktetid på gardane, og det kom blod i huset. Då steikte mi mor mørke blodpannekaker. Det var herlege saker. Seinare, i ungdomen kom eg på folkehøgskule, og med ein flokk konkuranseetande tenåringar var det ei nok ei prøving for kjøkenpersonalet å steike nok av pannekakene, sjølv om dei prøvde å stogge verste appetitten på førehand, med ertesuppe. Det var ikkje få pannekaker som gjekk med til dei mest storetne. Under vandringane i Frankrike og Spania har eg undervegs og fått prøve dei lokale variantane. Crepes heiter dei der. Ein stad i Frankrike fekk eg jamvel to sorter pannekaker i same måltidet. Ei grov til hovudrett, og ei finare til dessert. Og ein stad oppe i fjella i Spania fekk vi dei servert nysteikte til frukost. Gode minne for ein pannekakeelskar. I dei seinare åra er det eg som har fått oppgåva å stå for steikinga av dei. Det kan til tider vere noko keisamt å greie å tøme rørebollen, men vert det mange nok av dei, så kan eg sjå fram til mange trivelege ettermål utover kvelden. Men ikkje så idag. Med tre pannekakesvoltne rundt meg kom kravet om ei pannekake til, raskare enn eg rakk å steike. Men slike opplevingar kjem vel inn under kategorien bestefarsgleder.
tirsdag 7. april 2015
Og så, plutselig...
Brått og uventa kon meldinga om at ein god ven var gått bort. Med eit var livet endra for henne som hadde levd saman med han eit heilt liv, og for born, svigerborn og borneborn. Også venekrinsen fekk brått ein mindre. Når døden kjem på vitjing gjer det vondt for den og dei som vert råka, for døden set skilje i tid og rom frå den som stod ein nær, og var ein kjær. Det er godt å bere med seg dei gode minna frå tida og fellesskapet som var. For mi kjære og meg er det minne frå pilegrimsvegar, kor og ulike møteplassar her i heimbygda. Vi vil minnast hans gode humør, hans musikalitet og hans postive innstilling til sine medmenneske. Vi vil og minnast den kjærleik han bar på til si kjære og deira born. Men minna kan aldri erstatte den fysiske nærleiken vi hadde før døden kom på vitjing og tok han bort. Trass i sorg, saknad og vemod, vi har nett feira påskedagen til minne om lyset som rann over ei tom grav. Det fører ein stråle av lys inn i saknet, for påskemorgonen fortel at døden er ikkje det siste farvel, der lyser ei von inn i det tunge. Den tome grava i Jerusalem fortel oss bak død og grav ligg der ein ny morgon, eit nytt liv og ventar. Då skal vi møtast att, vi som døden så sårt har skilt her.
Abonner på:
Innlegg (Atom)