lørdag 9. januar 2010

Eit bilete


Det hender at eg vert stansa under mine rastlause vandringar på verdsveven.
Ein kveld stansa dette biletet meg.
Eit bilete som inneheld tre motiv, men som likevel handla om det, eller den, same.
Hadde det ikkje vore for den krossfeste, så kunne det vore om at løve og lam eingong skal beite i fred saman. Ein bibelsk visjon om fredriket som skal kome. Eit fredsriket der det vonde av alle variantar er fråverande. Eit fredsrike der ulv og lam skal beite saman, og løva skal ete halm som oksen, som profeten Jesaja skriv.

Men så er den krossfeste også med i biletet, som det sentrale motivet. Løva og lammet er der og fyller ut biletet vårt av han.

I dag hentar sundagen si hovedtekst frå bredden ved Jordan-elva.
Johannes døyparen er aktiv der med omvending og dåp.
Der kjem også Jesus, og Johannes lyfter handa si og peikar på han.
Og slik fell Johannes sine ord der: Sjå der er Guds Lam som ber bort verda si synd. (Joh.1, 29-34)

Bileta Johannes hentar sine ord frå, er kjende for alle som høyrer orda hans der ved Jordanelva.
Det er frå feiringa av Den store forsoningsdagen i tempelet. Då øvstepresten la hendene på hovudet til den utvalde bukken, og slik overførde folket sine synder til dyret før det vart ført bort. Ut i øydemarka og til sin skjebne der.
Men også fortellinga om lamma som gav blodet sitt til frelse for dei førstefødde, siste natta i Egypt. Og dyret som tok Isak sin plass på offeralteret, spelte med i deira minne.

Men løva høyrer og med i biletet av den krossfeste.
Eg har ikkje lest C.S. Lewis sine bøker om Narnia. Men eg har fått med meg at i Narnia, der er løva Aslan konge.
Og eg har skjøna at Lewis, gjennom løva Aslan, har teikna eit bilete av Jesus si gjerning på jord.
Løva er dyra sin konge i mange fortellingar, og løva er brukt som symbol for makt i mange land. Også i vårt land. Vi har løva i vårt eige riksvåpen.
Slik også hos jødane. Løva av Juda er eit av mange kjenneteikn på Guds folk.

I Bibelens siste bok, Johannes openberring (5.5) vert løva av Juda og Lammet (som ein annan stad i boka vert kalla: det slakta. mao Den krossfeste) kobla saman. Der står at ein bokrull skulle opnast i himmelen, men ingen var verdig oppgåva. Då gret Johannes. Men ein av dei eldste for Guds trone seier: Gråt ikkje. For løva av Juda ætt har sigra og kan opne bokrullen. Og då ser Johannes eit lam som står midt for Guds kongsstol. Og lammet får bokrullen og opnar den.

Den krosfeste er løva, kongen den sterke, som kom frå Guds himmel og vart den svake, lammet, som skulle bere bort våre brot og synder.
Slik er løva og lammet med og teiknar biletet av den krossfeste. Løva, kongen den sterke, og lammet som tek den svake sine byrder på seg, smeltar samen i den krossfeste som tek våre brot og synder på seg, og sonar dei ved å døy soningsdøden på eit tre. Fornedringa, forbanninga sitt tre. Og ved det kjøpte oss alle fri.

Sjå, der er Guds Lam som ber bort verda si synd!

Men der er eit framhald. Den krossfeste døydde og vart lagt i grav.
Men han vart ikkje verande i grava. Han braut dødens makt og stod opp til eit nytt liv.

Lewis let også løva Aslan døy, men der er eit framhald. Løva dukkar opp att. Men det er dei som trur som får sjå han først. Etter kvart får alle sjå. Men der er eit skilje mellom dei som trudde og såg, og dei som får sjå og vert nøydde til å tru.

Det skilje, fortel Bibelen, vil også vere tilstades hos oss menneske, når det gjeld den krossfeste, Guds Lam som ber bort verda sin synd.

