lørdag 10. november 2012

Justitia (Santiago)

Så er vandringa over, både den eg brukte føtene til, og den eg har vandra opp att i minnet her på bloggen. No er det tredje fase som byrjar. Den som i ein stille time kan føre meg attende til vegen og vandringa sine små og store opplevingar. Det er noko som liknar på kva desse dyra som jortar gjer. Dei et først, og sidan fordøyer dei maten endå ein gong. Så derfor er eg nok ikkje ferdig med vandringa. Den vil nok dukke opp att med jamne og ujamne mellomrom, og då gjerne i form av ein liten refleksjon over noko frå den lange vandringa vår.
Men før eg avsluttar frå Santiago de Compostela, nokre tankar til eit par symbol eg såg der.
Der er vel helst slik vi er vane med å sjå fru Justitia, den romerske rettferdsgudinna. Med eit sverd og ei skålvekt i hendene, og med bind for augene. Eit symbol for lov, rett og rettferd, der vekta står for den dømande verksemda, sverdet for utøvinga av domen og bindet for augene fortel om upartiskhet. Slik vår lovgjevande og dømande rettsstat skal fungere.
 
Eg har ei kulturell og historisk vegvisarbok om pilegrimsvegen gjennom Spania. Dei som har skrive boka forslår at ein bør ha med ein liten kikkert under vandringa, slik at ein også kan få med seg dei små detaljane høgt oppe, inne og ute i dei mange spennande bygningane. Dei detaljane ein elles ikkje ville kunne sjå. Og det er ingen dårleg tanke.
 
Denne siste dagen då vi vandra gatelangs i Santiago, dukka denne skikkelsen opp på ei bygning. Det er fru Justitia, men ho manglar sverdet og skålvekta. I staden har ho fått ein kross og teiknet for underet på O Cebreiro, kalken og brødet, i hendene.
Ho er ikkje lenger den romerske, heidne, fru Justitia, men den kristne trua si rettferdsdronning. Og den rettferda er ikkje lik verda si rettferd, for her er rettferda grunna på at i trua på Jesus Kristus sitt soningsverk, vert syndaren dømd rettferdig. Ikkje ved eiga rettferd, men ved at han gjennom trua får del i Kristi rettferd. Og det er rein nåde over nåde for meg.
Slik seier Paulus det i brevet til Filipparane.
"Eg reknar alt som tap mot det som er så mykje meir verdt; å kjenna Kristus Jesus, min Herre. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som skrap så eg kan vinna Kristus  og bli funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som lova gir, men den rettferda vi får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud, bygd på trua."
Slik er mine  tankar til det første symbolet frå Santiago.

fredag 9. november 2012

Ut i gatene (Santiago)

I morgontimane denne mandagen var gatene framleis våte av regn,  og då var dei overbygde bogegangane gode å finne. Inne under bogane var der ly  både for regn og vind.  Men då vi kom ut att frå katedralen noko seinare på dag, kunne vi sjå blå himmel over byen, og varme solstrålar fann vegen ned i gatene.
Der er alltid noko freistande å sjå inn i gatene sine butikkvindauge. Men det tok ikkje lang tid før mi kjære hadde fått sine små suvenirfingerbjør, og sidan eg fort vert lei av å sjå på utstilte freistingar, så lokka den blå himmelen  oss ut av gatene og inn i ein stor park ikkje langt unna.


Der møtte vi nokre lokale som vi prøvde å slå av ein prat med. Men dei var visst av det tause slaget, det var ikkje mange orda vi fekk frå dei nei. Dei fargerike kvinnene ville berre peike ut vegen attende til gatene og katedralen for mi kjære. Men ikkje eit ord.  Og eg hadde ikkje større lukke på benken, eg heller. Men det var kanskje ikkje så rart. Dei skjøna vel ikkje kva møringar sa, vil eg tru.
 Men som eg sat der på benken ved sida av den elegant kledde borgaren, fauk fotoapperata fram rundt oss, og eg høyrde ein ytre at dei var ikkje heilt ulike, desse to. Akk ja, eg må då sei at tykte han hadde finare sko enn eg, han langskjegga ved sida mi.
Men det varde ikkje lenge før vi såg at det tjukna til att i vest, og åsane der vart borte i komande regn, så då då var det berre å haste attende til gatene for å finne ly der.

