tirsdag 9. august 2011

Gamal eller eldre

Biletet er av min bestefar.
Fødd på slutten av 1860-talet og var nok i byrjinga av 60-åra då biletet vart teke.

Han opplevde store endringar i sine leveår, bestefar.
Dreiv ein liten gard i sommarhalvåret, og om vinterane drog han på fiske ute på øyane.
Han fekk oppleve overgongen til vår moderne tid, med motoren og elektrisiteten sin frammarsj.
I hans leveår vart bygda omskapt frå eit jordbrukssamfunn til eit industrisamfunn.

I dag er eg nokre år eldre enn min bestefar var på biletet.
Eg har og opplevd store endringar i teknologisk utvikling, og kan reise jorda rundt på kortare tid enn han brukte på å reise til Lofoten på fiske.
Bygda er no ei etterindustriell bygd, der handel og servicenæring har fått fokuset.

Rekna han seg som ein eldre mann då, i midten av sine 60-år?
Eg trur helst han hadde brukt ordet gamal om seg, sjølv om han framleis hadde omlag 20 leveår att.
Og eg, reknar eg meg som gamal i slutten av mine 60-år?
Eg brukar nok heller ordet "eldre" om meg.
Sjølv om det til tider kan vere vanskeleg å ta inn over meg røyndomen av det ordet.

Opnar ordet eldre for oss i min generasjon ein fridom til å leve ut vår eiga rastløyse?
Eg har då framleis ikkje vorte gamal, meiner eg.
Eg vil vere ung, kjenne meg ung, kle meg ungt.
Ikkje gamal enno nei, eg vil nok helst vere ein eldre, ein ung eldre, i mange år enno.
Ein vert tidsnok gamal.
Der er stadig nye opplevingar som ventar på meg bak neste sving av livsvegen.

Når vil eg så vere eldre nok til å kalle meg gamal?
Den svaret er gøymt i framtida.
Kanskje skjer det først den den dagen då roa senkar seg, og jaget etter stadig nye opplevingar endar?
Når eg ikkje kan anna enn berre ta imot det som kjem, kva det så er.

Det eg får opp i fanget utan å jage etter å finne det, eller nå det.
Når eg er gamal nok til å sjå at graset er ikkje grønare på hi sida av gjerdet.
At den lukka eg jagar etter, den ligg og ventar rett fram for føtene mine.
Kanskje min gamle bestefar hadde ei større ro, ei ro som eg, den eldre, saknar?

Det er mogeleg ho har eit poeng det er verdt å tenkje over, kvinna som skreiv verset eg fann i eit gamalt blad.

Eg vil vere gamal.
Ikkje eldre.
Kva er det?
Eldre enn...
Eldre enn kva?
Nei, eg vil vere gamal.
Det er eit godt ord.
Eit ord med framifrå meining og tradisjon.
Eg likar det.
Og så høver det så godt
Som protest mot alt jåleri
vi gamle må strekkje oss etter.

søndag 7. august 2011

Over Bjørkedalseidet

Vest i Nordfjord, heilt ute i havgapet sør om Stadt, ligg den vesle øya Selja.
Selja er kjend for legenda om den irske kongsdottera Sunniva, som dreiv i land der med sine fylgjesveinar.
Kyrkja heilagkåra Sunniva, og Selja vart Vestlandet sitt første bispesete. Det vart seinare flytta til Bjørgvin, Bergen.
Men då hadde Selja alt vorte ei pilegrimsøy.
I våre dagar har øya byrja å få att sin status som eit pilegrimsmål.

I samband med den lokale Naturfestivalen, byrja kvinnegruppa Embla i fjor på ei vandring mot Selja, delt over fleire årlege etappar.
I år, i dag, gjekk den andre vandringa.
Den starta på Søre Bjørkedal og gjekk den gamle postvegen over Brekka ned til Harpefossen i Hjelmelandsdalen.
Og den vandringa ville eg vere med på.

Søre Bjørkedal med det særmerkte fjellet Keipen i bakgrunnen.

Sørenden av Bjørkedalsvatnet Hellsetgardane, og Flatdalen bak.
I denne enden av vatnet byrjar bilvegen over til Nordfjord gjennom den særeigne og tronge Stigedalen.

Bakken opp frå Bjørkedalsgardane er bratt. Til tider har den ei stigning på 1-4.I tidlegare tider då sykkel var vanleg framkomstmiddel, brukte folk å henge ei bjørk bak på sykkelen som ei ekstra bremse, før dei starta på bakkane ned.


Vegen vandringa fylgde, var på 1700-talet utpeika som ein del av postvegen mellom Bergen og Trondheim. I 1820 åra vart det bygt fleire bruer for å lette ferdsla gjennom dalen.


Det var fleire enn eg som ville vere med på vandringa. Rundt 40 i alt.

Vassdalsvatnet, framleis på Sunnmørssida.


Gamle vegar manglar ofte våre dagars standard, bygde som dei var for hest og kjerre.
Og då kan det av og til ha sine utfordringar for moderne transportmiddel.
På denne bakken vart ein buss ståande fast, eller rettare hengande fast. Bakken er så knapp at eine hjulparet vart hengande i lause lufta utan kontakt med fast grunn.


Så står grensesteinen ved vegkanten, og vi er komne over til Nordfjord.


Frå Brekka ser vi Hjelmelandsdalen med sine setrar og gardar liggande framfor oss.
Og ned for skianlegget ligg Harpefossen der vandringa dette året endar.


