lørdag 6. juni 2009

Kveld i Mirradoux 3.juni 2009

Opphaveleg var vi tenkt å gå 22 km til Castet-Arroy. Men sidan varmen tok på, fekk Torbjørg ein kafevert i St.Antoine til å tinge oss rom hos madam Thereze i Mirradoux.
Dit var det 18 km. Det vart sagt å vere godt over 30gr+ i skuggen denne dagen.
Sidan vi hadde god tid, tok vi siesta under eit kastanjetre i Flammarens.


Vel framme hod Mm Thereze, forstod vi at dette nok kom til å verte noko ulikt det vi før har opplevd under våre vandringar.


Torbjørg og Leif hamna på rom med 5 senger. Bodil og eg på eit med 2, av dei ei dobbelseng. Men først måtte madam tøme sengene for tørr klesvask.
Veggane var dekorerte med ei mengd plakatar og bilete. (Huset hadde kanskje passa til eit TV-program der hovedsaka er rydding.)


Madam tok igrunnen ikkje imot førehandstinging, og ho var "religiøs" sa kafeverten. Kva no det måtte bety? Var det ei åtvaring?
Ho hadde heller ikkje faste takstar. Kvar fekk legge igjen det han syntest opphaldet var verdt. Madam ville heller ikkje vite kva vi betalte.
Det viste seg at denne kvelden og natta var vi 2 canadiske, 2 austerrikarar, 1 tysk, 1 sveitsar, 1 frå Australia/Sveits og 4 norske. Ingen franske utanom madam.

Vi hadde ein liten tur inn i byen før middag, for å vitje kyrkja. Den var stor, men trong sterkt til ei totalrenovering. Ho var nedsliten.



Kl.19.00 var det middag, og då viste madam seg å vere ei frisk dame. Ho hadde vore sjukepleiar, men ved eit tilfelle vart ho spurd om å huse ein pilegrim.
Det endra livet hennar. No såg ho det som si oppgåve å hjelpe pilegrimane med husrom og mat. No var ho 71 år, og dreiv det åleine.


Det stod at vi skulle ete med familien, men madam var oppteken av å lage mat til alle sine gjester. Så ho fekk ikkje mykje matro.
Men ho baud oss velkomne med heva glas, nokre velkomstord på fransk, og med å synge vandringssongen; Ultreia.

Første rett var svinepatè med oliven og kvitløk, så grønsalat. Så kom kylling og kalkun. Til slutt ost av ulikt slag. Desserten var sjølvplukk av moreller i hagen. Som var heilt overgrodd.
Gjennom måltidet gjekk ho til og frå med nye rettar, samstundes som ho underheldt med historier, spøk og song. Og når ein kvan tok bilete av henne, slo ho verkeleg ut håret.
Ein av austerrikarane jodla ein song til henne, og då kom ei flaske med lokal sterkdrykk på bordet (Armagnac), og alle måtte smake, også dei som aldri hadde prøvt det før.


Etter måltidet var dugnad på oppvasken.


Men Torbjørg vart kapra av ei tysk kvinne, som ynskte å lære seg tonen på ein svensk song. Orda kunne ho frå før. Ein sveitsar var ivrig deltakar i undervisninga.







Så var det tid for stempling av pilegrimspassa, ei heil seanse berre det. Sveitsaren sørga for at denne vandraren vart skikkeleg stempla. Ikkje i pilegrimspasset, men på blanke skallen. Noko som vart behørig komentert og fotografert.


Mirradoux


Vi er komne inn i regionen Gers.

Siesta i Flammarens 3.juni


Det er tidleg morgon når vi går ut den gamle byporten i Auvillar.
På andre sida finn vi ei kolonialforretning og får gjere innkjøp av det kroppen treng av næring denne dagen.


Nok ein varm dag på vegen.
Vi starta tidleg for å kunne nytte den kjølige morgonlufta.
Etter ei tid kjem vi inn i eit nytt distrikt. Gers.
Der er det sett opp ei store tavle som fortel om eit pilegrimsprosjekt.


Det skal plantast tre med jamne mellomrom langs vegen, ulike sortar tre.
For kvar kilometer skal det stå ein sypres, og når ein skal endre retning eit anna stort tre. Og inn i mellom frukttre for kvar hundremeter, slik at vandraren heile tida kan fylgje med kor langt han har gått.


Og like ved har ein bonde sørga for at pilegrimen skal kjenne seg velkomen. Med vakkert steinbedd framfor bygningane, og velslegen pilegrimssti.


Men kroppen sin trong må vi sjølve syrgje for. Og det vert ofte på denne måten etter pilegrimsvegane. Eit teppe på bakken til underlag for mat og bakende, og så fram med kniv og medførd mat og drikke.