Så var dagen over, den siste i Santiago de Compostela. Apostelen Jakob sin by. Tidleg neste morgon kom den tinga drosja for å køyre oss to ut til flyplassen for å byrje på heimreisa.
Og heim skulle vi kome seint om kvelden. Trudde vi. Men slik gjekk det ikkje. Vi kom for seint til å nå det siste flyet heim, og då vart det istaden nattbuss over fjellet.

torsdag 8. november 2012

Ecco homo

"Ecco homo!" let Johannesevangeliet Pilatus sei då han stiller den tornekruna og hudfletta Jesus fram for anklagarane hans. Ecco homo, sjå det mennesket. Kven var han? Det var det store spørsmålet for kyrkjefedrene i nokre hundreår framover etter dei tunge dagane i Jerusalem. Og kva var ærendet hans? Dei vart samde etterkvart om kven han var og kvifor han kom. At han som kalla seg Menneskesonen, han var Gud, komen i kjøt, for å bygge ei bru attende til vår skapar og Far. Ei bru over den djupe kløfta som vårt syndefall hadde skapt. Ved å gi sitt eige blod og døy, sona han vår skuld, og opna brua attende til Gud, vår far, for oss. Slik enda dei opp kyrkjefedrene, og vi fekk ei samlande trusvedkjenning i det store kyrkjemøtet i Nikea.
 

 
For meg er eit av dei vakraste orda i Bibelen, det han sa like før han gav opp anden sin og døydde. Då sa han, "Det er fullført." Det fulle innhaldet i desse orda anar eg ikkje, men eg har etterkvart skjøna at høgda, breidda og djupna av dei er mykje større enn eg nokon gong kjem til å skjøne. Og det sjølv om eg gjennom mine år på jorda har høyrt det "enkle" svaret forkynt, ikkje så reint få gongar.
Sjølv sa han: "Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Den oppgåva fekk eg av Far min."
For meg er svaret på kva "Det er fullført" tyder ikkje så enkelt lenger, det har meir og meir vorte eit mysterium som er gøymt hos Gud.



Eg fann og eit kapell i katedralen der slutten på den lange dagen i Jerusalem var skildra. Der er Jesus er død, og hans døde lekam er teken ned av krossen.
Men noka skildring av påskemorgonen si glede og lys fann eg ikkje.
Det som kastar lys over eit anna av mine kjæraste ord. Eit ord der oppfyllinga av det ligg inne i framtida ein stad.
Den  dagen då Han reiser seg frå kongsstolen og seier: "Sjå, eg gjer alle ting nye:"
Det høyrer og med oppdraget han fekk av sin Far. Trur eg.

 
Eg går ut av katedralen for siste gong. Ut på den store opne plassen utanfor.
Der vender eg meg og lyfter augene oppover mot San Tiago høgt der oppe.  
 Ein katedral bygt til Den heilage Jakob si ære. Det er han som har beste plassen, endå han berre var ein liten fiskar frå Betsaida ved Genesaretsjøen. Men her har han erobra førsteplassen. Rabbien hans er der og, men eg tykkjer ikkje han har fått like stort rom, endå det var Han som var Menneskesonen.  Eg er no ikkje så sikker på at Jakob sine bein kviler i sølvkista i krypten heller. Eg trur nok helst at han kviler i Jerusalem si jord. Men det betyr ikkje så veldig mykje for  meg om beina hans er her eller der.
Igjen fell eg i undring over noko eg ikkje skjønar: Kva er det med desse heilage menn og kvinner i romakyrkja som gjer at dei får så stor plass i kyrkjene etter pilegrimsvegen? Og som forviser hovedpersonen til ein meir beskjeden plass i kyrkjeromet. Men det er vel berre lutheranaren i meg som ikkje skjønar, så fjerne som vi protestantar er frå alt det alle desse heilage menneska har å fortelje oss.
 




onsdag 7. november 2012

Møy Maria


Maria Møy har vore vår trufaste fylgjesvein på vandringane våre, både i Frankrike og i Spania. Og då møtte vi henne både ute i friluft, og inne i kyrkjene der ho ofte hadde eit eige altar i eit sidekapell. Eller ho hadde fått ein sentral plass i retabloet over hovedalteret. Som oftast møtte vi henne som madonnaen med barnet på fang.

Oftast var ho med lys hud, men alt i starten av vandringa vår, i Le Puy katedralen møtte vi den mørke madonnaen. Der var det ein kopi av den opphavelege og undergjerande svarte madonnaen, sidan originalen vart knust og brend av mobben under den franske revolusjonen. Den var gitt til katedralen av Ludvig IX (den heilage) i 1254, etter eit krosstog. Ei anna undergjerande svart madonna møtte eg eingong i Montserrat-klosteret, høgt oppe i stupbratte fjell utanfor Barcelona. Der såg eg og mengder av votivgåver frå dei som hadde fått hjelp.
Der er nokre fleire undergjerande svarte Madonnaer rundt om i verda, men dei eg har møtt på vandringa vår har ikkje fått det stempelet. Dei er berre mørke. Og eg undrar meg kvifor, og kvar kjem den tradisjonen frå?
I katedralen her i Santiago fann eg to stykker med noko ulik utforming.  


