tirsdag 23. juni 2009

Montreal-du-Gers 7.juni 2009

Det vart ei transportetappe i dag.
Starta. kl.8.00 frå Condom i delvis skya vær. Det kunne kome litt regn i løpet dagen fekk vi høyre, men dei dråpane trefte ikkje oss.


Vi gjekk gjennom jordbruksland. For det meste kornåkrar. Nokre bakkar, men ikkje dei store utfordringane.


For å ungå eit dalsøkk der det kunne vere vått og sleipt, tok vi ein omveg om Larressingle.


Der er det ei gamal borg, med kafear på området. Vi vona å få kjøpe oss kaffi, og kanskje ei crepes. Men vi fekk ingen av delane.


Skal ein døme etter mengda av kamskjel, så er det ikkje få pilegrimar som har stansa her på dette herberget.
Men var maten så dårleg at det vart deira siste stogg på vegen?


Etter 17 km, + omvegen på 2km kom vi fram til Montreal-du-Gers.
Hus var det vanskar med, men vi fekk etter kvart leige ei campingvogn, 1 km ut om byen.
Montreal er ein typisk gascognsk festningns-by frå 1300-talet, men har ei historie attende til romersk tid. I 1320 kom den og fleire andre byar i området under engelsk herredøme.
Under religionskrigane gjekk frontane mellom katolske og protestantiske tropper også her. I dag er britane på nytt i ferd med å kolonisere området. Mange buset seg her og kjøper eldre hus her som restaureringsobjekt. Vi såg hus for engelsk klubbverksemd.

På ei høgd er det gjort utgravingar av eit gallisk-romersk herskapshus frå 400-talet. Mange flotte mosaikkar å sjå der.
På vegen dit gjekk vi gjennom vertens vingard, og på stolpane som heldt vinstokkane, var det utruleg med sneglehus.


Gjekk derifrå inn i byen for å orientere oss om det vil vere råd kjøpe mat for vandringa i morgon. Mandagar er det meste stengt her, men søndagar har dei delvis ope om formiddagar
Det viste seg at ei lita daglegvareforretning på torget er opa i morgon tidleg, så då vert det ei råd både med brød og pålegg.


Men ikkje alle har hatt råd til å setje inn vindauge og dører. Så då må ein greie seg med påmåla istaden.



Vi må attende til campingvogna.
Snart skal vi ha middag hos dei som eig vogna. Det vert visst noko grilla.

Det vart ein hyggeleg middag.
Verten, ein hollendar, sat til bords med oss medan kona (fransk) laga til maten.
Og alt kom frå deira lokale gard.
Først var det ein lokal cotail-variant til velkomst. Så byrja måltidet med ei slags suppe med sopp og bønner. Ein salat med pastaskruar fylgde så,. Hovedretten var kylling med squash og poteter. Og desserten var ein kirsebærpai.


Samstundes som vi fekk ein triveleg samtale med verten om hans liv og levned, pluss ein del gode råd for dei neste dagane framover.
Vel, ein skulle ikkje tru det når ein granskar vandrarane nærare, men dei var nok trøytte etter dagen.

Når vi gjekk attende til campingvogna kvekka froskane og grashoppene song i sommarkvelden.
Ut på natta lyste fullmånen over landskapet.


Montreal-du-Gers

lørdag 6. juni 2009

Condom 6.juni 2009


Det er 16 km frå Le Romieu til Condom. Været var overskya og ikkje for varmt.
Etter regnet i går venta vi oss våte og sleipe stiar. Og kanskje regn.
Det fekk vi ikkje, istaden litt sol.
Det vart ein del bakke opp og bakke ned, men stort sett greie vegar å gå. Nesten.

Sien førde oss ned i eit dalsøkk. I botnen gjekk den gjennom eit skogholt der det og var eit lite vatn.
Og her var vi med eit midt i ein flygande sverm av bitande innsekt. Og dei fekk gode høve til å finne nakne føter, hender og hovud, sjølv om vi slo frå oss som best vi kunne.
Det var ein lettelse å kome ut av skogholtet og verte fri for insektsvermen.
Men det tok nokre dagar før resultatet av angrepet, mengder av raude, hovne og kløande kular, var borte.


I det siste dalsøkket fekk vi dagen si neste prøving.
Stien gjekk først ned gjennom eit skogholt, der stien var gjørmete, men vi kom oss, med varsemd, nokonlunde heilskinna ned til bekken i botnen.
Tre kvinner gjekk muntert forbi oss medan vi forsiktig tok oss fram nedover stien.