Kl.11.30, etter 3 timars vandring kom vi fram til St.Antonian. Ein av desse små, trivelige gamle byane. Innanfor byporten var der ein open kafe. I gata utanfor stod der stolar og bord. Vi fann oss plassar i skuggen og tinga oss kaffi og is. Det smakte.
Kafeverten var hjelpsam, og fekk tinga oss hus i Mirradoux. Men sende med ei lita åtvaring. Damen er noko spesiell.
Det stod berre att å kome seg dit.


Det var tydeleg at der var gjort mykje for å fornye byen, og med godt resultat.
Før vi forlet St. Antonian, var også kyrkja opna, så vi fekk oss ei lita stund der inne.


Den som møtte meg på dørstokken då eg skulle gå inn i kyrkja, var ei av dei største billene eg nokon gong har sett. Men eg var i trygge hender, for inn var St. Michael og passa på.


På ei anna skildring, var kong Louis III med i tilbedinga den oppstadne Kristus.
Katolske kyrkjer er ofte rike på eit kvart å feste augene på, om presten vert for langdryg med sine ord.


Vi går i eit anna landskap sør for Garonne.
Flatare og opnare.
Her ser ein langt fram til neste vesle høgd.


Kanskje er det dette denne steinen viser.


Framme på ein ås dukka ei husklynge med ei kyrje opp. Var det Mirradoux?
Det var det ikkje. I staden var det Flammarens. Enno 2 km att til Mirradoux.
Ved kyrkja er ein grøn plen med eit stort kastanjetre midt på. Der slår vi oss ned og tek ein liten siesta.

Her møter vi og for første gong eit fransk par på vår alder. Vi skal halde fylgje med dei på vegen nokre dagar framover.
Dei har ikkje lettaste sekkane.
Då dei kjem hit denne dagen, fell kvinne rett overende, utan å ta av seg sekken. Ho ser heilt utsliten ut, men etter ei stund kravlar ho seg oppatt, og dei går vidasre og forsvinn bak borga.
Ein dag seinare med regn i lufta, ser vi at i staden for stav, har dei med seg ein stor paraply. Og det kan vere greit nok.
Regnskjul og stav i eit.


Flammarens er gamal by, og sentralt i i den står eit gamalt slott. og ei ruin av ei gotisk kyrkje. Dei held på å samlar inn kapital for å setje igang restaurering.

Auvillar 2.juni 2009

Det vart ei god natts sømn i gode senger i Gite d'Etappe Utreia gav oss. I tillegg fekk vi ein skikkeleg frukost. Så dette hospitset i Moissac, driven av eit britisk ektepar, kan vi trygt anbefale.

Etter frukost sette vi att sekkane i hospitset, og gjekk for å vitje kyrkja. Kl 8.30
fekk vi delta i Laudes, morgonbøn, leia av nokre dominikanarsøstre. Desverre fekk ikkje denne vandraren med seg orda, men songen var ein rein "vederkveglelse" å få med seg ved starten av vår vandring dette året.


Kyrkja har og mange vakre skulpturgrupper med bibelske motiv, også eit med Pietamotiv. Men her er det Maria og Jesus del av ei gruppe.
Er det Johannes og Maria Magdalena som er dei andre?



Klosterhagen, eller cloistre, har stått på ynskjelista heilt sidan i fjor. Derfor stod den som neste post på dagens program.
Vakkert og fredeleg. Der var ikkje mange andre der inne enn vi så tidleg på morgonen.


Men før vi forlet kyrkja i Moissac, tek vi oss ein tur rundt inne i den, opp i tårnet, ser på orgelet, og vitjar kyrkja sitt skattkammer.


Så nokre siste minutt ved det flotte tympanumet.


På veg attende til hospitset får vi med ei lita åtvaring. No når vi skal vandre gjennom kjende vindistrikt. Bacchus er ikkje å spøke med.

Så var vi klar for vandring.
Sola skein frå ein klar, blå himmel og værmeldinga lova oss opp mot 30 gr C.
Dette skal verte dagen då vi vandra ved og over dei store elvane.
Men mest ved ein kanal.


Der går ein kanal frå Middelhavet og til Atlanteren, og den går gjennom Moissac.
Det var langs denne kanalen vi skulle gå dei første 15 km fram til byen Pommevic. Og sidan vi gjekk langs ein kanal, var der flatt, med store skuggefulle tre ved sida, så vi hadde det i grunnen fint. Men desverre var det asfalt heile vegen. Det merka vi etterkvart i føter og hofter.


Vi heldt ein rast ved ei sluse i kanalen. Og medan vi var der, kom ein britisk lystbåt sigande mot oss. Så der fekk vi sjå slusa i funksjon.


Det var ei vakker vandring under skuggefulle tre ved kanalen. Og med mange vakre blomar langs breddane.


