onsdag 27. mai 2009

Furukonglar (3)

Eg kom til Sandom for å få oppleve nye sider i truslivet mitt.
Det vart ikkje slik eg venta, og i kveld er det delekveld.
I ettermiddagssola sit eg på ein benk og ser på nokre furukonglar ved føtene mine. Medan tankane mine er opptekne av om eg i kveld, på delekvelden, har noko å dele med dei andre.

Furukonglane har ført meg inn i tankar om kven vi er, og korleis vi er som menneske.
Tankane let seg ikkje alltid styre. Dei går ofte sine eigne vegar. Med eit var eg oppteken av kva konglane fortalde om mi tru og trusliv. Kvar i konglane si utvikling var eg i trua mi?
Furukonglane sine tankar vart med eit djupt personlege. Det var meg, mitt liv og mi tru det gjaldt.

Det vart furukonglane sine tankar eg prøvde å forme i ord den kvelden, medan eg la tre små konglar ned på bordet framfor meg.

tirsdag 26. mai 2009

Furukonglar (2)


På bakken framfor føtene mine ligg det mengder av konglar frå furutrea. Konglar i ulike utgåver. Eg vert sitjande å sjå dei.
Nokre av dei er fint forma i ei spiss kjegle, og med skjela tett klistra saman om frøa innanfor.

.
Andre konglar som har så vidt har starta med å opne seg.
Men der ligg og dei mørkebrune, gamle, med vidopne skjel. Frøa har vorte modne og er borte. Nokre av frøa er kanskje på veg til å spire, slå rot og vekse opp til nye furutre

Då dukkar tanken opp i meg: --Slik er også ditt liv.
Eg var og ung ein gong, med alle mine talent, mine evner, mitt framtidige liv trygt gøymt innan for konglen sine skjel. Umoden, fersk og ny på livsvegen.



Så fekk ein erfare livet. Ein vaks i alder og visdom, og sakte byrja ein å modnast, opne seg mot livet, mot utfordringane og mot erfaringane.



Og ein dag har ein nådd mogen alder. Open mot livet. Open mot erfaringane livet har gitt. Og open til å gi ifrå seg av alt det ein sjølv er, og har fått gjennom åra som ligg bak.

mandag 25. mai 2009

Furukonglar (1)

Det ligg år attende. Eg er på retreat på Sandom. Dette var i si tid eit lite småbruk på stranda av Vågåvatnet. No har det i mange år vore eit retreatsenter. Til venstre for meg er det gamle våningshuset med fellesrom, kjøken, matsal og kontor. På mi høgre side ligg den gamle låven som er ombygd til gjesterom og kapell.
Eg sit på ein benk i bakkanten av den grøne plenen denne seinsommardagen. Bak benken står furu og lauvtre tett oppover lia. Når eg hallar hovudet attende, ser eg opp i greinene på furutreet over meg. Enno heng der brune konglar på greinene.
Eg har vore her nokre dagar alt. No går det mot heimreis, men først skal vi samlast i peisstova til ein delekveld..

Delekveld.
Eg sit åleine i solskinet og ser over vatnet til andre sida. Let augene kvile på gardane der, og vidare oppover den skogkledde lia heilt til åskanten går over i ein himmel der skyer driv.
Kva har eg å dele?
Tankane sviv. Eg trudde dette skulle verte dagar med kvile og påfyll til mi tru. I staden har eg vore rastlaus. Tankane har ofte gått til arbeidet eg forlet, og til dei eg reiste i frå heime.

Samlingane i kapellet morgon og kveld har vore dei gode stundene med ein liturgi som har gitt meg mykje. Samstundes som det store vindauget bak alteret, har opna tankane opp mot verda utanfor Sandom si meditative verd.
Men tekstene eg har fått til å meditere over har vore stengde. Eg har ikkje klart å gå inn i dei. Det har vorte berre ord.
I staden for å verte sitjande på romet og sjå inn i skogen utanfor vindauget, har eg vandra ute langs bygdevegen, på stranda ved vatnet, og opp stien til åstoppen bak Sandom. Rastlaus. Trøytt.
Og no skal det delast tankar og….
Kva har eg å dele?

torsdag 21. mai 2009

Helgetorsdag. Kristi himmelfartsdag


Helgetorsdag.
Ein dag med store perspektiv over seg.
40 dagar etter at Jesu stod opp påskemorgon og 10 dagar før Den Heilage Ande kjem over dei truande i Jerusalem, og Guds kyrkje på jord vert fødd.
Då, etter tradisjonen, tek den oppstadne Jesus med seg sine vener ut av Jerusalem, ut til Oljeberget, og der, medan han lyfter hendene velsignande over dei, vert han lyft opp, og skya, Guds sky, tek Jesus attende til den herlegdomen han kom frå 33 år tidlegare.