Den danske etikkfilosofen Knut Løgstrup skriv om tru og tillit som eit av mennesket sine grunnleggande livsytringer.
"Tru er grunnlaget for å sjå, og med det, å kunne leve".
Og
"Det krev truleg meir tru å leve uten tru enn med".

Eg skal hjelpe, eg.


Eg trur du treng litt hjelp her, besta.


Kva med denne, tru?


No byrjar det og ordne seg, trur eg.


Sånn, besta. no er det bra. Ikkje sant.

torsdag 7. januar 2010

Eit lys - eller tre?

Primstaven fortel at i dag er St. Knuts dag, Danmark sin skytshelgen, og merket er ein kross.
Men det er ikkje Knut den heilage som har vore i mine tankar siste døgnet.
Og orsaka er lyset Bodil og eg tende i går. Det tredelte lyset, heilagtrekongars lyset.
Kaspar, Melkior og Baltasar sitt lys.
Som det står i det danske: ”Peters jul” (1866) av J. Krohn :
Tre Lys har vi tændte — tænk en Gang!-
for Kongerne, de, som bragte
Jesusbarnet en Julepresent;
vi ved det, for Faer har sagt det.

Heller ikkje er det kongane, sjølv og ein skulle tru det når det trearma lyset er årsaka.
I staden er det Gud. Den treeinige Gud.
Og eg må tilstå det. Gud er ofte i mine tankar.
Eg vert visst aldri ferdig med å undre meg over Han, eller det, eller kva vi no skal kalle – GUD.
Kven Gud er, er det visst ikkje så få meiningar om. Både mellom den alminnelege truande som meg, eller mellom teologane, eller mellom dei som spør: Kva for ein gud?

Det er mange som har tenkt, - og skrive – om Gud.
Men likevel, kven kan fortelle den fulle sanninga om kven eller kva Gud er.
Gudsbiletet vert lett uklart, ute av fokus. Sjølv om kunskapen om Gud ligg open for oss. Både hans usynlege vesen, hans evige kraft og hans guddom kan vi sjå og skjøne av gjerningane hans. Men våre tankar førde oss til det som ingenting er, skriv Paulus i Romarbrevet.



I mi tru openberrar Gud seg som Ein Gud som er Tre, og Tre som er Ein. Slik Han openberrar seg i vår kristne Bibel, som inneheld både GT og NT.
Ein utenkjeleg tanke innan islam. Der er Gud berre Ein. Det seier Koranen.
Det same seier jødedomen. Gud er Ein. Å sei at Gud er tre er meiningslaust og gudsspotting. For som Ein, seier dei, openberrar Han seg i deira Bibel. Som berre inneheld GT.

Spørsmålet om kven Gud er, var det store spørsmålet for dei kristne teologane i dei første århundra av vår tidsrekning.
Det enda med den nikenske trusvedkjenninga, som har sin grunnvoll i det bibelske ordet.
Der heiter det mellom anna:
Vi trur på ein Gud.
Vi trur på ein Herre, Jesus Kristus,
Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider,
Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud,
fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen.
Vi trur på Den Heilage Ande,
som er Herre og gjer levande,
som går ut frå Faderen og Sonen,
som vert tilbeden og æra saman med Faderen og Sonen.

Likevel løyste ikkje desse orda alt. For Gud er ikkje lett å sette inn i ein trusformel.
Der kom to store skisma etter Nikea over desse orda. Først vart dei aust-ortodokse råka for sitt gudsbilde, og hamna utanfor det gode selskapet. Så var det dei gresk-ortodokse som ikkje kunne godta romakyrkja sitt ”av same vesen”, og dei to kyrkjene skilde lag over det eine ordet ”vesen”.

Men korleis forklare desse orda?
Kva slags bilete skaper vi oss for å forklare Ein Gud som er tre, og tre som er ein.
Er det i det heile mogeleg for tanken å forstå Gud?
Eller å finne eit enkelt bilete som teiknar den forunderlege samanhangen i Gud?
Mange har nok funne sitt bilete som teiknar samanhangen i den treeinige Gud.

