torsdag 10. mars 2011

Marsmorgon


Det snøa tett då eg kom heim frå kyrkja i går kveld. Store, og tunge snøflukser.
Då mi kjære kom heim vel ein time seinare, snøa det framleis.
Etter ei natt i draumeland, vakna eg og såg at ute lyste det blått mellom skyene.
Morgonvandringa etter avisa synte og at det hadde ikkje kome noko meir snø gjennom natta. Fara etter mi kjære sine føter sto klare i snøen utanfor døra.
Men landskapet lyste reint og kvitt av nyfallen snø, og på andre sida fjorden byrja fjelltoppane å verte farga av den stigande morgonsola.

Mars er den første vårmånaden, og no ventar eg på at våren skal bryte fram, men jammen kan det vere fagert når mars byr på litt vinter og.

onsdag 9. mars 2011

9.mars


Sydvestlege vindar og snøbyer. Men innimellom ei lita von om noko anna og betre.
Eg skulle nok ha vore ute og nytta skiene, men eg trur eg held meg inne og ser på kvinnene som nyttar dei i dei sibirske skogar (VM i 15 km skiskyting - svensk gull), og puggar spanske glosar.

tirsdag 8. mars 2011

Eg hyllar


8.mars. Kvinnedagen.
I dag vil eg hylle kvinna, kvinnene. Og eg gjer det med eit bilete av ein vakker blome.
Mi kjære skal feire dagen på den måten dei har gjort det her i bygda i mange år no. Med kvinnedagsgudsteneste, og med festkveld etterpå.

Likestilling og likeverd er verdt å kjempe for, og den kampen burde vi menn stø heilhjarta opp under.
Der er alt for mange kvinner på vår vesle jord som berre er til for oss menn, og ikkje for deira eigenverdi som frie og sjølvstendige kvinner. Det er djupt urettferdig. Ein slik tankegong krenkjer ikkje berre kvinna, men den krenkjer også oss menn som kan tenkje slik. Og den krenkjer Gud som skapte oss likeverdige, til kvinne og mann.
Men det må ikkje bety at dei skal verte menn, dei må få lov til å vere kvinner med den rikdomen dei er, og har å gi. Då først vert det likeverd.
Derfor ein blomst til alle kvinner på denne dagen.

Men denne blomen er og til mine kvinner. For vi har alle nære kvinner i våre liv.
For meg; mor og svigermor, døtre og svigerdøtre, og ikkje minst mi kjære kvinne som ein gong, år attende, fann meg og valde meg.
Takk for alt dei har gitt meg frå eg såg dagsens ljos første gong, og til denne dagen.

Eg gjer ei kvinne (Haldis Moren Vesaas) sine ord til si mor, til mine :

Dette: å vera i livet, open for alt ikring,
bunden med sterke røter til menneske og ting,
gi både hjarte og hender i omsorg som aldri svik,
var det som gav meining til ferda di og let deg få kjenne deg rik.

Og den som er rik vil ha seg eit hus som er såleis bygt
at alle som høyrer til huset kjenner det godt og trygt,
og såleis at framande gjerne kjem innom dørene der
og aukar den rikdom som finst der før med alt det dei sjølve er.

mandag 7. mars 2011

Imponert

Mi kjære og eg hadde ein liten tur til Sogn i helga. Eg trudde at vårteikna her heime var dei same lenger syd, men fekk sjå at der var våren enno berre ein draum.
Frå Klakegg og sydover var det full vinter med meterhøge brøytekantar ved vegen og snø på hustaka.
På heimturen i går kveld fekk vi vintervegar der vi fredag hadde turr og fin vegbane.
Vel heime låg det 5-10 cm nysnø på markene, men i dag tidleg var den i ferd med å renne vekk, for ute er det plussgrader og regn.


Og ikkje nyttar det å drøyme seg vekk til pilegrimsvegen i Spania heller.
Eg har fylgt med på bloggen ei amerikansk kvinne, Jenny Anderson, som dei ti siste dagane har sprunge frå St. Jean Pied de Port til Santiago de Compostella. I dag kjem ho fram. Omlag 8 mil om dagen har vore distansen, og ho har hatt all slags vær under turen. Snø, sludd, regn og vind, og no våren vest i Galicia.
Sprekt gjort å fullføre desse 80 mila på 10 dagar. Ikkje minst når ho tillegg til dei daglege mila, har slite med ein vond ankel og gnagsår på føtene.
Eg let meg imponere.


