torsdag 13. oktober 2011

Oktobermorgon

Etter grå og våte dagar, klårna han av i går kveld., og vi fekk ei måneklar og kald natt.
No i morgontimane hekk månen i vest over ei bygd med rimfrosne marker og islagde vegar.


Men min gradstokk hadde ikkje registrert minusgrader gjennom natta.
Det kan verte ein god soldag før dei våte dagane med regn frå vest atter er der.

søndag 9. oktober 2011

Gyllen morgon


Morgon, første dagen i ei ny veke.
Etter den innskotne dagen med sol i går, er vi idag attende på det grå og våte sporet.
I sør og aust ser eg no fjella lengst vekk, bli borte i regnet som er på veg.
Men dagen kan verte god likevel.
Kaffien er kokt og frukosten med mi kjære står snart på bordet.
Og om eit par timar feirar vi gudsteneste saman med dei andre som har den som fast post på søndagane.

Veka sitt himmelbilete.
Då måtte eg leite attende i arkivet.
Til ein dag for seks år sidan, omlag på dette klokkeslettet.
28.oktober i 2005. Klokka 9.15.

Nær den gylne morgon randast, heiter det i omkvedet i ein svensk song.
Dette var ein gylden morgon.
Og sidan det er søndag, og den første dagen i det nye året, etter jødisk kalender, tek vi med nokre ord frå Klagesongane:
Det er ikkje ute med Herrens nåde, Hans miskunn tek aldri slutt. Kvar morgon er ho ny.

lørdag 8. oktober 2011

Oktobermorgon

I går var alt grått og vått.
I dag er fargane attende i morgonsola.
Dei kviteskumande elvane som var der igår, synest ikkje lenger.


Men vinteren har teke eit langt steg ned i liene.

fredag 7. oktober 2011

Regn


Her i vest er vi vane med regn. Ofte står lavtrykka i kø ute i havet og ventar på tur. Og når lavtrykket så kjem inn over kysten og fjella,  så tømer skyene seg for den væta dei måtte ha, og vi får regn og atter regn.
Slik har vi hatt det i veker no og jorda er full av vatn.

Men så hender det at det kjem eit lavtrykk med meir væte enn normalen. Det fekk vi denne natta og dagen.
Frisk nordvestleg vind, sjølv her inne i fjorden.
Og regn. Mykje regn.
Ned alle lier renn det skumkvite bekkar og elvar vi skjeldan ser, og Skorgeleva frådar vill i ein skumkvit foss, med omflødde kvernhus.

onsdag 5. oktober 2011

Kvite Krist

Den koftekledde stod bøygd over bordet  der arbeidet hans desse sommarmånadane låg, saman med arbeidsbeinene hans, kvasse knivar og  jarn.

Ute lysna morgonen over dei bratte fjella over dalen og dei lave husa i tuna bortetter vollane ved  den strie elva.
Oppe på ei lita flate ikkje langt frå huset han var i, lyfta ei lita nybygd kyrkje spiret sitt opp mot den lyse morgonhimmelen.

Dei fyrste solstrålane lyste opp det lysbrune, nytjøra bygget der borte på haugen.
Når sola var koma litt lenger fram mot skaret i sør, ville folket i dalen samle seg i tunet og så gå syngjande opp til kyrkja. Og fremst av alle ville arbeidet hans verte bore.

Den gråkledde stod lenge og let augen fare granskande over kroppen som låg på bordet. Var der enno noko lite som trong eit siste lite snitt av kniv eller jarn, eller kunne han rekne seg som ferdig?
Til slutt nikka han nøgd og kviskra nokre ord ut i det morgonstille romet.
Så tok han ein liten nagle som låg ferdig på bordet, prøvde den varleg i holet som han hadde laga.
Handa hans leita opp klubba, og med varsame slag festa han kroppen til krossen.
Endå ein gong bøygde han seg over arbeidet, kviskra nokre ord og slo krossen sitt teikn tre gonger over seg.
Så samla han saman knivane og jarna sine, rulla dei inn i eit klede før han la dei i skreppa si.


 Fylgjet går syngande tre gonger rundt kyrkja før presten fører mennene som ber Kvite Krist, inn i kyrkja og dei festar han opp på veggen inne i koret.

Åra går over kyrkja på haugen. Årstidene skifter. Snart kvite og snørike vintrar. Snart tørre og varme somrar. Men kyrkja står der urikkande. Lita og mørk mot skogen og fjella bak.
På gardane ved kyrkja fødest born, veks opp, modnast  og eldest, for til slutt å verte førde til kvile ved kyrkja.
Gjennom århundra er det stadig nye generasjonar som  bøyer seg audmjukt for den kongekrona skikkelsen der framme i det halvmørke kyrkjekoret.

Men eit år endar alt seg. Folket i dalen tek ned den gamle kyrkja og reiser seg eit nytt kvitmåla gudshus.
Den gråkledde sitt arbeid vert seld til ein samlar.

Ein dag står ein vandrar ved ein kvitmåla murvegg på eit museum.
Framfor han heng den gråkledde sin Kvite Krist, Christus Rex. Den kongekrona sigerherren frå Golgata.
Vandraren bøyer audmjukt sitt hovud, og med ei lite bøn på sine lepper teiknar han seg med krossmerket.

søndag 2. oktober 2011

Admiral

Spettmeisene hadde det travelt i vinter med å lagre solsikkefrø. Og når våren og sommaren kom, såg vi at nokre frø nok hadde vorte litt for godt gøymt.
Det kom opp grøne spirar frå molda i nokre blomsterpotter.
No i oktober har vi fått  solgule blomar i solveggen, og i dag kom der ein sommarfugl flagrande i sola.
Då vart der ein lengre pause for å nyte blomane sin nektar før han flaug vidare.
Og eg fekk  eit høve til å feste admiralen si vitjing til databrikka.

lørdag 1. oktober 2011

Veka sitt himmelbilete

Min fasinasjon for den store variasjonen som himmelen syner seg i, gjer at kvelvingen der oppe er av mine mest fotograferte motiv.
Når skyer, lys og fargar teiknar sine spennande variasjonar, hender det svært ofte at eg hentar fotoapperatet for å fange den spesielle augneblinken over meg.
Ja, for det er akkurat i den augneblinken at motivet er der.
Nokre minutt seinare, og knapt nok det, så har skyene, fargane, lyset endra seg til noko heilt anna.
Og fargane kan til tider vere på grensa til det uverkelige.

Eg er lesar av ein blogg der kvinna som har den, med ujamne mellomrom, får sine kollegaer til å vere motiv for eit in natura foto.
Dit kjem nok ikkje eg, sjølv om eg tykkjer Gud har skapt oss uendeleg vakre.
Men kanskje eit veka sitt himmelbilete kunne vere noko for meg?
For som salmediktaren seier:
"Lov Herren, mi sjel! Stor er du Herre, min Gud! I høgd og herlegdom har du kledt  deg, ljoset er kappa du sveiper deg i. Du har spent himmelen ut som ein teltduk og tømra din høgsal i vatnet.
Du gjer skyene til di vogn og fer fram på vengene åt vinden."
Sal. 104

Her kjem det første.