mandag 6. april 2015

Sjå, hendene mine..

Kva er det dei seier?  Kva tyder det dei fortel, kvinnene?  Spørsmålet hadde dirra i lufta mellom dei etter at Peter og Johannes hadde sprunge ut til grava for å sjå om det kvinne fortalde, var sant. Og dei hadde funne at steinen var rulla til sides og at grava var tom. Berre likkledet og ansiktsduken låg att.
Vel inne att bak den stengde døra att, hadde dei fortalt kva dei hadde sett, og helde fram likkleda. Her er dei. Dei er hans, hadde dei sagt. Men kva tydde det? Maria hadde sagt at ho hadde møtt han, men kunne dei tru på henne? Er det mogeleg å tru henne, ei kvinne? Dei hadde då sjølve vore med å legge hans døde kropp inn i grava, og rulle steinen for. Og det visste dei, døde er døde. Ein kvan måtte ha brote romarane sitt segl, og stole kroppen hans. Men kvifor? Uroa sat i kroppen på dei, Uroa og frykta. Dei hadde opplevd for mykje denne påskehelga.
Derfor hadde dei helde seg inne desse dagane, bak ei stengd dør.
Då brått står det ein mellom dei. Dei skvett til alle. Kven er dette, og kven har slept han inn? Ingen av dei hadde høyrt nokon banke på døra. Er det eit skrømt, for ingen kan gå gjennom ei stengd dør?
Dei høyrer han sei; Vær ikkje redde. Eg er ikkje noko skrømt, Det er eg. Sjå hendene mine. Og så hadde han retta fram hendene sine, og dei såg såra etter naglane i dei.
Er det vekeleg han? Hadde Maria likevel rett i at ho hadde møtt han?
Er det han som dei hadde sett ligge død som står her mellom dei? Men korleis kom han inn? Døra er då bolta og stengd? Jau, det han, men samstundes, det er noko framandt ved han. Tvilen, og undringa stig mellom dei.
Har de noko å eta, spør han dei, og dei leitar fram noko fisk, og ser at han et.  Skrømt kan då ikkje ete?  Sakte endrar frykta seg til undring, og glede. Det er verkeleg meisteren deira, Jesus, han er ikkje død lenger, han står der midt mellom dei, og han lever.
Dette endra verdshistoria. Utan oppstoda og den tome grav hadde der ikkje halve menneskeætta i dag vore truande kristne, og mykje av det som har hendt dei siste totusen år, hadde aldri hendt.
Utan oppstoda hadde episoda med meisteren frå Nasaret og hans tolv læresveinar vore ei gløym episode i jødefolket si soge. Men med oppstoda og den tome grav, byrja Gud, den allmektige, eit nytt kapittel i si frelsessoge for menneskeætta.

søndag 5. april 2015

God påske!

Det vart ikkje ein solmorgon her i fjordbygda idag, slik det var i Jerusalem den morgonen kvinnene gjekk til grava for å sørge over sin ven. Men sorga vende seg brått til undring og glede for der ved grava vart dei møtt av ei brota forsegling, ein fråvelta gravstein og ein ung mann som fortalde at her ville dei ikkje finne sin avlidne ven for grava var tom. Meisteren deira hadde brote dødens  lekkjer og  stått opp til livet att.
Då skunda dei seg attende til byen for å finne dei andre og fortelje det dei hadde opplevd. Seinare på dagen fekk dei oppleve å møte han att, andlet til andlet. Det er vel kanskje ikkje så underleg at mange, både då og no, har vanskar med å tru det som hende den morgonen i Jerusalem, for det bryt med alle naturlover og det ein veit om døden si ubrytelege makt over all skapning. Men likevel, denne hendinga, om den bryt alt vi menneske har erfart om livet og døden sine realitetar, og om vi på alle måtar kan prøve å finne grunnar til å benekte at det hende, så er fortellinga om det kvinnene, og det mange etter dei har opplevd, vanskeleg å gå imot. Og utan denne hendinga, om den strider aldri så mykje mot alle naturlover, så hadde der ikkje vore noko grunnlag for ei kristentru. Hadde ikkje Kristus stått opp så hadde bodskapen vore tom og meiningslaus, seier Paulus. Men så held han fram;  Men no er Kristus oppstaden frå dei døde! Døden si makt er brota, og trua vår er ikkje meiningslaus og tom, for Kristus lever og vi skal leve ved Han! God Påske!

lørdag 4. april 2015

Dag tre, den stille?