Men noko har vorte annleis på desse 33 åra.
For går vi attende til starten; så skriv Johannes at Ordet var hos Gud, og ordet var Gud. Men så skjedde det… ORDET vart menneske og tok bustad, slo opp sitt telt mellom oss.
Og Paulus skriv at Han som var i Guds skapnad, han gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad på seg og vart menneske lik. Han vart ein av oss. Gud vart eit menneske.

Det er den store skilnaden frå før han kom i Marias liv og vart fødd i stallen i Betlehem, og no når Guds sky tek han attende til Guds herlegdom igjen.
For no er han ikkje lenger berre Gud, som han ein gong var, no er han både Gud og menneske.
Derfor er det ikkje berre Guds einborne son som vert lyft opp i skya denne dagen, men også mennesket Jesus,

Det er nesten noko uhøyrt som skjer når Jesus Kristus set seg ved Guds høgre hand, for no er det ein del av det skapte, mennesket, som set seg på herlegdomens kongsstol, ved Guds side.
For han som vender attende til Guds herlegdom, han har ikkje lagt av seg sin jordiske kropp. Han er framleis mennesket Jesus, sjølv om kroppen hans frå grava er overkledd med oppstoda sin herlegdom. Grava var tom, Jesus er både Gud og menneske. Mennesket har byrja si himmelske tronstigning.

Men før han vert lyft opp i skya så seier han tre ord til sine vener;
Det nest - nest siste er ei konstatering av eit faktum:; Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.
Det nest siste er ei oppfordring: Gå ut og gjer alle folkeslag til mine læresveinar
Og det siste er eit løfte; Eg er med dykk alle dagar.

Så skriv Lukas; Då han hadde sagt dette, lyfte han hendene og velsigna dei.
Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart lyft opp. Så tok skya han bort frå augo deira.
Det siste dei såg av han var hans velsignande hender.
Og Lukas fortel vidare at medan dei stod der og såg etter han, så stod der med eitt to kvitkledde menn hos dei, og mennene seier at slik dei såg han verte lyft opp, slik skal dei sjå han kome att; … med velsignande hender.

Helgetorsdag, den heilage torsdagen.
Ein dag det er verdt å ta vare på, og feire med glede.

fredag 8. mai 2009

Moissac. 19.september 2008

Drosjen set oss av ved jarnbanestasjonen så vi får kjøpe oss bilettar for lokaltog til Bordeaux, og vidare med lyntog til Paris.
Toget går ut på ettermiddagen, så vi får høve til litt sight-seeing.

Vi ruslar ned mot elva Tarn.
På elvebredden finn vi ein liten park med benkar under skuggefulle tre. På vegen hadde vi vore inn om eit bakeri og kjøpt oss litt mat og drikke.
Det vert eit lite måltid der, med utsikt over elva og båtane på ho.


Torbjørg er trøytt og slapp etter ei uroleg natt, og vil kvile. Vi set att sekkene hos henne og går oppover gatene mot katedralen.
Byen ser nokså ny ut. Ikkje mange gamle hus her, trass i at byen har vore eit viktig knutepunkt, også på pilegrimsvegen, heilt frå 1200-talet.
Forklaringa finn vi i ein stor flom på 1930-talet då mange omkom og over 130 hus vart øydelagde.


Det var mest berre katedralen, og den vidkjende klosterhagen som stod att.
Men også den stod i fare for å verte øydelagd. Regjeringa ville bygge jarnveg frå Bordeaux til Toulouse, og trasseen ville dei legge der kyrkja og klosteret ligg. Heldigvis vart trasseen flytta, og bygningane berga.

Klosterhagen utsette vi til neste år. Då vil vi nyte den ei stille morgonstund, før vi held fram sørover mot Pyreneane.



Men kyrkja er ikkje snarsedd, sjølv om ho ikkje er av dei vakraste eg har sett utanfrå. Alt ved inngangen vert eg fasinert av det mektige tympanumet med sine friser også på sideveggane. Eg forstår at det her, det kjem til å ta tid.


Inne i kyrkja er det endå meir å kvile augene på. Eg berre ruslar sakte rundt.

Set meg av og til ned på ein benk og nyt synet av måleri, skulpturar , blomesmykka alter og bibelske fortellingar,vakkert utskore i tre.




Vi går ned til elva igjen og tek Torbjørg med oss opp til torget ved katedralen, der finn vi oss eit bord ved ein fortauskafe, og bestiller oss kaffi.


Lenger oppe på torget sit der ei kraftige dame med spøtet sitt på ein benk. Eg slår meg ned att med henne, men ho er ikkje av det snakkesalige slaget.