Om det ikkje er så mange av det svarte slaget, så er det fleire av den kruna Maria Møy med barnet. Då er ho ungjenta som fødde Gud, og er kruna som himmeldronning. Her har og barn Jesus glorie. Ikkje som ein krans, men av strålar som går ut frå hovudet. Slik vi ofte ser Moses framstilt, men der strålane ser ut som to horn i panna hans. Noko som visstnok skriv seg frå ei feil omsetting av eit hebraisk ord.

Men Maria framstilt som her ved sida har eg sett få av under vandringa, og eg er ikkje sikker kva det fortel. Er det eit bileta av ei Mariaopenberring? Eller er det Maria si himmelfart? Eg trur vel helst at det er det første sidan der og er ei knelande og tilbedande kvinne. I Fatima i Portugal var det tre born so møtte henne, men Bernadette var åleine då ho møtte Maria i ei hole i Lourdes i Frankrike. Kan det vere dette møtet som er avbilda?
I ei nisje i ein vegg ute, fann eg og Maria, denne gongen som "Mater dolorosa", smertene si mor, i ei "pieta" liknande framstilling.

Desse glimta av framstillingane med Maria Møy, frå Santiago de Compostela, avrundar eg med eit tympanum, og då ikkje frå ei kyrkje.

tirsdag 6. november 2012

Matamoros

 Han er ofte å finne langs pilegrimsvegen, han Jakob. Oftast er det som pilegrim med kamskjel på hatten eller kappa. Her står han over ein av portane på katedral i Santiago, saman med sine to disiplar.
 Men han har ei anna side og den gode Jakob'en. Ei meir voldsom side. Den sida av han er ikkje like ofte å sjå, men då sit han på ein stor kvit hest. Med eit lyfta sverd i eine handa. og banneret i den andre. Då er det Santiago Matamoros som stig fram. Og under føtene på hesten ligg drepne maurerar.  Matamoros tyder maurardrepar.
Santiago dukka opp då kampen for å presse bort det islamske herreveldet på den spanske halvøya byrja på 800-talet. Etter at dei islamske styrkane vart slegne attende langt oppe i Frankrike, i 732 av Karl Martell sine styrkar i det store slaget ved Poitiers, tok det nokre tiår før syd-Frankrike var frigjort og frigjeringa kunne byrje syd for Pyreneane. I nord-Spania kom der nokre små kristne kongedøme, og dei tok opp kampen for å presse maurarane sydover. Det er i denne tida Jakob si grav vert funnen i vest i Galisia.
I 844 er styrkane til den asturiske kongen hardt pressa ved Clavijo. Ein stad noko sør for byen Logrono i La Rioja provinsen, aust på den store høgsletta. Då får kong Ramiro I eit syn der han vert lova hjelp. Og under slaget kjem det ein ryttar på ein kvit hest. Oppeldna av han, greier dei kristne styrkane å snu kampen. Slik dukka Santiago Matamoros opp. Ein skikkelse som eg tykkjer har mange samanfallande trekk med ein annan stor helt. Ein som dukkar opp eit par hundre år seinare, og fekk tilnamnet El Cid. Og hans liv er historisk. Om Matamoros og slaget ved Clavijo er sanning eller legende, det får dei som granskar soga finne ut av.

mandag 5. november 2012

San Tiago

Etter endå ei natt med klokkeklang og høge stemmer utanfor vindauget, lysnar det til ein ny dag i Santiago de Compostela. Og vi er attende i katedralen til morgonmesse. Denne dagen er det romslegare i benkane, og prestane i koret er kledde i raudt, ikkje grønt som i går på søndagsmessa. Og det store røykjelseskaret får henge i ro.
Men det er apostelen Jakob Sebedeusson vi er komne til Santiago for. Han var fiskar saman med far og bror Johannes. Tordensønene kalla Jesus dei. Alt i  år 44 vart han avretta av Herodes Antipas.  Han skulle i fylgje legenda ha virka her i Spania nokre år, før han vende attende til Jerusalem og sin bane.

Men etter sin død vart han frakta ned til kysten og lagt i ein båt. Og på underfullt vis vart båten førd ut Middelhavet og opp langs kysten av Spania til han stranda vestanfor her. Så vart han førd desse mila inn frå kysten og gravlagd her. Og grava vart gløymd i 800 år til den vart attfunnen i 813.  Jakob sin dag er 25.juli. (Hos oss er han kjend som Jakob våthatt) Dei åra då 25.juli fell på ein søndag er det heilagt år i Santiago, og då vert denne døra opna så folk kan gå gjennom den og få full avlat for sine synder. Ute er døra stengd av ein solid smijarnsport. Bileta på døra syner Jakob sitt liv, martyrium og ferda til Galisia. Skikken med det heilage året og døra skriv seg frå 1500-talet.