Så er den tredje dagen her med sol over snøkledde fjell og dalar. Under vår handletur på senteret var det rimeleg romsleg både inne og ute, til å vere påskelaurdag, så det var nok mange som nytta denne fine soldagen til ein tur på ski.
For oss to ein roleg dag  i sola  før kvelden kjem med sein gudsteneste, påskenattsmesse  rundt midnattsbelet. Ei særmerkt gudsteneste som det er ei sann glede å få med seg. Den byrjar i ei mørklagd kyrkje der kyrkjelyden sit med levande lys i hendene, Etter ei tid vert dei sløkte og lyset kjem på i lyskrunene. Gudstenesta har sin eigen liturgi med mykje sang, og når den er over ved midnatt, går vi ut i natta, igjen med levande lys i hendene. Og til blafrande lys står vi ved kyrkja og syng salmen "Deg vere ære",  ut i natta. Ved solrenninga den fjerde dagen var grava tom.
Den stille dagen då den krossfeste kviler i grava vert det sagt, men, er der noko meir ved denne dagan? Ved kvar gudsteneste reiser kyrkjelydane seg og seier fram kva deira tru er. I den apostoliske trusvedkjenninga som vi oftast nyttar, er der ei setning som fortel noko anna, for då seier vi kor ..." for ned til dødsriket.." Og den setninga fortel om noko aktivt, ikkje det passive "kviler i grava:"
Kvar kjem det ifrå? Det er einaste i eit av Peter sine brev at ei slik ferd, noko vagt, kan vere omtala, då han skriv at "han gjekk bort og forkynte for åndene som var i fangenskap".
Eg måtte inn i bøkene og sjå kva dei andre trusvedkjenningane seier om denne lekken, men den mangla i dei, det er berre i vår apostoliske at den står. Den var med i ein sydfransk varianten frå 540, og vart ålmenn i vår vestlege kyrkje så seint som rundt år 1000 då den tysk romerske keisar pressa romakyrkja til å godta trusvedkjenninga med også den setninga. I den nikenske trusvedkjenninga som austkyrkjene nyttar finn ein ikkje denne lekken. Så kanskje var der inga ferd til dødsriket den tredje dagen, men berre ei kvile i venting på solrenninga på den fjerde?  Men når det gjeld trusvedkjenningar så må eg vedkjenne at eg har større sans for den nikenske, sjølv om den er lengre. Det er fordi den utfyller så mykje meir det som er mi tru. Eg kunne nok tenkje meg den brukt i kvar gudsteneste, men det er helst lite realistisk å vente. Men i kveld reknar eg med at den er med i gudstenesta.

fredag 3. april 2015

Dag to av påskedagane

Langfredag, eller Good friday på engelsk, er her, og mi kjære og eg har delteke i ei "fin" gudsteneste i heimekyrkja. Om ein kan bruke ordet fin om ei gudsteneste med ein so alvorleg grunntone. Men så er det og kristentrua sitt store mysterium, krossen sitt mysterium, som set innhaldet på denne dagen. Ei "naka" gudsteneste, berre salmar, framføring av lidingssoga der fleire born var med på å gi dei ulike personane i soga liv, bøn og musikk. Men ei sterke soge treng ikkje mange ord i tillegg. Namnet langfredag kan eg skjøne, men good - god. Den har eg litt vanskar med å skjøne bakgrunnen for. Det ordet på denne dagen må ha ei rot som har gjort ei lang vandring fram mot god.  Sjølv tykjer eg at for dei som opplevde den dagen, måtte det sitje att ei kjensle av ein både lang og vond dag. Så sit eg der i kyrkjebenken og høyrer fortellinga skride fram mot sitt klimaks då Jesus gir opp sin ande og døyr krossdøden. Då høyrer eg noko eg har lest før, men ikkje hjå Matteus. Barabbas har fått eit fornamn, Jesus. Jesus bar Abbas, sa røysta framme ved koret. Jesus son av Abbas. Så var det skjebnen til to som bar namnet Jesus som var i spel av Pontius Pilatus på dommarsetet den dagen. Og dei som stod ned for dommarsetet valde, den ein fekk fridom i gåve,  og den andre fekk fornedring og krossdød. Den skuldige Jesus fekk fridomen, og den skuldfrie Jesus vart dømd og tok den andre si straff i hans stad. Der er mange forklaringar  på krossen sitt mysterium. Ei av dei er det som hende med Jesus bar Abbas, og oss alle. At Jesus bar Maria, sona hans, og vår alle si skuld ved sin sin død, og vi som er skuldige går fri.