Det nærmar seg tid for togavgang, og vi ruslar til stasjonen. Etter litt ventid kjem toget. Det er fullt av skuleungdom, men vi fann oss plassar. Så fløyter det for avgang mot Bordaux. Vandringa på Via Podiensis er over for dette året.

Moissac


20 mil gjekk vi dette året. Frå Conques (ved det grøne merket) til Moissac (ved det raude merket). 10 dagar med vandring med for det meste sol og varme.

Lauzerte. 18.september 2008


Verten fylgjer oss eit lite stykke, denne morgonen.
Gå den vegen, så kjem de inn på pilegrimsvegen, helsar han til avskil.
Ikkje lenge etter ser vi merka.
Eit par kjem bak oss, men er raskt forbi.
Ho går lausreipa, men han er spent føre ei lita tohjula vogn der all deira bagasje ligg festa.

Så er vi er framme på åskanten, Ein hund stormgjøyr mot oss vandrarane frå det siste tunet. No går det ned, og det vert bratt etter kvart. Heldigvis er det tørr bakke, men det er vanskeleg nok likevel.

Bodil slepper seg laus og let tyngdekrafta styre farta, og det går bra. Vi andre prøver å ta det litt meir forsiktig nedover , men så er vi alle nede i dalbotnen.


Dalen er flat og vid, men framme på sletta stig det opp ein rund åstopp.
Oppe på den ligg Lauzerte som ei levning frå den tida då byar låg best til når dei var lette å forsvare.

Lauzerte er ein slik by og har ei lang og kronglete soge frå det 12.århundre av. Gjennom engelsk okkupasjon, hundreårskrig og religionskrig med angrep, plyndring og øydelegging.
Byen var ein viktig festningsby mellom Cahors og Moissac. Og byen er merka av si lange soge, og har teke vare på sitt særpreg inn i vår tid.


Det er nokre tunge bakkar opp til Lauzerte frå dalbotnen, men til slutt er vi oppe og kjem inn på torget ved kyrkja frå 1500-talet.


Det har vore kraftig vind på torget eingong, Eit hjørne av brulegginga har reist seg.


Trange gater og smug, og på åskanten, utanfor husa, er det eit vidt utsyn, dalen rundt til alle sider.


Men vi fekk oss ikkje husrom i Lauzerte.
Vår vertinne i La Bouysse prøvde, men det var fullt alle stader. Til slutt lukkast det i eit hestesenter, noko utanfor Lauzerte.
Vår vertinne der skal kome og hente oss på byens parkeringsplass, for å ta oss med til vår overnattingsstad.


Vi får ei campingvogn til nattekvarter, og den er grei nok. 2 soverom, opphaldsrom, dusj og WC. Og middag får vi i matsalen på senteret.
Men natta vart lang og tung for Torbjørg. Magen slår seg vrang.

Morgonen etter drøftar vi framhaldet.
Vi vert samde om å ta drosje vidare til Moissac. Og så vil vi prøve å booke om våre flybilettar heim.


Vertinna køyrer oss inn til Lauzerte igjen, og vi tek det roleg oppe på torget medan vi ventar på drosjen. Eg får kontakt med flyselskapet og får ordna ombookinga. Neste morgon må vi vere i Paris for fly heim.
Så er drosjen der, og vi køyrer mot Moissac.

Frå La Bouysse til Lauzerte er det omlag 22 km, og høgda over havet ligg på mellom 150-240m.


Lauzerte


Med Lauzerte eit nytt departement; Tarn-et-Garonne

Kvar er dei frå?


Etter Judit sine formande ord i fjor, har eg kjøpte meg hatt.
Eg fall for ein under jazzen i Molde.

Eg har bore den på hovudet under heile vandringa i år. Og, den har gitt nokre fornøyelige episoder under vandringa.
Den har plassert meg i landskapet.
Der er han med hatten.

På toget til Bordeaux under heimreisa la eg den frå meg på bagasjehylla over setet eg sat på. Men der sekkane var, vart det ei heil røys av sekkar og vesker. Så då toget nærma seg Bordeaux, gjekk eg fram i kupeen for å ta meg av våre sekkar. Hatten hadde eg heilt gløymt, men mine medpassasjerar gløymde den ikkje. Ei kvinne kom etter meg medan ho vifta med den. Eg måtte ikkje gløyme hatten min.

Vi vandra mest saman med franske i år. Og det vart gjerne drøfta mellom dei kva land desse fire kom frå.
Han med hatten var grei. Han var amerikanar. men så var det språket.
Det var ikkje engelsk dei snakka. Tysk? Nei, det ligna, men tysk var det ikkje.
Dei enda gjerne opp med at vi kom frå Nederland.