For meg var det det trearma lyset som tende eit enkelt, heilt sikkert for enkelt, bilete.
Men likevel...
Er det eit lys?
Eller er det tre?
Eller er det EIT som er TRE og Tre som er EIT?

onsdag 6. januar 2010

Vakjande vinternatt


Det er natt. Kald vinternatt.
Ute, over fjorden, driv frostrøyken og gøymer lysa i Hovdebygda.
Gradstokken utanfor vindauget viser minus 12 grader.
Det er stjerneklårt, men månen er minkande og er ikkje oppe no tidleg på natta.
Først på morgonsida lyser han inn soveromsglaset.


I minnet dukkar eit par vers som mi avlidne tante, Ingebjørg Hovden, skreiv om ei liknande vinternatt. Kanskje sat ho ved stovevindauget sitt og såg utover Hovdevatnet i den stjerneklåre og kalde vinternatta.
"Vakjande vinternatt" kalla ho det.

Draumslørde vinternatt, snøkvit og rein,
bleikgule måne og frostskodde-eim,
stjerner som glimar, glitrar og skjelv,
som logande augo på djupblåe kvelv.
Skogen stend stivna i vinternattsdraum,
tindane kvite i måneskinsflaum.
Grenda ligg søvnsvævd i frostklåre natt,
draumslørde, fredfulle vinternatt!


Draumfagre vinternatt, gjev meg din fred,
styrke og mod send i hjarta mitt ned.
Unn du meg litt av di drøymande ro,
kvile frå dagen trass kulde og snjo.
Kvile og sove frå møder og saknad,
utkvild og vonfull til dagen få vakna.

Trettendag jul


I dag skal vi to tende eit lys med tre armar, for i dag, 6. januar er det 13. dag jul, men og frå gamalt Heilag tre kongars dag. Derfor eit trearma lys.
Men om den 6.januar er den 13.dagen eller den 12. er eit spørsmål om utgangspunkt for tellinga.

Hos oss er det den 13., men i nokre land er det i dag 12.dag jul. For om ein ikkje reknar 1.juledag, 25.desember, med i tellinga, då vert 6.januar den 12. dag jul. Og i England heiter dagen Twelfthday eller Epiphany. Og i Tyskland vert tida mellom juledagen og trettandedagen kalla die Zwölften. (dei tolv)


Som det engelske namnet på dagen, Epiphany, fortel, så har dagen også ein anna bakgrunn en dei tre kongane. Epifania Domini ( Herrens openberring) heitte den på latin, og vart feira til minne om Jesus sin dåp. Og som det vert den framleis feira i dei aust-ortodokse kyrkjene. Hos oss vart den stroken som offentleg helgedag i ei dansk/norsk kyrkjereform i 1770, i lag med fleire andre kyrkjelege helgedagar.

Men eg må og ta med at i dag er det juledag etter den julianske kalendaren, som austkyrkjene fylgjer. Ulikskapen mellom den julianske og vår gregorianske kalendar er 13 dagar. Derfor feirar austkyrkja jul den 6. januar og Trettandagen den 19.januar.

Men hos oss er det dei heilage tre kongar si vitjing hos barnet i Betlehem, som har fokuset på dagen.
Eller var det tre kongar?
Det seier Matteus-evangeliet ingen ting om.
Der er det nokre ”magoi” – magikarar som kjem til Betlehem. Ordet kan tyde på at dei kom frå Persia eller Mesopotamia, og at dei var Zoroaster- prestar.
Korleis vart dei til tre – og kongar?


Mosaikk frå kyrkja Sankta Maria Trastevere i Roma, Italia

Kyrkjefader Origenes (185-254) kom til at dei måtte vere tre på grunn av dei tre gåvene.
Om lag samstundes kom Tertullian til at dei måtte vere kongar, for i Salme 72 står det om at ”kongane i Saba og Seba skal koma med gåver, og kongar frå Tarsus og fjerne strender skal senda skatt til han.” Profeten Jesaia seier noko av det same. (kap.60)


Mosaikk frå 500-talet i basilikaen Sankt Apollinare i Ravenna i Italia

Dei vart tidleg eit motiv i kristen kunst. Alt frå 100-talet finn vi dei i katakombe-fresker.
Og på 500-talet får dei namna sine; Ikkje Kaspar, Jesper og Jonatan som så lett fell oss i munnen, men - Kaspar, Melchior og Baltasar.
Og endeleg: - på 800-talet vart gåvene plassert slik vi kjenner det i dag: Kaspar kom med gull. Baltasar med røykjelse og Melchior med myrra.