Lenger framme låg der ein båt ved bredden.
Kanskje ein skal leige seg ein slik eit år, og segle dovent frå Bordeaux til Middelhavet?


I Pommevic prøvde vi å kjøpe oss kaffi, men der var alt stengt og stilt. Det einaste livet var nokre eldre menn som spelte boccia under skuggefulle tre.


Vi forlet Pommevic og går sørover, over kanalen og over Tarn. Elva som rann gjennom Moissac.
Her er ho vid, mest som ein innsjø.

Men så byrja prøvinga. Frå Pommevic og sørover til Esplais ved bredden av Garonne var det flatt, og lite skugge å finne.
Vassflaskene vart etter kvar tomme, men framme ved kyrkja i Esplais var det vatn å få, og skuggefulle tre til å kvile under.


Etter rasten ved Esplais er det ikkje langt til Garonne. Berre 2 km, og så over brua og opp bakkane til Auvillar. Det var ikkje mange høgdemeterane, men dei tok på i varmen.

Auvillar tyder: To byar. Den eine ligg nede ved elva, den andre oppe på åsen.
Vi hadde tinga oss plass i den kommunale gitèn, og vi fekk eit fint rom med 4 senger. Det var godt å få setje av seg sekken, og så inn i dusjen og la det varme vatnet renne over ein trøtt og sveitt kropp.


Men mat må til. Vi må på leiting etter ein stad der vi kan få oss noke varmt i kroppen.


Byen er gamal, og noko av det gamle står enno att.


Og oppe på ein vegg, held Jakoben oversikta.
Eg vert lokka av byen, gatene og ein stad med utsyn over Garonne-dalen. Ute på skanten er det utsyn i 180 grader.

Dei andre finn eg på eit crepperi.
På veg inn står det ei kvinne og ordnar i eit blomsterbed.
Ho rettar seg opp og seier noko pä fransk då eg er oppe ved sida av ho.
Då ho skjønar eg ikkje forstår, slår ho over i eit haltande engelsk.
Om eg er han som går med sandalar?
Ja. det gjer eg.
Korleis er det med føtene dine?
Dei er gode, svarar eg.
Det var endå godt ho spurde om føtene og ikkje om hoftene, for i kveld vralta eg som ei gås.


På eit crepperi vart det pannekaker med noko attåt til alle utanom Leif. Han valde ein rett med ulike fiskesortar. Det mest spesielle var ei boks med sardinar i olje.
No ventar ei god natt kvile, og så er vi Ok igjen i morgon og klare for fleire kilometer på Via Podiensis


Moissac


Auvillar





Vi er i departementet Midi-Pyrénées


Og i regionen Tarn-et-Garonne

mandag 1. juni 2009

Reisa 1.juni 2009

Det bles litt kald vind om ettermiddagen, 1.pinsedag.
Då vi forlet Ørsta kl.21, kom skodda sigande inn mellom fjella. Men når bussen kom ned Stigedalen til Nordfjord var det klårt.


Det vart ei fin natt å køyre i. Sommarnatta sitt blålege lys låg over fjella. Etter rasten på Kvam, byrja det å lysne, og framme ved til Mjøsa kom sola over åskanten.

Bodil vart borte for meg i sikkerheitskontrollen. Ho kom etter meg igjennom, og eg la merke til at ho vart stogga på grunn av ei pilleeske ho hadde i lomma. Men brått var ho borte. Eg stod både lenge og vel ved sjekkpunktet, men inga Bodil å sjå. Var ho teken inn til avhøyr eller kroppsvisitasjon?
Prøvde å ringe henne men fekk ikkje kontakt. Til slutt kontakta eg personalet.
Om dei visste kvar kona mi var?
Nei, ingen visste noko.. Ei kvinne gjorde seg så mykje bry at ho spurde litt rundt, men nei.
Då ringer mobilen.
Kvar var eg?, ville Bodil vite.
Så viste det seg at ho ikkje hadde sett oss, og derfor gått gjennom passkontrollen og var alt komen til gaten.

Det var ikkje mange passasjerane med morgonflyet til Paris. Klår luft, men med mykje dis, gjorde at store utsynet fekk vi ikkje. Vi berre skimta konturane av Danmark og Nederland under oss.
Vi passert Amsterdam og flyet byrjar på nedstiginga til Paris.


Paris vart berre Gare d’Montparnasse, for kl. 14.00 gjekk hurtigtoget i retning Bordeaux.
Men byr vegane heime på dårleg utsikt, så er det ikkje betre langs toglinjene i Frankrike. Derfor gjekk to av tre timar bort i “nyttig” soving.
Frå Bordeaux gjekk toget vidare mot Toulouse, men vi steig av i Agen. Derifrå vart det eit lokaltog med gamaldagse kupeear.