Men det skulle verte det verre.
Det rann ei lita elv i dalbotnen, så vi fekk gjort sko og sandalar nokonlunde reine etter skogholtet. Men vi høyrde kvinnene storle framfor oss.
Og då vi kom fram såg vi grunnen.
Ein stor, open åker hadde i styrtregnet slept mykje fin sandjord ned der stien gjekk, og der kom vi ikkje tørrskodde forbi.
Det var reine blautmyra.
Vi streva og glei oss igjennom den blaute dyngja av fin sandjord.
Vi kan snakke om kladdeføre på ski, men dette var verre.
Det var som om vi hadde truger under skorne. Det var nesten så vi hadde problem med å flytte føtene.


Heldigvis var der, når vi kom over gjørmebadet, eit lite vatn ved stien.
Der fekk vi vaske av skor og føter det verste.
Men ho som gjekk i sandalar gjekk rett ut i vatnet.

Kven har lova pilegrimen berre solskinsdagar på vegen?


Etter slike opplevingar er det godt å finne vakre blomster å gle seg over.


Kyrkjer er høvelege grunnar til å ta ein liten pause i vandringa.
Denne dagen er det Chapelle St.Germaine frå det 13.århundre.

Framme i Condom fann vi hospitset og fekk sett frå oss sekkane.
Dette var dreve av ein tysker.


Ein tur ut på byen før middag. Den store katedralen, St.Pierre, må ein nytte høvet til å vitje. Den var storslagen, og vakker. Bygginga starta i 1507.



Den hadde to inngangar, og med eit tympanum over kvar.




Inne var den var stor, lys og vakker, og med mykje fin kunst å sjå.





Så var det middag med verten, og tyske, franske og norske vandrar til bords.
Menyen; grønsalat, kylling og kake til dessert.
Medan vi sat til bords, banka det hardt på døra.
Eg som sat nærast, vart beden om å opne.
Utanfor stod ein kraftig, raudmussa vandrar under ein kjempestor sekk.
Om her var ei seng ledig for natta? var spørsmålet på tysk.
Og han var heldig, På vårt rom var der ei ledig seng, så han vart ynskt velkomen inn.
Det var Ude.

Condom

La Romieu 5 juni 2009



Vi har takka for oss i Lectours prestebustad, og er på veg ned gatene, ut av byen.


Når vi ser attende på byen der oppe på åsen, ser vi at morgondisen har regn i seg.
Ikkje lenge etter må vi leite fram regnkle.
Men heldigvis vert det berre med ein kort skur.


Ut på formiddagen vert det rast ved kyrkja i Marsolan.


Vi ser at skyene tyder på regn i løpet av dagen, men vonar vi vil vere i hus før det byrjar.


19 km vart det i dag. For det meste gjennom store åkrar med korn og grønsaker, og store frukthagar.
Ofte vert det eit langvarig samtaletema; Kva slags vekst er dei dyrkar her?
Landskapet er ope og vidt, nokre bakkar opp og ned, men ikkje for lange og bratte.


Av og til er det underleg kva ein vert oppteken av.
Vi gjekk gjennom store kornåkrar, og det skulle vere enkelt å slå fast: her det det bygg, her havre og her igjen er det kveite.
Men for ein som knapt har sett eit modent kornaks sidan ein var barn, rett etter verdskrigen, då bøndene slutta med å dyrke korn i våte fjordstrøk på Sunnmøre, var fasiten ikkje så lett å finne.
Derfor var det grunnlag for mykje undring på kva som var kva av desse korntypene.
Det enda med at eg sende eit naudrop om løysing på problemet.
Og fekk svar attende frå ei datter som undra seg på kvar kunnskapen vår var.
Os så gav ho oss løysinga.
Men med vart også grunnlaget for vår undring lagt død.



Så dukkar La Romieu opp.
Katedralen ragar høgt opp over dei andre husa i byen.


Vi er på plass i herberget i La Romieu.
Heldigvis kom vi fram i tide.
No, vel i hus tordnar og lyner det saman med kraftig vind, og i tillegg striregnar
det.
Her er ikkje vindauga tette, så vatnet fløymer inn i andre etasje og renn vidare gjennom golvet ned i første.
Vertskapet har full jobb med å tørke opp alt vatnet.
Godt at vi kom i hus før det starta.
Hadde ikkje vore triveleg å vere på vegen under dette regnet.


Regnet tok slutt med kvart, og vi våga oss ut for å få oss middag.
Vi måtte tinge oss plass i ein restaurant, som først opna ei tid seinare.
Men når den opna var vi pä plass, og fekk oss eit godt måltid.
Men alt har ein ende. Det var tid for pilegrimar å roe seg, så Leif var i skranken og sa vi ville betale.
Trudde han.
Stor var vår overrasking då verten dukka opp med 4 glas øl.
Det var fleire enn vi som hadde det festleg då ei stund.


Men katedralen var stengd for oss ,
Vi var for seint ute.
Så det vart berre eit lite gløtt inn i klosterhagen gjennom porten sine sprinklar.