Sidan det ikkje var heilagt år dette året, var døra stengd for oss. Men krypta med sølvkista der Jakob sine leivningar kviler er opa. Og etter gudstenesta denne dagen er køen overkomeleg lang, så vi stiller oss opp for å vente på vår tur. Krypta ligg i rotunden bak høgalteret, og vi må opp ei lita trapp for å kome inn i romet, og så ned ei ny trapp. Eg ser korleis dei knelar på benken framfor eit smijarngitter. Korsar seg og lyfter hendene i stille bøn. Så er det min tur og eg kneler ned og ser inn på sølvkista der inne bak smijarnet. Over den heng ei stjerne av sølv. Korsar eg meg og ber? Nei, eg kjenner eg er ikkje heime i den tradisjonen med å be til helgenar. Fleire hundre år med luthersk rasjonalisme ligg tungt forankra i meg. Legenda om at her kviler Jakob gir ingen atterklang i meg, slik det gjer hos kvinna som knelte framfor meg. Her framfor sølvkiste er det ikkje pilegrimen som kneler, men den nyfikne turisten, og eg lyfter kameraet før eg reiser meg og går vidare, opp ei ny trapp og ut i kyrkjeromet att. 

No har køen av dei som vil ned i krypten vorte lenger. Eg går sakte langs den langs veggen i rotunden. Då kjem eg til å sjå inn eit vindauge i veggen, Det strøymer varmt lys ut gjennom det, og eg ser to raukledde prestar der inn. Dei står i bøn ved eit altar.
Er dei i bøn for dei som kneler i bøn inne i krypten framfor dei? Turisten lyfter igjen kameraet, men no dukkar pilegrimen også opp i meg. Eg vert ståande ei lita stund framfor vindauget i tankar over ei trusutfalding som er meg så totalt ukjend og framand som denne merksemda som vert  desse  heilage til del.
Eg sit i kyrkja sist søndagen og høyrer han på preikestolen sitere Leonard Cohen om desse sprukne kara, og lyset som får kome inn gjennom sprekkene. Så heldt han fram med å fortelje om ei lita jente som sat og kjeda seg i ei lang gudsteneste, og såg på glasmåleria oppe i vindauga. Kven er dei? undrast ho.
Det er helgenar, får ho til svar. Ho sit still ei stund i tankar, så kjem det; Då veit eg kven helgenane er, det er dei som lyset fell inn gjennom.
Kva var det du røva frå oss, Matin Luther?

søndag 4. november 2012

Pilegrimsmuseet

På sørsida av katedralen ligg Praza Quintana, med ei stor fontene midt på plassen. På austsida av plassen ligg bygninga som i dag inneheld Museo das Peregrinacions. (det med bogegangar) Og  sidan det ikkje var så langt opphald mellom regnelingane denne søndagen, vart det til at vi brukte mykje tid innandørs, i ly for regn og vind.
Der var mykje forvitneleg å sjå inne på pilegrimsmusset. Men først litt soge.
Ved utgravingar under katedralen har ein funne restar av busetnad så langt attende som til visgotisk og romersk tid. Mellom anna eit alter for den romerske guden Jupiter. Men det var funnet av grava med beinrestane etter tre personar. Sankt Jakob, og hans to læresveinar, Atanasio og Theodoro, omlag i år 813, som førde til at den første vesle kyrkja vart reist. Og på 900-talet var alt pilegrimsvandringane i gang mot Santiago. Og med pilegrimane kom rikdomen til byen, og med det og freistinga for røvaråtak på byen. Normannarane var her 968, og maurarfyrsten Almanzor i 998. Ved begge åtaka vart byen og kyrkja lagt i ruinar. Men nye kyrkjer, og større kyrkjer vart reiste på ruinane. Og med aukane pilegrimsstraum, måtte kyrkja stadig utvidast til slik katedralen står idag.
Inne i musset er der bilete som viser utviklinga av byen og kykja frå den spede start på 800-talet og fram til i dag. Og ein stor modell av katedralen.
Her sett frå nordvest mot Praza Obradoiro. (praza er plass på gallisisk)
Og her frå søraust, mot Praza Quintana.
Det var tusenvis i middelalderen som kvart år vandra mot Santiago. Santiago var det tredje største pilegrimsmålet. Berre Jerusalem og Roma var større. Men med reformasjonen sette nedgangen inn, og midt på 1800-talet var det berre nokre få hundre i året som kom til byen. Og pilegrimsvegen kom i forfall. Heilt til nokre eldsjeler på 1970-talet byrja å arbeide for å skape nytt liv i pilegrimsvandringane til Santiago. Og i år, ved utgangen av oktober, har det kome 187.000 pilegrimar til byen. Både gåande, syklande og ridande. Nokre 10-tal brukar jamvel rullestol. Hovedvegen er nok den vi gjekk. Den som er kalla Camino frances. Men der er og mange andre vegar som fører fram til det store pilegrimsmålet, langt nordvest i den spanske regionen Galizia.