Pilegrimane på veg mot målet. Foto: Fjordabladet

lørdag 6. august 2011

Saudehornet

Motbakkeløpet "Saudehornet rett opp" går føre seg i bygda i dag. Frå fjøra og 1303 høgdemeter opp til toppen.
Tanken var der at eg skulle ta meg tur opp, i roleg tempo. Men det regna godt på morgonkvisten, så eg slo det frå meg.
Men det er nok mange som har teke turen opp langs løypa, ja heilt opp til toppen, for å vere med på året si fjellhending her i bygda.

No når konkuranseløparane startar kl.11.00 er det litt betre vær, med solgløtt .
Været var ein del betre då eg var der under "Saudehornet rett opp" i 2006, den 5.august.
Det er eit flott fjell, og den gir eit fagert utsyn over bygda, og utover Sunnmørsalpane si taggete tindeverd.




fredag 5. august 2011

Når du vert gamal og....


Eg fann dette biletet i arkivet mitt i går. Det vart teke 14. oktober i 2005, klokka 10.22.
Det er eit dramtisk bilete lyset teiknar. Mørke skyer og eit mørkt landskap. I kontrast til det lyshavet som sola skaper der hennar strålar bryt seg veg ned gjennom ei opning i skyene.

Eg fyller år i dag, byrjar å verte ein eldre mann, sjølv om eg ikkje vil innrømme det.
Eg held meg til det eit barnebarn sa ein gong: "Nei, morfar er ikkje gamal. Han byrjar berre å dra på åra".
Takk for det, Olav. Det er dei som held meg ung. Borneborna.
Men det står ikkje til å nekte at neste år, om Gud let meg få oppleve det, så er eg komen over på 70-talet.

Det kan nok vere lett å oppleve åra framover litt som biletet over. Når helsa sviktar og dagane vert tunge og lange.
Sjølv vonar eg å få halde meg så lenge som mogeleg midt i lyshavet frå sola sine strålar, saman med mi kjære, og mine kjære.

Men det er nok litt opp til meg sjølv og, korleis dei vert opplevde dagane framanfor.
Eg opplevde det på turen til Helgehornet for eit par dagar sidan, når eg kjente på kor sliten eg vart, at korleis vegen vidare skal verte det har eg mykje av ansvaret for.
Det er ikkje alt godt som kjem av seg sjølv.

Men idag let eg framtid vere framtid, i dag skal skal eg nyte den siste årmåldagen der eg framleis er på 60-talet, saman med mine kjære.
Og så vonar eg sola får høve til å lyslegge fjell og fjord i bygda her vest denne dagen.

onsdag 3. august 2011

Ei einsleg rose


Med hjarteleg helsing til alle som er innom her.

tirsdag 2. august 2011

Helgehornet


Slik starta dagen med skodda langt ned i fjellsidene. Men så byrja eg sjå at sola braut igjennom det grå, og snart openberra fjelltoppane seg over skoddehavet, under ein blå himmel.

Ut på dagen fekk vi vitjing frå Sogn, og svigerson snakka frampå om fjelltur, og sidan Yr ikkje hadde lovt det beste været for morgondagen, vart det til at vi bestemte oss for ein tur opp på Helgehornet.

Det er år sidan eg var der sist, og forma og pusten var nok betre den gongen enn i dag. Men opp kom eg.
Lenger mot aust regna det, men vi hadde fint vær på heile turen, til dels også med sol.

Fjellet er ikkje meir enn 623 m høgt, men det ligg fritt til for andre og høgre fjell som kan stengje utsynet, så ein ser langt i alle retningar oppe frå toppen..

Mot Ørsta

Mot Volda

Vestover mot øyane på ytre Søre Sunnmøre


Nørestranda i Ørsta med Liadalsnipa og Skorgedalen.

mandag 1. august 2011

Skodde


Så sit eg her att med data'en på fanget.
Det er morgonstilt i stova. Avisa er lest og første koppen med kaffi tømd.
Og ute er det sommar.
Skulle i alle fall vere det.
Det er ikkje SÅ gale, seier mi kjære.


Nei det er ikkje så gale.
Eg hugsar sommarar då det var slik. Dag etter dag, Veke etter veke.
Sommarar då vassmagasina fløymde over, og alle elvar gjekk flaumstore sommaren igjennom.
Det var verre.
Det er berre det at eg går og vonar på noko betre enn dette grå loket som no ligg over bygda.
Eg har sett halve Norge, sa turisten. Det Norge som var under skodda.

I går fekk vi helsing frå Sogn. Med bilete av solbadande born på stranda ved fjorden.
Sjølv sat eg og venta på at dei lova blå flekkane på himmelen skulle dukke opp, men dei kom ikkje. Og no ligg det grå enda lavare enn i går.
Enkelte skoddeskyer på kysten, melde værmeldaren i går kveld.
Dei er stabile dei skyene.

Det er ikkje så gale, sa mi kjære i går kveld. Og for å muntre meg opp, fortalde ho meg korleis været og temperaturen hadde vore siste månaden.
Vel, det var ikkje så ille som eg meinte å hugse, men kva hjelp er det i det når eg vonar på sol og varme no?

Men i dag er det 1.august.
No kjem sommaren, fortalde ei nettavis før helga.
Ja, eg får leve i vona at dei får rett i sin spådom.
Og kjem han ikkje no, så kanskje neste sommar vert slik som eg drøymer om.
Men, eit kvart galt vert det vel då og.

Men no er det tid for frukost med mi kjære, og om litt, mandagskafe med vener.
Og over meg høyrer eg lyden av springande små føter.
Livet er ikkje så verst, likevel.