torsdag 12. august 2010

Morgon ved fjorden


Ho kom sigane i går kveld, skodda.
Og i dag tidleg, då eg vakna av svevnen, låg ho framleis over bygda.
Men så byrja ho å lette på seg. Mot vest kom det fram blå himmel over fjord og fjell.
Så steig toppen av Storetinden opp av skodda i aust, medan bygda heimanfor framleis låg gøymd under det grå.
Men blå himmel bak Melshornet og lysare skyer der sola fekk tak, fortalde at endå ein solvarm dag var i emning.

Her eg sit på fjøresteinane og ser skodda vike for den varmande sola, går tankane mine til det som er kalla ei trusvandring.
Og då særleg mi trusvandring.
Frå ein liten gut som vaks opp i ei tid då vestlandsk pietisme, ein lutherdom med røter i svenske og reformerte vekkingsrørsler, stod sterkt.
Til eg i dag som ein eldre mann med grått hår i krans rundt ein veksande måne, står ein heilt annan stad.
Eg har vandra trua i etapper. Mest som om eg har gått ei trapp oppover, og denne trappa har hatt mange repo der eg har teke meg pausar i vandringa.

Kanskje kan eg likne desse pausane med denne morgonen. Det uklare og skoddegrå som eg har bala med, har klårna, og sola, lyset, har openberra for meg ei sanning eg har leita etter.
Men trappa fører vidare opp, nye spørsmål dukkar opp som krev sine svar, og når eg har kome til neste repo, har Anden opna endå ein skoddemorgon for meg.

Han har brukt ulike måtar på det. Bibelgruppa eg er med i, har vore ein slik måte.
Eg har fått prøve ut spørsmåla mine der. Til tider har eg nok vore både utfordrande og kverulantisk når eg har leita i skodda. Dei har nok av og til synst eg har vore vel mykje ”djevelens advokat”, men dei har vist meg tolmod og gitt meg korreksjonar når eg har rota for mykje.

Å få tillit til å vere prestevikar, har også vore eit steg på mi trusvandring.
Det å møte menneske i sorg og glede, og å måtte arbeide med tekstene for å kunne halde ei ”preike”, har gjort noko med meg som eg ikkje ville fått utan den erfaringa.

Det tredje som har ført meg oppover trappa på mi trusvandring er bøker.
Teologiske bøker.
Og det er ikkje berre lutherske. Her er alle kyrkjesamfunn med.
Dei har endra mitt syn på kven eg er og kven Gud er.
Og dei har opna andre sider av Bibelens ord enn dei eg før såg.

Så den vesle guten som vaks opp i vestlandspietismen har gått mange steg mot ei tru som framleis er rotfest der, men som gjennom trusvandringa har fått greinar som strekkjer seg langt bort om det eg vaks opp i.

onsdag 11. august 2010

Stavar

Etappe 4 på vandringa mot Santiago de Campostela nærmar seg.
Berre nokre få veker att.
Og utstyret byrjar å falle på plass.

Nye vandrarsandalar er kjøpt og prøvd.
Ny ryggsekk er og kjøpt. Same sort som før, men på den byrja spennet på magebeltet å svikte. Det glei opp slik at tyngda av sekken etter kvart kom på skuldrane og ikkje på hoftene. Så kom smerten i korsryggen, og eg måtte gjer ei ny stramming av magebeltet for å lyfte sekken opp igjen frå skuldrane.
På den nye vonar eg låsen på magebeltet står der eg vil ha den.

Ei lita veske til å ha på magen har eg og skaffa meg. Den har plass for alle småtinga eg treng under den daglege vandringa, som kamera, pilegrimspass, kniv, pengar m.m. Og ikkje minst; to flasker med vatn. Greit å ha dei innan rekkevidde utan å måtte be om hjelp til å hente fram ei flaske for kvar slurk.