torsdag 2. april 2015

Skjærtorsdag

Eg vakna opp til at snøen lava ned og dekte alt ute som kunne fortelje om ein spirande vår. Det var aprilnarr ein dag for seint, men det høvde godt til denne dagen som har namnet skjærtorsdag. Dagen til minne om at Jesus heldt sitt siste måltid saman med læresveinane sine. Så byrja då denne første av påskedagane med at all nauren er dekt av rein, kvit snø. Alt gamalt er gøymt, dekt under eit kvitt teppe.
Men kva tyder namnet? Kva er er det i namnet som knyter det til den hendinga?
Skjær kjem frå det gamalnorsk "skir", som tyder  reinsing - å verte rein, og nokon klar forbindelse til det måltidet kan vere vanskeleg å sjå.
For å finne tilknytinga må vi attende til katolsk tid her i landet. Då kunne det hende at menneske vart pålagt ei relegiøs straff av kyrkja. Dei vart lyst i bann og då utstengde frå fellesskapet i kyrkja, og kunne difor ikkje gå til messe. Men på skjærtorsdag kunne dette bannet verte løyst, for då vart det skipa to messer - gudstenester med nattverd - i kyrkjene. Den første for desse utestengde, og der vart bannet løyst, dei var erklært skira - reine, og kunne igjen få tak del  i den neste messa, kyrkjelyden si skjærtorsdagsmesse. Denne ordninga vart borte etter reformasjonen, men namnet vart hengande ved dagen inn i vår tid.
Men eg kom over eit anna namn på dagen medan eg var i Sogn, og det er det engelske namnet på dagen, og det er "Maundy Thursday". Og kva er tydinga på det namnet? Min engelskunnskap rakk ikkje fram der.
Av dei fire evangelia i Bibelen set dei tre første sjølve måltidet i fokus, der Jesus deler brød og vin med læresveinane sine. Men den fjerde, Johannes, er ikkje så oppteken av måltidet, sjølv om også han nemner det. Hjå han er det ei anna handling som er sentral, og det er Jesus si vasking av læresveinene sine føter. Og etterpå kjem Jesus sine avskilsord til dei, ord som er kalla Jesus si avskilstale. Då seier han  mellom anna; "Eit nytt bod gjev eg dykk. De skal elske kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elske kvarandre". På latin heiter det: "Mandatum novum do vobis ut diligatis invicem sicut dilexi vos" Og det er dette ordet mandatum som har vandra frå latin til det engelske maundy.
Skjærtordag -  Maundy Thursday - Same dag, men  to ulike namn og to ulike vektleggingar på dagen.
Har andre land namn på dagen som gir andre tydingar tru?

tirsdag 31. mars 2015

Frå vår til vinter og vår igjen

Vi har flytta oss til fjorden i indre Sogn, mi kjære og eg, i nokre dagar. og ferda vi gjorde frå heimegrenda og hit var ei ferd gjennom våren sine ulike fasar. Heime blømde kvitveis og hestehov langs vegkantane, og ved husveggen stod snøklokker og krokus og fortalde om vår. Trea stod med store knoppar, og påskeliljene  hadde byrja å syne fram gulfargen i blomeknoppane. Vel gjennom tunellane frå Austefjorden til Hornindal møtte vi første tidsskiftet, for der låg det endå kvite snøflekkar på bøane langs vegen, men nede ved fjorden inn mot Stryn og vidare mot Loen og Olden var våren komen lenger enn heime. Her hadde trea så smått byrja få eit grønskjer på greinene. På veg opp bakkane til Utvikfjellet møtte vi vinteren att. Ikkje noko problem med nok snø til å nytte skiene denne påska der nei. Nede i Breimsbygda var markene snøfrie, men ikkje noko meir heller. Våtedalen er noko  for sjølv når det gjeld klima, og det endrar seg med ein gong vi legg dalen Klakegg bak oss. Ned mot Skei hadde det byrja å verte enkelte flekkar med ber mark langs husa, men på vatnet framom Skei låg det endå is. Vel gjennom Fjærlandstunellen var det atter vinteren som rådde. Høge brøytekantar langs vegen, og på Bøyumsetra var det berre taka på sela som stakk opp av snøen. Vinteren rådde også nede i Fjærland, heilt ned i fjøresteinane låg snøen djup. Så gjekk ferda opp dei lange tunellane mot Sogndalsdalen, der vi venta å finne høge brøytekantar og kvite marker alle stader att. Dei må nok vente ei tid enno på våren der. Dei har nok hatt mykje snø i Sogn denne vinteren, for heile vegen sørover såg vi knekte tre, og tre som stod i boge ned i snøen. Først nede ved fjorden i Sogndal møtte vi våren igjen, men det var ein vår i ei tidleg fase. Ikkje langt  oppe i liene ved dei øvste gardane såg vi snøen ligge enno, og langs vegkantane vil det nok framleis ta ei tid før hestehoven lyser opp med sin gule farge. Her skal vi vere nokre få dagar. Palmesøndag var vi i storfamiliegudsteneste hjå Sogn Indreminsjon, med fullt hus, og fekk oppleve deira form for barnedåp. Det var fulll neddykking, til sterke protestar frå dåpsbarnet etterpå. Og i dag er det skiftande vær med sol, snø og regn. Med andre ord full pakke på værfronten. Berre vinden manglar, men den fekk vi rikeleg av på laurdag. Og ondag tek vi ferda om att, men då i motsett retning.