Det var godt å kunne stige av i Moissac og leite opp Gité Ultreia. Der venta eit bra 4 sengers rom, og ein herleg trerettars middag. Suppe, svinekotelettar og is til dessert. Og middagen vart servert ved to langbord i bakhagen.
Vi var mange nasjonar samla denne kvelden, canadisk, italiensk, fransk og norsk.
Men i Euro.land nyttar det ikkje med norsk mynt, derfor må vi og ut for å finne ein bank. Litt sightseeing må vi og ha før senga ventar.

fredag 29. mai 2009

Via Podiensis 2009


2.pinsedag set vi fire vandrarane, Torbjørg og Leif, Bodil og Harald, oss på flyet på Gardemoen for å starte på vår tredje etappe av Via Podiensis. Den eldste av dei fire hoved-pilegrimsvegane i Frankrike.

Eg tek med ei oversikt over pilegrimsvegen vi går i Frankrike. Den er henta frå ei tysk vandrarside. I 2007 gjekk vi 20 mil frå Le Puy-en-Velay til Conques. I 2008 heldt vi fram nye 20 mil til Moissac.
I år er det planen å halde fram vidare sørover og inn i Spania til Pamplona.

Denne gongen ber eg med meg ein liten PC. Dersom eg får det til, vil det i dagane framover kome nokre rapportar frå vandringa. Men det får ein sjå med kvart.

Shavout

Jødane sitt Shavout startar i dag , og vår pinsehelg startar komande søndag. Opphavleg var dei samanfallande, men eit kyrkjekonsil i år 325 flytta påskedag frå sin opphavelege dato til første søndag etter første fullmåne etter vårjamndøger, og då flytta pinsa med.
Shavout er hebraisk, og tyder veker.
Eigentlig er det ei kortform av Ḥag ha-Shavuot som tyder vekefesten., og har sin bakgrunn i at frå påskedag skal det teljast 49 dagar + 1 dag fram til neste fest, pinsa. Med andre ord; 7 veker +. Vi har gitt festen namnet pinse, som kjem frå gresk "pentecost" som tyder 50.

Det er jula som etterkvart har erobra førsteplassen av dei kristne høgtidene, når det gjeld almenn feiring. Vår største høgtid, påska, må finne seg i å kjempe mot suget etter påskefri, hyttetur, vårsol og ski. Den tredje høgtida er pinsa, Heilaganden sin fest. Festen for kyrkja sin fødsel. Til minne om at dei truande fekk Den Heilage Ande, slik Jesus hadde lova. Den festen vert ofte berre ein parantes for mange. Men alle tre festane handlar om det same. Sentrum i dei er ein Gud som bryr seg. Ein Gud som tok bustad i mellom oss.

Der var mykje i Shavout-feiringa som fekk si oppfylling i den første pinsa.
Opphavleg var det ein grødefest for å markere at vårhaustinga, både bygghausten og kveitehausten, var fullførd. Ved tempelet vart det då bore fram to brød av kveitemjøl for å svingast for Gud. Til forskjel frå det eine byggbrødet ved påskefesten, som var eit usyra brød, så var desse to brøda av kveite, baka med bruk av surdeig. Surdeigen var eit teikn på det ureine, synda. At brøda var baka ved bruk av surdeig, fortel at det reine som Gud skapte, hadde vorte smitta av det ureine, synda. Det er dette Paulus tenkjer på når han skriv om at vi er smitta med synda sin surdeig. Men Paulus brukar og eit bilete om dei to som har vorte eit, jøden og heidningen. Skiljet mellom dei er borte, dei har vorte eit i Jesus Kristus (Ef 2,14-15).

Etter at tempelet i Jerusalem vart reve ned av romarane, flytta jødane tyngdepunktet for feiringa frå grødefesten til å feire at dei fekk lova- Thora -på Sinaifjellet. Det markerte og at dei vart eit folk, utvalde av Gud. For den kristne kyrkja er pinsa ei markering at då Den Heilage Ande kom over dei truande i Jerusalem, då skapte Gud seg eit nytt folk, av både jøde- og heiningeætt.

Eit anna hebraisk namn på festen er Yom ha-Bikkurim. ”Den første frukta sin fest.” Det fekk si oppfylling i Jerusalem den første pinsedagen då 3000 vart døypte og lagt til kyrkjelyden. Den første frukta vart hausta inn.

Den jødiske påskefesten har og ein festdag for den første frukta, som på Jesus si tid markerte starten på bygghausten. Påska held så fram med ”Det usyrde brøds fest” resten av påskeveka. Det som er verdt å merke seg er at den dagen då det usyra brødet, det reine brødet, vart svinga for Gud og ofra på alteret, då stod Jesus opp av grava.