Men så var det staven / stavane.
Den / dei har vore eit lite problem når ein skal bruke fly.
Helst ville eg hatt med meg trestaven eg kjøpte meg ved starten av vandringa for år attende. Men den krev spesialfrakt på flya.
Då er det enklare å kjøpe ein ny for kvar etappe.
Istaden har eg hatt med meg desse teleskopstavane. Samanslegne er dei akkurat for lange til å ha i sekken, men med litt press og anna fiksfakseri har det gått, sjølv om jarnspissen på stavane har utsett sekken for sterke påkjenningar.
Eg har leita etter nokre som er fem centimeter kortare, utan å finne det.


Men ein dag i solskinet ute, dukka løysinga opp.
Det er råd å demontere dei, og bingo: med eit er dei vesentleg kortare, og får lett plass i sekken.

lørdag 7. august 2010

Turt


Spørsmålet kjem.
Kva heiter denne?
Nokre lange stenglar med store tannete blad, og ein lys violett blomsterkrans i toppen, er årsaka til spørsmålet.
Kva skal ein svare?
Eg veit ikkje kva det er for plante. Har knapt lagt merke til den før. Og det sjølv om eg nok har gått forbi den mange gonger gjennom åra.
Kva kan det vere?
Ein sort tistel, vert svaret. Årsak: Eg tykkjer blada liknar på tistelblad, sjølv om blomane ikkje har mykje likskap.

Vel heime må blomsterbøkene fram.
Eg blar igjennom den nyaste, den med foto av ulike blomar, men finn ingen som liknar.
Vel, fram med den gamle frå mi ungdommsskuletid. Den med teikningar av blomane.
Og der dukkar det fram ei teikning som eg dreg kjensel på.
Og namnet?
Turt.
Ei fleirårig plante frå korgblomstfamilien. Vanleg i skogslier langs kysten.

Så har eg sett den mange gonger før, men likevel ikkje sett den
Det var først spørsmålet: Kva er dette? Som gjorde at eg såg den.
Og eg undrast: Kor mykje av det vakre rundt oss er det vi ser, men likevel ikkje ser.
Kva er det som må til for at eg skal lære å sjå det eg ser?

onsdag 4. august 2010

Til Leitet, og litt til.

Trollskog.

Trass i at både Storm og Yr hadde lova gråvær, så kika sola fram i dag.
Og då lokka vår Sogne-familie meg med på ein tur til Leitet.
Mor i familien ville gjerne vise sine to born, også den delen av sitt barndoms rike.
Og for dei to minste var det både ein spennande og uvant tur opp stien mellom all storsteinen.

Lødøysteinen.

I deira heimetrakter er det andre stiar i furuskogslende.
Men om det var uvande stiar for dei, var det nok likevel gamlefar som sleit mest opp Leitebakken. Men også han kom vel opp på Leitet.



Skal vi prøve elva? Er det kaldt tru?

Det vart ei lita utviding av turoppsettet. Fram dalen til vi kom ned til elva.
Der freista det med å prøve elva. Først vassing over den. Men det er ikkje alltid like enkelt å gå på runde og glatte steinar, så under returen vart vassinga utvida til bading.
Men det var visst inga varm glede.

Det er alltid lettare å gå ned enn opp. Men i dag måtte ein syne varsemd med kvar føtene vart sett ned. Stien og steinane var fuktige og sleipe etter regnet tidlegare, så det var fort gjort å gå overende. Noko den eldste fekk erfare eit par gongar.
Men med tolmod, og rikelege stogg for lokkande blåbær ved stien, kom vi godt ned att.

lørdag 31. juli 2010

Hatten min

Den vart kjøpt på gata i Molde, under "Jazzen".
Eg hadde leita ei stund etter ein hatt, før eg fann den.
Det var tyske Judit som var årsaka til mi leiting.
Vi møtte henne ein av desse brennheite dagane under vår første vandring i Frankrike.
"Du er galen", sa ho. "Du må ikkje gå utan noko på hovudet i denne sola".
Eg prøvde å forsvare meg, men ho bles meg av. "Du er akkurat som bror min. Mannfolk!"
Eg tok det til meg, og byrja å leite etter ein hatt. For skulle det vere eit hovudplagg, så måtte det vere hatt, og ikkje ein caps.