Som århundra gjekk vart forteljinga om dei utvikla vidare til den vi har fått oss overlevert.

Men forteljinga om dei tre har meir enn det vi har fått oss fortalt.
Legendene fortel at dei vart døypte i Persia av apostelen Tomas. Og ein av dei bygde ei kyrkje over eit Zororastertempel der. Dei feira jul saman i år 54, og døydde ikkje lenge etter.

Relikviane deira vart funne av den heilage Helena (257-336), keisar Konstatins mor. Ho tok relikviane med attende til Konstantinopel. Men på slutten av 300-talet vart dei flytta til Milano.


Så kom neste fase. Keisar Fredrik Barbarosa si hær erobra Milano i 1158, og det førde til at relikviane hamna i Tyskland og i Kølnerdomen. Der ligg dei framleis i eit flott relikvieskrin av gull.
Men i kyrkja Sankt Eustorgio i Milano ventar framleis ei tom grav på at dei skal kome attende dit.


Det var først når relikviane av Matteus sine ”magoi” kom til Køln att festen til dei Heilage Tre Kongane vaks fram – i Tyskland.

søndag 3. januar 2010

Kald vinter i Kaupanger

Så er dagane hjå familien vår her i Kaupanger over for denne gong.
No ventar heimturen attende til Ørsta. Då kan det høve å ta eit lite augekast attende på mine vandringar gjennom naturen her i Kaupanger. Både i dagslyset og under fullmånen sitt skin.


Vi kom frå snøbyger og litt under null grader på søre luten av Sunnmøre, men det klårna av og vart kaldt då vi kom til Kaupanger. Og om kvelden lyste fullmånen over bygda, nyårskvelden.


Klårværet freista til å prøve fotoapperatet. Sola kom til oppe i liene, men ned i bygda kom ho ikke. Der var lyset blått og kaldt. Og kalde var gradene også, ved den gamle stavkyrkja.


Under takufsene hekk det rader av iskalde juklar.


Og nedanfor kyrkjegarden, på flata ned mot fjorden ligg bygningane rundt tunet på det gamle Kaupanger-godset. Her var det ei "mektig" ætt som rådde grunnen i eldre tider.


Frå ferjekaia ser vi oppover åssidene bak godset og kyrkja, oppover mot byggefeltet i Kaupangeråsen og dalen vestover forbi Vestreim og vidare mot Eidsfjorden og Sogndal. Lengst bak lyser sola på fjella ved Sogndalsdalen.


Vender vi oss mot syd og ser ut opninga av Kaupangervika, ut mellom Amlaholten og Kaupangerholten, så reiser Bleia og Grånosi seg bak det lavare Hausafjellet.


Det er kaldt ute, vinterkaldt. Men inne på museumet er det varmare for frosne kinn og øyrer. Og inne ligg bjørnen som vart skoten i Fjærlandsfjella siste året. Og med gode kontakter kjem vi inn og får nærkontakt med den. Den skal seinare flyttast frå Sogn folkemuseum til Sunnfjord folkemuseum for å gå in i den faste utstillinga der.


Men om det er lunt inne, så er det kaldt ute. Minus 14 grader og kald austanvind. Men sjølv om det er kaldt på fingrane utan vottar, så må det vakre Indre-Sogn tunet i vinterdrakt festast til databrikka. Eit par små nissar har og våga seg ut i vinterdagen.


Sjølv om det er kaldt, bikkjekaldt, ute, så "må" eg likevel ut igjen om kvelden. Fullmånelys over tunet freistar. Sjølv om det ventar forfrosne fingrar og kjakar. Eg er fasinert av lyset i månelyset, og i overgangen frå dag til natt, og omvendt.


