lørdag 10. januar 2015

10.januar 2015

Det er no over tre år sidan ekstremværet Dagmar for over bygdene her i nord-vest, og gjorde stor skade. Det er utruleg mykje tømmer som har vorte skipa ut frå kaia, på andre sida av fjorden, etter at Dagmar for forbi her. Sidan har vi i grunnen hatt det høveleg roleg når det gjeld storm, og uvær, men no siste dagane har værmeldarane varsla om eit komande lavtrykk som synte aukande styrke. Og til slutt fekk det namnet Nina, og det ville slå inn over kysten her nord om Stadt, og med stor kraft vart det sagt seinast i går.  Men i dag har alt endra seg. Nina la om kursen, og i denne stunda er det frå Sunnfjord og sørover at dei får smake kreftene hennar, medan vi her lenger nord har delvis blå himmel og nær på vindstille. Mi kjære og eg fekk ein liten værstasjon i julegåve som vi har montert opp. Og vindmålaren på den rører knapt på seg i ein svak bris frå søraust. Og det klagar eg ikkje på.
Og korleis ser det så ut med vandringar no på nyåret? Der er det ingen ting under planlegging så langt, men ei våre medvandrar har byrja å lokke med ei vandring frå Nasaret til Betlehem. Og det freistar, så kanskje det kan verte noko av. Om ikkje i år, så kanskje neste år? Den som lever får sjå; som det heiter.

fredag 2. januar 2015

2.januar 2015

For første gong skriv eg årstalet 2015, sjølv om det alt er på andre dagen gamalt. Det er ei lita omstilling å byrje å skrive eit nytt årstal. Kanskje skulle det uroe meg litt å verte mint på at eg byrjar å verte ein eldre mann, men den uroa er meg fjern. Eg kan ikkje gjer noko med det likevel, så eg får ta dagane som dei kjem. Eller som ei sa: vil du ha bekymringar så får du ta dei på førehand, ellers er det ikkje sikkert at du får dei. 
Julehelga feira mi kjære og eg saman med vår familie i Sogn, og hadde nokre rolege og trivelige dagar der før heimreisa gjekk gjennom eit snøkledt og kaldt vinterlandskap, men vel heime slo været om att til plussgrader.
Etter ei mild og vindstill nyårshelg så er denne dagen komen med sterk vind og nedbør. Ute er der på nytt kome eit tynt lag av det kvite på marka. Mi kjære har hatt stor omsorg for dei små og fjørkledde dei siste vekene. Ho har sørga for at der alltid er noko snacks å finne for dei, og straumen av sporv og meis til matfatet har vore jamn heile tida medan dagslyset har vore her, men i dag vert det til tider litt vindskeiv flyging inn for dei små.
Inne i stova har eg hatt vitjing to småkarar som har vore djupt inne i legobygging og rolleleik. Det gleder ein bestefarshjarte når dei finn tid til å vitje oss her nede på grunnplanet.
Eit årsskifte er ofte tida for å gjere opp status, sjå attende på året som seig i hav, og tenkje litt framover på dagar som kjem; og undre seg litt på kva som kan vente der framme. Nokre planar om å betre livskvaliteten og auke kroppen si yteevne, dvs. kome i betre fysisk form, burde eg nok gjere noko med, men å realisere dei det er eit heilt anna spørsmål.
Siste månadane har eg streva med å kome meg igjennom ein engelskspråkleg komentar til Romarbrevet. Spennande for mi teologiske interesse, men som ein teolog skreiv på verdsveven; alle med den slags interesser burde og lese skjønnlitteratur som eit suplement, elles kan synsfeltet verte for trangt. Så kanskje eg burde sørge for å fornye kjenskapen til den delen av kulturen i dagane som kjem. Den har ikkje vore prioritert dei siste åra.
Og no ventar eg berre på klårvær, og at sola på nytt skal sende sine strålar over hus og heim.

mandag 22. desember 2014

22.desember 2014

Mellom drivande regn og sluddbyger denne morgonen opna det seg ei revne i skylaget. Medan vinden dreiv denne revna austover, dukka det med eit opp ei lysane sky på den klåre himmelen i revna. Ei stund var ho synleg før skyene igjen dekte holet i skydekket, og alt var attende til året sin mørkaste og kortaste dag, med drivande nedbørsbyger. Kanskje var skya eit teikn på at no går det igjen mot lysare dagar. Kl.00.03 snudde sola, seier mi kjære, som har greie på månefasar og slikt. Det har vore ein mild desembermånad så langt her i fjordbygda, men no vert det meldt oppklårning, nordaustvind og fleire kuldegrader i juledagane. Sjølve skal mi kjære og eg ut på ferdavegar i morgon. Gjennom lange tunnellar, langs fjordar, over fjell, under brear og gjennom tronge dalar mot sør. Til fagre Sogn for å feire jula der. Eg er noko spent på kva slags føre vi får ferda, men eg får vel berre førebu meg på å ha litt tolmod, og ikkje vere for hard på gasspedalfoten, så kjem me nok trygt fram. God jul til alle som enno er innom her, no sidan det har vorte så langt mellom kvar gong eg set meg til ved tastaturet på PC`en.