No ser den ikkje ny ut lenger, men velbrukt.
Med flekker og skrammer, og svetterender.
Mishandla og bretta saman for å få plass i sekken under flyturane.
Med resultat; den har vorte både bulkete og rar.

Våt har den vore. Både av regn og svette. Men får den tid, tørkar den opp att.
Den har under vandringane verna min blanke skalle for sola sine intense strålar.
Og den har gitt meg ein identifikasjon. "Å, du er amerikanar?"
Attgløymd vart den på hattehylla i eit tog, men då ilte ei fransk kvinne til. "Du gløymde hatten din , min herre."
På ein måte har eg kjent at på pilegrimsvegen er hatten og eg ei symbiose. Utan den manglar ein del av meg.

Men no er eg i tvil.
For den har ein mangel. Den manglar lufting av topploket. Det vert fort varmt og vått under den, når sola steikjer på vandringsvegen.

Her ein dag dukka det opp eit alternativ.
Det var Johan, eit av barnebarna som openberra alternativet for meg.
Og det har fleire nyttige bruksområde.
Det vernar mot sola.
Det vernar mot regnet.
Det har god lufting av skallen.
Og det er lite, lett, og enkelt å pakke vekk når eg ikkje treng det.
I tillegg er det eit enno betre indentifikasjonmerke enn hatten er.


" Å, der er han med paraplyen!"

Men eg er i tvil.
Skal eg velge min velbrukte og kjære hatt seinare i haust?
Eller skal eg låne paraplyhatten hans Johan?
Eg får tenkje over det nokre dagar til, trur eg.

torsdag 29. juli 2010

Ei pilegrimsbøn


Det er torsdag morgon og Olsokdag.
I dag skal minnedagen for kongen Olav Haraldson som vart til Heilag Olav feirast i Nidarosdomen, også av dei pilegrimane som har vandra over Dovrefjell for vere tilstades der.
Mi kjære og eg, skal feira Olsok på Brudevolltunet. Ho med rjomegraut og gudsteneste, Eg står over grauten, og er nøgd med gudstenesta.
Dagen er grå med skodde i toppane. Vonar regnet held seg borte frå bygda.

Sidan Olsok er, og i gamal tid var, også ein pilegrimsdag, så skriv eg i dag ned ei gamal pilegrimsbøn. Den får gjelde også for vandringa til Heilag Olav si grav, sjølv om den opphaveleg er for vandringa mot ei anna grav, Heilag Jakob si.

Eg høyrde den beden første gong ved pilegrimsmessa i Le Puy en Valey, seinare i Conques, Cahor og Lectour.
Den er ein fast lekk i pilegrimsmessene langs vegen mot Jakob si grav, så sjølv om eg ikkje har skjøna dei franske orda, så har den vore der også for meg.
Her ein dag fann eg den på verdsveven i engelsk språkdrakt, og her kjem bøna med mi omsetting.



Ei pilegrimsbøn frå det 12.århundre (Codex Calixtinus)

Herre. Du kalla din tenar Abraham ut frå Ur i Kaldea, og var hans vern under alle hans vandringar.
Du leidde ditt folk hebrarane, då dei kryssa øydemarka.
Vern desse dine born, som av kjærleik til ditt Namn, vandrar som pilegrimar til Compostela.
Ver deira fylgje på vegen, lei dei på rett veg når vegar kryssar kvarandre.
Ver deira styrke når kreftene minkar, deira forsvar i farer, deira vern på vegen og deira skugge på varme dagar.
Ver deira lys i mørket og deira trøyst i motløyse.
Hjelp dei å vere uthaldande på deira veg mot målet dei har sett seg, så dei gjennom di rettleiing kan kome trygt fram.
Og at dei då, rikare på nåde og styrke frå deg, kan vende attende til sine heimar, fylte av sann og varig glede.

tirsdag 27. juli 2010

Ein herleg dag


"Det var en deilig, deilig, dag, men tenk nu er den over"
I går var det mykje grå skyer, men denne dagen var slik.
Sol. Varme. Mild vind.
Og med ein sjøtemperatur som lokka til å prøve det våte elementet.
Herleg.
Måtte vi verte velsigna med fleire slike dagar.