søndag 25. november 2012

Farga glas (3)

Dei store katedralane skilde seg ut ved si prakt av utsmykkingar både inne og ute.
Som her frå katedralen i Leon.
 Det var ikkje så mange av dei, men i dei kunne ein ikkje ha hastverk.
Der måtte det stejast av timar til å vandre rundt og nyte alt det vakre.
Det gjaldt og vindauga med farga glas. Fulle av blomar, bibelske scener og heilage personar.
Ikkje alltid like enkle å ta bilete av på frihand, då lyset var helst i svakaste laget. Men eg måtte berre prøve å få meg meg nokre minne heim.

 


 

torsdag 22. november 2012

Farga glas (2)

Vi kom til siste landsbyen før Astorga. Vi skulle overnatte der før vi gjekk siste etappen det året. Inn til byen. På mi vandring  gjennom gatene kom eg fram til ei nokså ny kyrkje. Den var stengd, så inn kom eg ikkje. Men då vindauga var nokså lavt nede, kunne eg ved å strekke meg , få nokre små glimt inn i romet. Det vil sei, det var ikkje heilt enkelt det heller, for dei var heilt dekte av farga glas. Men eg fekk sjå så mykje at lysta til å kome inn var rimeleg sterk. Men kva skal ein gjer når alle dører var lukka og låste.
Lenger ut mot kvelden låg eg på senga og drog meg, då eg brått høyrde kyrkjeklokkene ringe inn. Då var ikkje vegen lang bort til kyrkja, og no var den open.
Inne sat fleire, for det meste eldre kvinner, i stille andakt. Og fleire kom stadig inn dørene , korsa seg og fann seg ein plass i benkane.
Det vesle inntrykket eg fekk av kyrkjeromet tidlegare, synte seg å vere rett. Det var eit vakkert kyrkjerom der vindusrekkene på begge sider av skipet, var dekt av glas i sterke fargar, og med eit svært moderne uttrykk. Så heilt ulikt alt anna eg har sett av glasmåleri i kyrkjene etter pilegrimsvegen.

tirsdag 20. november 2012

Farga glas (1)

Frå august 2007 til september 2012 er det lang tid, og eg kan ikkje nekte for at mykje byrjar å hamne langt bak på harddisken. Men noko ligg då framleis att endå, nokonlunde klart i minnet.
Under vandringa gjekk vi gjennom mange byar og landsbyar, både i Frankrike og i Spania. Og den merka vandringsvegen gjekk helst rett igjenom gatene og ut av byen att. Men han svinga gjerne inn om byen sitt torg og kyrkja (hovedkyrkja om byen hadde fleire av dei). Det førde til at det for det meste var det som låg langs dei merka vandringsgatene vi fekk sjå, før vi vandra vidare.
Eg meiner hugse at der var nokre ulikskapar mellom kyrkjene i dei to landa. Landsbykyrkjene i Frankrike var oftast opne, og dei hadde ein annan stil enn kyrkjene i Spania. Der hadde dei ofte stengde dører, og kom vi inn var det den store alterveggen som dominerte. Noko vi ikkje såg så ofte i Frankrike. Dei hadde derimot ofte glasmåleri i vindauga, noko som var skjeldnare i Spania. Eg har ei kjensle av at landsbykyrkjene i Frankrike var av nyare årgang enn kyrkjene i Spania. Kanskje det er ei av årsakene til skildnaden.
Desse lysopningane i kyrkjene hadde stor variasjon i sine fargerike glasmåleri. Både i motiv og i utføring. Frå det heilt enkle, til dei eldre der heile vindaugsopninga var dekt av fargesterke motiv, gjerne med ein heilag person innblanda.  Men vi såg og nyare og meir moderne utgåver av glasmålingskunsten.
Dei enkle får vere representert av dette frå ei landsbykyrkje, ikkje langt frå Astorga i Spania. Det er pilegrimen Santiago - sankt Jakob - som stig fram.  Det som undrar meg er at i Spania hadde han ofte ein liten og samantrykt kropp. Mest som ein liten gnom. Men kamskjela på kappe og hatt, og staven i handa fortel kven han er.


søndag 18. november 2012

Om å gå på vatnet

I dag har preiketeksta i kyrkjene vore om då Peter gjorde eit forsøk på å gå på det opprørde vatnet i Genesaretsjøen. Slik han såg Jesus gjer. Det gjekk ikkje så bra, og hadde ikkje meisteren vore der tett ved, og berga han, hadde det nok gått rett ille. 
 