mandag 30. mars 2015

Motvilleg tru

Eg las nyleg ei bok som gav meg nokre tankar omkring tru og tvil.
Det er ei dansk kvinne som skriv om seg sjølv som ei motvilleg truande, og den handlar om hennar leit etter årsaka, grunnane,  til ei "unormal" hending ho fekk i Spania for nokre år sidan, og kva det gjorde med henne.  Då møtte ho der Jesus, åsyn til åsyn, i ei kyrkje. Det høyrer ikkje med til det ein kan kalle normale opplevingar.  Heller ikkje mellom dei som kallar seg kristne, og som soleis skulle vere opne for å oppleve noko liknande ein eller annan gong i livet. Sæle er dei som trur endå dei ikkje får sjå, sa Jesus til ein av læresveinane, då han ville ha synlege prov på at den døde og gravlagde Jesus verkeleg hadde brote døden sine lekkjer og vendt attende til livet. Tvilaren Tomas fekk han namnet etter det. Rett nok les vi at Jesus oftare syner seg for menneske i den muslimske verda, enn til oss kristustruande. Kva no årsaka til det er? Men likevel,: kan vi tru på slike hendingar? Er dei verkelege, eller er det berre draumar?
Om eg fekk ei slik oppleving som denne kvinna, hadde ikkje eg og då tvilt, og spurt meg sjølv kva dette var?  Hadde eg ikkje undra meg, som kvinna, - er eg vorten sprø på vetet som meiner å ha opplevd å møte Jesus, andlet til andlet?
Ikkje kjenner eg nokon som kan fortelje om eit slikt møte heller, med unntak av mi avlidne svigermor som var sengeliggande i sterke smertar. Og som der i senga opplevde å få sjå den krossfeste stige fram for seg, og at han synte henne dei gjennomstungne hendene sine, og sa nokre få ord til henne.. Etterpå vart smertene lettare å bere. Men kor verkeleg var det, det ho meinte å sjå og høyre?
Den danske kvinna fortel i boka om si leiting etter svar på si oppleving, og det er denne "Beretning fra en motvillig troende" som vart tankevekkande for meg å lese. Boka fekk meg til spørje meg  sjølv om synet på slike hendingar har vore grunna på den rasjonalistiske kulturen eg er oppvaksen i. At det er berre det som kan provast vitskapleg og handfast som er verkeleg. At slike hendingar er berre illusjonar og elektriske impulsar i hjerna vår.  Og ei tru på at slike ting nok kan hende men er lite truleg sidan dei ikkje er råd å prove. Boka fortel om hennar leit etter svar som kunne provast, men dei svara vart ikkje tilfredstillande for henne. Til det var opplevinga av å ha møtt ein person som fyllte alle hennar sansar av å ha vorte sett med heile sitt eg. Tvers gjennom tid og rom. Hennar leit etter svar endar med at var sant at det hende henne. Ho møtte Jesus inne i kyrkja der i Spania, og det møtet endra henne som kvinne, som mor , som ektemake, som menneske.                                              Korleis klarer du å tru? vart ein norsk forfattar spurd. Då eg opna meg for å tru, kom trua, svara han.  So enkelt kan det seiast. Eg treng ikkje noko møte andlet til andlet. Det er berre å opne seg for trua, så stig ho inn.