Le Romieu er ein av desse gamle byane.
Namnet kjem frå gascognsk og tyder pilegrim.
Den vart grunnlagt av ein tysk munk, Albert, som grunnla eit stift her.
Den mektige kyrkja, som vi desverre ikkje kom oss inn i, vart bygt på 5 år frå 1313


Byen er også kjend som kattebyen.
Årsak?
Under ei hungsersnaud såg ikkje byfolket seg anna råd enn også å fange kattane for å ete dei.
Ei foreldrelaus gjente; Angeline, var glad i kattar, og ho berga undan nokre og gøymde dei.
Men når kattane var borte, fekk byfolket eit nytt problem, rotter.
Då kom Angeline fram med sine kattar. Slik vart Angeline sine kattar, byfolket si redning for rottene.




Og kattane set sit preg på byen.
Både dei av stein og dei som jagar rottene no.


La Romieu

Lectour 4.juni 2009

Etter 5 km kom vi fram til Castet-Arrouy som viste seg å vere ein fin liten by. Sola var alt komen høgt pä himmelen, så vi byrja merke varmen. Ved kyrkja var der bord under store skuggefulle tre, og på andre sida av gata ein kafe som baud på kaffi og is.


Kyrkja viste seg å vere det motsette av kyrkja i Mirradoux. Denne var vakker, truleg nokså nyrestaurert, og dekorasjonane i koret sette spissen på det heile.


Også taket i koret var vakker dekorert. I tillegg pryda fleire store måleri kyrkjeromet.
Og til ei forandring så var det sett fram stempel og stempelpute for vandrande pilegrimar.


Vi vandrar i landskapet Gascogne.
Var det ikkje herifrå dei var dei tre musketerane i Alexandre Dumas roman?


Etter endå 10 km kom vi fram mot Lectour.
Utanfor byen byrja vi å få litt otte når det gjaldt husrom, då det var så mange som gjekk forbi.
Torbjørg ringde derfor, og etter eit par forsøk fekk vi plass i eit presbyteriansk hospits. Det viste seg å ligge tvers over gata for kyrkja.
Seinare forstod vi at det også var bustad for dei lokale prestane.


Vi var inne i kyrkja.


Ei stor og flott kyrkje. Særleg var bileta på dei tolv meditasjons-stasjonane spennande. Ofte er dei måla bilete, men desse var godt utført treskurd.
Slike kunne eg tenkje meg i Ørsta kyrkje og. No når kunnskapen om dei bibelske fortellingane vert mindre, treng vi noko som formidlar kunnskapen vidare. Ikkje berre gjennom ord, men og ved å sjå.
Men litt rart å sjå ei flott kyrkje med biskopsymbol i koret, og så alle dei blå plasstolane stå der opprada.


Vi hadde god tid denne dagen, så vi tok ein rundtur i byen før vesper og middag.
Framme på åskanten fekk vi eit flott utsyn over bondebygda nedanfor.


Så her råflotta pilegrimane seg med ein kaffélatte i ettermiddagssola.


Kl 18.00 var det vesper i kyrkja. Vi var der, saman med to eldre damer, ein kvinneleg pilegrim og to prestar. Så det vart ikkje mange til nattverd, når vi 4 ikkje deltok. (p.g.a. pavekyrkja ikkje anerkjenner nattverdsfellesskap med protestantar)

Så var det middag i hospitset, og der var og dei to prestane. Dei såg litt overraska ut over Å finne oss der. Utanom dei var vi 10 pilegrimar og to hjelparar. Alle franske utanom ein av hjelpararane som var frå Canada.


Det meste av samtalen gjekk på fransk,, men ein av prestane; den eldste, viste seg å vere ein spirituell kar. Han underheldt alle. Han var 81 år men skulle først slutte som prest når han vart gamal.
I kyrkja hadde han hatt ein litt spesiell hoste. Den merka vi ingen ting til under middagen. Kanskje hosten hadde ein liturgisk karakter, sidan vi høyrde han berre i gudstenesta?

Og menyen var; grønsaksuppe, gulrotsalat med tomatar til, sosakjøt med potetstappe og gulrotstuing, ostefat, og til dessert ei marmorert kake med fromage blanc.


Til slutt heldt seniorpresten ei lang og spirituell tale om oppvaskmaskina dei hadde kjøpt, men som desverre var i ustand. Men dei hadde ei erstating som var effektiv og rask, og som heller ikkje kravde straum.
Med andre ord; pilegrimane tok oppvasken.

I det heile. Kontrastane er store på vandringsvegen, men du verda så spennande det vert av det.


Castet-Arrouy


Lectoure






Frå vi gjekk over Garonne og heilt sør til Spania, skal vi gå gjennom det gamle landskapet Gascogne.