I minnet mitt dukka det opp ei landsens kyrkje nede i fransk baskarland, i landskapet Bearn. Langt inne på slettene, langt frå alle kystar. Vi hadde den morgonen vandra ut gjennom festningsmuren i Navarrenx, og kom etter ei stund til ein landsby som eg ikkje lenger hugsar namnet på. Men vi vitja landsbyen si kyrkje, før vi vandra vidare.
Ikkje alle kyrkjer er gamle katedralar på pilegrimsvegen. Nokre er og som denne. Ei vakker og lys kyrkje med den vanlege rada av heilage menn og kvinner langs veggane. Men i taket på kyrkja sitt kor var hendinga då Jesus kom vandrande på vatnet i Genesaretsjøen måla.
Eit slikt motiv her i dette landskapet, langt borte det stormande havet og dei skumkvite bylgjer? Her hadde det då høvt betre med bylgjande kornåkrar eller fullmodne drueklasar.
Oppe i kortaket er Peter framleis i båten saman med dei andre læresveinane, skremde av "skømtet" dei ser kome vandrande mot dei over bylgjene. Ja, kven hadde ikkje vorte skremd av eit slikt syn?  Ingen har vel sett noko liknande, korkje før eller sidan.
Men då det går opp for dei at det ikkje er eit skrømt, men Jesus, stig Peter i sitt overmot ut i bylgjene, for så, når overmotet er borte, å verte berga frå å søkke i kavet, attende opp i båten av Jesus.
Og for å fortelje at dette er ikkje noko mennesket kan gjer i eiga kraft, har kunstnaren teke med duva, svevande over Jesus. Her, fortel han, her er det den inkarnerte Gud som er verksam.

torsdag 15. november 2012

Eit tympanum fortel

Vandringa på Camino Frances er over og eg sit heime i godstolen min og vandrar opp att i minnet. Då kan det vere så ymse kva som dukkar opp.  84 dagar tok det oss å gå frå Le Puy en Velay i Frankrike til Santiago de Compostela. 84 dagar fulle av inntrykk. Men likevel tenkjer eg stundom at eg gjerne skulle brukt nokre dagar til. Og dei dagane ville eg ha nytta  i nokre byar som vart litt for raskt passerte, og som eg i ettertid gjerne skulle sett meir av. Men når dagsetappene var sette på førehand så vart det som det vart.

                                                                                                            

. Ein av desse byane var Estella. Vi hadde overnatta i Villatuerta, 4 km  austanfor byen, og skulle den dagen gå til Los Arcos. Ei strekning på vel 24 km, og det teikna til å verte ein varm dag. Derfor vart det ikkje lange stoppet i Estella denne morgonen, endå det der skal vere mykje forvitneleg å sjå. Men ei stor og stengd kyrkje låg rett ved sida av vegen, og den var det ikkje råd å gå forbi. Ho såg ut til å vere i sluttfasen av si tid, men på veggen ut mot vegen hadde den ein stor port med eit tympanum over. På sidene av porten, oppe under takskjegget stod dei tolv apostelane. Seks på kvar side.

Og det var tympanumet som fanga meg. Ikkje av dei største og mest innhaldsrike tympanum eg har sett på vandringa, men med ei sterk fortelling i enkle bilete.
I ei tid då ikkje alle kunne lese, og Bibelen heller ikkje var i alle manns eige, fortalde dette tympanumet den store påskefortellinga, til alle som ville sjå. Rett over døra er nattverdmåltidet skildra, der Jesus rekkjer dei elleve brødet og vinen.