Det vart litt i mørkaste laget inne på tunet. Månelys over mørke bygningar vart litt for dunkelt, så eg prøvde meg med litt blitslys attåt månelyset.


Litt lenger borte på museumsområdet ligg to gamle loft, så eg vassa meg veg gjennom snøen fram til dei.
Det var ei oppleving å vandre åleine mellom dei mørke, gamle husa oppe på Vestreim i kulden og måneskinet. Stilt. Ikkje ein lyd å høyre. Jau, ein. Inne på Indre-Sogn-tunet, høyrde ein hane stega mine og opna for ein liten hanegalskonsert ut i kvelden.


Sjølv om fingrane var høveleg valne etter arbeidet med kameraet, var det eit motiv til eg måtte ha med meg. Den gamle kyrkja i bakkane ned mot fjorden.
Kl.22 stod månen høveleg til i nærleiken av kyrkjetårnet, og eg fekk det eg vona på. Men så vart det ikkje meir den kvelden. Kulden hadde bite seg fast både i fingrane mine og i kameraet. Men litt må ein lide for å dyrke sine lyster her i livet.


Valet var mitt, og eg kan ikkje skulde nokon annan enn meg sjølv for naglebitet eg fekk då fingrane skulle tinast til live igjen.
Men det hjelper på mangt å kunne setje seg framfor ein varm ovn, der logane frå bålet lyser varmt ut ovnsdøra mot meg.
"Eld på åren, og sol på eng, gjer mannen fegen og fjåg", heiter det i Håvamål. Dei orda skriv eg gjerne under på.

lørdag 2. januar 2010

Nyårstankar


Kva er det du gjer, mann?
Legg du ut eit bilete av en avkledd, naken, mann?
Skjemst du ikkje?
Er det utsegna om at det nakne sel, du er ute etter å oppfylle?

Nei, det er ikkje det. Eg skjemst heller ikkje over ein flott, naken mannskropp, slik Gud skapte oss menn, eingong i tida sin morgon.
Vi må ha det motet, vi menn, at vi torer sei at også vår kropp er vakker, like mykje som kvinna sin kropp er det. I alle aldrar.

Dessutan er det ikkje ein avkledd mann som er i tankane mine her.
Han er berre ein illustrasjon for mine tankar om det nye året vi nyleg starta på.

Eit nytt år har gjerne vore samanlikna med eit nytt barn som skal vekse til.
Men kanskje vi og kan samanlikne det med ---- nettopp ja --- ein naken skikkelse som skal dekkast av kle gjennom eit år, før han ved neste årsskifte vert plassert i ein djup stol i det store minneromet. I lag med alle dei andre åra vi har plassert der. Og ein ny skikkelse startar prosessen med si påkledning.

Eit nytt år er nake og bert. Heilt utan våre komande opplevingar. Men vi har allereide byrja med å kle på det nye året. Det starta vi alt med då året ringde inn, og rakettene small rundt oss.
Det er dei små og store hendingane og erfaringane som møter oss, vi kler på året med. Både i sorg og i glede. Erfaringar både av det gode og det leie.

Men det nye året er ingen baby, om det er nytt.
Vi ber med oss erfaringane våre frå tidlegare år, inn i det nye. Derfor er det ikkje ein ung mann eg har bilete av, men ein eldre , livserfaren mann.

Han er på veg opp eit trapp, denne karen, og det er ikkje langt opp før trappa svingar og tek han ut av syne for oss.
Kva som ligg framføre han, rundt svingen på trappa, er ukjendt.
Det minner meg om pilegrimsvegen eg har vandra på siste åra. Ein ukjend veg . Ein veg eg aldri hadde gått før, og som eg truleg aldri kjem til å gå på meir.
Men den gav meg opplevingar bak kvar sving og over kvar bakketopp. Opplevingar eg ikkje visste noko om før dei var der, men som eg tok imot der og då. Og eg kledde dei på året mitt, som minne eg tok med under vandringa vidare.

Så då helsar eg alle Godt nytt år. Må vi få mange, gode erfaringar å kle på året 2010.