Ein annan eg er imponert over er eit av barnebarna i Sogn. Han og ein av kameratane i barnehagen har på eige initiativ sett igong med trening i break - som han kalla det - og held dei fram vert dei reine break dance ekspertane. I tillegg har dei lært seg å stå på hovudet, og å slå bru.
Min yngste bror kunne slå bru, men eg kom aldri i nærleiken av den kunsten - og å stå hovudet, det vart nok berre ein draum for meg.
Men her har dei to smågutane vorte reine ekspertane, og i tillegg har interessa deira smitta over på dei andre borna.
Tøft.

fredag 4. mars 2011

Tourogrino


Pilegrim - pèlerin - pilger - peregrino.
Det er det det handlar om på vegen mot Santiago de Compostela.
Eg har vore mellom dei nokre dagar kvart av dei siste fire åra.
Mellom desse som går pilegrimsvegen mot vest gjennom Frankrike og Spania med sekk på ryggen og stav i hand.

Eg har kjent at vekta av sekken på skuldrar og rygg, har vorten tyngre og tyngre etter som dagen lid og kilometerane svinn bort under fotsolane.
Og for kvart år har eg prøvt å minke vekta av den, frå 12-14 kilo første året, ned til 8-10 kilo i fjor. Men framleis vil eg prøve å minke vekta endå meir, sjølv om det tyder at eg må vere meir kresen på kva eg tek med.

Samstundes som eg har kjent på vekta av sekken på min rygg, har eg sett med undring, og litt misunning, på desse som fyk forbi med berre ein liten dagtursekk på ryggen.
Er dei rette pilegrimar tru?

Eg kjenner ordet busspilegrim. Desse som vandrar berre korte stykke kvar dag, men som elles vert frakta fram med fylgjebuss frå hotell til hotell, og gjer heile Camino Frances på ei veke.

Eg møtte eit nytt ord i dag.
Tourogrino.
Det er det dei er, ikkje peregrino men tourogrino.
Desse som sender bagasjen med bil til neste overnattingsstad, og sjølve vandrar så lett avgarde med berre ein liten og lett sekk på ryggen.
Ikkje nokon sovesal med snorkande medvandrarar på pilegrimsherberge ventar på dei, men pensjonat eller hotell med eige rom, gode senger, eigen dusj, og oppdekt frukost om morgonen.
Kan dei vere rette slags pilegrimar?

Eg må tilstå at både ryggen, og alderen min, er freista til å verte tourogrino vidare mot vest.

torsdag 3. mars 2011

Naust ved ei fjøre


Ein gong rådde tre og runnar grunnen åleine her ved fjøra.
I min tidlegaste barndom.
Med ein oppumpa sykkelslange rundt livet, lærde eg meg å symje her.

Min far var glad i sjø og fiske, og då han fekk råd til å kjøpe eigen båt, ein 15-fots linoljegul færing frå Hardanger. Så fekk han og kjøpe seg litt grunn her ved fjøra for å setje opp eit lite naust.
To av brørne hans hadde og sine naust her, men dei gamle nausta til Sæss-gardane låg lenger vest, i fjøra nedfor tuna.

I dag ligg det fleire naust her, og dei viser korleis utviklinga har endra seg over tid. Frå små naust, store nok til ei færing og litt vegn, til våre dagars store naust med plass til ein større båt som står klar på ei båtvogn. Klar til å sjøsetjast den dagen eigaren finn at båtsesongen kan byrje.

Mi barndoms fjøre har endra seg. Berre småbårene sine skvulp mot steinane er som før.

onsdag 2. mars 2011

Tid for sjøbad?


Ute skin sola, og vårkjensla stig i kroppen.
Er det snart tid for å starte badsesongen tru?
Ein test av sjøtemperaturen viste at det nok må gå nokre veker enno.
5 grader pluss viste mi måling, og det er nok litt for kaldt for denne kroppen. Sjølv om han likar litt utfordringar, er eg redd det hadde vorte året sin kortaste dukkert.
Kanskje like raskt som han slektningen som hamna i sjøen fullt påkledd, og som kom så fort opp frå det våte element igjen, at han etterpå sa om hendinga: " eg vart ikkje våt eingong."