Oppe i bogen på tympanumet er det langfredagen som er motivet, med Jesus hengande på krossen. Tilstades er og Maria, mor hans, og Johannes. Dei to andre krossfeste er og med, men ikkje så viktige i fortellinga, og derfor i liten storleik. Dei er heller ikkje nagla til sine krossar. Armane deira er bunde fast over tverrbjelken.
I tillegg er der to romerske soldatar ved krossen. Truleg er det i Jesus si dødsstund, då den eine soldaten held hendene for auga. Og, fortel evangelia, bryt ut: " Sannelege, denne var Guds Son!"



Men scena midt i typanumet har tre ulike motiv frå dei siste dagane i påskefortellinga. Vi ser eit uhyre med ein stor munn, og ut av munnen kjem nokre menneske. Ut til Jesus som står framfor uhyret. Det er berre Peter som nemner dette i eit av breva sine.  At Jesus då han låg i grava, drog ned til dødsriket for å forkynne for åndene som var i fangenskap der.
Heilt til venstre i biletet ser vi engelen på gravkanten, og dei tre kvinnene som påskemorgonen kom og fann grava tom. Og scena vert avslutta ute til høgre med Maria Magdalena som får møte den oppstadne i hagen.
 
Iglesia de Santo Sepulcro - kyrkja til den Heilage grava - vart bygd i 1123 til ein rik kjøpmann. I 1328 fekk kyrkja dette tympanumet og apostelrekkja lenger oppe på veggen.  Kyrkja var truleg bygd som ei gravkyrkje for dei franskætta innbyggarane i byen. Kanskje det er derfor den var vigsla til Den heilage grava. For 120 år sidan vart kyrkja stengd, men framleis talar bileta over døra om ei hending i Jerusalem for snart 2000 år sidan.
Og for den vandraren som gir seg tid. Stoggar opp og lyfter augene til bileta over døra, fortel dei også idag, si sterke fortelling. Tvers over alle århundra som har gått sidan tympanumet vart meisla ut. Kristentrua si grunnfortelling.
 

tirsdag 13. november 2012

Kor mange steg må til?

På veg opp bakkane frå Le Puy, på vår første vandring, hugsar eg at tanken dukka opp i meg; Kva har du gitt deg ut på? Er ikkje dette rein galskap? Å gå tjue mil i eit ukjent landskap til ein ukjend by. Bakke opp og bakke ned. Dette var det året då alle gjekk med ein stegmålar festa ved midja. Tjue mil. Kor mange steg vert det?
Bakken opp frå Le Puy er i nokre vegvisarbøker omtala som ein tung bakke å kome opp. Eg kom opp. Det kom tyngre bakkar seinare. Mykje tyngre bakkkar. Varme bakkar då salt sveitte blinda synet. Eller bakkar då yret frå skodda gjekk over til regn, og eg vart kald og våt. Eg kom opp dei og. Dei tjue mila vart etter kvart til 150. Det kom vide sletter då eg kunne sjå vegen bukte seg vidare framover mot horisonten, for til slutt å verte borte i soldisen langt der framme. Føtene bar meg og fram mellom gulbrune, avhausta åkrar, gjennom skuggefulle skogar og blømande enger. Gjennom byar og landsbyar bar føtene, steg for steg. Dag ut og dag inn.
Kor mange steg vart det?
Kor mange steg må til?
221 steg stod det måla i betongen på vegen inn til ein liten by.
221 steg til kva?
Til ein bar der det var kaffi å få kjøpt?
Til ei kyrkje det var verdt å vitje. Setje seg ned og la føtene kvile, augene kvile. La nye steg vente.
Vere å stilla for ei lita stund.
Til eit herberge og ei seng for natta.
Før vegen igjen kalla til nye steg.
Kor mange steg må endå til?
Mykje meir enn 221.
221 ganger x i x i x.
Men ein dag er eg framme.
Kor manger steg det vart? Eg veit ikkje. Ynskjer ikkje å vite det. Men alle dei tusen på tusen av steg gav meg ei oppleving eg vil bere med meg resten av mine dagar.