lørdag 6. desember 2014

6.desember 2014

Medan gårskvelden var våt, klårna han av no på morgonen. I løpet av natta fekk vi den først, varsame, smaken av den komande vinteren. Fjella skin kvite i sollyset, men her nede ved fjorden er det ikkje mykje av det kvite å sjå. Det teiknar til å verte ein fin dag, men til kvelden skal det snu att. Då er det varsla storm på kysten. Kanskje vi får meir av det kvite utover komande kveld og natt? Det vil morgondagen vise.

tirsdag 2. desember 2014

Roser i desember

Så har vi byrja på dette året sin siste månad, desember. Eit uvanleg år til å vere på mine kantar av landet, går mot sin ende. Då tenkjer eg på været vi har hatt. Uvanleg lite nedbør, og eit uvanleg varmt år gjennom alle dei fire årstidene. Dette året har vi her inne i fjordbygda feira at det er 150 år sidan kyrkja vår vart reist inne på Valla-bakken, Årsaka til at ho vart reist var at den gamle stavkyrkja frå 1200-talet hadde vorte for lita og"brøstfeldig", og vart difor teken ned. Desverre vil vi nok sei i ettertid.
Foto: ikyrkja.no /Kristin Vatne











                                                                                                                                                            Men dette året har vi feira kyrkja gjennom fleire ulike tilstellingar, og i helga som vart det avslutta med eit nyskrive songspel, "Høyr kor kykjeklokka lokkar". Med tekst av Jan Ove Ulstein, og tonesett av Marie Austrheim Riise. Det vart framført to gonger for fullsett kyrkje, og vart svært godt motteke av tilhøyrarane. Utanfor mi stovedør blømer enno rosenbuskane, og eg tileignar desse rosene til dei som skapte dette flotte songspelet for kyrkja vår sitt 150-års jubileum.


onsdag 19. november 2014

19.november morgon

Endå ein av desse morgonane då austhimmelen gløder i lyset frå den stigande sola. Og då eg lyfte kameraet  for fange fargespelet dukka morgonflyet opp i synsvinklen.
Det har vore milde dagar, med lite nedbør, siste vekene her på vestkysten, men no melder værmeldarane att det kan gå mot kaldare dagar . Vonleg vert det ikkje slik eg las om på verdsveven i dag der deler av staten New York var råka av mykje snø og rekordkulde. Snøfresen vonar eg får stå i ro enno ei stund. Men i går fann eg det best å sko om bilen til vinterdekka. Så seint på året som vi er komne, kan vi nok vente at vinteren melder seg kva dag som helst.

mandag 6. oktober 2014

Ein gamal disk


På "The histoy blog" kom eg over dette som arkeologar har grave fram i ein gamal by ved elva Guadalquivir i Andalusia, ikkje langt frå Cordoba. Det er restane av ein nattverdsdisk av glas, 22 cm i diameter og berre 2 mm tjukk. For meg ser det ut som eit fantastisk flott arbeide, og det er utruleg at så mykje av disken har overlevd tida i jorda, og det må ha vore litt av eit finstilt puslearbeid å få bitane saman att. På grunnlag av keramikk og myntar som arkeologane fann i husruinen, vert disken datert til trehundretalet. Ikkje så lenge etter at dei kristne fritt og utan fåre kunne feire nattverden. Kanskje var denne disken i bruk alt før keisar Konstantin gjorde kristetrua lovleg. Kva er det vi ser på den? Det er Kristus som er i sentrum, og han held med eine handa om dekorert krossen, og i den andre held han ei bok, kanskje evangelia.. Ved sida hans står Peter og Paulus, og dei held kvar sin bokrull. Og oppe til høgre er gravert inn ChiRho symbolet, saman med dei to greske bokstavane Alpha og Omega. Bygninga den vart funnen i var ein privat bustad, som nok også vart nytta som kristen møtestad, noko disken tyde på, altså før at det vart bygt eigne kyrkjer for det føremålet. Eit vakkert stykke glas som fortel noko om den ærefrykta dei tidlegaste kristustruande hadde for Det Heilage Måltidet, nattverden.