søndag 11. november 2012

Chi Rho

Då vi gjekk gjennom Bierzo-landet og kom til Tempelriddarbyen Ponferrada, såg eg på veggen ved døra inn til kyrkja som er tileigna Santa Maria i eika, eit  symbol som eg ikkje hadde lagt merke til tidlegare, eller rettare to symbol knytt saman i eitt.  .
Her på kyrkjeveggen var det  krossen og dei to greske bokstavane alfa og omega som var knytt saman. I ei moderne utforming.
Soga om korleis Jomfrua i eika dukka opp i byrjinga av 1300-talet, er ei soge med drag av legende over seg. Men sjølv om soga er 800-år gamal, så vert ho framleis årleg feira i byrjinga av september. Restane av blomepynten hekk framleis ved kyrkjedøran då vi var der.
Eg tykkjer det er spanande å gå i eit landskap der så gamle tradisjonar framleis er levande, og vert feira gjennom årlege festar. Kontrasten til vår heimlege arena når det gjeld levande soge synest meg vere stor.
Å sjå desse to symola knytt saman var nytt for meg, men vel heime att ser eg på verdsveven at det er ikkje så eineståande. Men det er oftast saman med Kristussymbolet Chi Rho  at Alfa og Omega er å sjå. Som her på på søyla mellom dørene inn til katedralen i Santiago. Her er i tillegg eit tredje symbol med, krossen.
Ei lita symbolforklaring. Chi Rho er dei to første bokstavane i det greske namnet på Kristus - XP, og Alfa og Omega er første og siste bokstav i det greske alfabetet. I slutten av Johannes Openberring seier han som sit på den himmelske kongsstolen: "Eg er alfa og omega, byrjinga og enden".
Krossen er nok ikkje ukjend for nokon.
Her er symbolet i tillegg vakta av to underlege skapningar.

Dette symbolet har dukka ofte opp hjå meg etter at eg "såg" det i enden av vår lange vandring. Og let eg alfa vere starten langt oppi nord-aust, i Le Puy, då må omega symbolisere slutten på vandringa. Vi var i mål då kom fram til Santiago. Men det eigentlege målet er ikkje Jakob si "grav", men Chi Rho - Kristus.
Ein slik tankegang kan høve når eg ser på symbolet frå Ponferrada.
Men kan det stemme med kva eg ser på katedralen?
Her har då alfa og omega bytt plass. Omega, slutten står først.
Kanskje har han rett den tyske pilegrimen som skreiv. "No når eg er komen fram til enden av vandringa, ser eg at desse  siste vekene berre har vore ei etappe i den lange livsvegen mot Gud. Det er her eg verkeleg kan sei til Sankt Jakob; " Syn meg Herren, og vis meg min veg til Han."

Så har vegen vore ei vandring mot Kristus. No byrjar ei ny vandring med Kristus. Ei vandring som først endar når eg er framme hjå Han.
Gå vi i ring då?
Frå alfa til omega og attende til alfa. Og heile tida omslutta av Kristus??
Chi Rho, krossen, og Alfa og Omega.

Ei siste natt i Santiago, og så heim.
Kjem eg attende nokon gong?
Eg ser at det er mange som går vegen både to og tre gonger i livet. Vegen har ei underleg dragning i seg.  Men åra mine på jord minkar raskt når ein er over dei 70. Likevel, det er endå år att, om ein får ha helsa og levedagane. Nokre sykesøstre eg las om gjekk  vegen i sommar, og den eldste av dei var over 80. Så kven veit. Kanskje, om det byd seg slik, så får eg endå ei gong stå ved Jakob si grav.  Den som lever får sjå. Då skal eg ikkje vere nyfiken turist men pilegrim, og be med den tyske vandraren: Syn meg Herren, og vis meg min veg til Han.